Haugtussa/Den snilde Guten

H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 110-114).

Det er han Jon som gjætte her til no,
den eldste Son hans Aamund upp i Bròte;
dei øygnar Garden langt burti ei To
som hev seg inn i bratte Berge skoti.
No er han glad for her han skal ifraa;
han er alt vaksin og skal ut og slaa.


Hans unge Andlit er so godt og rundt,
med ljose Luggen tett um Panna runnin;
paa Lippa gror eit Dun so lett og tunt,
og kvite smiler Tennane i Munnen.
Som Killing lett han hoppar Stokk og Stein
og synger kvat og lær aat alle Mein.

No skal han fylgje denne fyrste Ykti
og vise henne Veg og Merke-Leid,
so ho kann kjenne denne ville Heid
som aldri noko Folk hev butt hell bygt i.
Med nye Buskap maa ho og bi kjend;
til Framand seint vert Dyrehugen vend.

So driv dei Buskap fram i Morgon klaare
i Luft so rein som aldri fyrr ho saag;
det er som Urd og Koll utsona laag
i Glans av dette Ljos fraa Himlen bòri.
Ho drikk den lette Luft i djupe Drag
og syger Liv av denne Herrens Dag.

Han syng og blistrar, driv, og stundom røder,
halvt gutebljug, halvt mannsleg klok og kaut;
det gjeng um Vêr og Vind og Sol som gløder,

um Fjelli her og desse snilde Naut.
Han mangt fortel um kvart og eitt av Dyri.
Men mest han veit um «Dokka», Bjøllekyri.

Og fri og glad og reint som kjend ho blir,
og svallar med i denne gode Trygdi;
han hev kje denne halve, kalde Flir
som desse tunge Gutar nedi Bygdi.
Han nemner henne beint og godt og greidt;
Haugtussa-Namne visst han aldri veit.

Han syner henne Gjætle-Berg og -Bekk,
og Svartedalen lang med Kvervesteinen,
som stundom snur seg, plent som Liv han fekk,
og Skare-Ufs, der Farfar hans skaut Reinen.
Men der i grøne, svale Bjørkelid,
der hev det ein Gong vori Bjørnehi’.

Ho spỳrr som halvt i Skjemt um her er Troll;
«aa ja,» han svarar utan Spott i Tanke;
«det bur nok sumt i baade Kuv og Koll;
men meir det sviv ikring paa Videvanke.»
Og no ho vìta fær at Jon er klok;
han grev i Kufta si og finn ei Bok.


«Kann hende trur du kje at slikt kann finnast?»
— det kjem eit Mistru-Drag um Munnen fjaag —;
«men meir enn ein eg veit som vel kann minnast
at slike Ting han klaart med Augo saag.
Og her i denne Bok eg ein Gong fann
du skal faa sjaa at denne Tru er sann.»

Det er so knapt ho kann si Glede styre.
Att-under Stein dei sèt seg baae tvo;
her Ku og Smale gjeng so godt i Ro,
so no dei kann seg trygt med Kunnskap hyre.
Ho ser paa Jon mjuk i sitt Augnelag.
Att Dreng kann vera ven ho veit i Dag.

Han les i Boki svart som bakt i Jord,
og d’er visst lengi sidan dèr han stikta;
der stend um Nykk og Troll med reine Ord;
og daa me veit det kann kje vera dikta.
Kvart Ord ho syp, og lyder trutt og ant,
og lær og ropar: «sjaa um d’er kje sant!»

No kann dei lengi nok faa læ og flire;
det stend i Boki; og han Jon det trur.
- So glade sìt dei saman der i Urd,

og Sogur gjeng, og dèr tarv ingin fire.
Og Nistematen saman gneg dei paa;
Jon sìt og sìt og gløymer reint aa gaa.

Med Undring høyrer han det store Ord,
at um han Tagnad tru vil ærleg lova,
so er ho sjølv av desse faa paa Jord,
som hev den underfulle Synegaava.
Han gjev si Hand. Av Vyrdnad er han fyllt.
Og alt ho no fortèl. Han er som tryllt.

So lid det til; dei tenkje maa paa Klokka.
Det er alt seint; ho er visst mote sju.
For siste Gong han helsar Sau og Ku
og kjæler kjærleg for den blide «Dokka».
So maa han gaa. Aaleine stend ho der.
— Men Dokka fekk fraa same Stund ho kjær.