Men Dagarne er lange.
Ufør sit eg her og høyrer og ser, at dei andre arbeider. Daa verkjer Samvite og hev vondt. Eg er klar men ikkje utlevd. Livskravi hev Tak i meg enno. Eg kjenner dei som Rykk i saar Tonn. Det er vondt aa vera gamall fyre Tidi.
Eg røder med Bestefar der nede, den gamle, som sit og hukrar frammed Omnen og kryp atti Horn. Men han er for gamall. Han segjer det same uppatt kvar Gong. Tri-fire smaae Kvardagsminne og fire-fem smaae Kvardagssanningar er alt som er att av hans Liv og hans Sjæl. Og han glyrer paa meg med Horn-augo som ikkje ser lenger.
Eg stengjer mi Dør og legg i Omnen. Og sit med ei Bok yvi Kne og lyder paa Vinden som fosser og syg, og paa Regne som trafsar og siler. For dette Regne er vaatare enn anna Regn, og tyngre. Det er som Verdi gav sig yvi i Graat. Og Himmelen er stengd og svart som Hugen hjaa ein daarleg.
Boki glid ned, og eg tek ho ikkje upp att. Alt det dei skriv og tenkjer ut er so skrint. Som Lyng um Haust paa den magre Heid. Som Halm og Hakk mot Live det grøne.
Eg vert sitjande og spinn Tankar som Kingelen sin Vev. Men sjølv vert eg hangande i Veven. So vaknar eg av Hjarta mitt, som rykkjer og riv. Daa tek eg Boki upp. Kann ho kje vekkja Tankar, so hender det at ho kann svæva dei.
Og eg sender ein Takk til dei som skriv Bøker.