H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 107-120).
◄  VII
IX  ►
M
aria Magdalena, og etter dei tri fysste eit eller fleire av dei Kvendi som hadde fylgt Jesus fraa Galilæa, kjem tidleg Fysstedags (Sundags) Morgonen og vil „sjaa til Gravi“ (Mt. 28: 1); vil „salve honom“ (Mk. 16: 1), eller „kjem med angande Urtir“ (Lk. 24: 1); dei veit inkje um at Jesus skal stande upp. I det heile ingin um dette; og endaa skal Jesus etter dei tri fysste fleire Gongir ha spaatt um det (Mt. 16: 21; 17: 22; 20: 19; Mk. 9: 9; 8: 31; 10: 34; Lk. 9: 22, 44; 18:31―33[1]).

Um det som gjekk for seg Sundags Morgonen er Sogone ikkje samsvarande.

Etter Mattæus var det ein „stor Jordskjelv“. Og „Herrens Engel“ steig ned og velte Steinen fraa Gravi og sette seg paa ’n; og til Kvendi (tvo i Tale) segjer denne Engelen um Jesus: han er uppstadin; han gjeng fyri dekon til Galilæa. Kvendi gjeng, ottefulle og glade; mæter so Jesus, som tek upp att det Engelen hev sagt; nokon Stad i Galilæa der dei skal finne ’n nemner ikkje han heller. Dei elleve gjeng til Galilæa, „til det Berge son Jesus hadde fyrisagt deim“[2]; „og daa dei saag honom tilbad dei honom; men sùme tvìla“ (28: 17). Jesus gjev deim Fyrisegnir um Daapen i Ord som er fraa sein Tid[3]; dermed ender Mattæusboki.

Hjaa Markus (16: 1 flg.) er Steinen burtvelt, daa Kvendi (tri i Tale) kjem; det er ikkje nemnt nokon Jordskjelv. Inne i Gravi ser Kvendi „ein ung Mann i kvit Klædnad“; han segjer det Engelen sagde hjaa Mattæus (og nemner dertil Peter; Markus var Peter-Svein). Kvendi flyr i Otte fraa Gravi og „sagde ingin noko; for dei var rædde“ (V: 8). Ei ny Sogu tek til V. 9: Jesus viser seg for Maria Magdalena aaleine, men segjer ikkje noko; ho kunngjer (traa V. 8) Syni for Sveinane; desse „trur det ikkje“; det som Jesus skal ha sagt deim um Galilæa-Møte veit dei inkje um. Endaa ei ny Sogu, V. 12―13, fortèl, at tvo Sveinar hev set den uppstadne („i ein annan Skapnad“) paa ein Veg; ikkje desse heller vert trudde. So kjem i V. 14 den fysste Sogo um at alle 11 fær sjaa Jesus; sidan er ikkje Galilæamøte nemnt. Jesus „lasta deim for deira Vantru og harde Hjarto, at dei ikkje hadde trutt deim som hadde set honom uppstadin“; so sender han deim ut „i all Verdi“ til aa „forkynne Evangelie for all Skapningen“, og segjer Ord fraa ei seinare Tid um Tru, Daap, Fordøming. Fleire og fleire Sogur, fraa seinare og seinare Tid, er her sette laust innaat kvarandre etterkvart som dei hev vorti aalment trudde.

Hjaa Lukas (24: 1 flg.), der fleire Kvende er med ved Gravi (V. 10), er like eins Steinen burtvelt. Tvo „Mennar i skinande Klæde“ segjer fraa um Uppstòdo; Jesus viser seg ikkje. Noko Møte i Galilæa vert ikkje nemnt; Jesus skal i Galilæa berre ha spaatt um Uppstòdo. Og Kvendi „kom Ordi hans i Hug“. Men Sveinane kjem ikkje i Hug desse merkelege Ordi. Og dei trur ikkje det Kvendi fortèl. Det um Uppstòdo „tykkest deim vera laus Tale“; ikkje hjaa Lukas heller hev Sveinane høyrt Jesus spaa um Uppstòdo si. Men peter „stod upp og sprang til Gravi“; der ser han Linklædi. Desse vert nemnde her, til Trygd, vel, mot den Tanken som etterkvart vil vera komin upp (og som vel hev fengi inn det vesle Orde „si“ i Mt. 27:60): at Josef fraa Arimatæa hev flutt Like[4].

Meir enn Lik-Klædi ser Peter ikkje; og han „gjekk heim atter og undra seg yvi det som hadde hendt“. Sogo fraa Markusboki um dei tvo Sveinane paa Vegen kjem her att noko meir utførd (Emmaus-Møte); her syner Jesus seg fysste Gongen hjaa Lukas (som ikkje læt Maria Magdalena hava noko Syn ved Gravi). Daa dei tvo Sveinane kjem og fortèl um Møte sitt med „Herren“ til dei elleve, er desse og komne til Trui; korleis dette hev gjengi til er ikkje fortalt. Men dei vitnar med heil Hug: „Herren er visseleg uppstadin, og er segg av Simon.“ Dette at Peter skal ha set den uppstadne er hjaa Lukas ikkje fortalt; det maa daa seinare vera innført fraa 1 Kor. 15: 5, der Paulus hev „mot-teki“ det. Sogo fraa Emmaus vert med ein Gong trudd hjaa Lukas (smf. Mk. 16: 13). Og trast etter „stod Jesus sjølv midt imillom deim“; og daa dei „endaa ikkje trudde for Glede“ (V. 41; „dei trudde dei saag ein Ande“, V 37), so ét han „eit Stykke steikt Fisk og ei Honningkake for Augo paa deim“. Syne legg i stutte Ord fra Pauluslæra um Lidingi og Uppstòdo og Forlating for Syndine „i hans Namn“ ― det stend „hans“ og ikkje „mitt“ ―; og byd deim vera stille i Jerusalem til dess dei „vert iklædde Kraft fraa det høge“.

Sogune um Uppstòdo hev vaksi etterkvart; Johannesboki hev dei fleste. Og det endaa Jesus hjaa Johannes (13: 31 ― 16: 33) tok saa serskilt Avskìl med Sveinane fyri Lidingi, og ikkje nemnde eit Ord um aa stande upp.

I Johannesboki kjem Maria Magdalena til Gravi „medan det endaa var myrkt“; ho er her aaleine. Korkje Englar eller kvitklædde Mennar vert nemnde; men Steinen er „tekin burt ifraa Gravi“. Det Jesus skal ha spaatt um Uppstòdo hev Maria ikkje meir Fyrisvìv um her enn hjaa dei andre; ho spring til Peter (og til „den Læresveienen som Jesus elska) og segjer at „dei hev teki Herren burt fraa Gravi, og me (?) veit ikkje kvar dei hev lagt honom“. Dei tvo Sveinane gjeng daa til Gravi; „den andre“ kjem fysst, og ser fysst Linklædi; Jesus viser seg ikkje. Peter hjeng inn i Gravi (her fær han vera fysst); i Gravi ser han Linklædi, som det her vert lagt serskilt vel Merke til; Soguskrivaren (eller -Rettaren) fortèl endaa at Sveiteduken „laag burtsveipt ein Stad for seg sjølv“; han hev ikkje komi til aa tenkje paa kor rart det maatte sjaa ut, at den uppstadne skulde ha gjort seg so mykje fyri med Lik-Klædi. „Den andre“ kjem sist inn i Gravi; men han er den fysste som „saag og trudde“ (kva han saag og kva han trudde er ikkje nemnt); „for“, legg Forteljaren til med sin serskilde Provføringskunst, „dei skyna endaa ikkje Skrifti, at han skulde stande upp fra dei daude“. Berre Skrifti vert her nemnt, og ikkje det som Jesus skal ha „sagt i Galilæa“; nokor Tilvisning til det gamle Testamente um Uppstòdo hev Kyrkjebibelen ikkje.

Læresveinane gjeng. Men Maria Magdalena glytter inn i Gravi og ser der „tvo Englar i kvite Klæde“, som maa vera komne nett som Sveinane gjekk ut or Gravi. Desse Englane hev elles ikkje stort aa gjera. Dei spỳrr kvi ho græt; daa ho hev svara paa det, snur ho sseg og ser ein som ho tek for Hagemeistaren; og Englane vert ikkje nemnde meir. Den miskjende Hagemeistaren segjer upp att det som Englane hev sagt og legg til: kven leitar du etter? Ho svarar paa det; han segjer „Maria“; daa „vende ho seg og sagde til honom: Rabbuni! Det er utlagt Meistar.“ Meistaren forbyd henne aa røre ved seg (motsett Lk. 24: 39 og Joh. 20: 27), og gjev for dette ein merkeleg Grunn: „eg er enno ikkje farin upp til Fader min.“ Men ho skal segja „Brørane hans“, at han „fèr upp til min Fader og dekons Fader, min Gud og dekons Gud.“

Maria fortèl Sveinane at ho hev „set Herren“. Um dei trudde vert ikkje serskilt sagt; men for Peter og Johannes vil det ha vori rart aa høyre det ho fortalde. Sidan, og det tvo Gongir, viser Jesus seg for Sveinane daa dei sìt inne um Kvelden for stengde Dørir; fyrste Gongen „andar han paa deim“ og segjer: „tak imot den heilage Ande“ (Forteljaren hev ikkje visst um Kvitsunhelgi); Sveinane fær og her den Magti til aa forlata Syndir som dei etter Mattæus hev fengi fyrr (Mt. 16: 19; 18: 18), men som ikkje er nemd hjaa Markus og Lukas. Ved det andre Møte fær Tomas Tvilling serskilt sjaa og kjenne Saari i Handane og i Sida; i si store Forundring ropa han: „min Herre og min Gud;“ dette Rope klinger so lite israelitiskt, at det ― samen med heile Sogo ― vert eit Vitnemaal meir um at Johannesboki er fraa sein Tid. Ho endar med Stykke 20; sidan hev det vorti lagt til eit Stykke um eit Møte millom Jesus og Sveinane, som skal vera komi i Stand i Galilæa likevel; Emne i denne Sogo er Spursmaale um kven som er størst: Peter eller Johannes.

I Apostelgjerningar syner Jesus seg i 40 Dagar (smf. Mk. 1: 13; 40 Dagar er ei serskilt heilag Tid fra Gamletestamente) og talar med Sveinane „um det som høyrer til Guds Rike“; noko nytt syntest han elles ikkje hava sagt. Det siste Vitne um Uppstòdo er Paulus, som etter 1 Kor. 15: 4―6 hev „mot-teki“, at Jesus er „uppreist tridje Dagen efter Skriftine“, og at han „vart sédd av Kefas“, „deretter af dei 12“ (11 vel?), so „av meir enn 500 Brørar paa ein Gong“, so „av Jakob, og deretter av alle Apostlane“; Sogune hadde i det heile ikkje fest seg enno.

*

At Trui paa Uppstòdo kom upp er ikkje vant aa skỳna.

Etter det alt-umstøytande Golgata-Hende galdt det bera eller breste for Jesus-Sveinane. Det galdt den høgste og dyraste Livsens Von, for deim sjølve, for Folke deira, for Menneskja. I slike Stundir kann jamvel dei klokaste koma ut for meir enn dei sidan skỳnar.

Me maa dertil hugse, at det i dei Tidine var mindre klaar Skilnad paa mògelegt og umògelet enn det for oss er. Naturlovir i vaar Meining av Orde var ukjende; Magtir som elska, hata, vilde, ynskte paa Lag som me, styrde Verdi; galdt det paa, var alt mògelet. Naar den øvste Magti baud ― og ho baud naar det i Aalvor turvtest ―, var det ikkje meir utenkjande at ein daud vakna enn det elles er at ein dvaleslegin eller svevnbundin kjem til seg att.

Ja det hev for Sveinane vori lettare aa tru at Messias kunde stande upp fraa dei daude enn aa tru at han kunde døy. Og her galdt det meir enn det elles nokon Gong i Verdi kunde gjelde. Var Jesus daud, so var Messias-Voni sløkkt; Heidningane vilde traakke Israel heilt under seg, og med Israel Verdi. Djevelen vilde ha vunne; Gudsrike var for all Tid øydt. Men lìvde Messias trass i Dauden ― og naar det kom til Stykke kunde han ikkje i vanleg Meining vera daud ―; var det so, at Dauden paa gaatefull Maate høyrde med til Messiasverke men ikkje kunde halde Messias sjølv fast, ― daa vilde alle Vonir ny-vakne.

Han var ikkje daud; han kunde ikkje vera daud. Den store Meistaren, som ung og sterk hadde haldi Kveldverd med deim for eit Par Dagar sidan, han hev aldri kunna poaa vanleg Maate døy; Uppstòdo-Tanken hev vakna fyrr nokon vaaga aa nemne ’n. Og til Sveinane er han komin som ei Livsens Redning, vonbrotne og raadlause som dei der gjekk, men inkje Menneskje[5] og knapt lenger nokon Gud aa hald seg til; hjaa deim hev Tanken vunni Magt, so snart han var uppkomin.

Det hev ikkje vori lett aa vaage det fysste Sprange: tru, og vedkjennast ei slik Tru; sett i Ord vart ho so reint for vaagleg og urimeleg. Og lite var der aa halde seg til. Maria Magdalena, kva var vel det; sjau vonde Andar var drìvne or henne; dei kunde vera farne i henne att. Eller ho kunde ha set Skrymt. Men sjølve den lìvande Messias var det dei maatte hava. Han laut vel fraa deim att for eit Bìl; han skulde samle alle Himil-Magtine til den siste Striden, og det var visst ikkje paa ein Dag gjort; men berre dei visste at han lìvde, at han ikkje var bunding i Naaheimen, ― dei vilde sjølve vakne til nytt Liv.

Og so sterkt vart Krave i deim, at Mode til Vedkjenning kom. Eit Par av Sveinane hev raaka ein Mann som tala soleis at dei kom til aa minnast Meistaren; og denne Mannen, han kom ifraa deim att so forunderleg braadt... det hev vori Meistaren. Naar dei rett skal tenkje seg um, so var han lik Jesus, so lik Jesus som ventande kunde vera naar han nett var uppstadin fraa dei daude. Det hev vori Jesus. „Vart ikkje vaare Hjarto brennande i oss, da han tala til oss paa Vegen og lét Skriftine upp for oss?“ ― Dei vaagar seg til aa fortelja det...

Mykje var der ikkje aa halde seg til. Men no viser det seg, at i Grunnen hev dei alle gjengi aa vona paa dette. Det som turvtest var berre eit trufyllt Ord. Naar det er sagt trur alle. Han er uppstandin!Simon Petrus vitnar um det med ein Eldhug so ingin kann vera i Tvil: han hev sjølv set Herren. Sogune og Synine veks. Sveinane vert hugheile, sterke, varme, fær ei ny, rik, glødande Tru dei fyrr ikkje hev visst um. Sjølve Skriftine fær ny Meining. Herrens Profetar hev set det, visst det: han skulde døy, og han skulde stande upp. Alle vaare Vilkaar skulde han freiste; jamvel vaar siste Fiende skulde han vinne paa; han maatte stande upp; han er sandeleg uppstandin. Den som ikkje trur er blind. Den som ikkje trur er dømd; utestengd; Anathema. Eit nytt Krav er komi upp: Krave um Tru. Og den fysste Trudomssetningen er fastlegin; Grunnsteinen er lagd til det som sidan vart Kyrkja.

Live nykveikjest. Mange Dagar er ikkje gjegne; enno sìt dei helst inne for stengde Dørir, rædde den haøvframande Storbyen som luktar av skuldlaust Blod. Men dei bed med kvarandre, og profeterar for kvarandre; og di meir Trui sterknar, di meir kjem dei i Lag. Vonine veks og klaarnar. No tek dei til aa skỳna Meiningi: enno eit Bìl er Messis-Komo utdrygd; Gud er god; enno vil han hjelpe mange af Israel inn i Messiasrike. Alt ljosnar og fær Meining, no daa dei veit at Meistaren lìver og er med deim. Dei er jamt saman, og bed og vitnar og ordskifter um det Arbeide som no skal taka til: den siste Freistnaden paa aa vinne Israel. Anden er yvi deim; stundom kjem han yvi deim i framifraa Maal. I serskilt von-rike Stundir kjenner dei det tydeleg; det gjeng som Skjelvingar gjenom Rome der dei sìt (Apg. 4: 31); og Ljosblink eller Luftstraalingar som skal kunne vera so forunderleg sterke der nede stundom, viser seg for deim. Paulus-Sveinen Lukas fortèl i Apg. 2 um ei serskild Ande-Sending i Samanheng med Peters fysste Framtræde i Jerusalem; daa vart, segjer han, paa ein Dag heile tri tusund Israelitar inn-vunne i Messiasrike.

*

Jesus-Sogo hev lìvt og vaksi ei god Stund etter Aposteltidi; det siste som hev funni Róm i Bøkane (um elles berre i tvo av deim, og so i Apostelgjerningar) er Fraasegni um Himilferdi.

Det hev vorti ein sjølvsagd Ting for Kyrkjelyden, at Messias ― liksom Fyribilæte Elias ― laut vera farin til Himils paa synleg Maate; skulde han vise seg „i Himilskyom“ ved Attkòmo, so laut han ha vist seg der ved Burtferdi med. At Himilferdi var spaadd i Skriftine hev o etterkvart vorti framfunni (Salm. 110: 1). So gjekk det med Himilferdi som med Uppstòdo: Tanken skapte Trui og Trui Sogo.

I Lukasboki (24: 51) er ho vel innkomi fysst; ho er der sagd med tri Ord: han fór upp til Himilen. Markus (16: 19) hev eitt lite Drag til (fra Salm. 110: 1): han sette seg ved Guds høgre Hand. I Apostelgjerningar (1: 9―11) kann ein segja at Himilferdi hev vorti Sogu; der viser dei seg daa au, dei tvo kvitklædde Mennane fraa Uppstòdo i Lukasboki, og segjer det som den fysste Kyrkja so gjerne vilde høyre: „denne Jesus, som er tekin fraa dekon til Himilen, han skal koma atter paa same Maaten som de saag honom fara til Himils.“

*

Det som i denne fysste Tidi var visst var, at dette var den siste Tidi.

Tidi er nær, vert det sagt i alle Apostelbrev som kjem inn-paa Emne; sjaa t. D. Jak. 5: 8, 9; 1 Petr. 4: 7; 1 Joh. 2: 18; 1 Kor. 10: 11; Filipp. 4: 5; 1 Tess. 4: 14―17; Hebr. 10: 37. Og Jesus-Sveinane lengtar; hardt er for Israelsborni dette Heidningvelde aa halde ut. I Opinberringi vert Lentingi til Skaldskap; Jesus sjølv spaar um dei Ting „som snart skal hendast“; sistpaa segjer hans: „sjaa, eg kjem snart.“ Og Boki endar med eit Ord som ein trygt kann segja er Svare fraa heile denne fysste Tidi: „Amen; ja, kom Herre Jesus.“

Etterkvart hev sùme funni at Herren var „langdrygin med Lovnaden“. Til desse vert det sagt at det ikkje er so; Herren er berre langmodig med oss, av di han vil at alle skal koma til Umvending. Og „dette eine maa dé ikkje sleppe or Syne, mine kjære,“ legg Upphavsmannen til 2dre „Petersbreve“ lempande til, „at ein Dag er for Herren som tusund Aar og tusund Aar som ein Dag!“


  1. Johannesboki hev berre ein Spaadom um Uppstòdo (2: 19), og den er uklaar som Spaadomar skal vera, so den kunde Sveinane ha høyrt og ikkje skyna.
  2. Bibelutgjevarane viser til Mt. 26: 32; men der er inkje Berg nemnt.
  3. Apostelgjerningar kjenner til ein Daap i Jesu Namn; men Mt. 28: 19 talar um ein Daap i Namne til Faderen, Sonen og den heilage Ande.
  4. Josef var fraa „den jødiske By Arimatæa“ (Lk. 23: 51) og ikkje fraa Jerusalem; i alle Tilfelle var han ein velvyrd Mann (etter Mk. Og Lk. jamvel „Raadsherre“ eller „Raadsmann“) og hev ikkje havt Gravir for seg og sine paa ein Rettarstad. Men Fredags Kveldingi hev det ikkje vori Tid til aa føre Like til den rette Gravstaden; han hev lagt det inn i ei Grav han hev funni tom, og føt det burt straks den strengaste Helgi var til Endes.
  5. Korkje Nikodemus eller Josef fraa Arimatæa er nemnd i denne Tid.
     Josef fraa Arimatæa hev vel, etter som me kann tenkje, visst Samanhenge med at Steinen var burtvelt fraa Golgata-gravi den Sundagsmorgonen. Og daa han sidan fekk høyre at Messias skulde vera uppstadin, hev han ikkje havt Hjarta til aa segja Sanningi, av dei han skyna kor mykje det her for Jesu Sveinar galdt? Ja Trui paa den uppstadne Messias kunde verte til Frelse for sjølve Israel, hev han tenkt?