Herrens hus hev ei sin like

Tone: Sions vægter.

Herrens hus hev ei sin like
I alle heimsens land og rike,
Det aldri siga kann i grus.
Elden aldri kann det herja,
For Herren sjølv er vakt og verja
For heilagdomens høge hus.
Det stend so trygt og fritt,
Det lyser vent og vidt
Yver verdi
Som vardeeld
Paa høge fjell
For alle folk til livsens kveld.

Alle som paa Herren kallar
Skal samlast i hans tempelhallar
Og lyfta upp til han si røyst.
Dei som saart paa frelsa ventar
Og ljos fraa Herrens altar hentar
Og lengtar etter Sions trøyst,
Dei fram for Gud skal gaa,
Hans aasyn glade sjaa.

Gud i naade
Seg bøygjer ned
Til dei som bed,
Og giv dei evigt liv og fred.

I Guds hus er sælt aa vera
For den som byrd i tung maa bera
Og ikkje eig ein kvilestad.
Trøystaren med deg vil tala
Og dine sorger sælt hugsvala
Og gjera deg so hjarteglad.
Der finn ein syndar arm
Gud Faders opne barm,
Sorgi sloknar,
Og synd og strid.
Til evig tid
Me mettast av Guds aasyn blid.

Altarljosi klaart skal brenna,
So syndarar kann sjaa og kjenna,
Kor Gud er miskunnsam og god.
Herrens dyre ord forkynner
At han tilgiv oss alle synder
Og reinsar oss i Kristi blod.
Sjaa altarelden brann,
Sjaa offerblodet rann.
Som hev sona
Vaar synd og skuld,
Han naadefull
Giv livsens kruna klaar som gull!


Herrens hus hev ei sin like
I alle heimsens land og rike,
Der samlast sæle natt og dag.
Alle folk kann fritt faa koma,
Paa alle maal skal lovsong ljoma
Fraa alle land og folkeslag.
Dei gamle dit kann gaa,
Dei trøytte kvila faa,
Unge sankast
Ved Andens sus
I Herrens hus
Til lovsong ny som orgelbrus.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.