H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 44-48).
◄  XVIII
XX  ►

Ro hev nok Bror min sjeldan; og trygg er han ingen Stad. Igaar kom ein Bladmann og leitte han upp her hjaa meg; han vilde spyrja han ut og setja han i Blade.

Og han tala mykje og langt paa sitt Maal. Herr Haave laut orsaka; «Luren» interessera seg mykje for den aandelege Bevægelsen han hadde vakt, og hadde alt havt fleire Stykkje, baade med og mot; for vaart Princip var: fri Diskussion; ja Herr Haave hadde vel set det?

Bror min svara, at han var ikkje Herr haave, men Paal i Kvernehusheidi, og at han ikkje las Bladi.

«De hev daa kje noko mot Bladi?» spurde Bladmannen.

«Jau,» svara Paal. «Tek eg eit Blad i Hand, er det som eg kom inn i ei Drykkjestove. Kvar skravlar um sitt, sùme skjellest og slæst, andre gjøner og lær, andre fortel Sogur og Slarv og fører Mistankar og vonde Ord; og Handlarar og Bondefangarar skryter og snyter. Eg skundar meg ut fraa alt det Staak og den tette Luft; eg vert tanketom av det og urein paa Sjæli.»

Blidt forsvara den framande Bladi og serleg «Luren». «Og som sagt: «Luren» interessar seg mykje for Dykk.»

«Men eg interessar meg ikkje for Luren.»

«De interessar Dykk kanskje meir for «Posten»?»

«Posten hev eg kasta ut fyrr.»

«Men «Luren» arbeider daa i same Leid som De: for Smaafolk og dei som lid Urett, og serleg for Arbeidaren. Det er sant: kva segjer De um Streiken der inne no?»

«Vil Arbeidaren heller svelta og streika i Byen enn leva smaatt og strævsamt paa Lande, so lyt han faa det som han vil. Var det elles noko?»

Bladmannen smilte brydd og reiste seg.

«Det nyttar vel ikkje; det var nokre Spursmaal um det Livssyn De forkynner; for vaart Princip er fri Diskussion; alle Meiningar fram, so Folk sjølve kann velja. Men som sagt —.»

«Alle Meiningar ja. Fri Diskussion. Mot og med. Største Assortement i Meiningar og Livssyn. Usæle de Bladfolk, som interesserar Dykk for alt og rører ihop alt, og gjev oss tri Livssyn for Dagen og tie Lygner og tjuge Hende og Uhende, men tek Ettertanken fraa oss! Gakk heim til din Handel, Far, og din Vertskap, og skjenk ut dine Sensationsdrammar; men lat aalvorsame Ting vera i Fred. Farvel!»

Daa Bladmannen var ute sagde eg: «du var uhøfleg.»

«Aa,» jamra han, «denne stygge Bladlus i Herrens Vingard! all Saft og Kraft tærer ho upp. Kven kann lesa lenger; kven kann halda fast paa ein Aalvors Take; kven hugsar eit sterkt Ord fraa i Gaar til i Dag! Dei vaskar oss ut. Alt gjeng i eit, Jugl og Sanning, Moro og Mord, Kyrkje og Cirkus, Manndom og Tjuvekunster; alt er godt som driv Tidi, og alt er gløymt naar Blade er lagt burt. Og Blade gjeng til sin Stad, og Folke geispar.»

Han er ikkje lenger ein av dei som lèt blaasa i Lur for seg.