Anne Knutsdotter
Eg heiter Anne Knutsdotter, Kari er mi Mo’r,
og Jon han er min Bro’r;
me bur uppaa ein Plass, som at ingen skulde tru
at nokon kunde bu.
Han heiter Bergemuren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel!
Og Fa’r min han er Kramkar og strævar trottigt nok
og fer so vidt umkring;
ho Mo’r maa stelle Huset, eg spinner paa min Rok,
men han Jon gjer ingen Ting.
Og Plassen heiter Muren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel!
Um Suma’rn er det Moro aa gaa og sanke Ber
i Munn og Næverkopp;
paa Stovotaket veks det ei liti Heggjekerr,
som Gjeiti eter upp.
Og Gjeiti heiter Snøgga, Stygga, Lurverygga,
Høna heiter Tup, Tup, Tup!
Og Vetteren kann jamt inkje vera so god
med Frost og Fok og Snjo;
daa kann det ofte yver dei fjortan Dagar gaa,
som me inkje Folk fær sjaa.
Og Plassen heiter Muren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel!
Og Folki neri Dalen Deim ser me fulla godt,
men alting er so smaat;
du kann vel tru dei er inkje større en som so -,
fraa Høgdi der te sjaa.
Og plassen heiter Muren, Luren, Himmelturen,
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel!
Ja Plassen ligg so høgt, høgt uppe i ei Urd
alt under Bergemur;
og det er inkje meir en at me paa simpel Vis
kan fød’ ei Ku og ein Gris.
Og Kui heiter Fagrros, Dagros, gamle Dagros,
Grisen heiter Gis, Gis, Gis.