H. Aschehoug & Co. (s. 212-216).

Aat Folke som sankast
av vide Bygd
ho tèl sine Synir
fraa Hel og Høgd.

Ein Morgon styrkt
ho stend av si Seng
og til sitt vanlege
Arbeid gjeng.

Ho er den ho var;
men fredsæl Ro
ligg som ei Lysning
um henne no.

Ho er den ho var,
men ei Linne
hev lagt seg um hennar
Minne.

*


Ho fylgjer Lærdomen
mild og streng;
ho elskar den Vegen
ho stilt gjeng.

I annsame Aar
steller ho Môri,
til dess ho henne
lyt fylgje aat Jordi.

So stullar ho einsleg,
i Framvon glad;
Venir hev ho
all Stad.

Ho strider og strævar,
spinn og syr,
og hjelper og steller
Folk og Dyr.

Ruslar ved Vogge
og Sjukeseng;
hugsar og hyggjer um
alt som treng.

Men ein Ting vart tung
meir enn Von:

aa tilgjeva henne
som tok han Jon.

Ho stridde og stridde;
Viljen var rein,
men Kjøte det veike
lagde Mein.

Ho tenkte so tidt:
no er det gløymt.
Men berre so var det
djupare gøymt.

Ho tenkte: no hev eg
ned det lagt.
Men upp att det glødde
med meir Magt.

Ho stridde og stridde;
Viljen var god;
men djupt sat Syndi
i Kjøt og Blod.

Daa hjelpte Vaarherre
med Braae:
tok Jon ifraa deim
baae.


Daa hjelpte Vaarherre
med Ro:
tok Jon fraa deim baae
tvo.

*

Det var som det løyste seg
Band av Barm;
det lettna; ho vart som
so god og varm.

Veslemøy tilgav;
ho kunde no;
daa vart ho um Hjarta
so varm og god.

Ho tala til Enkja:
„lat vondt vera gløymt.
Eg ber ikkje Agg.
Det er alt som drøymt.“

Enkja stilt
i Graat stod:
„no hev Gud stilt
millom oss tvo.“

————————


Veslemøy eldest
fort ifraa daa;
men enno dei kann ho
paa Kyrkjeveg sjaa.

Ho studrar ofte
med Duk og Stav
til Kyrkja og helsar
Jon i hans Grav.

„Du var den fyrste
og vert den siste,
dess meir meg kjær,
av di eg deg miste.

Du var mi Sorg;
eg var di Brud;
no eig eg deg heil
og rein for Gud.“

Gjerne ho lìver;
glad vil ho døy;
til Vismøy er vorti
Veslemøy.