Men daa eg var aaleine i det framande Lande, og tok til aa illtrivast, og Hugen vart uroleg og Dauden banka paa, tenkte eg: um Faderen er burte, vil eg sjaa att Barneheimen. Eg vil finna mine eigne; og dei vil høyra paa meg og tilgjeva meg. Og hjaa dei vil eg finna ei Livd; og der, hjaa mine eigne, vil eg døy, og samlast til mine Fedrar.
Eg gjorde i Pengar det eg enno aatte og drog heim. Men daa eg kom fram var Heimen seld og Ætti spreidd; og Bror min sat som ein Farre paa ei Heid, og dei sagde han var galen. For han hadde selt alt det han aatte og gjeve det til dei fatige.
Daa saag eg at eg var aaleine; og eg hadde ein vond Dag.
Eg gjekk til Bror min og sagde han mi Meining; so leigde eg meg inn hjaa ein framand Mann, til aa bu der. For no vilde eg ikkje flakka lenger.
Og eg sagde med meg sjølv: her vil eg døy.
Eg hev vandra gjenom Live. Eg hev vorte gamall men ikkje vis; eg var rik men hev vorte arm, og no er eg heimkomen men ikke heime. Men endaa vinn eg heim. Det er berre den siste Kneiken att; og dette tronge Rome skal vera min Inngang til Kvila.
Angest kjøver meg, og Sjukdom brenn i mitt Blod; og Hjarta verkjer og vrid seg. Men sin Lagnad maa Mann bera til Rygg brest. Eg vil lida og tenkja, at di verre det er, di snarare det gjeng. Og er eg aaleine, skal mine Tankar halda meg Lag; og er Folke mitt burte, hev eg Minni att; og med Voggevisur vil eg svæva min Hugverk. Og alt det eg hadde av Live, det gode og det vonde og alle Umskifte, vil eg hugsa fram att og tenkja igjenom, og sjaa, um eg finn Lærdom og Lov og Samanheng. Men paa stille Dagar, naar Soli er varm, sit eg ved Gravi til Far og Mor; og til dei segjer eg alt det eg leid og lid, og skriftar mi Synd og trur at dei tilgjev. Og det vil synast meg visst, at kor gale ein fór og kor saart ein sveid, so er Live altid betre freista enn ufreista.
Og eg tenkte meg um og sagde: Kva vil eg med Faderen? Eg hev aldri kjent Faderen.
Eg trudde paa Gud og var rædd; for Gud var faarleg. Han gjætte meg med Augo av Eld, og han saag alt, og alt var vondt; og alt vondt kveikte hans Harm; og Herrens Dag skulde koma som ein Tjuv um Notti. Og alltid naar eg vilde vera glad maatte eg gløyma Gud.
Fred med Faderen og med Domaren, og Fred yvi all hans Harm og Eld! Han søv, og me skal ikkje vekkja den Dom-snare.
Rolegt, du Hjarta der inne! vrid deg ikkje so. Det verste er att; men det engste er yvi stridt. Og Faderen er burte; men naar Dagen lid til Kvelds gjeng eg heim til Mor, til mi rette Mor, heim til Naturen.