Haugtussa/Skog-glad
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), (s. 129-130).
Aa stakkars vesle Hare
so fin og silkeklædd,
Gud veit kvar du hev fari,
med di du er so rædd?
Du spretter og du skvetter
so hovdalaus i Kring;
kva er du renner etter
og snøgg i Hol deg sting,
arme Ting!
Her er so god ein Sùmar
med Hus i kvar ein Busk
og Lauv og friske Kùmar
aat slik ein liten Trusk.
No skal me vera kvate
i slik ei Solskinsstund;
no skal me vera late
og taka oss i Lund
lette Blund.
Du er so brun og lekker
i Sùmarkjolen din;
d’er berre du for klekk er
te vera Guten min.
Men vil du glad meg gjera,
so hoppar her i Lid,
og Venir skal me vera
og Venir skal me bli
all vaar Tid.