Frå
Kyrkje- og undervisningsdepartementet.
- Jnr. 415 D 1932.
Med kongeleg resolusjon av 29. januar 1932 er det fastsett:
«Etter § 2 i lov um målbruk i statstenesta frå 6. juni 1930 vert fastsett nærmare fyresegner um målbruk i statstenesta i samhøve med eit framlagt utkast, som lyder so:
1. Øvste styraren for eit statskontor avgjer kva mål kontoret til vanleg skal nytta i tenesta si, so langt han ikkje er bunden av lov eller fyresegner som vert gjevne i samhøve med lov.
2. Hev eit herads- eller bystyre gjort vedtak med krav på visst tenestemål i vedskifte med statskontor, skal alle statskontor som heradet eller byen soknar til, og alle statskontor med tenestekrins innanfor heradet eller byen nytta det målet som er kravt i prenta rundskriv, fyrerit, uppslag, kunngjeringar og formfast vedskifte elles med tenestemakter og folk i heradet eller byen og sameleis mest mogeleg i onnor skriftleg sak-fyrehaving som kjem tenestemakter i heradet eller byen ved.
Dersom dei faktiske tilhøvi fører med seg at eit statskontor ikkje straks kann gjenomføra dette utan munaleg auka utgifter for det offentlege, kann