Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/100

Denne siden er korrekturlest
100

Mann finna sit aandelege Krav uppfylt ved at halda seg til ein god velfødd „Jydeskipper“, som eig si Skute og ellers siter varmt innan „Vægge“. Dette kan vera ei Smakssak, men naar det ikke verdt gjort større Krav til Embætslivet, so verdt det riksfarligt. Og det var dette, som Schweigaard ikke syntes at gjera. Det er praktisk og godt nok, meinte han, og Livet likad godt dette Skjøn af Meistaren. Du vinn aldri ein Manns Hjarta so lett som ved at lata honom vita, at han er klok nok, og at Livet ikke har Bruk for betre Hovud en hans. Og vist er det, at med alle Schweigaards Dygder og Kunskapar, so vilde han aldri hava havt den Magt, som han hadde, dersom han ikke hadde gjort Folk ikring seg so kloke, som han gjorde. Idealistiske Folk støyta fraa seg mange ved det, at dei upstilla slike Livsmønster, som Livet har vondt for at skaffa. Den velfødde, trivlige, runde Herre, som smiler til alle og liksom segjer deim, at dei er flinke Folk; han maa vinna deim, fordi han er ein af deires eigne.

Ja, ja vi krevja vaare Mønster og gløyma det tunge for Livet i at skapa desse. Den kloke Mann gjeng med sine Mønstertankar, men han er rimeleg og gjør ikke utidige Kravsmaal paa slike. Det er trulegt, at Schweigaard med alt dette lemfeldige mot det middelmaadige i Livet, gjekk med sine Idealer til Stats-, Embætsmenn og Borgarar. Du skulde tru, han maatte gjera det, for han stod so langt framme i Aand og Tankeutvikling, at dette maatte vera nokot sjølvsagt; men vi sjaa litet til det i al hans store Skrivning og Taling; nokot maa der vel vera, endaa det overalt er eit trykkande Laagmaal paa Livet, som er trøysteslaust, sosom daa han meinte, at det vilde vera betre at gjeva Arbeidsmannen ei Tunne Potetes en Stemmeret og ei Skjeppe Korn helder en Jury.

Alle store Menn tru paa det gode i Menneskenaturen, og dei sigla etter sine Idealer liksom Sjømannen etter Himmelens Stjerner. Han naar deim ikke, men finn ved dette fram paa si jordiske Vandring. Schweigaard gjorde forlitet af dette, og det vil vera den strengaste Domen over Minnet hans.