Denne siden er godkjent
- same tingen på båe mål, kann og sumt gjevast ut berre på det eine og sumt berre på det andre målet, alt etter som det høver, men lilevel soleis at det vert rimeleg samhøve i mengd på båe mål.
- At sentralstyrekontor i skriftleg hopehav med folk og lokale styremakter fylgjer dei fyresegner som er gjevne i punkt 2—4.
6. Justisdepartementet fører liste over herads- og bystyrevedtak etter punkt 2, kunngjer dei i «Norsk Lovtidende» og send melding til dei andre departement.
7. Desse kongelege resolusjonar um målbruk i styringsverket skal ikkje gjelda lenger:
Kongeleg resolusjon frå 13. februar 1925 for fylkeskontor.
Kongeleg resolusjon frå 18. desember 1925 for tenestemenn under Justisdepartementet.
Kongeleg resolusjon frå 14. desember 1928 um «målbruk i kunngjeringar um ledige embete og tenestpostar».
I det ein melder dette, skal departementet få lov til å gjera desse merknader:
Som ein vil sjå av dei einskilde fyresegnene byggjer resolusjonen liksom lovi um målbruk i statstenesta frå 6. juni 1930 på jamstellig av dei tvo riks-