H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 17-19).
◄  VI
VIII  ►

Eg hev set meg ut ei Kraa paa Kyrkjegarden, attunder Pilegjerde, ein Stad der det er Kveldsol og Livd for Nordvesten. Og han Gunnar, Namnen min, Gravaren, lovar at eg skal faa liggja der.

Han er ein aldrande Mann; og han lever millom dei daude og talar ikkje. Men daa eg bad han um dette, saag han paa meg og sagde eit Ord. «Du er ein framtenkt Mann du,» sagde han. Eg svare: «det vert ikkje langt fram.»

I solvarme Middagsstunder sit eg i den Kraai, og det er som eg sat paa mi Heimetropp. For me braakar og balar og vil vinna Verdi, men er til sist glade at me hev denne vesle Flekken trygg.

Draumar, Voner, Elsk, Lyst, det var Vette-ljos, som dansa for meg og lokka meg lenger og lenger ut paa den vide Myr. So slokna dei eitt etter eitt. No sloknar eg sjølv, og ser, at eg sjølv var ein Draum og ein Lyktemann.

«Du er reint eismal du?» segjer Gravaren; han røder stundom med meg no.

«Som du paa Lag, Namne.»

«Ikkje Baan helder?»

«Dei er kje mine lenger.»

«Hm. Skal kje syta for det. So mange Baan ein hev, so mange Pinnar til Kista.»

Han segjer meg si Sorg. Seks Søner hadde han; all fór dei fraa han. So vart han huglaus og gav upp. Garden gjekk i Banken; no sit han der aaleine i Husmannshytta og lever av aa grava ned Folk. Han kann ikkje gløyma Sønerne sine dette.

Eg fortèl honom mitt.

«Eg hadde berre tvo, eg, og dei var smaae. Det er ikkje sant at eg misste dei; for eg hev aldri aatt dei. Dei vaks upp i eit framandt Land og tala eit framandt Maal. Ja det var rart: aa hava Søner, som ikkje kunde sitt Farsmaal. Kvar Gong dei opna Munnen, høyrdest det for meg som dei fornegta Far sin og Farsfolke og alt mitt. Det er den tyngste Straff for dei, som gjer seg heimlause paa Jordi.»

«Men endaa saknar du Gutarne dine.»

«Endaa saknar eg Gutarne mine. Det er Voni du veit. Naar ein ikkje sjølv kom til aa leva, vil ein leva upp att i Baani.»

So sit me tvo Gamlingarne paa Gravbakken og klager vaar Naud for kvarandre, og finn som ei Trøyst i det.