H. Aschehoug & Co. (s. 38-52).
◄  Nedveg
Logane  ►

Audnir endelaust
ut seg breider
ned og nord
dei lange Leidir.

Her er Myrkre,
det store, tome;
her er Fange-
og Røynings-Rome.

Det segjer all Segn
som Bòd kann bera
at her er det ikkje
godt aa vera.

Det segjer all Segn
som hev vaar Lit,

at ingin i verdi
bev lengta hit.

*

Volva peika;
Veslemøy saag;
Pinestaden
for Syni laag.

Alt var svidt
og snaudt;
alt var tomt
og daudt;
nakne Moane grein
med berre Sand
og Stein;
svarte Heidi
aa sjaa
so vidt som Syn
kunde naa;
Urdir ville
og sprengde,
og Berg som bratte
stengde,
og graae Koll

og Kuv
og svimrande Avgrunns
Djuv;
her er det æveleg
aude;
her nede tuslar
dei daude.

Alt ligg
under Doms Bann;
inkje Liv
røte seg kann.

Alt ligg
i Daude-Tjon;
her er ikkje Liv
eller Livs Von.

Inkje noko
seg rører ell ruggar
i Skùmeheim
utan Skrymt og Skuggar;
Dauden sjølv
tom og stiv
fører her sitt kaldlege
Draumeliv.

Myrke er Moar
og Møde-Dalar,
der Sol ikkje skin,
og Regn ikkje svalar;
det osar med Eim,
det gøyser med Gufs,
det flaksar svart
under Flòg og Ufs;
ein Moe gul
som av Svaavelbrand
sveiper seg yvi
det svidde Land;
laagt heng Himling
tung yvi Tuft;
eit Blodskìn sjukt
gleiner i Luft;
eit Blodskìn sjukt
gløser i Sky;
meir ser dei kje Dag
i Hel gry;
som vonde Auga,
daude, raude,
ligg dette Skìn
yvi Heidar aude.

Det brultar med Brak,
det skangrar og skrell,
det mullar med Rædsle

um Svartefjell,
dunar og dyv
i Koll og Knausar,
skimtar og brumlar
fraa Torehausar;
det hurrar og knurrar,
der er eit Tòt;
det gnistrar med Tennar,
det uler med Graat.

Utev kjøver
stram og stinn;
alt vondt
hit seg finn.
Blodøygd Helulv
luskar, flakkar;
Brodd sting,
og Nebb hakkar;
Orm sputtar,
Padde frøser,
Øle-Augo
grønkalde gløser;
Basilisk
og Skorpion
krabbande kvæser
til Kvekk og Tjon;
Eldklegg surrande
rundt sveimar;

Svartfugl skrik
i Kvæve-Eimar,

Det vildrar og sviv
um Kvæv og Mo
Hugar rædde
som veit kje Ro;
det sviv og vildrar
upp og ned
Hugar mødde
som fær kje Fred;
der er ikkje Stund,
der er ikkje Stans;
æveleg gjeng
den Daude-Dans.

Veslemøy skjelv
gjenom kvar den Led;
ustød ho steig
paa Hel-Grunn ned.

Ustød ho steig
paa den gule Sand;
det var som ho trod
i ein Myrjubrand.

Ho var kje so rædd
i all si Tid;

Systeri tek henne
upp att blid.

Veslemøy.

Kvar èlst dei Eimane heite?
Kvi gløder den lause Sand?

Systeri.

Hate er det som fyller Helheim
med all den svidande Brand.

Veslemøy.

Kvi raudnar Skyir som glødde Jarn
med Blodskìn paa blakke Heidar?

Systeri.

So stig dei fælslege Heluvs Ord
og arge Bønir og Eidar.

Veslemøy.

Kva er det for Ramnar og Skinnvengjur
som flaksar so svarte i Kring?

Og kjenner du Eldkleggen gul og galin
som surrar og brenn og sting?

Systeri.

Ramn og Svartflaks er vonde Minne
som hakkar og Hugen riv;
men Eldkleggen er dei arge Ordi,
som eitra og øydde Liv.

Kvart arge Orde som beit og stakk
og avla Harm som brann,
kjem her i ei eldgul Eiterfluge
og piner sin Upphavsmann.

Veslemøy.

Og alt det kraumande Ufyse-Kryp
som Sjæline elter og tyner?

Systeri.

D’er Nids Hugar og stygge Tankar
som so for Augo seg syner.

D’er Nids Tankar og Hugar
som ikkje vart sona og vende
fyrr Soli seig og Timen slog
og Dagsstundi hadde Ende.


Veslemøy.

Aa arme, arme Synde Sjælir,
aa, at dei skal lide so.
Møde og Talm forutan Kvile;
Rædsle forutan Ro!

Systeri.

D’er tungt treda Dansen under Mold,
der lause Grunnen gløder;
d’er vondt aa vada i heite Hel-Sand
med brende Føtar som bløder.

D’er vondt aa vada i heite Hel-Sand
som gløder med Samvìts Eld;
d’er værre aa trøyte Døgre lange
forutan Morgon og Kveld.

D’er vondt aa stige den vide Hel-Heid
paa Stein og kvasse Oddar;
d’er verre aa traa millom gloande Orm,
som sting med Samvìts Broddar.

D’er vondt aa ande den brende Eim
som kvæver so tungt for Bringa;
d’er verst aa vera i denne Naud
bundin og inne ringa.


Veslemøy.

Gode mi Syster, bed til Jesus,
bed til den heilage Møy; -
aa, bad dei rett den gode Gud Fader,
han lét kje dei Syndarar døy.

Aa, bad dei rett den gode Gud Fader
med Hjartans Graat paa Kinn, -
han gav dei arme Syndarer Naade
og lét deim i Himlen inn.

Systeri.

Aa kjære mi Syster, Himlen sjølv
for desse vart ingin Sælheim;
i Kjærleike, Ljos og Herrens Fred
dei verre leid enn i Helheim.

Dei elskar det vonde med alt dei lid;
dei maa faa banne og hata;
den opne Himil-Døri sjølve
dei for seg att vilde lata.

Gjer deg hard og gjer deg sterk,
du vene mi Syster milde!
Mykje lyt du i Synir sjaa,
og meir enn du gjerne vilde.


Mykje lyt du i Synir sjaa,
og meir enn kjært deg var;
det er ikkje gjort med lette Hjarta
aa fylgje i Volve-Far.

Veslemøy.

Men sæle mi Syster, er her Veg
fram gjenom det myrke Land?

Systeri.

Volva gjeng fyri med vigde Ljose,
og eg skal halde di Hand.

Stjernur og Sol fær ingin sjaa
i desse Skùme-Heimar;
me fylgjer det heilage Ljose fram
igjenom dei tunge Eimar.

Her vev eg eit Slør av ditt mjuke Haar
og sveiper i det deg inn;
det liver so vel dine vene Augo;
det liver ditt unge Kinn.

So gjeng du fri gjenom Eim og Gòv
og aldri Hel-Røyken andar;

og Visdom sterke som fyri fer
brøyter oss Veg gjenom Vandar.

*

Trøyste-Ord so
Systeri talar,
og fram dei sviv
gjenom Myrke-Dalar.

Lett dei gjeng
den lyfte Veg;
ingin gaar deim,
der fram dei dreg.

Rundt hastar Hamar
stive, snøgge;
di meir ho deim ser,
di meir vert dei stygge.

Di meir ho deim ser,
som her dei kryr,
dei alle fær
som ein Svìp av Dyr.
 
Ein minner um Bukk;
ein svìpar paa Svin;

ho ser Revefliring
og Ulvegrin.

Der er Olmstut-Augo
og Ape-Geipar
og Ormtunge-Speling
og Paddefleipar.

Stundom i Skallar
seg Smaahorn ydder;
paa Finger-Endar
Klo-Vonir brydder.

Alt fælt som gløyper
og grip paa Jord
so fram gjenom Hel-Hamar
glytter og glor.

Tett stimar
i veglaus Tummel
dei arme Sjælir
med Skrik og Mummel.

Men kvar sine Mødur
aaleine dreg;
midt i Stimen
gjeng kvar for seg.


Ingin for annan
seg klaga kann;
det er som stengt
millom Mann og Mann

Ingin aat annan
si Naud fortèl;
det er som daudt
millom Sjæl og Sjæl,

Millom kvarandre
dei skilde sviv;
Røre er der,
men ikkje Liv.

Veslemøy.

Kvi skjeglar dei til kvarandre
so framandt og lite blidt?

Systeri.

Dei kann slett ikkje kvarandre like;
og kvar hev so nok med sitt.

Dei kann slett ikkje kvarandre like
og ikkje kvarandre tru;

kvar kjenner med seg det vonde Hjarta
og burt seg i Harm maa snu.

Alle dei hatar og ingin trur;
den Naudi er tung aa bera.
Og minst trur det arme sjuke Hat
Kjærleik som vel vil gjera.