P. Omtvedts Forlag (s. 42-48).

Morgonen kom og var atter blank. Smaaregnet, som hadde fallet um Notti, hadde friskat baade Gras og Blom og heile Skogen etter den lange Turken. Alt stod blømande og angande. Vinden leikad med Regndroparne, som hekk i langa Rader fraa Grannaalerna og glitrad i Soli. Det var so svalt og friskt, kvart du gjekk, paa Marki, i Skogen, paa Fjellet. Og hadde du vunnet so langt upp som til Bjørnstadsætri, skulde du nog kjenna, du vart lett paa Foten. Lufti var so tunn og rein, at ho liksom vilde hevja deg upp, og Solstraalarne, som glimande lagde seg utyver heile Dalen, berre skjein men brende inkje. Du maatte verta glad i Hugen slik ein Morgon. Og difyre var det visst ogso, Bergit var so tidlegt paa Foten, trallad og song. Men tru, det var difyre, ho sveiv og dreiv ut og inn, og ingi Ro hadde paa seg, fyrr ho hadde teket Farvel med gamle Signe og hoppat som ei Erla ned etter mot Bygdi? Eg veit inkje, men spyr honom Per; han kunde fortelja deg nokot litet, kannhenda. Gamle Signe hadde myket at gjera den Dagen, for ho skulde baade vakta Fenaden og stella paa Gruva og skura Kjerald. Difyre let ho Sæterdøri standa paa vidt Gap og dreiv ut ein og annan Gong og skulde sjaa etter Fenaden. Best som ho stod og kveikte Eld paa Gruva og hengde Kjetelen paa, høyrde ho ein setja nokot fraa seg ute og so starva inn. Det var Klokkar Nils Torgerson. „Goddag, goddag!“ — „Goddag, sjaa aat du fær sitja.“ „Takk, takk!“ og Klokkaren sette seg paa Benken. „Er Klokkaren so tidlegt ute i Dag?“ „Ja, eg skulde no hava meg ein liten Fisketur nord i Vatnet, maa vita, — puh! det er varmt idag“, og Klokkaren turkad seg paa Skallen med Trøya si. „Du er, fulla, tyrst, kann eg vita, eg hever inkje annat at bjoda deg enn søt Mjølk.“ „Takk, som byd“, sagde Klokkaren og saag seg ikring til alle Sidor: „Tru kvar Bergit held til idag, ho maa daa vel koma snart, veit eg.“ So kom Signe inn med Mjølki, og Klokkaren tok imot. „Takk fyre god Mjølk“, sagde han og sette fraa seg paa Bordet. „Aa du maa no drikka utor.“ „Takk, takk, eg lyt bida nokot fyrst. Eg fær vel Lov at sitja eit Bil hjaa deg. Vegen er lang, og Føterne gamle, og det er godt at faa seg ei Kvild imillom.“ Og Klokkaren skaut Pusten og turkad seg. So sat han. Tidi leid og skreid. Klokkaren svallad eit og annat um Vedret og saag seg ikring, rett som det var, um inkje Bergit kom. „Du lyt drygja i det lengste“, tenkte han, og so tok han seg ei Taar Mjølk i det same. Soli kom høgre og høgre, men det kom ingi Bergit. Klokkaren snudde seg paa Krakken. „Kvar i all Verdi kann ho verta av, eg trur, eg fær til at spyrja.“ Men Klokkaren spurde inkje, for i det same høyrde han nokot tusla utanfyre. „Godt var det, du drygde, Nils Torgerson“, log han med sjølve seg og sleikte seg um Munnen. Han reiste seg so blid, som han kunde og rette Hondi fram til at taka imot, men du kann tru, han fekk Hondi tilbaka atter, daa eit Hovud fullt av Onglar og sorkmolar stakk inn gjenom Dyri. „Goddam!“ sagde Engelskmannen, han fekk Auga paa Klokkaren og tok eit Stig att. Klokkaren stod og nidkrøkte seg og braut strakst paa det fine Maalet: „Nils Torgerson. Klokkar, til Tjeneste.“ Engelskmannen vyrde honom inkje, tok Signe i Hondi og slengde seg ned paa ein Krakk; „kann eg sitja hjaa deg ei Stund?“ spurde han. Signe var reint utor det, ho foor og stellte og rudde. „Nei hadde eg no visst, her kom slike fine Kroppar idag, skulde eg no, fulla, hava lagat nokot ihop til dykker; det var daa tregelegt, og ustelt er her og.“ Og ut foor ho etter Mjølk til Engelskmannen. „Kvat Fanden skal han her“, tenkte Klokkaren, „nokot lyt eg segja.“ „Det er varmt Vedr idag med Tilladelse,“ og Nils stod upp og skrapad med eine Foten. Mr. Smith glytte dit, som Ljoden kom fraa: „Oh yes!“ svarad han, so snudde han seg atter. „Er du tyrst?“ sagde Signe, og baud Mjølki fram. Engelskmannen drakk. „Kvar skal slik fin Kar av idag so tidlega?“ spurde ho. „Eg skal fisk litet Aurer — eta her til Kvelds — men skal inkje thisthis Slamp ganga snart,“ kviskrad han og blinkad burt mot Klokkaren. „I do not like him,“[1] „Eg veit inkje, kvat han Nils vil idag, han er so snaal, han skal nog ganga paa Fiske han og, maavita.“ So sat dei no slik ei Rid. Signe stelte med Gruva og Kjerald og sveiv ut og inn. „De maa orsaka meg, men no lyt eg ganga ut paa Vollen til Fenaden“, sagde ho, „sitje de og kvile“, lagde ho til. Og dei sat, og dei saag paa kvarandre. „Eg lyt bida til han er gjengen; Bergit maa no vel snart koma“, tenkte Mr. Smith. „Han kann no vel inkje drygja alt so lenge han, veit eg“, tenkte Nils Torgerson, „eg lyt bida til han er gjengen.“ Og so drygde dei baade tvo. „Nokot lyt eg segja,“ tenkte Klokkaren atter, han upp og nidkrøkja seg: „det er tung og møisommelig Veg herop“, sagde han. „Oh yes!“ svarad Engelskmannen og strekte Føterne sine. Klokkaren sette seg og saup Mjølk. Engelskmannen saup Mjølk. „Eg skal undrast paa, um det inkje er Bergit, han lirkar etter“, tenkte Klokkaren. Dei sat daa enn eit Bil. „Eg lyt jaga honom av paa eikor Vis,“ tenkte han atter. Han upp og nidkrøkja seg. „Det maa være et tungt og traverserligt Arbeide at vera einsleg og saa at sige forladt her oppe paa Fjellet især for gamalt Folk som Signe. Ho Bergit var daa til nokor Hjelp, so kaat ho er; men no er ho burte idag høyrer eg.“ Og Nils Torgerson klo seg att um Øyrat og glytte fult burt aat Mr. Smith. „What do you say — Bergit inkje here?[2] — god dam!“ Og dermed sette Engelskmannen Hatten paa Hovudet og gjekk. Han snudde seg i Døri. „Farewell!“ sagde han og so strauk han burtetter. „Haa — haa — haa!“ sagde Klokkaren, der han stod og saag ut etter honom, „det heve du gjort godt, Nils Torgerson; du er nog den, som fær mest Fiskelukke idag,“ og Klokkaren gjekk upp og ned paa Golvet og gnikad seg i Hondom. So kom Signe inn atter. „No kann eg sagta spyrja“, tenkte Klokkaren. Han drog Klokka si upp or Luma og saag paa henne. „Eg lyt nog letta paa meg snart no,“ sagde han, „du fær hava Takk fyre Mjølki — men — kvar er Bergit idag?“ „Bergit? ho er heima no.“ „Heima?“ sagde Klokkaren og vardt standande og gapa. „Ja heve inkje du høyrt gjetet, at det er Gaman paa Bjørnstad idag. Han Per held paa at trulova seg, segja dei.“ Klokkaren stod som fjettrad. „Takk fyre meg,“ sagde han, treiv Fiskestongi og gjekk burtyver. „God Lukka paa Fisket!“ ropad Signe etter honom.

Det var inkje fritt, det var Gaman paa Bjørnstad idag. Per stod i Stova i sine Kisteplogg, og hjaa Per stod Gudbrand i øvste Garden som Maalsmann. Stova var full, for Arne hadde ropat heile Lyden isaman og hentat sjølv av det beste Ølet sitt fraa Kjellaren; for nokot titet „Traktement“ maatte det no til, naar det skulde gjerast visst fyre Per og Bergit. Arne stod sjølv med Krusi i Hondi og hadde drukket Maagen sin til, og Parfolket stod so skinande, at det liksom gjekk Ljos av deim yver heile Stova. Kari hadde sett eit nytt snjokvitt Skaut paa seg idag; ho stod der, høg og vyrdsam, men ho var litet raud i Augo endaa, for ho hadde graatet. Ho mintest, daa ho stod ung og fager og heldt honom Arne i Hondi; ho kunde trysta lika fast idag, som den Gongen, um ho enn var vorti nokot gomol og skrukkutt. Daa gjekk det i Døri, og inn kom Mr. Smith, men han vart standande paa Dørstokken, daa han saag so mange Folk. „Idag er her Gaman kann du tru,“ sagde Arne og kom burt imot honom med Krusi; „snart kann eg bidja deg til Brudlauvs hjaa honom Per og henne Bergit Dotter mi.“ „What do you say? — Per and Bergit?“ ropad Engelskmannen, og spilad Augo upp; so strauk han Hatten av seg, gjekk burt aat Parfolket og tok deim i Hondi: „I contratulate![3] I congratulate!“ gjekk so or Stova og kom inkje meir ned den Dagen. Men næste Dag stod Mr. Smith og fiskad i Elvi, og daa var han likso glad og likso striputt som fyrr. Daa Engelskmannen vel var gjengen, kom Per til at skoda ut av Vindaugat: „Hyss, trur eg inkje, det er Klokkaren, som stend ned paa Vegen!“ „Kvat Slag?“ sagde Arne og saag yver Oksli til Per, „og trur eg inkje han kjem upp og.“ Nils Torgerson stod paa Vegen, beit seg i Fingrom og glande upp gjenom alle Vindaugo paa Bjørnstad. Men rett som det var, tok han eit Stig fram, og upp styrde han lika mot Garden. Ei Stund etter kakkad det paa Døri. „Kom inn!“ og inn steig Nils Torgerson, nigjande og skrapande. „Goddag! goddag! eg høyrde slikt Staak herinne, at eg maatte sjaa, kvat det var, og so skulde eg no lydast inn til gamle Kjenningar og, maa vita.“ Og Nils tok Arne og Kari i Hondi. „Her er folksamt idag“, lagde han til og saag seg i ikring; „det er no inkje sant, kvat eg hever høyrt gjetet, at du held Festarøl idag Arne?“ „Jav, det er inkje umogelegt det“, svarad Arne og log, „men sjaa aat, du fær sitja Klokkar, du maa no smaka paa Ølet du og, veit eg.“ Arne gjekk ut til at tappa Øl i Bollen, og Klokkaren gjekk burt aat Parfolket og ynskte til Lukka. „Det var eit fint Plagg det“, sagde Per og tok burt paa Kjolen aat Klokkaren, „gjeng du med slikt til Kvardags?“ „Hm“ hostad Klokkaren — „det var no slikt fint Vedr idag, og so — so tek gamle Trøya mi til at fillast no, ser du.“ Bergit maatte snu seg, for ho kunde knapt halda Laatten. „Heve du havt god Fiskelukka idag?“ tok Per frami og treiv litet i Armen til Bergit med det same, „eg saag, du hadde Fiskestongi ute.“ „Aa nei! Fisken bit inkje godt i Solsteik“, sagde Nils og strauk seg um Kjaken; men han likad seg inkje godt, der han stod. „Betre Lukka ein annan Gong“, smaaskrattad Bergit, „det er vist inkje so lett til at fiska som dei segja helder.“ Klokkaren ynskte seg vel ute, for han merkte godt, at det var Spitord, han fekk; men so kom Arne med Bollen, og Klokkaren vardt so mjuk og blid, at det var Hugnad at sjaa. „Singgott!“ sagde Arne og baud fram. Klokkaren tok eit langt Drag, so pustad han ut: „aa! — det var godt Øl!“ „Aa, du maa drikka utor — det er no berre tunt Øl,“ tok Arne frami „Nei! det var godt Øl,“ og Nils sette Bollen fyre Munnen, „du bryggar inkje ’tav berre Sekken, du Arne“, lagde han til, smaalog fult og smattad med Lippom, „og det var ein fin Bolle, kven heve maalat honom du — so eldande raud.“ Det varad inkje lenge, so var Andlitet aat Klokkaren lika so raudt som Bollen, han skein som ein ny Koparskiling. Og daa fekk Karen Munnen paa Gong. Han preikad og log, fortalde Rispor og gartad, og det var ingen i det Laget, som gjorde slik Æra paa Per og Bergit med Drykk og annat, som Nils Torgerson; det var gamle Nils’en, som var komen atter.

Korleides det gjekk Klokkaren sidan heve eg inkje spurt, men det var dei, som sagde, at han, fyrr Aaret var lidet, gjekk paa Friing til ei gomol Møykjering. „Eg lyt halda meg til dei gamle, eg“, sagde Nils Torgerson, „dei er dei truaste.“ Somyket er visst, at, daa det leid ut paa Hausten, gjekk Nils Torgerson i det finaste Plagget sitt og med ein Fylgesvein etter seg rundt i Bygdi og bankad paa Dørom. Og det var inkje med liten Vyrdnad, han steig innum Dørstokken, for idag gjekk han med Brudlaupsbod. So fekk han daa Skjenk og nokot til at bita i, og so byrjad han: „eg heve ei Brudlaupshelsing aat dykker fraa eit Par Folk — det er no han Per i Prestgarden og ho Bergit Bjørnstad, um dei vil vera fylgesagtig til Kyrkja paa deira Heidersdag og heim atter paa eit Maal Mat og ein Gong Drykk og Gaman med andre gode Viner, so lenge, som Kjøk og Kjellar held ut. Du skal sleppa at svelta, for du skal faa baade Graut og Storseid og Lefsekling og Dravle og Mylja og alt det, som godt er. Du skal faa baade Brudarsveinar og Brudarkrunor og Brudarslaattar og Brudargraut. Du skal faa dansa, til du ligg, eta til du sprekk, drikka til du sovnar; men so maa de koma allesaman, baade store og smaa, gamle og graa, som kann krjupa og gaa.“


  1. Eg kan inkje lika honom.
  2. Kvat segjer du? Bergit inkje her.
  3. Eg ynskjer til Lukka.