Me hadde soleides Orsak til at ottast, me hadde
Orsak til at vera uglade, fyrr Frelsaren kom, alle
saman; men fraa den Dagen, at Engelen steig ned
til Jordi med den Bod, at no var Frelsaren fødd, fraa
den Dagen hava me Orsak til at vera glade, og det
storlega glade. Denne Dagen, Joladagen, som me kalla
honom, stend soleides som Merkedagen fyre heile
Mannaætti. Kring honom sviv heile Mannaheimen som
Stjernorna kring Soli. Fyrr Himmelljoset var kveikt
i Stallen i Betlehem, sveiv heile Verdi i Myrkr.
Mannatankarne ragad som drukne Mannen og trivlad seg
fram som gjenom ei myrk Gong og vilde finna fram
til Ljoset, men dei fann det inkje. Dei visste, det galdt
um at finna Ljoset, men dei fann inkje Ljoset. Og Ætt
paa Ætt gjekk i Gravi, den eine steig upp paa Akslerna
til hi og kagad som Sjomannen etter Land men saag
inkje meir enn det store, tome Rom. Heidningarne
kveikte seg Ljos med sine eigne Tankar og skapte seg
Gudebilæte, som dei tilbad med dette Ljos, men Ljoset
slokknad det eine etter det andre, og Budebilæti ramlad
ned og slo seg sjølve isund. Berre Jødafolket sat fyrt
og ventad, liksom Mannen, som stirer mot Aust etter
Dagen, naar han er faren vill paa Viddi. Gud hadde
sjølv snutt Augo deira paa rette Leid, so sat dei og
stirte paa Voni i mange, mange hundrad Aar, men dei
saag inkje Ljoset. Daa let Engelrøysti: „ottest inkje! for i
Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelsar, som er
Kristus, Herren;“ og som Eldingen kløyver Skyi og gjerer
Natt til Dag, soleides vardt dei kløyvde alle dei Skyerna,
Side:Frelsaren.djvu/5
Denne siden er korrekturlest