Ei naki grein med blodraud bær
Ei naki grein med blodraud bær av Forfatter:Olav Aukrust
- Ei naki grein med blodraud bær
- og ei som bladrik blømer,
- på kvar sin måte fagre er
- for den som kjærleg dømer.
- Den eine gjev sin ange, ho,
- der ljuv ho ligg og blømer.
- Den andre gjev sitt hjarteblod
- når lauv for haustvind rømer.
- Den eine skin og strålar, ho,
- den andre brenn og mognar
- og gjev til sist sitt hjarteblod;
- der tung av bær ho bognar.
*
- Eg gav deg den med blomar på.
- Eg gjev deg den med bæri.
- Kven rikast er vil du få sjå
- litt lenger fram på ferdi.