»Dersom hamaren aa vevjarskutelen kunne gaa av seg sjøl, vilde slaverie kunne unveras«, skreiv Aristoteles for over 2000 aar sia.

Dei grunnvilkaar som den gamle vismannen trudde va nok til aa bygge eit idealt samfundsliv paa, er naad. Hamaren, skutelen, rokken, synaala, baaten, vogna o.s.v., gjeng »av seg sjøl«. — Men naar slaverie endaa stend der som karaktermerke for produksjonen, so er det ialfall ikkje deira skuld som hev øydt si kraft aa spilt sin svevn paa aa temje naturens ville magter til lyuge tenara.

Me kan forbanne dampkraft aa maskiner som hev kasta so mange paa gata aa ført manneætta ut paa ei myr av lekamleg nau aa sjæleleg ruin. Men me høgvyrder desse tolmosame, hugsterke velgjerdsfolk, som hev trossa armo aa folkespott for aa naa det som dei trudde skulde verte til velsigning for alle aa til lette for trælane.

Me høgvyrder aa elska dei, som me elska den som læt sit liv for aa berge andre, likemykje anten desse andre vert berga eller ei. Me held av dei for det store aa goe dei vilde gjere, aa ikkje for nytten av det dei hev gjort. Me held av dei aa beundra dei fordi dei hadde eld nok i seg for si sak til aa kunne gløyme si eia velferd.

————————

Denis Papin er fød 1647 i Frankrike. Han studera fyrst lækjekunsten, men slo snart in paa andre ting. Han hadde si største lyst til mekanik.

I 1676 kom han til London aa vart der kjend med Robert Boyle (ein vigiten vitenskapsmann), som let han faa raaerom over laboratorie sit. Her fann han op trygde-ventilen[1]) som hev spara so mange menneskjeliv.

Han kunne ha havt det got i London. Men han ga seg ikkje iro der. Han reiste til Venedig, va der i tvo aar; men so slap pungen op, aa han laut attende til London igjen.

Her fann han daa op ei maskin til aa drive baata med. Til drivkraft bruka han luft. Han pumpa luft or lange jarnrøyrer aa tepte for den aapne enden med ein stempel. Naar han daa løyste paa denne stempelen, dreiv lufta stempelen injenom den lufttome røyra, aa derved fek han fram den krafta som dreiv maskina. Men daa han skulde prøve maskina si, gjore ho arbeie so daarlegt, at han vart motlaus aa ga seg paa vidda.

Seinare vart han lærar i matematik hjaa kurfyrsten av Hessen, aa her ga han seg til aa fundere paa nyt lag, om det ikkje kunne la seg gjere aa nøyte lufttomt rom aa lufttryk til drivkraft. Han prøvde aa faa rome under stempelen lufttomt ved aa brenne der krut istaenfor aa pumpe lufta ut; aa han gjore seg ei krutmaskin til aa skaffe krut med. Men daa han saag alle vanskane som fylgde med dette, va det, at han kom paa den store tanken aa bruke vasdamp til aa faa fram tomrome under stempelen med. Det va sjølve dampmaskina han no va paa veg til aa finne op. Men dei maskiner han gjore seg va so tungvinte aa so utette, at virkninga vart ikkje som han hadde tenkt. Vanmot aa hugløyse tok han, so der gjek mange aar før han freista paa att.

Men so tok han fat paa nyt lag. I 1697 kom der ei bok fraa han der han fortalde om si nye dampmaskin. Han fek maskina in i ein baat som ho dreiv so fort fram at ingen kunne ro so fort. Det galt no berre for han aa kome seg utor Tyskland, so han kunne faa prøve dampbaaten sin paa have. Men kurfyrsten af Hanover forbau han aa reise or lande. Aa daa Papin uløyves sette iveg neetter Fulda, vart han stoppa av eit baatlag, som drog dampbaaten hans paa land, lema han sund, selde alt som seljas kunne, aa bytte pengane millom seg. — Den gamle opfinnaren laut staa der hjelpelaus aa sjaa paa kor desse raae baatfolka lema sundt det han hadde stræva med i so mange aar aa sett al si von til.

Han kom seg daa likevæl seinare til London. Men ingen brydde seg om han. Han vart utruleg gamal aa sleit tia i fatigdom aa harm over at han ikkje meir skulde faa utkome til aa ta arbeie opatt med dampbaaten. »Eg lyt setje maskinene mine i omnskraa-a«, skriv han i eit brev.

Kva han maa ha lee!

Ideen til den opfinning som meir enn andre hev gjort revolusjon i drift aa samfund gjek han svanger med. Si stilling, si framti, si beste kraft aa al sin hug hadde han ofra denne tanken, som va al hans von aa draum. Men fatig som han va, maatte han brenne inne med tanken, — lik den kvinna som kjenner livsfrugta i seg slokne.

Ingen minnestein hev han faat paa si grav; ingen veit kvar grava hans er. Aa ingen veit naar han døe.

  1. Eit lite lok eller som ein tapp paa dampkjelen som lettar seg naar dampen (gova) trykkjer for hart paa, so der strøymer damp ut. Var ikkje dette, vilde kjelane sprengas naar damptrykke vart for sterkt.