Fulton er fød 1756 av irske foreldre som hadde vandra ut til Amerika. 3 aar gamal miste han far sin. Han lærde tileg lese aa skrive. Før han va halvaksen vart han send til Filadelfia aa sett i lære hjaa ein gullsme. Han hadde eit makelaust lag til aa maale bilæte, aa kom so langt i den kunsten, at han kunne livnære seg av det alt i 17-aarsaldren. Denne ungguten som skulde skape dampbaatfarta drog no uti verda som maalar, gjek fraa vertshus til vertshus med fargekasse aa pensla paa ryggen aa gjore landskapsbilæte aa potræt aat kven som ynskte. Seinare busette han seg i Filadelfia aa tente so mange penge med penselen sin, at han kunne kjøpe ein gar i Washington, der mor hans fek seg ein heim.

Men eit slumpehøve kan ofte vende ein manns veg. Ein rik amerikanar fek gohug for den unge maalaren aa ga han reisepenge til London. Der skulde han leite op ein go kjenning som rikmannen hadde der, ein Benjamin West, aa denne skulde daa hjelpe den gaaverike guten med raad aa daad.

Fulton reiste. Aa Benjamin West tok væl imot han. Men so kasta guten penselen aa ga seg til aa studere mekanik. I 2 aar dreiv han paa med aa tekne maskiner i ei fabrik i Birmingham, vende so attende til London, aa der trefte han ein landsmann, Rumsey, som dreiv aa bala med dampbaatfart.

Fulton hadde nok raaka ret, daa han slo seg paa mekaniken. Det va tusen ting han hadde i hovue sit. — Ein ny maate aa gjere kanala paa, ein plog til aa grave kanala med, eit sagverk, ei greie til aa slipe marmor med aa meir slikt tenkte han ut. Men han hadde kje lukka med seg til aa faa noko av dette igang i England.

Aa so reiste han til Paris i 1796. Her kom han til aa tenkje mykje paa heimlande sit. Handelen i dei sambundne statane hadde le-e mykje under al den krigsrummel som i mange aar hadde herja Europa. Aa England med si store sjømagt hadde overtake over heile verda, aa det saug alle land ut med sit einevelde aa sin handel. — Fulton fek lyst til aa hjelpe Amerika ut or denne klemma. Han va opalen som kvækar, hadde soge i seg av den mannemilde aandestraumen som Franklin aa andre store menn paa den ti va opglødde av. Han vilde gagne manneætta, aa han viste kje noko større aa gjere, enn aa tyne det engelske handelsvelde aa sikre nasjonane fridom paa have. Med sine opfinninga tenkte han aa slaa eit heilt folk aaleine. Han fann op tvo forferdelege maskiner som han tenkte aa tukte al verda med. Det va undervasbaaten aa torpedoen. Aa baae desse vaapena vilde han la Frankrike faa, so det kunne knuse den engelske sjømagta. Han gløymde, at der va ein Napoleon som og vilde tukte verda, ikkje med maskiner, men med mannemagt.

I 1797 tok han te freiste med torpedoane sine paa Sein-elva atved Paris. Han fyllte kasser med krut som skulde kunne sendas hit aa dit aa ta eld naar det høvde, aa sprenge skip i lufta. Men der gjek mange penge til dette, aa han vart snart lens. Han ba den franske styringa om hjelp. Krigsministaren sette ned ei nemnd til aa granske saka. Aa ho fann ut, at det va tull som ein ikkje skulde bry seg om. So gjore Fulton ein gild model til undervasbaaten sin aa gjek aat styringa med. Ho skoa paa denne i 3 aar; men endaa kom der ingen ting utav det. So vart Fulton harm aa reiste til Holland. Men det gjek sameleis der. Daa kom han ihug penselen sin. Han gjore eit stort bilæte, som drog so mange aat seg, at han fek flust med penge. Aa so ga han seg til med nye freistnaer. Han fek litt hjelp av styringa og no. I 1800 hadde han undervasbaaten sin i full stand. Han hadde baaten til Brest aa gjore mange undarlege prøvestykkje. Ein dag dukka han aa va under vatn i 20 menut, va 40 famner djupt aa kom opatt eit langt stykke derifraa. Han dukka igjen aa kom opatt der han fyrst dukka ne. Ein gong va han under vatn i 4 tima aa for over ei mil langt. — Helvetesmaskina si vølte han paa, so ho gjore utruleg virkning. Eit lite skip som laag paa hamna sprengde han i lufta til stor moro for den store folkedungen som sto paa stranda aa glana. Han freista paa aa faa sprenge i lufta eit av dei engelsskipa som kryssa utafor. Men han kom dei kje nær nok, aa det vart fyrstekonsulen svert misnøgd med. — Denne helvetesmaskina hans va ei koparkasse som han fyllte med krut, som tok eld av eit lite børselaas som han hadde i kassa. Han drog laase laust med ei lang snor.

Men den store Napoleon va like mykje vanedyr aa bunden av fordoma som hine naar det galt slikt. Han ga ein go dag i heile opfinnaren. So vart Fulton lei aa vilde reise attende til Amerika. Men ein Livingston, ein kanslar hadde vore, fek han til aa tenkje paa dampbaatfarta, som fyremennene hans hadde stræva so mykje med. Fulton fylgde raada, aa tok tanken op med sin vanlege eldhug. Han gjore ei maskin, som betre kunne nøyte govekrafta. Aa han brukte spjeld paa ein aas som gjek runt, istaenfor aara. I 1803 prøvde han baaten sin paa Seina. Mot straumen gjek baaten 96 meter i menutten.

Men folk hadde anna tenkje paa. Napoleon for som ein brand over Europa aa vann siger paa siger. Den vesle dampbaaten hadde lite paa seg mot det, aa han vart liggjande paa Sein-elva i lang ti. Folk bisna kje paa han eingong. Aa Napoleon kalla Fulton ein upaaliteleg eventyrar som berre tenkte paa aa narre penge av folk.

So reiste Fulton fraa Frankrike til Amerika. 4 aar etter hadde han ein ny dampbaat ferug med ei maskin paa 18 hestemagter aa med jul. Dette va fyrste verkelege eimbaaten.

Daa Fulton steig ombor i baaten som laag i New-York, va ein stor folkemuge samla, aa dei skjelte Fulton ut for alt det vonde dei viste. Men daa baaten sette seg i rørsle, daa va det som hamna sto aaende av gleerop aa hurrarop, so mannen for ei stund gløymde al den motgang aa alle dei vakenæter han hadde havt.

Nokre dage seinare lyste Fulton til i bla-a, at han vikle faa istand fast rute paa Hudson millom New-York aa Alteny; væl 20 mil langt. Men berre 1 mann vaagde seg med den fyrste turen. Det va ein fransmann Andrieux.

»Skal De kje aat New-York med baaten?«  spurde Andrieux.

— »Jau eg vil prøve,« svara Fulton

»Vil De ta meg med?« 

»Ja tek De skaen sjøl so veit De, eg vil det«.

Fransmannen betalte billetten aa steig ombor. 6 dollars kosta det. Fulton vart sitjande aa nidstire paa pengane han helt i handa uta aa mæle eit or, so Andrieux tok te tru, at han hadde høyrt i mist om betalinga.

»Men va det kje det De forlangte?« spurde han.

Fulton vakna liksom or ein draum, aa gløste paa den framande, som saag at ei stor taare rann neover anlite hans.

— »Aarsak, sa Fulton med graatmaal, men eg kom te tenkje paa, at desse 6 dollars er fyrste løna eg hev faat for alt mit stræv med dampfarta. Eg vilde gjerne høgtie denne stunda aa by Dyk eit glas vin, men eg eig ikkje somykje som ein drope vin«. Han flidde den framande handa.

Kva vilde kje pengefolke i vaare dage betale for aa faa ha sine dampbaata aa dampvongner om nokon ha magt til aa ta det burt! — Men Fulton som fullføre den listige tanken aa la den eine naturkrafta vinne paa den andre, — som eit nar laut han snikje seg om beina paa dei megtige aa trygle om hjelp det meste av si ti. —

I februar i 1815 døe han, 50 aar gamal. Kongressen i New-York fornekta kje si menneskjelege natur. Dei syrgde i 30 dage!