Åpne hovedmenyen

Fraa Byen det berer.
Eg lyfter paa Hatt.
Gud veit no den Dagen,
naar dit eg kjem att’.

Farvel Hovudſtaden:
i deg var det beſt:
der fann eg dei Beſte,
der lærde eg meſt.

Lat ſjaa, du ſom altid
paa Folk helder Styr!
for Du er den Karlen,
ſom temja kann Dyr.

Men ufriſk i Varmen
eg altid deg fann.
Du er likſom Tanken,
du elder din Mann.


Og derfor til Fjølls
vil eg draga ſom Døl,
og Kjenningar finna
og gløyma meg ſjølv.


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.