H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 40-42).
◄  Syne
Ungdom  ►

Ein Dag dei spurde
med Kolning um Munn,
at Mannen var daain
i same Stund,
ja nett i den same Time.


Daa skalv den unge
i Hùg og Hold:
«no maa eg sjaa
baade Draug og Troll
og Gasten med Haari lange.»

«Gud trøyste deg daa,
du Veslemøy;
det vøre deg betre
du maatte døy,
so fingje du Fred i Jordi!»

«Aa heller vil eg
med Augo sjaa,
enn dauv og blind
gjenom Verdi gaa
og ikkje det sanne skilja!»

— Sidan saag ho
i Haug, paa Voll,
baade Nisse og Nøkk,
baade Draug og Troll
og Gasten med Haari lange.


Tidt mullande gjekk ho
med myrke Ord
og skræmde stundom
si eigi Mor;
dei sa ho vanta paa Vìte.

I Lyngmarki nord
millom Haugar tri,
der gjekk ho gjætte
si meste Tid.
Og Haugtussa vart ho heitand’.