<poem> 28. Traa-kynde jøtun endaa vilde trautar[1] fleire for Tor leggje. „Det røyner ’kje styrken ein stubb aa ro. Hiv staupe mit sund, skal eg sterk deg kalle.“
29. Tor han kalken tok seg i hand, steinen han sprakk, men staupe det heldt. Han sitjande slo det gjenom stolpane, heilt bar dei staupe for Hyrne fram.
30. Men daa den fagre frilla hjelpte, godviljes-raadi gav ho honom. „Hausen til Hyme er hardar’ enn glas, — hiv du staupe i hovud paa suggen.“
31. Braatt reis aa kne bukke-drotnen, aase-magti all han brukte. Paa jøtun-skolten aldri det synte, men rivne laut daa den runde vin-krus.
[Hyme kvad:] 32. „Eigna-lutir òv-gilde no hev fraa meg gjengi, daa fari er staupe. Men manns ord stend, mun aldri eg gange attpaa[2] det som ein-gong er lova.
33. Skal det no spyrjast um sellane duger ølskip[3] or garden ut aa bera.“ Ty freista seg tvo gong i senn, kvar gong kjèlen stod kyrr som fyrr.
34. Far hans Mode[4] fekk seg eit tak, tvert gjenom golv trødde han ned; upp paa hovude heiv han kjèlen, men kringum hælane hoddune[5] skrall.
35. Dei fór inkje langt, fyrr han attende mot aust kom til sjaa, Odins sonen: Med heile horgi Hyme var etter, or røysom det maura
med manghovda troll.