<poem>
- Loke kvad:
15. „Du er ov-kar i sessen, men aldri slage meir, Brage benkje-pryda! Kom ut og slaast, um sinna du er, djerv mann dreg seg ’kje lengi.“
- Idunn kvad:
16. „Eg bed deg, Brage, paa borni du tenkje og ynskjesønir alle, med slengje-stev inkje du sneider Loke her i Æges hall.“
- Loke kvad:
„Teg du, Idunn! inkje eg veit møy so mann-gal som du, sidan dei ov-kvite armar du lagde um banemannen til bror din.“
- Idunn kvad:
18. „Eg sneider ’kje Loke med slengje-stev, eg, her i Æges hall; den ølglade Brage berre eg stoggar, de skal inkje vreide slaast.“
- Gjevjon kvad:
19. „Kvi skal her inne de æsir tvo med saare ord stridast? Loke veit ’kje at leikin[1] er Brage, og alle uner med honom.“
- Loke kvad:
20. „Teg du, Gjevjon! gjeta eg vil honom som hugstal deg, sveinen ljose som sylgja deg gav, og hugnad du honom lét faa.“
- Odin kvad:
21. „Villt fær du, Loke, og vitlaus er du, naar du Gjevjon argar aat deg; all heimsens lagnad ho veit fulla sameleis som eg sjølv.“
- Loke kvad :
22. „Teg du, Odin! aldri du kunde skifte striden liklegt; ofte til deim du inkje skulde, til stakarann, siger du gav.“
- Odin kvad:
23. „Um eg til deim eg inkje skulde, til stakarann, siger gav, du var aatte vintrar under jordi,
mjølke-ku og kvende;
- ↑ Leikin, skjemtesam.