Gagnløysa

av Ivar Aasen


Eg vil so gjerne syngja og veit meg ingjen Song;
kvar Stubben, som eg veit, hev eg sungjed.
Paa Fusk og Fille-Visor var sakte ingjen Trong,
av slike Ting da ha’ mid ein Dungje.
Men mangt so lyt ein nytta, naar inkje betre finst,
daa lyt ein ofto taka dan Ting, ein vyrde minst.
Slikt hender baade Kjeisar og Kungje.

Og sume dei digtar um Skog og Mark og Fjell;
so væl veit dei alting te laga.
Men her i Landed er da so mødeleg eit Stell;
d’er lited, som Hugjen kann draga.
Her Sumaren er liten, og Vinteren er lang,
og Kroppen er so frosen og Magjen er so svang.
Da høyrer du no alle Tider klaga.

Og sume dei digtar um Elskugjen mest,
um blomstrande Kinner og Kjakar.
Ja, kunde da no vara, so var da væl best.
D’er snildt te sjaa tvo elskande Makar.
Men Kjærleikjen minkar, og Mødo ho veks;
dan smilande Vækjo vert ei rukkutter Heks.
So dan Ting heve og sine Hakar.

Og sume dei digtar um Friheiti snildt,
at alle Mann er like, dei meinar.
Men endaa er eg rædd, um d’er aldri so gildt,
da skiler seg daa Herrar og Sveinar.
Dan Mann, som heve Magti, fær Friheiti nog,
men fær du liti Magt, fær du liti Friheit og.
Eg kvider mot te segja, kva eg meinar.

So er da noko’ aafaatt med alle desse Ting,
og vistnog er da so med dei fleste.
Ver nøgder med Luten din, um han er no ring,
og tenk deg, at ditt er da beste.
Og naar du drikker Vatned, so tenk, at da er Vin,
og naar du slagtar Kalven, so tenk at d’er eit Svin.
D’er Tankjen, som gjerer det meste.