Åpne hovedmenyen

Galilei

Naar du høyrer klokka paa veggen slaa sit tik-tik, so tenkjer du minst paa at han som fann op pendelen, som jamna aa styrer gangen i klokka, — at han maatte døy i fengsle over 70 aar gamal.

Den vigitne Galilei (les: Galile-i) vart fød i Pisa 1564. I smaagut-aara daa andre pla more seg med leik aa ugagn fann han op maskiner som han sjøl arbeidde ut. Han va flittig som ein maur, levande i sjæl aa sinn, aa rik paa sjøltenkte meininga. Han va lærenem i alt, gla i musik aa tekning, aa mora seg med aa lese vers aa gjere vers. Far hans hadde mange baan, so det va smaat for han. Men han let likevæl sonen sin studere lækjekunst aa filosofi. Men den turre abstrakte filosofien va daarleg aandsføe for den unge tankespræke guten. Han va kje ræd for aa legge mot desse gamle lærdomane, dei nøydde in paa han, aa mang ein gong brann han etter eit høve til aa faa stige fram for aalmenta aa mæle imot.

Eit slikt høve kom.

Galilei va knapt 19 aar daa han ein dag med’ presten sto paa preikestolen i domkyrkja i Pisa ga seg til aa skoe paa ei ljoskrune som for aa sveiva att aa fram. Han la merke til, at kruna trengde akkurat like lang ti med ein sving att aa fram i fyrstninga daa ho va i sterk fart, som seinare daa farta vart mindre. Sistpaa vart det berre sovidt ho lea paa seg — att — aa fram Men svingetia va plent den same. Han ga seg til aa grunde paa dette som mange andre baade før aa sia hev set uta aa agte paa det. Aa han fann ut, at dette va ei naturlov som ein kunne gjere seg til nytte. Det fall han in, at det maatte la seg gjere aa mæle høgda i eit hus med desse pendelsvingningane, aa derved kom han in paa pendel-lovene, som han greidde ut, — til urekneleg nytte for folke som for vitenskapen.

Fraa no av ga han seg heilt til vitenskapen, las gamle matematiske skrifter aa granska naturen omkring seg. Desimillom ga han ut nokre skrifter som gjore han so paa-agta, at han vart professor i matematik i Pisa, endaa han berre va 25 aar gamal. Her ga han seg til aa studere lovene for rørsla, aa kom derved litt om senn in paa dei opdaginga som skulde gjere namne hans udøyelegt aa føre mannen sjøl i eit langdrygt fangenskap.

————————

Astronomien er den eldste av alle vitenskapa. Himmelen med sit stjernehav va nemleg det fyrste som vekte menneskjehugen til gransking. Men dei lærde hadde før det 16de aarhundrae paa lag same meining om himmelrømda som gamle kjeringa i vaar ti hev. Jora va flat aa grunnfest midt i verdensrome, aa runt omkring dansa sol, maane aa stjerner som ljos i ein blaa himling, — ein himling som ustanseleg tynna seg om jora som jul-kragen om aasen sin.

Det va Kopernikus som fyrst fann ut, at dei gamle hadde uret, at jora gjeng runt omkring sola. — Men Kopernikus va ein spak mann, ein kald-kloking som helt sin visdom for seg sjøl Det va nemleg faarlegt aa ha andre meininga enn dei, pavemagta gokjende.

Gralilei derimot va for varmblodig til aa halde inne det, han med si granskelyst fann ut. Aa han va for stortenkt til aa tru at det kunne vere faarlegt aa fortelje ei so enkel sanning som det at jora krinsa om sola.

Men han fek anna vite. Han vart jaga fraa universitete i Pisa; aa laut reise til Venedig. Her vart han so opteken av si gransking, at han mest ikkje sov om natta. Han fann op termometere (gradstokken) innimillom at han studera stjernene. I 1609 fek han istand sin fyrste himmelkikar (teleskope), som dei seinare hev kalla »himmel-mikroskope«. Det som sette han paa far til denne opfmninga va ei segn om hollendaren som ved aa setje fleire brilleglas in i ei smal røyr hadde faat til som ein kikar, so han kunne trekke nær til seg ting som va langt burte.

Himmelkikaren vart Gralilei til den største ret leiing. Saag han paa Maanen, so synte det seg, at maanen va inga eldkule som dei gamle trudde, men ein diger klump med høge fjell aa djupe dala akkurat som jora. — Aa naar han saag paa vintervegen, so synte det, seg, at desse ljose flekkjene va soler som ein timde langt langt burte i verdensrome. — Han fann ut, at Jupiter hev sine fire maana, aa vart var at der er myrke flekkjer paa sola, aa meir slikt.

Men di meir nyt han fann paa himmelen, di fleire avindsmenn fek han paa jora. Kvar ny opdaging va nemleg som kanonskot mot den gamle festninga. Men han va so opteken av si gransking aa so opglødd over alt det han saag, at han ansa kje dei klage maal som kom fraa motparten. — Galilei va ein ærleg aa varm kristen. Med al si himmelgransking kjende han seg sjøl liten aa ussel aa hjelpelaus som kryp paa storveg, aa han va taksam mot den almegtige som styrde alt so makelaust. Naar folk likevæl skulda han baade for eit aa anna, so vyrde han aldri paa det, men dreiv paa med si gransking aa levde slik som han sjøl fann ret aa rimelegt.

Det va ei myrk ti, Baale sto ferugt for kvar den som vaaga bere fram tvil om himmelske ting. Aa dei rekna alt til himmelske ting som det sto nemnt om i bibelen. Eit einaste uvarsamt eller modigt or kunne føre ein mann i dauen. Kjettar va svimerkje slike fek, liksom frilynte folk i vaare dage faar fritenkjarnamne.

Galilei lærde at sola sto still. I bibelen stend det at sola gjeng. Galilei va altso kjettar. — Dermed va det ute med han.

I 1611 reiste han til Rom for aa rydje burt mistanken om kjettarskapen sin. Men det gjek gale — Ein dominikanarmunk tok aat alle, som trudde paa tanken hans Kopernikus, aa ikkje minst tok han aat Galilei. Bøkene hans Kopernikus vart forbydde aa fordømde som striande mot guds or. Aa Galilei gjek dei paa i løyndom, so han vart ræd aa tagde i lang ti.

Men han kom snart til seg sjøl att, daa han vart var 3 nye kometa. Han kom daa matt paa sine gamle meininga. I 1630 skreiv han si namngitne dialog. Her gjer han nar av al vitløysa aa faakunna aa trangsyne, som raadde. — Det va ei bok som vitna om aand aa vit aa stor lærdom. Ein megtig talsmann for fri tenkjing aa fri gransking. — Det va ein siger som vite vann over fienda aat menneskjesamvite, er det sagt.

Paven, Urban VIII, tottes kjenne seg sjøl att i den eine mannen som va skildra. Han vart harm paa Galilei aa sende han til inkvisisjonen. Endaa Galilei no va gamal aa sjukleg, vart han lagd i lenke aa førd til Rom for aa overhøyras. — I 1632 vart dom avsagd. Domen vart lesen høgt i ei stor samling av kardinala aa prælata, aa lydde paa at boka hans skulde forbyas, aa han sjøl kastas i fengsel. Aa paa sine kne laut den gamle Galilei sverje fraa seg alt det han hadde sagt aa skreve.

»Eg, Galileo Galilei, 70 aar gamal, paa kne framfor Dykka eminentser, aa som hev for augo mine helgenane aa dei hellige evangelier som eg leg hendene mine paa, — er mistenkt aa dømd for kjetteri, fordi eg hev sagt aa trut at sola va heimsens midpunkt aa stillestandande, aa at jora ikkje va midpunkt, men at ho gjeng runt. Eg sver fraa meg aa forbanna aa avskyr desse villmeiningane«.

Stakkars Galilei! Det som ha gledt han so mang ein gong aa som han va komen til ved aarlang møsam gransking, det maatte han paa sine kne framfor dumheita som alti sit paa magtens breie stol, sverje fraa seg som lygn aa tufs. Verre tort kunne kje timas han. Det vart for han ein verre martyrdø enn om dei ha slengt han paa baale. — Men for dei som kom etter gjore det ingen ting Arbeie hans va gjort. Han va kje sjøl istand til aa sverje det ut or verda.

I 8 aar sat han fanga, aa lei mykje vondt. Harm aa forsmeding tærde krafta or han. Dei tvo siste aara han levde va han blind. Han fek lov daa til aa sturle omkring i ein hage som han sjøl i sine unge dage hadde stelt til. Aa dottera som va nonne fek leie han aa hjelpe han. Fraa verda utafor høyrde han berre om forfyljing mot fridomens folk. Aa skriftene hans kunne aldri meir kome ut. Det vart liksom nat ikring han paa alle maata, aa sjøl vart han myrk aa tungsindig paa det siste. I sit 78de aar døe han.

Minne døyr aldri.