Ein ungdom spør
Ein ungdom spør av Halvor Myrvoll |
Kva skal eg tru om styr og stell
og mykje som rettferd skal vera?
Mitt samvit gjer opprør og domedag held
over plikter eg ikkje kan gjera.
Du må ikkje drepa og rana din bror,
det lærde eg fyrst som det rette.
Eg spør om det fins nokon galskap så stor,
når eg sidan skal lære nett dette.
Snart to tusen år har det lydt nokre ord,
som er preika til jol gjennom tida.
Det klinger så fagert om fred over jord,
men vert falske i all denne strida.
Eg ser det som einaste vegen til fred,
nekt alt som med krig har å gjera.
Og vonar det ein gong vert mange nok med,
til å få denne skam ut av verda.
Denne teksten er lisensiert under lisensen Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0.
Du står fritt:
Under de følgende betingelsene:
|