H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 83-87).
◄  XXXV
XXXVII  ►

«Daararne spør, kvifor dei er til, og Dagtjuvarne vil vita Meiningi med Live. Men ingen fær Svar utan den som spør rett; og den spør rett som segjer: korleis skal eg faa Meining i mitt Liv.

Daa svarar den gamle Visdomen — for den nye hev her korkje Spursmaal eller Svar: dette er det Arbeid som er Live verdt og løner Møda med aa leva: at du arbeider fram det nye Menneskje i deg.

I Verdi er du ufri. Verdi er Mannheimen som Naturrike. Det verdslege Menneskje er det høgste Dyr. Men liksom Steinheimen til sist ber fram ein Voksterheim, soleis hev det høgste Dyr arbeidt seg upp ein Vilje, som til sist føder ein Aandsheim, eit Fridoms-Rike.

Der er me løyste fraa den blinde Lov. Der sèt Viljen seg sjølv si Lov og vert soleis fri; og finn me vaar sanne Lov, so finn me Live.

Difor segjer Sanningi: den vinn Live som gjer Guds Vilje. me byggjer det gode i oss, naar me gjer det gode ikring oss. Med daglege Sigervinningar yvi Naturen i oss arbeider me fram Aandsmenneskje i oss, det, som hev sitt Liv i seg sjølv, og dermed den Voni som ikkje ræddast Dauden.»

Segjer Bror min. Eg svarar:

«Ingen tvilar um Meining i sitt Liv, so lengi han gjer Nytte for seg. Er det Gagn i meg, er eg til Hjelp, gjer eg Arbeid som trengst, og gjer det godt, so veit eg at eg ikkje lever faafengt.

Men fullt tykjest me ikkje ha gjort Rett for Live vaart, utan me fær gjort noko som varer. Me byggjer Kongerike og Pyramidar og Babelstaarn; me finn nye Land, nye Gogner, nye Truer og Tankeformer. Me vil i desse vaare Verk leva til alle Tider; daa fyrst er me fornøgde med Live vaart.

Og kann me kje gjera Storverk, leve me endaa for Framtidi. Daa eg laag der burte og heldt Bank, tenkte eg ikkje berre paa meg sjølv; eg tenkte paa Baani mine og paa Ætti. Ein Rikdom vilde eg grunna, som kunde staa. I den vilde eg leva ned gjenom Tiderne.

Men me veit og ser til Slutt, at ingen Ting varer. Dei største Gjerningar døyr. Difor tenkte den gamle Visdomen ut det um det nye Menneskje. I oss sjølve skulde me vinna noko varande fram. men varer det nye Menneskje meir enn det gamle?

Han her nede, som no gjeng og tuslar i Barndøme att, kva vilde det nytta honom, um han hadde skapt det nye Menneskje i seg? Naar Høgdi vaar er naadd, morknar me ned; og det øvste fyrst. Det nye Menneskje sloknar fyrr det gamle.»

Han svara: «Det gamle Menneskje slokna daa det nye kom til. Vunnen Livsfred vil som ein rein Harmoni tona inn i Alderdomen og i Dauden. Du gjer deg for mange Suter, Bror min.»

Han sat ei Stund og stirde som burtgløymd. Daa saag han paa meg og smilte so rart. «Seint,» sagde han, «vil det spyrjast, at ein Jesu Svein døyr av Alderdom.»

«Kvi daa?» spurde eg.

«Fylgja Meisteren er aa ofra Live.»

Eg saag paa han; og det var som Augo mine vart opna, og eg saag Bror min for fyrste Gong. Tyngre Ting hev den Mannen aa bera enn eg hev tenkt; og der er noko i Augo hans, og um Panna, og i dei sterke faste Drag, som sagde meg, at han hev ofra Live.

Og han vart noko nytt for meg. Noko høgtidsamt. Ein Mann fraa ei større Tid; eit Menneske som lever Live paa Aalvor.