Der det er kjærleik, der er Gud

Martin Avdéjitsch var skomakar. Han hadde leigt seg eit lite kjellarrom med eit par smaa vindaugo ut til gata. Gjenom glaset kunne han sjaa folk gaa att og fram, og endaa kjellaren laag so djupt ned i jordi, at ein berre saag føterne paa dei som gjekk framum, so kjende Martin dei likevæl paa styvlarne. Han hadde budt lenge paa same staden, og det var ikkje mange styvlpar han ikkje hadde lote bøtt minst eit par gonger. Sume hadde han halvsola, og sett støytar paa andre, og sidan totte han reint hugnad i aa fylgja meisterverki sine ute paa gata.

Han var rett ein dugande skomakar, gamle Martin. Han gjorde arbeidet sitt traust og godt; aldri kravde han meir for det en det tilkom han; og hadde han lovt eit par styvlar ferdig til daa og daa, so turvte ein ikkje ottast for at ein vart narra. Difyr var Martin godt likt av alle og hadde altid fullt upp aa gjera.

Martin hadde vore ein bra kar all si tid, men det var fyrst no daa han hadde vorte gamal at han tok til aa tenkja noko meir paa sjæli.

Kona hans var død for mange aar sidan, og han sat att med ein liten triaarsgamal gut; denne tok seg gildt upp, og Martin var useiande glad i guten.

Men helder ikkje sonen sin fekk han ha lenge hjaa seg; daa han hadde vorte saa stor, at han kunne vera faren noko til hjelp, vart han sjuk, og døydde ei vikes tid etter. Dette gjekk hardt inn paa Martin. Han kjende seg so reint aaleine og usæl og berre ynskte han maatte faa døy. Tenkte han paa Gud, var det med harm, for alt det han lét han gaa igjenom; og han slutta reint aa gaa i kyrkje.

Men ein dag kom det ein kjenning fraa landet til Martin, ein gamal mann liksom han sjølv, og som no i aatte aar hadde tent Gud med bøn og faste. Dei hadde kje tala lenge saman fyrr Martin tok til aa klaga si naud.

«Eg er so leid av livet,» sa han; «berre eg kunne faa døy. Eg bed ikkje Gud um anna. Eg hev ikkje noko aa liva for her i verdi.»

«Du hev urett i det,» tok venen til ords, «det er ikkje vaar sak aa døma um kva Storemannen hev tenkt med oss. Det gjeld ikkje um kva me meiner, men kva Gud vil. Gud vilde, at sonen din skulde døy, og du liva; altso er det best som det er. Naar du er so fraa deg, so kjem det av at du berre vil liva for aa ha glede av livet.»

«Ja, kva skulde ein elles liva for?» spurde Martin.

«For aa gjera Gud tillags,» svara den gamle. «Gud hev gjeve deg livet, og daa er det han du skal liva for. Tek du fyrst til aa liva for honom so vil du ingi sut gjera deg meir, og du skal sjaa kor all ting vil falle deg lett.»

Martin tagde litt. So sa han:

«Men kor skal ein bera seg aat med aa liva for Gud?»

Gamlingen svara:

«Korleis ein skal liva for Gud? Det hev Kristus synt oss. Du kan daa vel lesa? Kjøp det nye testamente og les det. Der vil du faa vita korleis ein skal liva for Gud. Det stend der alt saman.»

Martin tok seg aalvorlege tankar av dette, og same dagen gjekk han av og kjøpte eit nytestamente med stor stil, so han kunne ta paa aa lesa med det same. Han hadde fyrst tenkt at han berre vilde lesa i det um sundagarne; men daa han fyrst hadde teke til, vart han so glad i lesnaden at det ikkje gjekk ein dag minder han las i det.

Stundom kom han so inn i lesnaden, at han ikkje var god til aa riva seg laus fraa boki endaa lampen vilde slokna. Kvar kveld las han; og di meir han las, di betre forstod han kva Gud kravde av han, og kor ein skulde bera seg aat med aa liva for Gud. Det var som det var dotte ein stein fraa hjarta hans. Fyrr naar han gjekk tilsengs laag han jamt og stunde og var ikkje god til aa faa sonen ut av tankarne. No laag han stilt og tok upp att for seg sjølv: «Gud han æveleg ha takk! Skje din vilje!»

Fraa den tid av var Martin som umsnudd. Fyrr hadde han som andre brukt aa gaa paa vertshuset um sundagarne og drikka te elder brennevin etter som høve kunne. Iser var han glad naar han raaka saman med ein kjenning som han kunne sitja og drikka saman med. Og um han ikkje nett drakk seg full, so vart han daa jamt paa ein liten lette so han ofte snakka over seg. Og henda kunne det at han stansa paa gata og tala til eit framandt menneskje.

No hadde han slutta med dette, og det var kome ein logn, glad ro over han.

Um morgonen sette han seg til arbeids, og naar dagsverket var slutt tok han lampen, sette han paa bordet, fekk boki fram, og gav seg til aa lesa. Di meir han las di betre forstod han det, og med kvar dag kjende han seg meir og meir lett um hjarta. Ein kveld daa Martin hadde grave seg uvanleg djupt ned i lesnaden kom han til det sette kapitlet av St. Lukas evangelium til desse versi:

«Naar ein slær deg paa den eine kinn, so bjod og den andre fram. Og naar ein tek kappa di, forhald honom ikkje kjolen helder. Men gjev kvar den som bed deg. Og tek ein det som ditt er so krev det ikkje att. Og som de vilja at menneskjo skulo gjera mot dykker, so skulo de og gjera mot deim.»

Han las vidare og kom til den staden der Herren seier:

«Men kvi kallar de meg Herre, Herre! og gjera ikkje det som eg segjer. Eg skal syna dykk kven den er lik, som kjem til meg og høyrer mine ord og gjerer etter deim. Han er lik ei menneskja som bygde hus og grov djupt i tufti og lagde grunnsteinen paa berget. Men daa vatsflaumen kom, slo elvi inn paa dette huset og vann ikkje rikka det; for det var grunnfest paa berget. Men den som høyrer, og ikkje gjerer, han er lik ei menneskja som bygde hus paa berre jordi utan grunnstein. Og elvi slog inn paa det og det fall strakst, og fallet av det hus var stort.»

Martin gledde seg i sitt hjarta daa han las desse ordi. Han tok brillorne av og la dei paa boki, studde hovudet i handi og fall i tankar. Han spurde seg sjølv um det livet han no livde, høvde med det han her hadde lese. «Hev eg no bygt huset mit paa berg, elder paa sand,» tenkte han. «Godt um det var paa eit berg. Ein kjenner seg so glad i hug naar ein sit so aaleine; og ein synest ein hev gjort alt som Gud krev. Men berre ein kjem ein sviptur ut millom folk og spreider tankarne, gjer ein strakst noko som ikkje er rett. Eg skal no likevæl sjaa aa gjera mitt beste; det er so vist umaken verdt. Berre no Gud vilde hjelpa meg.»

Med desse tankar vilde han gaa tilsengs; men det var ilt aa riva seg laus fraa boki, og han las ein bolk til. Han las um hovudsmannen, um son til enkja, kva Jesus sa til disiplarne aat Johannes, og kom til den staden der den rike farisæaren baud Jesus til seg. Daa han so hadde lese um kor syndarinna salva Jesu føter og vætte dei med taaror, og um kor han orsaka henne, kom Martin endeleg til 44de vers, der det stend:

«Og han vende seg til kvinna, og sa til Simon: Ser du denne kvinna. Eg kom i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føterne mine; men denne her vætte føterne mine med taaror, og turka deim med sitt hovudhaar. Du gav meg ingen kyss; men ho heve alt fraa ho kom inn uavlateleg kysst føterne mine. Du smurde ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føterne mine med salve.»

Daa han hadde lese desse versi, tok han uppatt for seg sjølv: «Han gav korkje vatn til føterne elder kyss daa han kom, og smurde ikkje hovudet med olje.» Og han tok brillorne av og la dei paa boki, og fall paa nytt lag i tankar over det han hadde lese.

«Etter kva eg ser,» tenkte han ved seg sjølv, «var farisæaren plent som ein av mine likar. Fyrr hev eg helder ikkje tenkt paa anna en paa meg sjølv, vil eg tru; berre eg kunne gjera meg til gode med ein kopp te, sitja fjelgt og godt inne, so kunne det vera det same med gjesten. Eg kunne nok hugsa meg sjølv, vil eg tru; men gjesten brydde eg meg lite um. Og kven er so gjesten? Herren sjølv. Tru eg vilde ha bore meg aat paa same maaten um han hadde kome til meg?» spurde Martin seg sjølv. Han studde hovudet i baae hender, og fyrr han visste av det, tok han so smaatt til aa dubba.

«Martin!» lyddest det, plent som einkvar hadde kviskra inn i øyra paa han.

Han fór upp:

«Kven der?» ropte han, og saag mot døri. Men det var ingen. Han tok til aa dubba att, daa han tydeleg høyrde kor det ropte:

«Martin! Martin! Sjaa ut paa gata imorgo. Eg kjem ...»

Martin vakna, reiste seg, og gav seg til aa gnika augo. Han visste kje kva han skulde tru. Var det ein draum han hadde havt, elder var det nokon som hadde ropt. Han stod litt. So sløkte han lampen og gjekk tilsengs.

Næste morgon fyrr det var dag, var Martin alt uppe. Han heldt si morgobøn og kveikte i omnen. Daa omnen var god og varm sette han tvo skaaler med kaal og graut innpaa og kveikte so paa temaskina.

So tok han fangskinnet, sette seg ved glaset, og til aa arbeida.

Med’ han sat arbeidde tenkte han stødt paa det som hadde hendt um kvelden. Snart trur han, at han berre hev drøymt, snart at det var verkelegt mannsmaal han høyrde.

«Det hev hendt slikt fyrr,» tenkte han. Med’ han sat soleis ved glaset hadde han det just ikkje so anvint med arbeidet som med aa sjaa ut paa gata. Og kvar gong han vart vâr eit par framande styvlar, strekte han halsen heilt upp i glaset, so han kunne sjaa kven det var.

Fyrst kom gardsdrengen i eit par nye filtstyvlar, og so mannen som kjøyrde vatn til huset. Seinare kom ein gamal avdanka soldat fraa keisar Nikolai sine dagar med ei skufl i handi. Martin kjende han paa styvlarne som han sjølv havde sett hælkappar i. Stepànitsch som dei kalla den gamle soldaten budde paa sælebot hjaa kjøpmannen like ved og gjekk gardsguten tilhande. Han skulde nett til aa skufla burt snøen ut for glaset aat Martin.

Martin sat og saag paa han ei stund og tok so til att med arbeidet.

«Eg tek nok til aa verta tuslutt paa mine gamle dagar,» sa han og smaalog. «Stepànitsch gjeng og skuflar snø ut paa gata, og eg trur at det er Jesus som kjem til meg. Eg er daa rett ein gamal tusseladd.»

Han tok no til aa arbeida. Men det varde kje lenge fyrr han laut glytta ut gjenom glaset att.

Stepànitsch hadde sett fraa seg skufli, og stod kvilde seg litt. Gamal og skral som han var, hadde han ikkje eingong magt til aa skufla snø. Martin sat og saag paa han, og tenkte med seg sjølv: «Ein kunne gje han litegran varmt aa drikka kanskje.»

Dermed la han sylen fraa seg, fekk temaskina upp paa bordet og banka paa ruta med fingeren. Stepànitsch snudde seg og kom burt til glaset. Martin vinka til han og gjekk stad lét upp døri. «Kom ned og varm deg lite,» sa han; «du er nok frosen, vil eg tru.» «Gud løne deg,» sa Stepànitsch. «Ein vert gamal, og det verkjer i beini paa ein ute i kulda.»

Stepànitsch trampar snøen av seg ute i gongi og stig inn i stova. Det var knapt føterne vilde bera han; men han turka væl av seg so han ikkje skulde subba ut over golvet. «Bry deg aldri um det,» sa Martin, «eg skal nok turka upp; me hev det ikkje so fint her. Kom du og set deg ned og faa deg litt te.»

Martin skjenkte i tvo koppar, gav gjesten den eine og slog sitt ned i skaali. Teen var varm, og han bles paa med’ han drakk. Daa Stepànitsch hadde drukke sin te, sette han koppen fraa seg med botnen i veret, og la resten av sukkeret uppaa. Han takka for skjenken, men det var lett aa sjaa at han hadde hug paa meir. «Drikk ein drope til,» sa Martin og skjenkte koppen full ein gong til.

Martin sit og godgjer seg med sin te, men maa jamt glytta ut paa gata. «Ventar du nokon?» spør gjesten. «Um eg ventar nokon? Ja, eg skjemmest ved aa seia kven eg ventar. Igrunnen ventar eg ingen; men det er eit ord eg ikkje kan faa ut av tankarne. Um det var eit syn eg hadde, elder kva det var, det veit eg ikkje sjølv. Ser du, eg sat iaftes og las i testamentet um Vaarherre Jesus Kristus og um kor han leid daa han vandra her paa jordi. Du hev høyrt det, kan eg tru?»

«Ja, eg hev nok høyrt det,» svara Stepànitsch, «men eg og mine likar hev ikkje lært aa lesa.»

«Ja, det var altso det eg sat og las um, korleis Jesus vandra her paa jordi, og kor han kom til farisæaren, og kor den rike farisæaren ikkje skyna aa ta imot han paa rette maaten. Ser du, det var just det eg sat og tenkte paa igaarkveld kor det kunne gaa til at dei ikkje viste Vaarherre og Frelsar den æra dei skulde. Hadde det hendt meg elder ein annan, so meiner eg ein hadde kje visst alt det gode ein vilde gjera. Men han tok ikkje eingong imot han paa den rette maaten. Ser du, med eg sat og grona paa dette kom svevnen over meg, og som eg sit der og blundar so høyrer eg einkvan ropa paa meg. Eg reiser meg upp og det var plent som einkvan hadde kviskra til meg: imorgo kjem eg. Dette tok seg upp att eingong til. Vil du no tru meg, eg kan slett ikkje faa det ut av mine tankar. So dumt det er, sit eg daa her og ventar at Vaarherre skal koma.

Stepànitsch riste paa hovudet, men sa kje noko, tømde koppen sin og la han aa side i fatet. Men Martin reiste koppen upp att og fyllte han ein gong til. «Drikk du berre, det er deg væl unt,» sa han.

«So tenkjer eg so ofte paa korleis Vaarherre og frelsar den gongen han vandra her paa jordi ikkje helt seg for god til aa ha umgang med kven som helst. Han tok seg tilmed mest av simple folk, og flestalle av disiplarne valde han millom folk av vaart stand, millom arbeidsfolket — syndarar som du og eg. «Den som set seg sjølv høgt han skal setjast laagt, og den som set seg sjølv laagt, han skal setjast høgt. De kallar meg herre, seier han, men eg tvaar føterne daare. Den som vil vera den fyrste, seier han, skal verta den siste. Sæl er dei fatike, dei taalmodige, dei fredsæle, dei barmhjartige.»

Stepanitsch hadde reint gløymt teen sin. Gamal som han var, og mjuk um hjarta, trilla taarorne der han sat og høyrde paa Martin.

«Drikk litt til,» sa Martin til han. Stepànitsch korsa seg andegtigt, men skuva koppen fraa seg, reiste seg og sa:

«Du skal rett ha takk, Martin Avdéjitsch for god traktering. Du hev metta meg baade paa sjæl og kropp.»

«Sjølv takk. Sjaa innum ein annan gong. Du skal vera vælkomen,» sa Martin.

Stepànitsch gjekk. Martin skjenkte upp i koppen sin det som att var av teen, drakk det, sette testellet tilside, og tok til aa arbeida att. Men det gjekk likeeins no, So gjer han ein styng, so glytter han ut paa gata og ventar stødt paa at Jesus skal koma. Han tenkjer ikkje paa anna. Jesu liv og ord gjeng stødt i hovudet paa han.

Fyrst kom det tvo soldatar framum. So verten fraa grannehuset og ein balbersvein med ei korg. So kom der ei fatig kjering og studde seg upp til muren like ved glaset. Ho gjekk i bomullssokkar og fillute sko. Martin saag det paa dei at dei var fraa ein landsbyskomakar. Han la seg heilt upp til ruta, for aa skoda betre paa kona. Det var ei han ikkje hadde set fyrr. Ho var reint armodsleg klædd og bar eit lite baan paa armen. Ho stod med ryggen mot snoi og gjorde sitt beste med aa liva baanet mot vinden, men hadde so lite aa tulla det inn i. Klædi ho gjekk i var ikkje til vintersbruk, tunne og elege som dei var. Martin høyrde gjenom ruta kor baanet skreik, og kor kona hyssa paa det; men ho var ikkje god til aa faa det i ro.

Han reiste seg og gjekk upp troppi.

«Du kone der! høyr hit, du kone!» ropte han til ho. Kona høyrde det og snudde seg. «Kva stend du der etter i kulda med baanet. Kom helder her ned i stova. Du hev daa betre av aa vera der det er varmt med det, veit eg. Denne vegen.»

Kona vart forbina. Der stod ein gamal mann med fangskinn og brillor og bad henne inn til seg. Ho fylgde med. Daa dei var komne ned troppi og inn i stova sa Martin:

«Sett deg her paa sengi, att med omnen. Her kan du varma deg og gjeva baanet bryst.»

«Det er ingi mjølk i brysti. Eg hev ikkje smakt mat i heile dag,» sa kona, men prøvde daa aa leggja det vesle inntil.

Martin riste paa hovudet, gjekk burt til skaapet og tok fram ei skaal som han sette paa bordet, saag so etter i omnen kor det var med maten. Jau, supa var ferdig; men grauten var ikkje kokt endaa. So tok han og slog skaali full av supa og sette paa bordet saman med noko braud som han fann i skaapet. Tilslutt tok han ein handduk som hang paa veggen, la han paa bordet og sa:

«Sett deg no burt og ét, kone, so skal eg passa baanet. Eg hev havt baan sjølv so eg kan nok vera baanegjente, skal du sjaa.»

Kona sette seg tilbords, signa maten, og tok til aa eta, med’ Martin sette seg paa sengi med veslebaanet. Han prøvde fyrst aa gjera alleslags kunstar med munnen for det, men han fekk det ikkje rett til, di han ikkje hadde tenner. So fann han paa aa narra det vesle med fingeren. Fyrst snurra han fingeren rundt, lyfte han derpaa i veret, stakk han ned til munnen paa det, og drog han attende. Dette tok han upp att til baanet fekk auga paa fingen og vilde ha han inn i munnen; men det fekk det ikkje lov til, daa fingen var so fæl og svart av bek. Paa denne maaten kom baanet til ro og tok jamvæl til aa læ, so Martin sjølv vart glad tilmode. Medan sat moderi og aat og fortalde kven ho var, og kvar ho kom ifraa. «Mannen min er soldat,» sa ho. «Han vart jaga avstad med regimentet sitt for aatte maanader sidan, og eg hev ikkje høyrt noko meir fraa han heile tidi. Eg var kokkegjente; men daa eg fekk dette vesle, vilde dei ikkje ha meg lenger. Det er tridje maanaden eg gjeng og leitar etter arbeid, men kan ikkje faa noko, og alt eg hadde hev gjenge med. Eg tenkte eg skulde faa plass som sôgemor; men ingen kan bruka meg. Eg er for mager, seier dei. Eg hev no vore hjaa ei kjøpmanskone; der bur bestemor, og dei hadde lova aa ta meg der. Eg tenkte eg kunne faa koma med det same. Men kona sa at eg skulde koma att um ei vike. Og det er so langt ut til dei. Eg hadde nær aldri naadt attende, so trøytt var eg; og det vesle var og so reint forkome. Gud løne vertinna som læt oss bu der paa sælebot. Eg veit elles ikkje kor eg skulde halda livet uppe.»

Martin sukka, og spurde:

«Hev du daa ikkje eit varmt klædeplagg aa ha paa deg?»

«Jau det var vel tarvi til aa klæ seg varmare. Men kva skal eg gjera? Igaar panta eg burt turklædet mitt for tjuge kopek.»

Kona gjekk burt til sengi og tok baanet paa armen. Martin gav seg til aa rota millom klædi sine paa veggen, og fann fram ei gamal ulltrøye som han gav kona.

«Tak denne,» sa han; «ho er vel ikkje stort tess; men ho er betre en inkje til aa tulla um baanet.»

Kona saag paa trøya, paa den gamle mannen, tok so mot trøya og sette i aa graate. Martin snudde seg og la seg paa kne ved sengi og drog fram ei gamal kasse som han rota litt i. So sette han seg burt til kona. «Gud velsigne deg, gamle bestefar,» sa ho. «Det er Vaarherre sjølv som hev sent meg hit til glaset ditt; heldest hadde baanet frose ihel for meg. Det var mildt i veret daa eg gjekk ut i dagtidleg, og so skulde denne kulden koma. Eg maa takke Gud for at du nett skulde sjaa utgjenom glaset med’ eg stod der, og for at du tok deg av meg arme stakkaren.»

Martin smilte. «Du kan so seia,» sa han. «Det er ikkje for ingenting at eg sit og ser utgjenom glaset» So fortalde han kona um draumen sin, og kor han hadde høyrt eit maal som sa at Vaarherre og frelsar idag vilde koma og vitja han.

«Det kan misann godt vera,» sa kona, som no hadde reist seg og stod tulla det vesle baanet inn i trøya med’ ho paa nytt lag gav seg til aa takka og vælsigna Martin for hjelpi. «Tak dette i Jesu namn,» sa Martin, og gav henne ein tjugekopek. «Det er til aa løysa att plagget ditt med.»

Kona tok pengarne og gjorde krossteikn for seg. Martin krossa seg, han med, og fylgde so kona ut.

Daa han var komen inn att og hadde fenge ete litegrand kaalsupe, sette han seg til arbeids burte ved glaset. Men stødt gløste han ut, og kvar gong det myrkna for ruta, glytte han upp for aa sjaa kven det var.

Millom dei som gjekk frammed, saag han baade kjende og ukjende anlit, men ingen som det var noko særs ved.

Best det var, fekk han auga paa ei gamal torgkjering som gav seg til aa staa like utfor glaset hans. Ho hadde ein spønesekk paa ryggen og under armen eit trôg med nokre eple i som ho ikkje hadde fenge seldt. Spønerne hadde ho vel sanka ihop paa ei tuft einkvarstad, og no paa heimvegen hadde ho vorte trøytt i den eine herdi, og skulde skifta sekken over paa hi. Ho sette trôget fraa seg paa ein liten stabbe som stod der, og slapp sekken ned paa gata. Fyrr ho tok sekken paa seg att vilde ho fyrst rista spønerne betre saman; men med’ ho heldt paa med dette kom der ein liten gut og kneip eit eple or trôget. Skjelmen skulde nett til aa smetta seg burt daa den gamle kona som godt hadde set han braasnudde seg og treiv han i ermi. Guten prøvde aa koma seg laus, men kona heldt han fast, slog huva av han og tok han i luggen. Guten skreik og kona skjende.

Martin slengde sylen og skunda seg so med aa koma utgjenom døri og upp troppi, at han snaava og miste brillorne. Daa han kom ut paa gata stod kona endaa og drog guten i haaret, brukte munn og svor paa at ho vilde gi han til politiet. Guten sleit og bar seg for aa koma laus, og skreik: «Eg hev ikkje teke noko; kvi slær du meg! Lat meg vera!»

Martin la seg no imillom, tok guten i handi, og sa: «No, bestemor, slepp han no; tilgiv han i Jesu namn.»

«Tilgi han?» sa ho; «jau eg skal tilgi han! Han skal faa paa rette enden slik at han ikkje gløymer det so snart. Din vesle fantetjuv, kom no med meg paa politikammerset!»

«Slepp han, bestemor,» heldt Martin ved. «Han vil aldri gjera det meir. Slepp han i Jesu namn.»

Den gamle kona slepte guten som vilde renna sin veg sosnart ho slepte taket. Men no var det Martin som heldt paa han.

«Bed fyrst bestemor um tilgiving,» sa han, «og gjer ikkje slikt ein annan gong. Eg saag godt kor du tok eplet.»

Guten gav seg til aa graata, og bad um tilgiving. «Det var rett. Sjaa no kan du faa eit eple,» sa Martin og tok eit eple og gav han. «Eg skal nok betala det,» sa han til den gamle kona.

«Det er aa skjemma ut slike skjelmar, so som du ber deg aat,» meinte ho. «Han skulde helder ha ris so han kjende det ei heil vike.»

«No, no, gamle bestemor,» sa Martin. «Sò tenkjer menneskja; men Gud tenkjer anleis. Skulde guten ha ris for det eplet, kva skulde so me ha for alle synderne vaare?»

Den gamle kona tagde.

Martin fortalde henne no liknelsen um herremannen som ettergav tenaren all hans skuld, medan tenaren gjekk av og mest vilde kverka ein av sine skuldmenner. Kona stod og høyrde paa; guten slikslag.

«Gud vil at me skal tilgi,» sa Martin tilsist, «og gjer me ikkje det, so vil han helder ikkje tilgi oss.»

Den gamle kona riste paa hovudet, og sukka. «Det er nok altfor sant,» sa ho. «Men desse fantegutarne hev vorte so uvyrdne at det er ei gru».

«So maa me gamle sjaa aa visa dei paa rett veg,» svara Martin.

«Det same seier eg,» meinte kona. «Eg hev havt sju baan. No hev eg berre ei dotter att.»

So fortalde ho kvar ho og dotteri budde, og kor mange baanebaan ho hadde. Derpaa sa ho: «Det er smaatt med krefterne no. Men eg heng i so godt eg kan. Ein gjer seg so vondt av smaatyet. Det er slike gilde baanebaan eg hev. Ingen kan vera meir kjærlege og gode imot meg en dei. Den vesle Aksjutka heng no stødt etter meg: Bestemor, besta mi! seier ho.»

Den gamle kona hadde no vorte heilt mjuk um hjarta. «Nei vist var det ikkje anna en baanestrek,» sa ho, og saag paa guten; «Vaarherre vere med han!»

Ho skulde til aa ta spønesekken paa nakken, daa guten sprang til og sa: «Lat meg faa bera sekken, bestemor. Eg skal same vegen».

Ho saag paa guten og riste paa hovudet, men hjelpte han sekken paa ryggen. So fylgdest dei aat burtetter gata, og kona gløymde reint at ho skulde ha pengar av Martin for eplet.

Han stod ei stund og saag etter dei, og lydde paa kor dei rødde saman. Ved husnovi svinga dei inn i ei onnor gate.

Martin gjekk ned i kjellaren og sette seg til aa arbeida att. Brillorne hadde han funne att paa troppi, og dei var like heile; men han kunne kje rett sjaa med dei, korso. I det same kom lyktekveikjaren med stigen sin og kveikte i gaslykti utanfyre.

«Det er nok paa tide aa tendra ljos,» tenkte han, og gjorde lampen istand, hengde han paa kroken og gav seg so til aa arbeida. Daa skoen var ferdig, og fraaseggjord paa beste maate, rydde han upp, sette lampen paa bordet, fann testamentet fram og gav seg til aa lesa. Han vilde opna boki paa same staden som han var komen til kvelden fyreaat. Han hadde lagt ein skinnfetling millom bladi; men boki gjekk upp paa ein annan stad korso. I det same han opna testamentet kom han ihug draumen sin og totte at det var noko som gjekk attanum han.

Han snudde seg, og saag at det stod eit menneskje i kraai burtved døri, men vart ikkje klok paa kven det var.

Daa høyrde han at det kviskra: «Martin! Martin! Kjenner du meg ikkje att?»

«Kven skulde eg kjenne att?« spurde Martin. «Meg,» svara det. «Det er eg.» I det same steig Stepànitsch ut av den myrke kraai med ein smil um munnen, løyste seg upp som ei sky, og kvorv burt.

«Og det er eg,» sa eit anna maal. Her kom kona med baanet ut av kraai. Kona smilte, og baanet log, og burte var dei.

«Og det er eg,» sa eit tridje maal. Det var kona med spønesekken og guten med eplet. Baae smilte, og kvorv burt liksom dei andre.

Martin vart so inderleg glad tilmode. Han krossa seg, sette brillorne paa seg, og til aa lesa i testamentet paa den staden der boki hadde opna seg. Øvst uppe paa sida las han: «For eg var svolten, og de gav meg mat. Eg var tyrst, og de gav meg drikke. Eg var framand, og de tok meg til dykk.»

Lenger nede las han: «Kva de hev gjort mot ein av desse mine minste smaa, hev de og gjort mot meg.» (St. M. evang. 25 kap. 35—40.)

Og Martin skyna at draumen ikkje hadde narra han; at frelsaren hadde vore der den dagen, og at han i røyndi hadde teke honom inn til seg.