Chicago-anarkistane

Utvikling!

Ein ny talemaate? Ein ny paradoks som trusterke folk hev funne paa? Er det sansedaaring? Synes me berrre at det gjeng fram? — Omskifting ja. Men framgang? aa framgang til noko betre? Aking mot eit maal, — det fullkomne?

Me ser paa bakstræve aa vert tykkjelause; alti hev det overtake. Det taper nok, — om hundra aar. Men er det kje tap i formaliteten aa vinning i realiteten? Alti hev bakstræve magta idag. Kva hjelper det daa at det om hundra aar stend eit skrev lenger frame?

Naar me tek menneskja, den einskilde sovælsom heile ætta, i alle sine skiftande kaar, — er kje forholde millom ret aa uret, glee aa smerte, alti eins? Aa hev kje det nye som vil bøte paa uretten alti den same stri, den same tunge blodige martyrgang aa gaa?

Kor blir det so av utviklinga?

1900 aar, fylte med martyrbaal tortur aa for fyljing, er der millom korsfestinga paa Golgata aa henginga i Chicago. Justismord det fyrste, justismord det siste. Jesu fraa Nasaret vilde frelse manneætta fraa hat aa uret. Chicago-anarkistane vilde det same. Pilatus aa prestane brukte loven mot kjærleikens aa likskapens apostel. Autoritetane i det »frie« Amerika brukte det same mot fridomens aa brorskapens apostla. Folkehopen i Jerusalem skreik »korsfest!« over frelsarmannen sin. Folkehopen i Chicago skreik slikslag over sine talsmenn.

Blo! blo! — »Uta blogging inga tilgiving«, sa den gamle jødegud. »Uta blogging inga sporskifting«, seier den kalde føraren som stend for manneætta sit susande damptog i vaare dage med. Aa alti er det det heitaste ædlaste dyraste blo som maa renne. — Er der daa ingen sti burt fraa dette? Skal den ti aldri kome daa martyrblo ikkje lenger treng renne?

————————

Det regner fraa skya; regne sanka seg i aa-a aa elva aa strøymer tilhavs. Ein gong maa vel have vekse op aa skylje over land aa strand? — — Men have veks ikkje op. Elvane som renn aa renn, dei stig op av have aa gjeng til have attende. Det er verda sit store ævelege blolaup, — naturen sit perpetum mobile, paa det at alt levande av planta aa dyr ikkje skal turkas burt aa rotne ne; men faa si næring aa livssaft ved denne endelause ifylling aa avtapping.

Det er nok slik med martyrbloe. Det er den dogg som mannelive treng for aa trivas, for aa ikkje turke burt aa gaa i rot. Martyren er som dropen som regner paa dei turre straa.

»I er verdens salt«.

Ein plante treng dogg. Martyrbloe er ideane si dogg.

Av martyrbloe syg menneskjeaanden si finaste næring. Det er den saft som fyller sjælene med idealitet, — som lyfter dei op or det kav der menneskjekjenslene maa drukne, — som gjev reisingskraft naar samfunda er so inrotne at dei maa stupe.

Solenge ætta ikkje kan gaa beint, men sveiva som pendelen millom utkanta med avgrunna under seg, treng ho sine martyra. Naar samfunda kjem paa ras, so maa det hart til for aa stanse drifta mot sluke. Blo maa flyte før folk vakna aa endra kos.

La os altso ikkje vente utvikling burt fraa dette. Det vilde vere aa vente utvikling burt fraa live.

Alti uret. Alti er der krefter som jaga etter magt, aa som under alle system naar magt, aa legg dei veike under seg. Herfolk, hovdinga, presta, konga, adelsmenn o. s. v. — det er altsaman namn paa slike som hev naat fram til lovfest herskarmagt.

Alti martyrium. Det regnde ifjor. Men ikkje nok. Kvart aar maa det regne. Kvart aar falle dogg. For kvart aar skal live vinne paa dauen.

Alti stri. Some strir for aa faa tyranisere. Andre strir aa ofra seg for aa knekkje tyranane. — Some gjer tyranane til sin gud. Andre dyrkjer martyrane. Paa denne maaten vert der gjæring aa liv, eit aandens liv med dyrkjing aa undring, hat aa elsk, aa avling av tanka aa maal som lyfter sinne opom moldtremen. Aa menneskja rotna kje op.

Kvar sin gong vinn dei. Der er liksom flo aa fjøre, somar aa vinter. Naar dei megtige faar for stort overtak, so misbruka dei magta si. Lenkjene om folke vert utolelege. Røster reiser seg mot utretten. Dei vert nok kjøvde dei fyrste. Men lenkjene vert striare aa striare. Ein skulde tru at menneskja maatte gaa tilgrunne. Men so tek røstene til aa høyres. Livskrafta sigra. Naturen gjer revolt. Grunlage for dei megtige ramla. Der vert stille. Aa dei herskesjuke maa finne nye veie mot sine maal, nye grunlag for si magtlyst.

La det altso ikkje ta fatninga fraa os, at Amerika i sluten av det 19de hundratale spotta fridom aa manneret aa tok skuldlause menneskjevener aa hengde i galgen. Det er livsens gang; soga som tek seg opatt; naturens kitling i sansenervane for aa faa samfunda til aa nyse. Det goe vil atter vinne paa det vonde, aa live lage seg. Stor er nok herskelysta i menneskja, ingrodd denne hug til aa vaa aat seg, aa denne tru at andre maa trakkas paa skal ein sjøl leve. Men større, tilslut, den magt som spring ut fraa driftene avla av samlive til aa halde ætta ved like, — den magt som held mauren oppe i strien mot sterkare dyr, aa læt han til sit siste andedrag tenke meir paa si slegt enn sit eie beste, so han held ikkje op med aa sprøyte si gift i kjøte paa fienda aa soleis med sin eien dø skapa den rædsle for mauretuva som er den beste trygd mot aagrip, so aar etter aar ho kan staa der urøyvd i ville skogen, — den magt som driv ein ape i livsfaare for aa rædde sin hjelpelause kamerat, aa læt ein eskimo dele siste kjøtstykke sit med sin svoltne granne, — den magt som let Descartes der han sat, burtgjøymd aa løynd, drøyme om det folke som jaga han or lande, aa Vinje blaase varme i sine kalne neva med’ han la grunlage til ein bokavl aat eit folk som log aa svelte han ut, — den magt som fek Kristus paa korsen til aa be for sine rettara, aa som læt Ruslands ædlaste aander uta klagemaal drage sin siste suk i Sibirien for sit arme folk, — kjærleikens magt, som finn si glee i sit stræv for andre, si lukke i alles vælferd, aa si løn i si ofring. Den fyrste magta, herskarmagta, er nemleg som vinteren som leg markerne etter seg øye, aa hev framafor seg tomheit aa kulde der aanda stygges i fraa aa døyr. Men hi magta grør det etter som det grør etter solskine om vaaren naar snøen er smoltna vek aa telen i jora tina.

Anarkist-draape i Chicago hev vorte ein slik straale som vil tine telen; aa bloe vil gjøe jorbotnen for nye tanka, degge dei turre i strien, aa friske dei trøytte til nyt arbei. For arbei skal der til; langt er det fram; aa menneskjenaturen er tøyeleg. Ein ser det er gale; men toler aa venter; gir seg gang paa gang; læt seg sige djupare aa djupare; det ser hjelpelaust aa uløyseleg ut; synes tilslut at det skal næsten slik vere; inga raa; inga almagtskraft augna ein som kan røre i vatne aa vende straumen. Men so — eingong — so togna det ikkje meir; maale er fullt; elden som lenge hev munna aa ulma, loga op; stormflaumen som hev laga seg til kjem veltande; kvar fraa veit ingen, aa helder ikkje kvar hen; men han kjem, paa ein eller annan maate, fossande el fløande. Aa det vil gaa pengevelde som alle andre velde; dei hev havt si glansti men set sin ende.

————————

Amerika er dollar-lande. Alt er business. Money, alti meir money.

»Kva vil du gi meg for denne her«, sa slavehandlaren aa synte fram sin svarte negar. Arbeismenneskja hadde endaa verd.

»Vil du betale so aa so mykje, skal du faa arbei«, seier svindel-agenten til europæaren som kjem frisk aa arbeishuga med al sin midel i si setlebok. — Arbeismenneskja hev mist sit verd.

»2 dollar stemmer du med os«, seier den politiske agenten.

Pengane raar. Dollaren er konge. Menneskja meir eller mindre ille-lønte slava.

Eit liv i luksus avla av ubetalt arbei. Maskineri, damp, jag, aavund; renkespinn, snyteri, falit, fortviling; ovlimna, enervering, forderving, ruin. Dette »the upper class«. Aa arbeisklassa?

»Eg veit kva live hev aa by dei. Eg va ein av dei. Eg sov i kvistroma deira aa budde i deira trange kot. Eg saag dei arbeie aa døy. Eg arbeidde saman med jenter i fabriker der dei vart til horer avdi dei ikkje fek løn so dei kunne leve. Eg saag smaajenter vekse op i ulimna, aa bli til vrak. Eg saag kvende lekamssjuke av daarleg levemaate aa sjælesjuke av matsorg. Eg saag familjer døy av svolt, aa sterkbygde menn slite seg tildøe. Eg saag det i Europa. Eg hev set det i Amerika. Her i Chicago bur tusenvis i rom, der vinden blæs in, men aldri ein solstraale naar. Tvo, ja tri fire familjer maa stuve seg saman i eit aa same rom. Fraa sorpkasser sanka dei sin halrotne føe; dei er gla om dei av aa til kan faa for nokre øre i avfall paa slagtarbua. — Elendigheit, stakarsdom, hykleri, syndeauking, voldsverk, svolt. — Eg hev set alt dette aa vart anarkist.« (Schwab.)

»Vinteren 1884—85 vart 120 smaajenter millom fjorten aa seksten aar drivne fraa heimane sine ved di at Merrimak mylmene i Cunnecticut stansa. Jenom Nyenglands-fjella maatte dei gaa aa hytte seg mot frost om natta i uthus aa høystakka, aa mange av dei viste kje anna raa for aa berge live enn aa leve av si skam. — — Ein kald vinterkveld i fjor eg kom fraa mit arbei, kom tvo smaajenter graatande aa ba meg fylje dei heim. »Ein mann ne-i gata der bau os penge«, fortalde dei. Eg spure dei kor dei ha vore so seint, kl. va 7. »Me hev arbeit i ei fabrikk, sa dei. — Baan drivne fraa si mors hjarte aa slite i arbeishus den lange dag, aa attpaa freista til last av vellystinga. — Den sivilisasjon som ikkje vil aa ikkje kan hjelpe ei enke ut av slike kaar, er han respekt verd?« (Fielden.)

Slaveeigarane kunne bruke piska. Men kan me tenke os ein slaveeigar la sine træla talmas ihæl av svolt? ein mann rein for medkjensle? Me kan ikkje. Den absolute umenneskja er endaa ufød. — Bak steinmura i dei store forretningsstrok maatte slaveeigaren stenge seg inne aa styre verda jenom telefon aa banknota, — aa til utkantane i storbyane maatte logg-falle i samfunde ty aa løyne sin jammer for verda, før elendigheita kunne bli kva ho er idag, — jamsies med ovlimnaen.

Orden? — »Der er fleire hundra konstabla i Chicago. Aa kvar dag like so mange tjuvri.« (Oskar Neebe.)

Fridom? — »Despotismen aat Amerikas pengekræmmara syner seg. Dei nekta ein talar aa samle folk om seg. Talefridom! — Dei vil kje tillate folk aa kjøpe anarkist-skrifter. Trykkefridom! — Dei forbyr folk aa samle seg for aa dryfte si livssak. Samlingsret! — Folke banka, arestera, fengsla, skotne aa hengde. — Politisensur over presse, tale, aa folkesamling. Frie Amerika!« (Parsons.)

Moral? — Hjelp deg sjøl! La mannen ligge, aa ta plassen hans; it is a good business.

Netrødde milliona, utsvelte stakkara, daarleg løn, utplundring, kriser, streiker, arbeisløyse, misnøje.

————————

Dette va insia paa det sajafunde som ha ofra so mykje for aa gjere ende paa negerslavene. Aa ikkje før va slavekrigen slut aa verste saara lækte, før røster tok til aa reise seg mot al denne jammer.

Kring 70-aara skipa dei ein internasjonal klub i Chicago med greiner utover til alle kanta. Aa det krave vart sett op til fanemerke, at arbeisprodukta skal høyre arbeisfolke til.

Sosialismen spreier seg utover. Dei beste arbeiarane vakna til ettertanke aa slutta seg saman. Fleire aa fleire parti veks op. Men so vert der og spalting i synsmaatane. Nokre er der som misser trua paa kongressen. Dei ser kor arbeismannen sel stemma si paa valdagen. Dei »folkevalde« er pengevalde; det nytta altso ikkje paa den maaten; andre veie maa finnas. — — Det er anarkistane dette, med si tru paa folkemagta utafor lovens former, aa eit framtissamfund der alle hev same ret aa eig det dei tilvirka.

Men noko med det fyrste som maatte gjeras, aa som alle kunne vere med paa, det va aa lette vilkaara for dei som hadde arbei, aa paa same ti skaffe arbei til dei arbeislause, ved aa korte paa arbeisdagen. 8 timars arbeisdag vart programe som alle tenkjande sanka seg om. Mange møte vart haldne om dette i Chicago. 4de mai 1886 om kvelden va der stort folkemøte paa Haymarket-plassen. Anarkistane gjek i brodden; dei hadde dei beste talarane, slike som Albert Parsons, August Spies aa metodistpresten Fielden. Politie hadde laga seg væl til. Politikapteinen Bonfield sto i ein kjellar med 200 konstabla ferug tilaa rykke ut. — Parsons aa Spies tala fyrst, saklegt, rolegt aa freelegt, Politi-skjefen va der aa lydde paa, men gjek sin veg daa han ikkje syntes det va vert aa forstyre so freelege folk. Men Bonfield brann etter aa faa syne magta si. Han rykte ut med sine 200 mann aa gjek paa. Folkehopen ga seg tilsies for politie. Fielden som sto tala, slutta, aa steig ne av den vogna dei brukte til talarstol. Med ein gong vart der stilt, so døsstilt som før ein kastevind slær ne. So kjem ei bombe susande fraa eit myrkt smog, dett ne midt millom politie, aa ei 5—6 mann ligg paa plassen. Rædsle kjem over folke. Dei tek nugta; aa politie etter dei aa skyt med revolvara so der ligg folk burtover gata døyande eller stygt saara. Mange politifolk stuper au, so der er skrik aa ynking som paa ei slagmark.

Alle namnkjende anarkista i byen vart fengsla, so nær som Parsons. Han kom seg utav byen. Men daa prosessen byrja, møtte han friviljugt for retten. Dei vart slept fri att alle so nær som desse 8: Parsons, Spies, Fielden, Engel, Fischer, Lingg, Neebe, Hirschburger, Apel.

So kom anarkistprosessen. Retsstelle i Amerika nækjer seg. Skamløyse; prostitusjon; rotenskap. Det va som aa aapne ein glugge fraa eit kjellarhol der lik-lukta stend ut. Lygn, kjøpte vitne, kjøpte domara, sakførara med botnlaus pung, flaaeri over al maate, retten i pengefolks lomme. Aa for slik domstol møter 8 fatige menn, for det meste utlendinga, mot staten Illinois med si rike kasse aa sine pengekonga. Ulikare kamp skal ein leite etter. Kjøpte aviser skrik anarkistane ut for villdyr som berre søkjer blo. Kjøpte uslinga gjer kvar dag lange rørande spalta om dei saara, som politikonstablane fek. Ingen hev eit or aa seie om alle dei arbeisfolka som politie skaut ne. Ingen eit or aa seie om al den jammer anarkistane ofra al si kraft paa aa avøye. Det er som heile folke, baade høge aa laage, reiser seg imot dei, fylles med hat aa krev berre ein dom: dauen. Men endaa folkehate reiser seg imot dei som ein havsjø, so er der daa nokre som skyna paa dei aa som trur at retferda maa vinne. Dei sanka penge saman aa leiger ei 2—3 av dei beste juristane i Amerika til forsvarara. Over eit aar varer prosessen. 76,000 dollar (281,000 kr.) maa anarkistane punge ut med til forsvare sit. Det hjelpte daa alt like mykje. Dei va dømde fyreaat. Ingen ting kunne provas mot dei. Statsadvokaten sjøl (Grinnell) laut tilstaa, at ingen av dei som sto for retten ha kasta bomba. Det vart eidfest av 10 vitne, at Parsons va gaat fraa møte aa sto saman med kona si i Zeph’s-hallen 450 fot derifraa, — at Lingg va 2 mil burte, — at Schwab helt tale paa ein annan kant i byen, — at Engel va heime hjaa familja si, — at Neebe ikkje va i byen aa ikkje eingong viste om møte, — at det einast va 2 av dei 8 som va tilstaes, Spies aa Fielden, men at dei sto paa vogna, som bruktes til talarstol, daa bomba vart kasta. — Det hjelpte ikkje. Det va ikkje personane dei vilde tillivs; det va ideane. Anarkismen skulde rivas op med rot.

— Grøtelege dage i Chicago dette. Folk gjeng i sjuk orvente. Prosessen er tilende; domen skal falle. Retssalen er full av folk. Angst aa otte over alle. Dei klagde er dei einaste som ser ut til aa ta det med ro. Konene deira aa slegtninga aa vener aa mange andre er møtt fram. Gamle mora hans August Spies sit der og. Denne evnerike sonen henna som ho hev sett so store voner til, som hev vore so go mot ho, vore henna grumgut aa som skulde verte henna alderdomsstytte, han som va so vakker at kvenda hugtoks i han, aa so gjæv at kameratane leit seg til han, — no skal han dømas til den største skjænsel. Aa konene aat desse andre, — bleike aa bibrande sit dei der. — — — So kjem juryen in. I opsyne stend domen skreven. Der vert stilt som i grava. Folk dreg mest ikkje anden. Formannen tek papire op aa nemner med laagt mæle dette tunge ore:

»Skuldig«.

Det gjeng som ein suk jenom forsamlinga. Graaten tek ven aa uven. Kona aat Schwab fell i uvit aa maa beras ut. Lucy Parsons er den einaste som ikkje feller ei taare. Med sit heite æsande indianarblo va ho for sterk til aa kunne døyve si sorg i taarer. Som ein ulmande eld som maa slaa ut i loge vart han liggande brenne i ho saare harmen, til han fek forme seg til handling.

Domen er fallen; men anarkistprosessen er det endaa ikkje ende paa. Der er some som trur at domen maa vere ugyllig. Aa der vert ny lang proses, aa ny utpunging til sakførarane. Lucy Parsons er heile tia paa ferde med si ville kraft. Skrifter trykkjer ho i tusenvis aa gjeng kring aa sel paa gata for aa faa penge aat prosessen. Av skrifte »What is a fair trial«? selde ho 5000 paa ein dag. Aa penge strøymer det in allesta ifraa. Men det hjelpte alt like mykje Domen vart den same.

Dei dømde tok det heile tia med ro. — »No er det ti til for styringa i England aa henge Gladstone for oprøre i Mitchelstowne«, meinte Spies spottande til ein blamann.

»Venene vaare der ute tek seg domen meir nær enn me; eg hjarteverkas for deira skuld aa over at fridomslande mit aa Wahsingtons verk skal spottas slik«, sa Parsons.

Slegt aa vener ba dei søkje om naade. Aa Fielden aa Schwab let seg lokke til aa skrive under paa eit bønskrift. Men hine vraka »naaden«, naar dei ikkje kunne faa sin ret —: sin fulle fridom.

»Hev staten raa aa ta live mit, so hev eg raa aa misse det«, meinte Parsons. Aa Lingg va rasande paa dei som hadde bet om naade; aa mor hans skreiv til han fraa Bayern, at han maatte berre halde ut til det siste aa døy som ein mann for si sak. — Det gjore han. Men han helt seg for go til aa stupe for bøddeløks. Han tok ei bombe i munnen aa sprengde seg sjøl ut av live nokre dage før han skulde avrettas.

Stakkars Oskar Neebe; han vart dømd til 15 aars tukthus. »Aa, heng meg saman med kameratane mine! Lat kje kona mi verte nøyd aa fortelje baana vaare, at eg sit i slaverie!« ba han. Men der va ingen naade. Dauen hadde meir medynk enn retsolke i Illinois. Ho slap sjaa han i fangeklæe, aa ho slap fortelje baana om far deira som sat i slaverie. Ho døe med det same av sorg aa hjarteverk.

I 18 maana sat dei i fengsle. So kom dagen dei skulde avrettas, den 11te november 1887. Kvelden fyreaat slap næraste slegtningane in til dei for aa ta farvel. Dei dømde va ved got mot aa trøsta venene sine so got dei kunne. Daa avskjestimen va over vart dei dømde førd attende til sellane sine aa væl paapassa. Fleire presta kom til dei; men dei viste prestane fraa seg. »Prestane er farisæara«, sa Parsons. Ein prest va hart in paa Spies; men Spies ba han gaa ut. »Eg skal be for dyk i al nat«, sa presten. »Be for dyk sjøl, De treng det kanskje meir enn eg,« svara Spies.

Utover kvelden gjek Parsons aa sang; maale hans va fylligt aa tonerikt som vanleg. Engel aa Fischer sov som etter ein arbeisdag. Spies sat oppe aa tala med vaktmannen til kl. 2. Næste morgo sto dei op til vanleg ti aa aat sin frukost. Parsons aa Spies ba om skrivegreier aa sat skreiv brev til dei vart henta. Mange hadde sent in namnebøkene sine for aa faa handskrifta deira. So kom bødlane for aa hente dei. Rørande va veifare dei tok med dei andre fangane i fengsle, aa med fangevoktaren som ha faat slik goheit for dei, at han syntes det va som aa misse sine brøre.

Ute saag det krigarsk ut. Myndigheitene ha but seg paa det verste. Dei ottas ei folkereising. Det kunne hende at arbeiarane i siste stunda tok mot til seg aa reiv talsmennene sine fraa bøddelkniktane. Runt fengsle sto politie, i tri raer, alle med skarpladde jevær.

I alle vindu aa paa fengselstake sto politi med hanen spent. Aa ei heil soldat-her sto ferug til aa rykke ut. — Men alt gjek stilt av seg. Lucy Parsons va den einaste som vart arestert. Ho hadde kje vore go til aa gaa til Parsons kvelden fyreaat. Men no vilde ho sjaa han att, aa ba om aa sleppe in i fengsle. Det nekta dei aa drog ho paa raastova.

Galgen vart reist ute i fengselsrome. Kl. 11 opna sheriffen døra til Spies aa las op døsdomen. Spies lydde væl etter aa sa. «Justismord, sherif Matson«. — Alle tok dei domen med kald ro. Døsdrakta, ei kvit fotsi lereftssjorte, vart klæd paa dei aa hendene bundne paa ryggen med lereima. Slik gjek dei i marstakt til rettarstaen, aa sang av fulle lunger.

Dei ba om aa faa tale fraa skafotte. Den bøna pla aldri verte nekta der det er folkelegt styre. Men desse vart nekta ore. Dei skulde døy i togn. — Men dei tok seg taleret.

»Vaar togn vil tale meir enn dei røster de kvæler idag!« ropte Spies.

»Hurra for anarkie!« ropte Fischer med høgt maal, aa Engel sette i med. — Folke sto som lam slegne av rædsel.

Det va stilt ei stund med’ ein medhjelpar ordna drakta hans Parsons. So sette Fischer i: »Dette er den sælaste stund i mit liv«. Trast etter ropte Parsons:

»Aa, de styresmenn i Amerika, — la rope fraa folke verte høyrt!« 

Med same datt lemen. Chicago rikmenn kunne drage pusten letnande. Nokre av Chicagos klaaraste hovu arbeidde kje lenger. Nokre av dei varmaste hjarta slo ikkje meir.

————————

Dette va fredag. Sundag stort likfylje som ber dei avlidne aat grava. Politie gjer kva dei kan for aa faa det heile overstyr. Men stemninga i folke hev vendt seg. Politie vaaga kje setje seg imot. Fraa heimen aat Spies gjeng likfylje, jenom mange gater, aa forbi dei andre lika, som vert tekne med etterkvart.

Tusen paa tusen strøymer til. Stilt aa alvorsamt skri dei fraa gate til gate like til jarnbanestasjonen. Syrjetona bruser fraa musiken. Det er som haustlufta skjelv av sorg, aa som vilde alle desse tusen no lækje det dei før hadde grøtt. 30 jarnvegsvogner overfylte med folk kj øyrer ut til gravlunden der lika vert sett in i likhuse til seinare.

— Aa du gaatefulle blakrande andepust som kallas mannehug! — Lunefull er du, aa skiftande aa braahastig som kastevind under flog-fjell. — Fredagen ropa du: »Heng anarkistane!« Sundagen etter fyl du dei syrjeklæd aat grava.

————————

Ein maanes ti etter skal dei gravleggas. Kyrkjegaren er overstrøymd av folk. Daa gravhuse vert aapna stig Nina van Zandt fyrst in (ho som gifte seg med Spies i fengsle). Gamle mor hans Spies aa syster aa brøre, aa Lucy Parsons med sine tvo smaa baan, aa konene aa slegtningane aat dei andre stig in med. Dei 4 hengde ligg endaa med frisk farge; men Lingg er gaat i rot. Dei vert borne aat grava, Spies i fyreenden, boren av turnara; dernæst Fischer, boren av seks typografa; aa so Parsons aa dei tvo andre. Smaabaana aat Parsons legg ein krans paa kista hans med paaskrift: »Papa vaar«. Ved grava er det ein som tek dei tvo smaa aa set dei eit paa kor enden av kista aat far deira. Lucy stirer lenge paa dette uta aa røre seg. So ropa ho over seg: »Albert, Albert!« aa uvita. Men ho reiser seg snart, aa vert standande roleg aa sjaa til, uta aa mæle eit or, uta ei taare.

Sie om sie vert dei lagde i jora dei 5 martyrane. Mange held tale; varmast av dei alle tala kaptein Black som so manneleg ha teke seg av forsvare deira. Han enda talen sin med at han ha lært dei aa kjenne som hjartevarme folk aa gløymde dei aldri desse menn som so urokkeleg helt fast paa sine prinsip aa ga live for si sak.

————————

Endaa ei ljos stund i denne syrjelege soga maa eg nemne.

Det er 11te november aare etter. Kring Voldheims gravplass er tusenvis av arbeisfolk samla, høgtisklædde aa festlege. Musiken spela syrjemarsa aa vonfulle fridomssanga, aa raue faner vifta kring kyrkjegaren. — Det er aarsdagen for anarkistdraape.

Gravene aat dei 5 er prydde med grønt, aa ein talarstol stend like ved. Som eldgneista fyk or fraa talarstolen utover folkevrimmelen, tendrande, hissande, — or i mange tungemaal, — vonsterke or om den stormflaumen som vil kome naar millionane reiser seg, — hugvarmande or om dei avlidne aa om dei framtisdraumane dei gjek i døen for. — Tilslut stig ein mann op med eit brev i handa. Folk stuva seg om talarstolen; dei hev faat nys om at det er breve som Albert Parsons skreiv til baana sine kvelden før han døe. Lydt som i kyrkja vert der med han les breve op:

»Til mine kjære smaa baan, Albert R. Parsons aa systera Lula Eda Parsons.

No daa eg skriv desse ora, tek taarene mine burt namne dykka. Aldri treffes me meir. Aa, baana mine, kor djupt aa kor hjarteleg eg elska dyk. Me som no skal døy, syner kor djup kjærleiken vaar er ved aa døy for det me elska. Om mit liv, aa om grunnane til at eg maa døy so unaturleg aa fæl dø, vil andre fortelje dyk ein gong. Far dykka hev ofra seg sjøl paa lukka aa fridomen sit alter. Namne mit er ikkje utskjemt. Ber det som minning om fullførd pligt. Ver sanne mot dyk sjøle, so kan de kje verte falske mot andre. Ver flittige, tolsame, aa kjærlege.

Mor dykka, — aa, ho er den største aa ædlaste blant kvende! Elsk henne aa ly henne, baana mine, mine hjartekjære baan. Les dette velfarsbreve paa døsdagen min, aa send av aa til ein tanke til han som døe, ikkje berre for dyk, men for dei som enno er ufødde.

Liv væl kjære baana mine!

Far dykka,

Albert R. Parsons.

Ikkje eit turt auga er der daa breve er lese tilende.

————————

Stormen va over. Ein suk gjek over Amerika. Rikmansvelde kjende seg letta. Men lufta va uhyggeleg som etter ein skaestorm. Dei fremste anarkistane laag kalde i si grav; men tankane levde — ja skaut op som brodd etter regnfall.

Aldri hev ein døsdom sia Jesu ti faat slik virkning. Som ein elding slo han ne aa sette kveik i folk so langt som der er sivilisasjon aa uret aa rørsle i arbeisfolke. Dei vart kje berre martyra, chicago-anarkistane. Dei fek fraa fyrste stund den opstandingens glorie som vil halde namne deira oppe solenge her er folk paa jor med dyrkjingstrang i seg. — Spies vart sanspaad. Ved aa ta live, ga magthavarane tungene deira den kveikjingsmagt som kan faa sovande vakne.