H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 75-86).
◄  V
VII  ►
J
esus er ikkje rædd Orde Løn. Gong paa Gong læt han Menneskje faa „Løn“ for aa gjera det gode. Jamvel um Dagløn talar han, soleis i Liknaden um Arbeidarom i VInhagen (Mt. 20: 1—16). Men kva han meiner med Orde viser nett denne siste Liknaden serleg klaart.

Løni — her i Live — er den Styrkjin og Vokster som fylgjer med aa gjera det gode. Og denne Styrkingi og Vokstren kjem, og kjem heilt og fullt, um det er tidleg eller seint ein tek til med Arbeide. For Løni ligg i Arbeide sjølv. Naar ein lìver etter Guds Lov, kjenner ein at ein lìver etter si eigi sanne Lov, kjenner, at no fysst lìver ein; Løni for aa gjera Guds Vilje er nettupp „Live“.

Orde um at Gud løner kvar etter hans Gjerning, inneheld fysst og fremst, at Løni liksom Straffi ligg i Gjerningi sjølv, i den Livsvokster eller Livs-Tyning Gjerningi fører med seg. I Liknaden um Saamannen er Løni Grøda. Jordi kann bera mindre eller meir. Men ho trivst, lìver, ved aa bera Grøde; ein kjenner seg sæl, naar ein gjer det som godt er. Men den Jordi som ikkje bèr, vert uppbrend av Soli eller nekjøvd av Klunger; ho vantrivst og legst i Øyde. Naar Menneskjesonen i Domen (Mt. 25: 40) segjer: det dé gjorde mot ein av desse minste Brørane mine, det gjorde dé mot meg, so meiner han: det gjorde dé mot det sane menneskjelege i dekon sjølve. For i oss alle lìver Menneskjesonen; og han etla til aa vinne i kvar vaknande Menneskjesjæl, vinne meir og meir yvi Dyrehaatten og Villmannen i oss, „Djevelen“[1].

Løni, Kjensla av Vokstr og Framgang, fylgjer med alt godt ein kann faa gjort, um det er lite ller mykje. Den som berre gjev ein av dei minste so mykje som ein Drykk Vatn med godt Hjartelag — ein Drykk Vatn var elles ikkje alltid lite i det turre Palæstina — skal ikkje sakne si Løn. Kvart godt Hugskòt ein fær fylgje hev i seg sjølv si Løn; kvar Siger ein vinn, kvart Stìg ein tek paa den gode Vegen, fører Hugnad med seg. Soleis er der og „Løn“ for den som bed rett, eller fastar rett: han kjenner at han veks, at det gode i ’n hev Framgang. Og er Løn den gode Fylgdi av rett Ferd, so er Straff den laake Fylgdi av Misferd; etter Sogo um Saamannen visnar dei gagnlause som Saakorn paa Steingrunn eller kjem paa annan Maate burt; faafengt vert alt deira Tilvære.

Men Fylgdine av Gjerningom vaare rekk ut yvi dette Live; her som elles fylgde Jesus Skriftlærdomen i si Tid.

Fraa fyssto hadde Israel ikkje visst um anna etter Dauden enn ein Naaheim (Scheol); denne var, som hjaa andre Folk i tidleg Tid, ein Skuggeheim utan Liv; han vert og ofte kalla Naaheimen (1 Mos. 27: 35; 44: 29, 31; 4 Mos. 16: 30). Scheol er i Gamletestamente tenkt som ein Myrkheim, eit Skuggeland (Job. 10: 21); det vert kalla „Stilla“ (Salm. 115: 17), „Avgrunnen“, „Myrkre“, „Gløymelande“ (Salm. 88: 12, 13); der er „korkje Gjerning eller Vit eller Visdom i Naaheimen“ (Preikaren 9: 10). Gode som vonde fèr dit naar dei døyr (Job. 30: 23). Og i Dauden er der inkje Minne um Gud; „kven vil prise deg i Helheimen?“ (Salm. 6: 6[2].)

Men alt tidleg hadde Tenkjarar i Israel undrast paa, at det ikkje alltid gjekk den gode godt og den laake laakt paa Jordi (sjaa serleg Jobsboki). Det hev vori freista med fleire Forklaaringar av dette, soleis den, som me finn Merke etter i Joh. 9: 2, 3: at dei som lid vondt her maa ha synda fyrr dei vart fødde, eller at dei lid for Synder som Foreldri deira hev gjort. Men Tanken um ei Utjamning etter Dauden fekk Magti. Alt hjaa Job vaknar Voni um ein Rett for dei gode i hin Heimen, og i Visdomsboki hev Tanken vunni fram; det hev vorti Liv i Naaheimen med Hugnad for dei gode og Uhugnad for dei vonde (3: 1—10).

I Jesu Tid hadde Scheol — eller Hades, som det paa græskt heiter i N. T. — skift seg i tvo; det var Helheimen, „Pinsla“, for dei urettferdige, som der vart „vart haldne i Varetekt under Refsing til Domedag“; og det var Paradis, „Abrahams Fang“, for dei rettferdige (Lk. 16: 22, 23; 2 Petr. 2: 9[3]). Desse tvo Stadine var strengt skilde; likevel kunde dei gode og dei vonde sjaa og jamvel tala til kvarandre (Lk. 16: 23—26). Den Lògen som er nemnd i Sogo um Rikingen og Lasarus, er vel i heller sein Tid innlaant fraa Gehenna[4]. Stundom nemner Jesus eit Fangehus, som Syndaren ikkje skal koma ut or, fyrr han hev betala den siste Skjerven (Mt. 5: 26; 18: 34; Lk. 12: 59); dette maa vera Refsingsstaden i Helheimen; fraa Gehenna kom ingin ut; det var den andre, d. e. den fullkomne, den endelege Dauden (Opb. 20: 14).

Straffi vert tilmælt etter Syndi: di større Synd, di hardare Refsing. Og viljande Synd vert strengare dømd enn uviljande; ein Tenar som ikkje gjer Viljen til Herren sin vert refst med Slag; mykje Slag um han visste kva Herren vilde, mindre Slag um han ikkje visste det; i det heile: det vert kravt av kvar ettersom det er honom gjevi (Lk. 12: 47, 48). Fysst og fremst spỳrst det: hev du elska din Næste; den som berre er vreid paa sin Broder vert skyldig til Straff, og det som ein Draapsmann etter Moselovi, um han daa ikkje hev havt Orsak til Vreide (Mt. 5: 21, 22 o. Tilvisn.). Jamvel for vaare Ord skal me gjera Rekneskap; gjenom deim kjem, helst naar me minst tenkjer paa det, vaar djupaste Sanning fram; difor: „etter dine Ord skal du verte kjend rettferdig, og etter dine Ord skal du verte domfeld“ (Mt. 12: 37[5]).

Naar Messiasrike kjem, skal dei rettferdige stande upp (Lk. 14: 14; 20: 35, 26; 1 Kor. 15: 22—28; Opb. 20: 4, 5[6]); so kjem den fysste Domen (Mt. 24: 30, 31; Opb. 20:4). Dei uppstadne rettferdige gjeng, samen med dei utvalde som daa lìver, inn i Rike (Mt. 24: 31, 37—43; 1 Tess. 4: 16); og ved Messiasstyre i denne Heimsalderen („Tusundaarsrike“, Opb. 20: 2, 3) vert Mannaheimen lagd heilt under Gud (smf. Opb. 21: 1—4). So kjem den siste Domen (Mt. 25: 31—46; Opb. 20: 12); og naar den er haldin, og alt vondt utreinska fraa Jordi, so dei fysste Ting er burtfarne og alt hev vorti nytt (Opb. 21: 4, 5), daa hev dei rettferdige vunni den heile Sæla; Gudsrike, Himilrike er fullkomi.

Og fysst ved denne siste Domen er det at det vert Tale um Gehenna, den store Reinskingselden; sjaa Mt. 25: 41 og Opb. 19: 20; 20: 10, 14, 15.

Gehenna-Tanken er ukjend i det gamle Testamente; han kom ikkje upp fyrr etter Babylontidi. Namne er jordiskt nok: Ge(h)enna, hebr. Gehinnom, Hinnomsdalen, er Namne paa ein Dal utanfor Jerusalem, der Juda i gamle Dagar hadde blota til Molok (Jer. 7: 31; 2 Kong. 23: 10). Det var ein uhugeleg Stad. Grunnen hev vori vulkansk; det stod som ein Eim i Lufti yvi Dalen. Og Trui var, at Gehinnom ein Gong skulde forvandle seg til ein Eldsjø, der dei verste Israelsfiendane skulde verte uppbrende (Es. 66: 17, 17, 24; Dan. 7: 10—27).

I seinare Tidir vart Rusk og Avfall fraa Byen og annan Ufyseskap, som Kroppar av daude Dyr, stundom og Bròtmanns-Lik, uppbrende i Hinnomsdalen. Og Reinskingselden der brann æveleg, Natt og Dag, daa det alltid var avfall nok fraa ein so vidt stor By som Jerusalem. Og med Svaavel brann Elden, av di det laut vera sterk Eld som skulde faa Ende paa alt dette Avfalle fort nok i so varm ei Luft som den Judæa hadde.

Med all denne Uhyggja, og med Eld og Eldminne og Elddraumar fraa fyrr og no og sidan, yvi og under Jordi, vart Gehenna, Hinnomsdalen, det rette Emne til aa laga eit Helvite av. Og det vart Bilæte paa den siste Straffi yvi Fiendane til Gud og Folke hans.

Elden er Bilæte paa Avdøyding eller paa heil og fullkomi Uppreinsking; som Elden i Hinnomsdalen gjorde Ende paa Avfalle fraa Jerusalem, so skulde den aandelege Gehenna-Elden gjera Ende paa Avfalle fraa Jordi, det som, med alle Guds Hjelperaader og med alt hans Tòlmod gjenom Tidir og Heimsaldrar ikkje hadde lati sig frelse. Elden held seg so lengi han fær Næring; Gehenna-Elden vert stundom kalla „usløkkjande“ liksom Elden i Hinnomsdalen[7]; men det som vert „kasta paa Elden“, „brenn upp“ (Mt. 3: 12; 13: 30, 40; Lk. 3: 17). Og rettvis til det siste er Israels Gud; ei linnare Gehennastraff kom upp jamsides Eldstraffi. Ikkje alt som vart kasta i Hinnomsglupe kom paa Elden; sùmt fall i Steinrøysi utanum og vart liggjande der; soleis skulde i det aandelege Gehenna berre dei store Guds og Israels Fiendar verte brende; andre Syndarar som hadde forherdt seg so dei ikkje kunde kome med i Gudsrike skulde paa annan Maate verte „øydelagde“ (Mt. 10: 28), kasta „utanfyri“, eller i „Myrkre utanfyri“ (Mt. 8: 12; 24: 51; Lk. 13: 28); det var elles Graat og Tanngnistring der med (Mt. 22: 13 o. Tilvisn.).

Gehennabilæte er heilt utnytta i Nytestamente. I Opinberringi, der elles „Myrkre utanfyri“ er burtkomi, vert fysst dei tri store Vondemagtine: Dyre, den falske Profeten, Djevelen, kasta i Eldsjøen (19: 20; 20: 10, 14); og alle som ikkje er „uppskrivne i Livsens Bok“ fær same Lagnad. Dei som fylgjer Dyre og Profeten vert drepne „med Sverde hans som sat paa Hesten“ (19: 21), og dei som er med Djevelen i den siste Striden mot dei heilage vert uppbrende med „Eld fraa Himilen“ (20: 9); men Dauden og Helheimen vert „kasta i Eldsjøen“ (20: 14); og „dette er den andre Dauden“[8].

Men paa eit Par Stadir er noko nytt aat aa arbeide seg fram: Draumen um ein Eld som ikkje er til Uppreinsking, men til „Pinsle“; dei som der brenn, skulde daa ikkje „brenne upp“, men lìva æveleg midt i Elden. Det er vel Forfylgjingane som hev gjevi denne sjuke Draumen Liv: naar Gud lét Forfylgjarane fara fram som dei gjorde mot Borni hans, so maatte han hava tenkt ut ei reint serskilt skræmeleg Straff aat deim. Av ei Skalde-Ordvending er denne Draumen runnin fraa fysste Tid (smf. Opb. 19: 3, der Røyken av det øydelagde Rom stig upp „i alle Ævur“); men i Eimen av Blod og i Røyken av Baal hev han vaksi og etter kvart fengi Livskraft.

Ord som „æonisk Eld“ er komne inn alt i Nytestamente; og etter Opb. 14: 11 og 20: 10 skal Djevelen og Tenarane hans beintfram verte pinte „i alle Ævur“ (Skaldeorde fraa Grunnteksti: eis aiōnas aiōnōn læt seg vel elles best fornorske med: i Ævords Ævur).

Det græske aiōn (gamalt aivōn = lat. ævum) er vaart „Æve“ og tyder: Lìvetid, Alder, og so i det heile Æve; lang Tid[9]; i N. T. er Orde ofte bruka um Heimsalder. Av aiōn er laga aiōnios: æveleg, som varer ei Æve; Orde vert bruka um lang Tid utan faste Grensur; „fraa æoniske Tidir“ (Rom. 16: 25 o. fl. St.) er: fraa dei fysste Tidom; fraa Upphave; fraa Verdi vart til[10]. I „alle Ævur“ skulde daa vera: i alle Tidir; gjenom alle Heimsaldrar. Men, som me hev set, kjem Gehenna-Strafii ikkje fyrr Heimsaldrane er til Endes, eller som det heiter i Opinberringi (10: 6): naar det ikkje lenger skal vera Tid. So lyt daa dei lærde ut med sine Ordleikar um endelaus Tidløyse eller den „endelause Augneblinken“ o. s. fr., som ingin skynar, ikkje dei sjølve heller.

Det som er visst er, at Jesus aldri talar um endelaus Straff; jamvel den største Sundaren skal koma ut fraa Straffestaden naar hna hev „betala den siste Skjerven“. Den æoniske Elden i Mt. 25: 41 maa vera Gehenna-Elden; men „æveleg Pinsle“ veit Jesus inkje um. Orde kolasis som han brùkar i same Stykke V. 46, og som Kyrkjebibelen umsèt med „Pinsle“ („Pine“), tyder etter Ordbøkane Kvisting (aa kviste Hagetre) og sidan Refsing, Tukt, Age; men jamvel „æveleg Tukt“ vert utan Meining, naar det „ikkje er Tid lenger“ og det jordiske Tilvære hev naatt sitt Endemaal.

Det kann daa ikkje vera Læresveinen Mattæus som hev lagt dette Orde i Jesu Munn; det er den vaknande Kyrkja somhev teki til aa leike so smaatt med den „ævelege Elden“[11].

Hjaa Jesus som hjaa dei skriftlærde er Gehenna den store Uppreinsking etter Tidi og Tidtilvære, Reingjeringi til Gudsrike, til den store Sabbaten. Læra um den endelause Helvit-Straffi er likso ukristeleg som ho er meiningslaus. Det vonde, som i sin Grunn er det sjølv-motsegjande, det at Menneskje gjer Uppreist mot si eigi inste Lov, det kann ikkje vera uforgjengelegt; det maa bøygje seg eller brotne. Og sèt me upp eit Helvit, der Guds Skapningar vert pinte Dag og Natt utan Ende, og utan Framgans Tanke eller Von, berre til Auking av eit alltid meir djevelskt Hat til Gud og alt som godt er — og denne meiningslause Pinsla sìt Gud og ser paa og er sæl —, so syndar me verre enn me veit: me gjer Gud, Faderen, til Overdjevel.


  1. Djevelen hev vori god aa hava aa skulde paa. Det er gildare aa segja: Djevelen forførde meg, enn aa stande til, at Dyre i meg fekk Magti.
  2. I Bibelumsetjingange fyrr vart „Helvite“ fraa det nye Testamente innsett i det gamle all Stad der det nokorleis kunde høve; men no hev dei retta dette. I N. T. skal dei og heretter vilja halde seg til Grunnteksti.
  3. Etter Lk. 23: 43 skulde Jesus sjølv fara til dette Paradis.
  4. Dei vonde Andane hadde ein serskild Fangestad: Abyssos (ɔ: Botnløysa, i N. T. umsett med Avgrunnen; Lk. 8: 31; 2 Petr. 2: 4; Opb. 20: 13).
  5. Kyrkjebibelen umsèt: „etter dine Ord skal du verte fordømd.“
  6. Hjaa Lukas (20: 35) er berre ei Uppstòdu nemnd.
  7. Den jordiske Gehenna-Elden vert hjaa Esaias (66: 24) kalla „den Elden som ikkje sloknar“. „Makken som ikkje døyr“ er like eins fraa Hinnomsdalen; det livde mykje Makk i det Avfalle som laag ut-ikring Elden der og rotna.
  8. All Synd som ikkje er tilgjevi fær i denne Elden si endelege Straff (soleis Syndi mot Anden, som etter Mt. 12: 32 „ikkje vert tilgjevi korkje i denne Heimsalderen eller den komande“).
  9. I Mt. 21: 19 vert Orde jamvel brùka um eit Fiketré: „heretter skal det ikkje vekse Alde paa deg i all Æve“ (eis ton aiona) d. e. i all di Tid.
  10. Kyrkjebibelen umsèt aiōnstundom med „Tid“, stundom med „Verdi“, stundom med „Æva“, som daa skal vera den tidlause Eedeløysa me ikkje kann gjera oss Tanke um. Aionos vert umsett med „æveleg“ („evig“) jamt, endaa naar Grunnteksti ingin Tidtanke legg i Orde (som i Joh. 17: 3).
     Men Kyrkjebibelen hev ymist rart — han lyt tenkje paa Kyrkjelæra fullt so mykje som paa Jesu Lære —, so at kor det kan vera med Grunnteksti eller ei: Umskrifti er ikkje „inspirera“.
  11. Lutherkyrkja hev som me veit stroki baade Scheol og Gehenna og sett i Staden sitt eine store „ævelege Helvite“. Kven som skal svara paa Domedag for all den Rædsla, Vonløysa og alle dei Sjølvdraapi, som denne Villmanslæra hev vori Skuld i, det er ikkje godt aa vìta.