H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 92-95).
◄  XXXVIII
XL  ►

Eg kjem til aa sakna «Sant Paal», Bror min.

Trøytt kom han av Arbeid; tòlmodig sat han hjaa han Tarald og las og song; Gamlingen skyna kje stort, men trudde paa dette. Sidan sat Bror min hjaa meg og svara paa mine Spursmaal.

Han hev eit godt Lag; det fylgjer Fred med han; eg var trygg, naar han sat her. Mangt sagde han og, som eg maatte hugsa og tenkja paa; og det var der Hjelp i; so sleit eg ikkje so mykje paa meg sjølv. Og eg sov betre dei Næterne.

Han er ein Svermar som Meisteren hans. Fekk denne Kristendomen Magt, maatte Folk gjeva seg fraa Verdi, og Lande gjekk under. Det gjer det likevèl; for det er gamalt og himmelsjukt, og hev lite Framferd i seg. Men meir Himmelsjuke vilde skuva Feigdi fram; og Bror min vart ein av dei faarlegaste, um han fekk Mengd med seg.

Men det fær han ikkje. Svermarskapen hans er meinlaus og mild. Utan for han sjølv; for av seg sjølv krev han mykje. Han drep seg. Hadde han levt i ei onnor Tid, so hadde han vore Profet. Folk hadde gjort han til Messias eller Buddha; og Prestarne hadde tynt han og sidan skòre seg Levebrød av hans Dygder.

Men Sant Paal vil ikkje vera Profet. Han blandar seg burt millom Farrar og Kvaksalvarar og Folk med eit utrygt Ord, og gjev sitt Liv so ingen veit um det. Dette er sann Kristendom. Men sann Kristendom er upraktisk Kristendom, som aldri fær Magt.

Men eg saknar Bror min. Eg hev teki til aa faa Tru til han. Og der er Frelse i aa tru paa eit Menneskje.

For trur ein paa eit Menneskje, so trur ein paa noko som er meir enn Menneskje. Eg tek til aa tru, at her er noko aa tru paa. Noko godt; noko sant; noko som ikkje er Reklame. Det gode fær han meg til aa tru paa. Ikkje med Ord, men med seg sjølv. Og Trui paa det gode frelser. «Trur du paa det gode, so trur du paa Gud,» segjer Sant Paal.

For er her noko som er godt, noko som gjev seg sjølv og ikkje søkjer Løn, so er me ovanum Naturen. Her er eit nytt Rike. Ei høgare Lov. Og daa er ikkje Verdi det tome gamle Hus lenger, der Ølur og Ormar slæst, og Rotte og Røyskatt strugglar for Live.

Bror min maa koma att. Di meir eg veiknar, di meir treng eg han.