Claus Fasting (Martyra)

Den 5te januar for 100 aar sia[1] er der ei merkjeleg folkesamling i »Det musikalske akademi« i Bergen. Stive myndige embætsfolk, spisborgarlege handelsfolk, lutande handverkara, breie vaggande sjømenn, i det heile, folk av alle slag, stive aa stille, andegtuge aa aalvorsame, gravklædde fraa top til taa. Dei blanda seg omkvarandre, net som klasseskilnaen idag skulde vere blaasen burt.

Paa senen stend ein stor pidestal med syrjeflor ikring, aa utapaa heng eit bilæte av Claus Fasting, som no altso kviler i fre aa ro paa kyrkjegaren, aa kjenner ikkje lenger dei hatefulle spottande augne kast aat si kalde snerpne tanketome samti.

Det er stilt aa høgtisfullt i salen. So stig apotekar Dynner fram aa syng ein arie. Derpaa stig der fram ein stor feit veldig rugg som ser mistenkjeleg bispevoren ut. Han hev glatta seg op aa klædt anlite i den rette høgtissame bispemine, so der knapt er eit merke aa sjaa etter »Bor jeg paa det høie fjeld« aa andre drikkeviser. Det er ein mann som veit kva han skal seie, ein mann som aldri trivla etter or. Aa no trengs det aa vere orhag. Som nikjær bisp aa go borgar skal han halde liktale over ein fritenkjande teolog, ein spottande blaskrivar, ein aandrik poet, eit stortenkt menneskje med varmt hjarte aa likevæl kongeleg norsk embætsmann, — ei sjæl som der ikkje va svik i, aa som samtia hadde vanvyrt, aa som bispen sjøl ikkje ha vaaga seg til aa kjennes ved som ven.

Men bispen greier seg som slike folk pla gjere.

No va det ikkje faarlegt. Han (Fasting) vilde aldri meir setje Sokratis jamsies med Christus, aa helder aldri meir skrive Christus med K istaenfor med Ch.[2]

Fasting kunne kvile i fre. Bispen sto sjøl ved senga aat den døyande aa las salmevers. Med sine egne bispelege øyro høyrde han den døyande seie desse merkjelege or med same han anda ut: »Hvorledes kortere? — men ikke let at træffe«. Aa bispen hadde nok. Han kunne felle sin dom.

No altso, naar »herlighedens himles salige aander« hadde bore mannen til Abrahams fang, no kunne bispen, sjælesyrjaren, lette samvite sit med aa kjennes ved sin ven aa seie som sant va, at det va ei stor aand aa ein hædersmann den Claus Fasting.

»For tidlig syntes han at dø for videnskabens rige, for Bergens by, for dette selskab, for mange venner, for mig isærdeleshed«, seier den bispelege skalk om Norigs fyrste aalvorsame fritenkjar!

————————

Alle kjenner Claus Fasting fraa studentklubben »Det norske selskab« i Kjøbenhavn. Han va ein av dei lærdaste, ein av dei aandrikaste, ein av dei som ga klubben mest glans utatil aa gjore mest til aa faa smak aa aand aa liv i klublive innatil — endaa han va den som drak minst.

Det va ein stilfarande golynt gut med eit makelaust neme (han tok studenteksamen 15 aar gamal) aa levande hug til lesna aa musik. Han va væl kjend med den engelske aa franske bokheimen aa arbeidde seg op ein stil so klaar aa fin aa leikande, at me jamvæl no kan nyte han som kunst. Han va gløg aa aandrik, den beste kritiske pen paa si ti, med klaart visyn aa utruleg mykje kunskap. Ein frigjort mann med trang til aa gjere noko for sine medmenneskje.

Men Claus Fasting hadde sine lyte som alle andre: Han hadde meininga som han for sit liv ikkje vilde sleppe; aa han va for kry til aa gaa paa embætsjagt med mjuk ryg aa glat tunge.

Han va ei fin djup natur. Alle intryk beit seg fast. Det er slutteleg daa, at det kom te setje merke etter seg eit laakt tilfelle som han kom ut for i sin ungdom.

Ei enke leigde han til lærar aat dotter si. Han vart gla i den unge vakre jenta, aa ho vart gla i han. Dei lova dyrt aa høyre kvarandre til for heile live, daa dei skildes, aa han drog til Kjøpenhamn.

Men der va nok ei til som va gla i han. Aa det va mor til jenta. Ho vart ovunsjuk paa dotter si. Det maatte hindras at dei tvau fek kvarandre. Aa som mor hadde ho magt til aa hindre det; retten fek ho ta seg til.

Det galt aa faa dottera or vegen. Aa ho fann raa. Ho vilde gifte dotter si til ein gamal styving som gjerne saag at han fek ein ung blome til aa varme sin kalde heim.

Jenta sette seg imot med al si magt. Men ho vart stengd in i eit rom i fleire dage, til svolt aa hugsot vann so paa ho at ho ga seg.

Aa so kom presten aa sette segl paa den hellige pagt; aa dei va egtefolk paa leveti. — »For det som gud hev bunde kan menneskja ikkje skilje«.

Mor henna hadde vanne. Men berre det halve, berre det negative. — Dottera fek nok ikkje Fasting. — Men ho sjøl fek han endaa mindre. Han elska jenta si like brennande som før, aa han hata nok den gamle endaa meir enn før.

Aa ho som va gift ho gløymde kje sin Fasting. — Ho tærdes burt av graat aa hugverk. Den kjære egtemannen fek lite glee av sin fagre blom. Det hjelpte ikkje at han hadde presteatest for at ho va hans. Hugen hennar va hjaa Fasting. — Ho visna burt i fange paa si egtemake.

— Om ikkje ret lenge kunne presten som hadde bunde dei saman, kaste sine tri lovfaste jorskufler paa kista henna.

Daa brast der ein streng i Fastings kjensleneme bringe. Verda vart myrk; glee tottes ikkje lenger finnas paa jor. Berre ein einaste ting va der som kunne gjere live tolelegt: det va arbei. Aa arbeie svala; men det lækte nok aldri saare.

No va han altso væl rusta til stri. Kunskap hadde han, aa ingen ting som hefte seg. Han tok strien op aa stridde sit liv tilende. Det han van saag han ikkje sjøl. Men me ser det aa kan takke han.

————————

Det va i mangt ei raa ti. Gapestok aa kakestryking, brenning aa halshogging va vanleg traktering for folk som ikkje plent va etter Kristian VI sine fyreskrifter. Fatigfolke i byane hadde det ikkje for got. »Saasnart noget barn findes paa gaderne og optages av de nu beskikkede staaderfogder i betleri, bliver det ikke alene ved opbringelsen til tugthuset der pisket, men forældrene blive uden videre omstændighed og foruden anseelse hensatte paa en times tid i gabestokken, med mindre de kan godtgjøre, at barnet dem uavvidende har stjaalet sig udav huset, eller den yderste hungersnød har tvunget dem dertil«. Fatigfolke kom i fengsel. Brotsmenn vart pint paa dei verste maata. Ein tjuv skulde kje berre halshoggas. Men han skulde fyrst knipas med gloande tenger, aa so misse armane, aa deretter hovue. Simple folk vart endaa mindre vyrde daa enn no aa medfarne som dyr.[3] Embætsstande va over dei med sin autoritet.

Det va ikkje ljost aa ta fat for ein rudningsmann, ein apostel for den frie tanke, ein talsmann for likskap aa folkelegheit. — Embætsstande kunne han ikkje vente stor hjelp av. Borgarstande va handelsfolk som berre tenkte paa forretninga, eller handverksfolk som knapt va boklære. Aa bøndene sat avstengd fraa alt liv; takke til hadde dei ein huspostel aa ein bibel, — dei som va boklære. Aa det verste av alt, ein va bunden til den flekken ein budde paa. Post gjek kje over lande som no. Berre so av aa til kunne der gaa sendebo millom embætsfolka. Fasting kunne kje faa sende blae sit til utabys folk før aare va ute. Daa sende han heile aargangen.

I denne tia hadde Voltaire sett kveik i Europa med sin brakande spot. Han hadde sett gud av i himmelen aa sjøl teke rome hans paa jora, som det saag ut til. I dei høgre samfundslag va der ikkje so mange oplyste, uta dei trudde meir paa Voltaire enn paa gud.

Men om autoriteten berre kom te skifte plas aa autoritetstrua i dei fleste va like heil, so hadde daa Voltaire med si agelause skriving gjort rome større for den frie tanke. Han vekte ialfal krave etter tankefridom.

Aa han hadde huska op i det rotne samfunde, so fillene laag der synbere for alle, aa paa den maaten gjort vegen open for tankane om likskap aa broskap, som i denne ti kom gustande over atlanten, aa som Rouseau vart heitaste talsmannen for.

Det va desse ideane, om tankefridom aa samvitsfridom, om manneverd aa manneret, om fridom aa likskap, som tok Fasting so heilt aa fylte hans sjæl med lyst aa hug til aa spreie tankane ikring seg.

Til det endemaal trengde han eit bla.[4] Aa so la han iveg med »Provincialbladene«, som kom ein gong om vika. Det va i 1878.

Her tok han daa fat paa baade raat aa rote, paa myrkt aa sjukt, paa rangt aa vesalt, som der va so mykje av. Aa han prøvde med kvart aa faa dei nye tankane tilors.

Men det gjek nok ikkje so let som han hadde tenkt.

Bakstræve hev alti ein utveg, naar det kjenner grunnen breste under seg. Det hev kristendomen. Kristendomen hev vore varevotten aat alle ljosrædde, alle som hev hata retferd, omvelting aa framgang. Dei brukte kristendomen mot sjølve Kristus. — Kristus hev spotta gud, sa dei skriftkloke. Korsfest, korsfest! ropte folke.

Der burt i Bergen va mange som ikkje tolde Fasting sin sylkvasse pen. Men daa dei laag under i strien, laut kristendomen fram som kastekjep. Aa daa greidde dei seg.

Fasting va nemleg for eldfull aa sanningskjær til aa stenge inne sine meininga om teologiske ting. Han va sjøl teolog; ein av dei lærdaste. Han viste kva humbug det va alt dette prestesnakke. Han viste kor langt teologien paa sin fortolkningsveg va komen baade fraa sanning aa ret, aa fraa det som va grunndrage i den sanne kristendom. Kristendomen slik som Jesus hadde lært, va liv, ikkje daue former. Aa kristenlive skulde syne seg i gjerning, ikkje i læresetninga aa bekjenninga. Det som Jesus kravde, va det same som Sokratis aa Platon aa mange andre store menn fyre hans ti hadde kravt. Han kravde fordragelegt samliv, kjærleik istaenfor hat, tilgiving istaenfor døming o. s. b. Aa det va dette same krave Fasting no saag reisas paa nyt lag ute i Europa, — berre under andre former.

Men naar han saag paa live ikring seg, paa kyrkja, paa staten, paa domstolane, paa retsstelle, so fann han lite av Kristi lære der. Det bar altsaman kristendomen sin stempel, men va langt fraa kristendomens aand.

Retsstelle va ikkje for dei undertrykte, men ein skjold imot dei. Domane fann han som oftast gjek imot dei simple, aa straffene va raa aa fæle. — Der maatte kome ein meir menneskjeleg tenkemaate in paa alle leier. Aa folke burde kje lenger leve i faakunne; kunskap maatte spreias ut til alle kanta aa ne-i alle lag.

I 4 aar helt han liv i blae sit. Mange vilde nok lese det; men faae vilde betale. Han laut difor figte seg fram paa mange maata. Armoa va støt i hælane paa han. — Mest va det vel embætsfolk aa studerande som las blae utaom byen. Aa det va derfor blae kom til aa gjere større virkning, enn han sjøl kunne tru.

Naar der i 1814 møtte so mange fridomskara til tings, so hadde mange krefter virka til det fyreaat. Claus Fasting ikkje minst. Den fridomsanden aa folkelege tenkemaaten som dei beste ungdomane saug i seg av »Provincialbladene«, va det som kom til handling i 1814.

————————

Fasting søkte mange embætte. Men dei stengde han ute. Fyrst daa han va 36 aar gamal, vart han raadmann i Bergen. Som raadmann gjore han kva han kunne for smaafolk. Men han fek nok sanne, at det er lettare aa klandre dei styrande, enn aa styre sjøl, — at det ikkje stend i dei styrande si magt aa jamne uretten ut.

Kva ret hev forresten Fasting til aa verte nemnt blant martyra, han som døe som raadmann i sin føeby aa fek ei gild likferd? — No, han fek ikkje piskeslag, sat aldri fast, aa eg veit ikkje om han hadde ein svolten dag. Men der er ting som er verre for ein fin natur enn det. — Ein mann som kan skrive ein epistel som denne om dumheita, han maa ha vandra motgangs veie aa maa kunne nemnas jamsies med pinte vegbrytara, sjøl om han kolna i det siste aa i sit 37te aar fek eit raadmansembætte, naar dei ikkje lenger for skam skuld kunne kome forbi han.

————————

»Hil være dig ved hvis vugge din skytsengel sagde: Vær dum! Din vei er bestrøet med roser, og dine tykke fodsoler føle ingen torne. Du sniger dig uforskyldt gjennem livet, og enhver viger tilside for at gjøre dig plads. Se, dit navn er udødeligt, og din pris er stor blandt landets døtre! Din sjæl vugges sagte i din tomme hjerneskal; den sover stedse, og naar den vaagner, lægger den sig straks til hvile igjen, og snorker. Over dig tier bagtalelsen; du har ret til alt; dit frihedsbrev staar i din pande, og den kloge ser det, og smiler ærbødig. Din mave fordøier alt, og dine drømme er ingen virkning av din sjæls arbeide. Uskyldighed staar malet paa dine kjæver, og fromhed i dine matte øine. Din kone elsker dig, fordi du tillader hende at elske hele verden, uden at forstyrre hende. Stjernerne paa himmelen have rolighed for dig, og du grubler over intet paa jorden. Du forraader ei misdæderen, og du er godheden selv. Daarlighed finder sin skyts hos dig. Du kalder den visdom, naar den smykker sig med lapper av den kloges kjortel. Naar du fortærer dit fede øl og dine lækkerbiskener, er verden dig et paradis. Din gang er slæbende og baglænds som krebsens. Ve den vise, som ikke træder i dine fodspor, og vægrer sig at bære dit harnisk! I troen er du uforstyrret, og kjetteri viger langt fra din bolig. Naar den kloge sukker efter brød, regner manna over dig, og man siger, at du lønnes efter fortjeneste. Du finder i mørke, hvad den kloge forgjæves leder efter med tusinde briller. Var jeg digter, skulde du være min Mæcenas, men du ønsker ikke denne timelige ære. Du hader alle vers og al prosa. Lad den lærde reise og komme, tænke og skrive, nytte og fornøie! hvad angaar det din mave? Din sæd vil besidde landet; den har venner, og den kloge vil forjages av jordkloden. Ak, lær mig, store mand! din store hemmelighed! Jeg længes efter rolighed, og du kan opfylde mine ønsker. Tryk dit indsegl paa min pande, og dit vaaben paa mine kjæver, saa vil forfølgeren gaa forbi mig. Alle piger vil elske mig, og alle børn vil spøge med mig, som med deres dukker. Tag mig i dine vingers skjul, at mit sind maa leve i fred, og mit syn bevares uskadt til mit endeligt! Nu hades jeg av din hele skare; da vil den sige: Han har bedret sig; han bliver fed; han bliver som en av os. Den smukke mand! vil dine døtre raabe; den kloge mand! svare dine sønner. Abdera vil fornyes igjen, og jeg tør der vente at blive raadsherre. Jeg skal gjøre alt, uden hvad som er nyttigt og klogt, og med gyldne bogstaver skal jeg skrive over min dør:

Alting bliver ved det gamle!«


  1. Skreve 1891.
  2. Det vart halde for gudsbespotting det at Fasting i blae sit skreiv Kristus, aa at han nemnde Sokratis i same stykkje som han nemnde Kristus.
  3. Det fortels om Pontoppidan, som va bisp i Bergen fraa 1747 —1755, at han, eingong han vilde til Kristiania aa sjaa Kongen, so brukte han bønder til aa dra seg over Filefjel. 32 mann i greie for ein bisp! — Aa Pontoppidan skulde endaa vere ein folkeleg mann.
  4. Han hadde prøvt seg som dramatisk forfattar, men det vilde kje gaa. Wessel gjore syndig nar av stykke hans.