H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 108-110).
◄  XLV
XLVII  ►

«Alltid masar du med, at du ikkje kann tru. Kven er som bed deg um aa tru? Kor lengi skal eg segja deg, at Meisteren kom kje med ei Lære som du skal tru, men med ei Lov som du skal fylgja? Og fylgjer du den, fær du sjaa um ho er av Gud, og fær Trui attpaa.»

«Skal eg elska Gud, maa eg tru paa Gud,» meiner eg.

«Elska Gud er aa halda hans Lov. Elskar du Bror din som du ser, so elskar du og Gud, som du ikkje ser. Og etter kvart vert du synsk og ser Gud. Men elska Næsten er aa hjelpa Næsten. Og min Næste er den som treng mi Hjelp. Gamle Foreldrar, sjuke Systken; han som ligg for mi Dør; han som eg finn hjelpelaus paa min Veg.»

Han lo. «Seinast skynar me det lettaste; sist finn me det nærmaste. Og fyrr me vil elska vaar Næste, vil me elska dei me aldri saag. Dei Kristne elskar Hottentottarne, og dei som vil vera betre enn dei Kristne elskar Framtidi; men Lasarus ligg der han ligg. Det er kje noko Stas med Lasarus. Og Lasarus hev fortent si Naud; me kjenner Lasarus. Men just det som ligg oss næst, og som der er minst Stas med, gjeld det um.»

Eg segjer: «dette er ein Kristendom for unge og sterke. Men kva Raad hev du for ein gamall Mann som skal døy?»

«Umvend deg, og du skal leva.»

«Kva godt kann eg gjera?»

«Du kann tilgjeva.»

Eg tenkte: kven bryr seg um mi Tilgjeving. Men eg rette ut Handi og sagde: «deg tilgjev eg, Bror.»

Han tok Handi fast og varmt. «Takk, Bror,» sagde han; «du veit kje kor godt du gjorde imot meg no.» Eg saag, at han vart vaat i Augo.

Og sæle er me baae tvo, at me hev vorte forlikte.