P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 9-10).

 1. I Heimen der hyggjer seg Barnet best,
til Heimen vil Ungdomen stunda,
og Mannen, som sviver i Aust og Vest,
vil helder paa Heimferdi skunda.
Um Landet var bratt,
og steinutt og svadt
og Mødor i Vegen var manga,
paa Heimvegen gjekk det daa helder radt,
og Milerna vardt inkje langa.

 2. Mauren kryp aldri so vidt i Kring
han leitar ei uppatter Tuva,
og Mannen løyp inkje so lang ein Sving,
han lengtar ei heim til si Gruva.

Um og han var glad i framande Stad,
so vil inkje Hugen seg festa,
og Heimen med Haugar og Stein og Svad
han verder daa kjærast’ at gjesta.

 3. Ja heima der baka dei Braudet best,
og vænaste klippa dei Klædi,
der hava dei Klangen i Maalet mest
og vænaste kveda dei Kvædi.
Der ser du ein Dag med ljosare Lag,
og Skog med eit mildare Skygge;
og raamar so Sorgi deg der med eit Slag,
so finner du endaa eit Hygge.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.