H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 58-61).
◄  XXV
XXVII  ►

Lat likso godt dei møte fram, som synda imot meg! Der er nok av dei,

og eg gløymer dei ikkje.

Nei, nei, ikkje du.
Eg vil kje segja noko paa deg.
Det var eg som synda verst,
og laug for deg som var ung,
og braut sund ditt Liv,
endaa du heldt av meg.
Nei; ikkje du.
Endaa det var hardt,
daa du gjekk,
just som e tok til aa sjaa deg
og skyna deg.
Ja var du her,
du bleike, du sterke!
so leid eg ikkje so,
trur eg.
Nei, vend deg ikkje burt.
Lat meg sjaa dine Augo,
dine store svarte Sugo.
Dei er kalde, eg veit det;
men lat meg sjaa dei;
lat meg sjaa djupt inn i dei,
um det ikkje enno inst inne
skulde vera ein Tanke for meg,
ein liten god Tanke

Gakk ikkje ifraa meg!
Du skulde vera her,
og vera god med meg;
og eg skulde læra aa elska deg,
og du skulde sitja her,
og fylgja meg
gjenom dei myrke Djuv
fram til den tronge Porten.

Nei!
Ropa ikkje paa hans Namn!
Gøym deg ikkje i hans Arm!
Aldri skal du der vera trygg;
aldri fær du der Fred;
eg spøkjer for deg;
millom honom og deg
ligg eg som eit vondt Samvit,
som ein Grav-gufs,
som eit kaldt Minne;
aldri skal du faa Ro;
for honom fylgjer eg fraa mi Grav
all Tid,
med pinande Tankar
og med Hugsótt og Vanvit,

at han aldri skal vera glad,
men rædd,
rædd i sitt Hjarta, rædd i sitt Samvit,
rædd Gud og Mann,
til han vert rædd seg sjølv,
og rædd deg,
og døyr som eg no,
aaleine og i Angest.

Ja gakk, naar du vil!
Eg hatar deg.
Baani mine tok du,
fyrst Hugen, sidan alt;
framande veks dei upp langt burte
og gløymer Far sin.
Vondt skal fylgja dykk
kor De fer;
og han som ligg i Gravi
tilgjev dykk aldri.