Haugtussa/Uro
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), (s. 201).
Kor skal det gaa meg, naar Gud eg gløymer,
og Hjarta sjukt seg i Elskhug drøymer?
Kor skal det gaa meg so sant og visst,
naar burt meg sjølv eg so reint hev mist?
Og aldri kann eg meg atter vinne,
og aldri meir kann eg til meg finne;
so vel er stengd baade Von og Veg; —
eg maatte finne meg sjølv i deg.