<poem> 1. Veideskap[1] nok valtivar[2] fekk. Men torsten tok deim, fyrr svolten traut. Dei med stavar trolla og spaadde or blod, fann dei at Æge aatte kjèlar

2. Sat der fjellbuen fjaag som eit barn, blingsa med augo som blind han vøre. Sonen til Ygg saag paa han kvast: „Du ofte gilde aat aasom gjere.“

3. Stræv fekk risen med strid-kulten daa, han hemn-raad vilde hitte imot: mannen til Siv laut skaffe fram kjèl, „daa skal eg øl aat alle bryggje.“

4. Inkje greidde gudar hæve og store kultar slike vanskar, fyrr Ty so trugin tok til orde, han gode raadir gav Lorride:

5. „Bur han i aust for Elivaagar, hundvise Hyme, ved himils-enden; far min djerv fulla hev kjèl, ei rast er han djup, romsam er han.“

Tor kvad.

6. „Tru han lòg-kjèlen laaner til oss?“

Ty kvad:

„Jau, min ven, um me velur brukar.“ <poem> 7. Drjugt dei dreiv paa dagen frametter; langt fraa Aasgard til Egil kom dei. Hornfagre bukkar husrom gav han. So bar det til halli som Hyme aatte.

8. Ho godmor gjorde guten fælin, nie hundrad hovud bar ho. Daa steig fram ei onnor som skein av gull, ljosbrynte[3] drosi drykk baud sonen.

9. „Høyr, jøtun-svein! Setje dykk no under kjèlane kultar baae. Kallen min er kranglut ofte mot framande folk, og det flyg paa ’n sinne.“

10. Drygde vaaen[4] i veideskogen, seint hardhausen heim att kom. Steig han i sal, small is-tappann, kinn-skogen[5] var paa kallen fròsin.

Frilla kvad:

11. „Heil deg Hyrne! du hugmild vere, son er komin til salen din, som fraa vidan veg me venta longo; fylgjer honom frægdar-kjempa, manna-venen, som Véor heiter.

12. Du ser kvar dei sit ved sals-gavlen[6], dei berga seg hev bak-um stolpen.“ Risen stirde so stolpen brotna, aasen stokk sund i stubbane tvo.

13. Kanta av knagg kjèlar aatte; berre ein var so hard han heldt i støyten. Fram so gjekk dei, men forn-jøtun[7] fylgde med augo andskòten[8] sin.

14. Munde illt han ottast, naar øygne han fekk gygre-grøtar[9] paa golv komin. <poem> Tjorane tri tok dei daa fram; skulde alle i senn[10] sjodast,[11] baud han.

15. Kvar stut eit hovud stuttare vart; sidan vart dei slengde paa elden. Mannen til Siv for seg sjølv tvo uksar aat upp heilt, fyrr han hugast aa sova.

16. Det rann fyri[12] graae Rungnes-frenden, at Tor hadde fengi full stor kveldsverd. „Ein annan kveld me karane tri påå veiding lyt ut skal me vonast faa mat.“

17. Véor vilde paa vaagen ro ut, um balde jøtun beite munde gjeva.

Hyme kvad:

„Av buskapen min du bergdana-øydar[13] søkje deg beite, um du styrken din trur.

18. Vonar daa eg at uvandt det er for deg av ein ukse agn aa laga.“ Sveinen skjotleg sveiv til skogs der stod aalsvarte uksen fyri han.

19. Tok han tjoren, tusse-banen,[14] braut so heile hornborgi[15] ned.

Hyme kvad:

„Endaa verre verk du gjer, enn naar still du sat, sjø-kulten[16] tykkjer.“

[Hadde daa jøtunen ut skoti baaten. Tor gjekk i skuten og sette seg til, tok tvo aarar, og jøtunen totte at skipe byrja aa skride til gagns.

Sat sjølv Hyme i halsen framme, og baae rodde so radt dei kunde. Kvad daa Hyme at komne var dei fram paa grunnar der fiske-von var.][17] <poem> 20. „Havhesten[18] lyt lenger utpaa, ape-son,"[19] bad bukke-drotnen.[20] Men risen meinte han munde hava litin hug paa lenger aa ro.

21. Daa fekk han draatt, djerve Hyrne, paa kroken tvo kvalar var komne i senn. Men att- i skuten Odins-frenden, Véor, med velur paa vade[21] stelte.

22. Egnde han ongul med ukse-hovud, mannheims bergar, orme-banen. Daa gein[22] yvir kroken han som gudar hatar, som seg ringar rundt um land.

23. Drog daa djervlegt daadraske Tor eitrande ormen upp i vats-maale. Hamaren skrall i haarberge[23] paa den òv-ljote ulve-frenden.

24. Uvette ylte, det óma i fjell, heile utgamle jordi ho skalv. [Men Hyrne tok kniven og kipte av snøre.] Og fisken han kvarv i kav so fort.

25. U-kaat var jøtun, daa attende dei for, sat ved aarom, sa inkje orde, han baaten snudde beinast mot land.

Hyme kvad:

26. „Skal me leggje likt arbeid kvar, so ber du kvalann til bøen fram, eller du havbukken[24] hiver paa land.“

27. Gjekk Lorride stad og i stamnen greip, heiv havhesten[24] upp, med austren[25] var i. Og so med aarar og ausekjerald jøtuns brimsvin[24] bar han til gards igjenom skogsnar og skòr-dalar. <poem> 28. Traa-kynde jøtun endaa vilde trautar[26] fleire for Tor leggje. „Det røyner ’kje styrken ein stubb aa ro. Hiv staupe mit sund, skal eg sterk deg kalle.“

29. Tor han kalken tok seg i hand, steinen han sprakk, men staupe det heldt. Han sitjande slo det gjenom stolpane, heilt bar dei staupe for Hyrne fram.

30. Men daa den fagre frilla hjelpte, godviljes-raadi gav ho honom. „Hausen til Hyme er hardar’ enn glas, — hiv du staupe i hovud paa suggen.“

31. Braatt reis aa kne bukke-drotnen, aase-magti all han brukte. Paa jøtun-skolten aldri det synte, men rivne laut daa den runde vin-krus.

[Hyme kvad:] 32. „Eigna-lutir òv-gilde no hev fraa meg gjengi, daa fari er staupe. Men manns ord stend, mun aldri eg gange attpaa[27] det som ein-gong er lova.

33. Skal det no spyrjast um sellane duger ølskip[28] or garden ut aa bera.“ Ty freista seg tvo gong i senn, kvar gong kjèlen stod kyrr som fyrr.

34. Far hans Mode[29] fekk seg eit tak, tvert gjenom golv trødde han ned; upp paa hovude heiv han kjèlen, men kringum hælane hoddune[30] skrall.

35. Dei fór inkje langt, fyrr han attende mot aust kom til sjaa, Odins sonen: Med heile horgi Hyme var etter, or røysom det maura

med manghovda troll.

36.
Heiv han kjèlen
av herdane ned,
skobeitte Mjølne
slengde han fram
og berge-beisti
braatt slo i hel.

37.
Dei fòr inkje langt,
fyrr Lorride saag
at halvdaud var bukken
og heldt paa stupe;
skokle-hesten
var skakkføtt vortin,
og det var den løynfule
Loke som valda.

38.
Segja kann skilleg
sogo um dette
kvar som hev greide
paa gude-frøde,
at av bergbuen
bot fekk Tor,
baae borni
baud han seg fylgje.
 
39.
Kom trauste kulten
paa tinge heim,
hadde han kjèlen
som Hyme aatte.
Vel skal no gudar
vinter kvar ein
øl faa drikke
i Æges-halli.




Hyme[31] vart avleidd av hum, myrk. Hum er fjord-beite i eit vers av Harald Hardraade (hjaa Snorre). Namne vert ogso tydt av same roti som himin (himil) (smln. namne paa uksen hans, Himinrjot, hjaa Snorre); Hyrne vert daa „den demon, som har den molnbetäkta himlen i sit våld“ (Hellquist), likt med Uranos (græsk) og Varuna (indisk), og det vert meint at det ligg til grunn „en urgammal høstmyt“ og at hjaa Hyme ’en ljusgudomlighet, Tyrs moder’, befinner sig.“

Med kjèlen tenkjer sume paa have; ein kunde ogso tenkje paa varme kjeldur.

I Hymeskvæde tykkjest 4 emne (fraa segnir eller kvæde) aa ha runni ihop: 1. Kjèl-hentingi. 2. Tvo menneskje hjaa trolle. 3. Tor fiskar Midgardsormen. 4. Eine bukken til Tor vert halt. 1. Minner noko um Jason si ferd etter gullskinne; han òg fekk hjelp av eit kvende, kongsdotteri.

2. Eventyr-emne. Ein eller tvo gutar kjem til eit troll (fær hjelp av eit snildt kvende) og narrar trolle.

Sml. eventyr um jutuldrengen (allvist hjaa finnane[32]); han fekk trolle til aa tru at han var so sterk som Tor var i røyndi. Dei freistar kven som hev hardaste skallen, ror paa fiskje, og trolle dreg upp tvo kvalar. — I sogo um Sigmund Brestesson hjaa Torkjel Turrfrost er det ogso nokre slike eventyrdrag.

3. Fiskingi meiner Bugge hev eit dubbelt upphav. A. Kristelege (og jødiske[33]) sogur um Leviatan, som laag rundt jordi og beit i sporden sin, og som Gud fader eller Kristus fær paa ongulen.[34]) B. Sogur fraa Hellas eller Rom um Herakles, som var hjaa Oinevs, (eller Ynevs?), namne likt Hyme, og drogst med Achelous, som skapte seg til orm og gleid burt som ei elv[35]). Herakles fanga tjoren til Minos paa Kreta (derav namne Himinrjot, meiner Bugge).

Um denne fiskingi hans Tor kvad: Brage, Olve, Øystein Valdeson, Gamle Gnævadarskald og Ulv Uggeson.

Um Midgardsormen minner ymse truir um sjøormen, som paa vestlande heiter kraken eller hornen, ogso sjoharven.

Pontoppidan fortel at i varme dagar, naar fiskaren kjem nokre mil fraa land, finn han, i staden for 80—100 famnar, stundom berre 30, 20 eller mindre, og der er det jamt mykje fisk. „Det eneste som de da med største flid give agt paa, er om dybheden bliver den samme for deres liner, eller om de efterhaanden faae høyere grund og mindre vand. I dette sidste fald merke de at kraken løfter sig og skyder opad. Da er det ey tiid at bie længer. De overgive gandske deres fiskerie, legge alle aarer om borde og roe for at retirere sig til en af siderne saa hastigt som mueligt er. Have de nu naaet det sædvanlige dyb igjen, og følgelig finde sig i sikkerhed, da holde de stille og see, efter faa minuters forløb, det mageløse monstrum at komme frem og vise sin yderste overdeel, hvilket efter øyesyn, i en fjerdingsveys omkreds (nogle sige mere) synes af begyndelsen ikke anderledes, end om der laae en samling af smaa blinde skær i havet, alle behængte med noget, der flyder og fluctuerer, ligesom det kunde være tang. Her og der mærkes en større forhøyelse, ligesom pukler, paa hvilke adskillige smaa fiske sees at springe og sprette, indtil de rulde ned over siderne. Endelig reise sig nogle glentzende spidser og takker, som blive tykkere jo længere de komme over vandet, men undertiden saa høye som maadelige skibsmaste, saa at hvis de da fandt endog det største orlogs-skib at fatte i, maatte det følge til grunds; thi efter en kort tiids forløb begynder kraken at synke og give sig ned i dybet paa nye. Naar det skeer, er faren ligesaa stor som tilforn, hvis man befinder sig nær derved, efterdi dens synkende bevægelse giør mange store svælg i havet og ved dragsue, som det kaldes, tager alting med sig, ikke anderledes end male-strømmen ved Moskøe.“

Det er vel den same som Kongespegilen kallar hafgufa, av gufa, røyk, eim. Ho tykkjest meir lik eit land enn ein fisk, og det er von at det berre finst tvo stykke av same slage.

Kraken eller havguva nemner Snorre i Edda; like eins Orvar-Odds saga c 21. Ogso i Olai Magni historia lib 21 c 25.

„Grundlaget for disse beretninger maa sandsynligvis søges hos Arianios Flavius, romersk forfatter i keisertiden, født i den sidste halvdel af det Iste aarh.,“ segjer Helland etter Moltke Moe.

4. Snorre fortel at daa Tor fekk nattstad hjaa Egil, slagta han bukkane, og dei vart etne til kvelds. Han forbaud aa brjote bein. Men Tjaalve, sonen til Egil, braut av eit bein og tok mergen (etter raad fraa Loke?), og andre dagen, daa Tor vigde bukkane og vakte deim til livs att, var den eine bukken halt. Til bot for dette laut Tjaalve og Roskva, syster hans, fylgje Tor. — Eventyr paa ymse stelle fortel um dyr som vert uppetne ein dag og kjem til livs att den andre (sml. uppl. til Grimn. 18), helst kyr.

Hymskvæde hev, etter F. Jónsson, upphave sitt i Haalogaland[36] sist i det 9. aarh. Bugge og andre set tidi til det 11. aarh.


  1. Veideskap, „jagtbytte“.
  2. Valtivar, kampgudar.
  3. Ljosbrynt, med ljose augnebrunir.
  4. Vaae, ein faarleg kar.
  5. Kinn-skog, skjegg.
  6. Gavl, tvervegg.
  7. Forn-jøtun, Hyme.
  8. Andskòte, motstandar.
  9. Gygre-grøtar, den som grøter gygrar (fær deim til aa graate).
  10. I senn, paa ein gong.
  11. Sjode, koke.
  12. Rann fyri, kom fyri, tottest.
  13. Bergdanir, troll.
  14. Tusse-banen, Tor.
  15. Hornborgi, hovude.
  16. Sjø-kulten, Hyme.
  17. Etter Snorre.
  18. Havhesten, skipe.
  19. Ape-son, jøtun.
  20. Bukke-drotnen, Tor.
  21. Vad, fiskesnøre.
  22. Gine, gape.
  23. Haarberge, hovude.
  24. 24,0 24,1 24,2 Havbukk, havhest, brimsvin, skip.
  25. Auster, vatn i baaten.
  26. Traut, styrkeprøve.
  27. Gange attpaa, brigde.
  28. Ølskip, kjèl.
  29. Far hans Mode, Tor.
  30. Hodde, honk.
  31. Han vert kalla forn jøtun, og Fornjot er jøtun-namn i sogur.
  32. Friis: Lappiske eventyr 18 og 19.
  33. Sjaa Job og Esaias („du knasa Leviatans hovud.“).
  34. Fraa aar 403 (og serleg av pave Gregor den store) vart det sagt at Leviatan ved Kristi krossfesting hadde biti paa Kristi krok og hadde vorti fanga. Agne var Kristi menneskjelege natur.
  35. Sonen til Oinevs het Tydevs, som kann ha vorti til Ty. Den gamle guden Ty var korkje so rædd eller veik eller av jøtun-ætt.
  36. Orde andskote er no berre kjent paa Leka (Namdalen). Ymse ord og vendingar finn ein att hjaa Øyvind skaldespillar, so ein kunde tenkje seg at han hev yrkt Hymes-kvæde.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.