Haugtussa/Veslemøy undrast

H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 76-78).

Gjentunn’ breider der Gutann’ slær;
so ropar dei til kvarandre og lær.
— Me veit, naar det er so laga —.

Ja lett det gjeng med Lentur og Fjas
paa Vollen der i det fallne Gras.
— Me veit, naar det er so laga —.

Og skjemte og fjasa, — lat gaa med det;
det gjer eg kanskje ein Gong, eg med.
— Me veit, naar det er so laga —.

Ja tenk um eg raaka den Guten snilde,
som ikkje aat Haugtussa flire vilde!
— Me veit, naar det er so laga —.

Ja skjemte og fjasa, — det skil ikkje meg;
men tenk at Gjentunn’ vil gifte seg!
— Me veit, naar det er so laga —.


Um Guten er ven, naar han litin gjeng,
so vert han ljot, naar han veks til Dreng,
— Me veit, naar det er so laga —.

Og endaa um Drengen seg vise kann,
so vert han eit Troll so snart han er Mann.
— Me veit, naar det er so laga —.

Ja tenk! at dei lokkar deim til aa frie!
Og tenk at dei vil til Kyrkje ride!
— Me veit, naar det er so laga —.

Dei veit dei hev berre vondt i Vente.
Men endaa ingi vil gange Gjente.
— Me veit, naar det er so laga —.

Gjenta hev Moro, Kona hev Slit;
men endaa hev dei so lite Vit.
— Me veit, naar det er so laga —.

Nei fyrr eg vil byte mitt Gjente-Kaar,
fyrr gjeng eg og gjæter i hundrad Aar.
— Me veit, naar det er so laga . . .


Og fyrr eg vil inn i den Suti hard,
fyrr gjeng eg og bed meg i kvar Manns Gard.
— Me veit, naar det er so laga . . .

Ja fyrr eg vil dragast med Barn og Mann,
fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand!
— Me veit, naar det er so laga . . .

Skjemte og fjasa eit Grand, — lat gaa;
men kysse eit Skjegg! Aa langt derifraa!
— — Det var, — um det var so laga?