I Helheim/Jomfrua og Riddaren

H. Aschehoug & Co. (s. 70-85).

Veslemøy tagna
i bljuge Skam;
ei barmberr Jomfru
kom rømande fram.

Etter ein Riddar
hastande sprang,
ropa: „du fagre,
tak meg i Fang!“

Ho stogga med Faktir
som laakt seg sømde;
men daa var det han
som vart rædd og rømde.

Og daa er det ho
som paa kvar den Led
etter spring
og lokkar og bed.


Men stoggar so han,
eggja i Od,[1]
og opnar Armen,
daa rømer ho.

So gjeng det att,
og so gjeng det fram;
den eine er kjælin,
den andre gram.

Og kvar Gong dei skulde
einannan naa,
rædde einannan
dei røme maa.

Daa stanar den fine
Jomfru-Lilje
og manar: „no have du,
Riddar, din Vilje!“

Ho rister han Fjetrings-
Runir for Barm:
„no sove du, Riddar,
i Jomfru-Arm!“

Daa faana han burt,
daa folna han bleik;

rædd seig han i Kne;
„Nei!“ han skreik.

„Nei!“ han ropa,
„du Lokkefru,
spara du skal meg
for denne Gru!“

Ho av tek Kjolen
med Gulltraad rend;
i stive Likskjorta
der ho stend.

Dei sloknar og brest,
dei Augo klaare;
stiv tek ho av seg
det store Haare.

Stiv tek ho av seg
dei Øyro fine;
ho løyser or Munnen
Tennane sine.

Ho løyser Lippa,
som lo so linn;
ho legg fraa seg Nòs
og dei mjuke Kinn.


Likskjorta folnar
i Fjom og fell;
Holde[2] kryp inn
og muldrast som Mjell.

Ei Beingrind i Dans
for Riddaren gjeng,
so Bein etter Bein
ikring honom sleng.

Ei Beingrind dansar,
den Riddar til Spott,
med ranglande Knokar
og turr Laatt.

Ei Beingrind seg sund
for Riddaren dansar;
han fjetra ligg
og lite sansar.

*

Kjem dei fram,
der Striden brenn
heitast imillom
Kvende og Menn.


Sinne logar,
so Gneistar driv;
Augo stikk;
Ord riv.

Det trappar med Harm;
det ljodar og læt;
Mennar knurrar
og Kvende græt.

Aul og Olster
putrar og syd;
Volva Veslemøy
høyre byd.

Veslemøy høyrer,
i Skodde duld,
Ord og Rop:
„det var di Skuld.“

„Du øydde mitt Liv.“
„Du drap mitt Mod.“
„Du var meg aldri
av Hjarta god.“

„Henne du etter
i Elskhug hekk.“

„Han i Løynd
til deg gjekk.“

„Du gjekk for deg sjølv
din eigin Veg;
Garden elska du,
ikkje meg.“

„Aldri ein Tanke
for meg du aatte;
eismall eg alltid
svive maatte.“

„Agta deg sjølv!
Arg var du og vond;
unnte meg aldri
ei glad Stund.“

„Aldri du saag
det for deg eg gjorde;
aldri til Takk
mælte du Orde!“

„For deg eg kava
all min Dag
og stridde; det vyrde du
aldri det Slag!“


Rundt Smaadjevlar smett
med Fliring og Fleggjing
og range Bòd
og Erting og Eggjing.

Smaadjevlar rundt deim
smett og smyg,
ber Sløsur og Drøsur,
mistolkar og lyg.

Hùgen av Argskap
bløder;
Hjarta i Pine
gløder.

Rett som det er
ryk dei i Hop
og rivst og klorast
med høge Rop.

Han henne med Harm
i Luggen dreg:
„det skal du hava,
som narra meg!“

Ho honom dunkar
med Magt for Bringa:

„det skal du hava,
som fekk meg tvinga!“

Han henne med Knyta
knubbar strid;
„kvi held du kje av meg
og er meg blid?“

Ho honom rispar,
so det renn Blod:
„kvi held du kje av meg
og er meg god?“

Veslemøy.

Her er den verste tærande Sut;
saart er dette Harmstev-Skifte.
Kva hev dei synda, kjær’ Syster mi?

Systeri.

Paa Jordi var dei gifte.

Saman løpne og logne,
og saman raska paa Raam;
framande var dei og vart so verand’,
og aldri dei saman kom.


Saman løpne og svikne
paa Raam og paa Voni beste;
spelegt er det: tvo framande Sjælir
soleis bundne og feste.

Dei kalla det Elsk og Gifte;
dei kalla seg Mann og Viv;
dei vilde kvar den andre njote;
Kaup var det og Frilleliv.

Dei hadde so mange Ordi,
dei hadde so mykje Tull;
ho vilde inn i den store Ætti;
han vilde auke seg Gull.

Ho vilde med vene Augo sine
vinne ein lydig Træl;
han vilde faa for sin staute Manndom
ei Terne som tente han vel.

Ymist gjekk det, ille og verst,
og Armod vart det aa lìva;
baae kravde, men ingin kunde
av Hjartans Rikdom gjeva.

Baae kravde, kvar av annan,
Livshjelp og Kjærleiks Fagnad;

ingin kunde av Hjarta gjeva;
det vart so kald ein Lagnad.

Uhug vart det og lange Dagar
og Vonbròt og kald-lyndt Kiv;
kvar-sin Veg gjekk dei og skulda kvarandre
kvar for sitt spillte Liv.

Veslemøy.

Mange er daa dei arme,
som so sin Livsfred slit?

Systeri.

Her ser du faae, mi gode Syster;
dei fleste vinn ikkje hit.

Dei laga einannan paa Jordi
eit Helvit av Kiv og Kjav,
og tjaaka og tjaadde ut einannan
med Skulding og Sjølvhugs Krav.

Dei svidde einannan med Hat og Harm
og Ord som bitande brende;
so aat og øydde den Uhugs Elden,
til dess det paa Sjæli var Ende.


Dei pintest av arge, saare Hjarto,
og øyddest[3] Hugnad og Heim;
og daa dei naadde fram aat Gravi,
det var kje meir att av deim.

Spelegt for arme kalde Sjælir
er Brudferd og Brudlaups Skrud;
men det som kann i god Samhug lìva,
dei ganga beint til Gud.

————————


Kjem dei fram
til Svartemo;
der sprutar Gneistar,
der glimar Glo.

Det leikar ein Leik
der i Dimma graa;
Volva lèt Veslemøy
alt sjaa.

Eit ord fell,
av Hat sagt;
so kann det kje døy;
so aukar det Magt.


Det kveikjer Svar,
som Gneisten skvett;
ein heitare Gneiste
imote sprett.

Den avlar ein ny,
heitare enn;
alltid argare
Ordi brenn.

Att og fram
millom Barm og Barm
spring stødt meir brennande
Ord av Harm.

Veslemøy Lògar
sjaa kann
fara som Finnskòt
fraa Mann til Mann.

Det kveikjer i Hug,
det nører i Sinn,
ét seg alltid
djupare inn.

Ét og aukar
og upp fløder,

til heile Hugen
som Eld gløder.

Det bryt i Bringa
med Fræs og Marm
eit alltid heitare
Hav av Harm.

Det sprutar or Augo
som olme rengjer;
or opne Gap
Eldgufsar trengjer.

Ingin sløkkjer
og ingin sonar;
inn-mot einannan
dei fram seg mùnar,
krøkjer og kranglar,
nekkjer og neiser,
Nidverk øver
og Nidstong reiser,
Skuldingar fæle
lyg og trur
og alt rangt
for einannan snur;
løner so langt
dei kann berre,
godt med vondt

og vondt med verre;
kvar vil det einaste
eine naa:
den andre under seg
ned slaa;
kvar vil i vondt
vera best,
til dess det for deim
paa Slutten brest:
i hop dei ryk
med Braadske,
og brenn daa baae
til Oske.

Veslemøy.

Kva er det for vitlause Sælingar,
som slik ein Lagnad seg spinn?

Systeri.

Hemnsjuke er det og hatefulle,
som her lid Domen sin.

Hemn som svidde ikring seg svart,
og Hat som Hugnad øydde;
dei hasta fram paa si Ufreds Ferd,
til dess dei i Ufred døydde.


Vrantar er det og Tverkekrokar
med Hugen hard og braa;
d’er dei som ikkje gav Tilgjeving
og kunde kje heller faa.

Einast naar andre ei Uferd fór,
kunde ein sjaa deim glade;
og aldri lo dei av Hjartans Grunn
utan aat annans Skade.

Veslemøy.

Bed Volva segja det til deim,
at vitlaust og villt dei fer.

Systeri.

Alt dei lære kann av Tale
visste dei fyrr dei kom her.

Veslemøy.

So lærer dei snart av Vonde-Røynd,
der i sin Eld dei kvider?

Systeri.

Dei elskar sitt arge eitrande Hat
og Hemni som gløder og svider.


Veslemøy.

Skal dei daa alle upp brenne,
seg sjølve til Jammer og Spott?

Systeri.

Seint so lærer dei Synde Sjælir
aa døyve vondt med godt.

D’er bergfast i Hug deim bundi,
med Trolldom i Laage-Leite,
at vondt med vondt dei sløkkje skal,
og Hat med Hemni den heite.

D’er bergfast i Hug deim bundi,
der dei i Lægdine fór,
at Eld dei sløkkje skal med Olje
og Hat med harmande Ord.

Auga for Auga og Tonn for Tonn,
det er den Visdom dei lærde;
brenn dei kje her i sin Hemnhug upp,
vert flest dei til Djevlar herde.


  1. Od: Vellyst
  2. Hold: Kjøt
  3. øyddest: øydde for seg