Det va kje 1 mann som
fann op dampmaskina;
det va ei heil ra av
insjenøra.

R. Stephenson.


Denis Papin aa eimbaaten hans va longe gløymd, daa engelsmannen James Waatt fek til dampmaskina si, aa no va det ti aa freiste denne maskina paa skip. I 1784 kom ein amerikansk insjenør til general Washington med ein model til ein baat med vanlege aara, som vart drivne med damp(gove)-kraft. Aa noko etter gjore han istand ein baat etter denne modelen. Om somaren 1787 skulde baaten gjere fyrste turen sin fraa Filadelfia aa op Delaware-elva. Washington aa Benjamin Franklin, som liksom kjende paa seg, at ei ny ti vilde sige op, va med baae tvo. Daa aarane tok te arbeie, endaa der ingre rorskara va, aa daa baaten tok te pile iveg mot straumen aa den svarte røyken gova op fraa den lange røyra midt i baaten, daa vart der nok undring hjaa dei som sto aa glana etter han. Baaten gjore væl 5 fjordinga i timen — mot straumen.

Der kom liv i forretningsfolke no. Eit lotlag kom istand for aa gjere seg opfinninga til nytte i det praktiske liv. Franklin gjek i fyreenden. Aa John Fitch fek eineret til aa drive dampbaatfart i 5 stata. Penge strøymde in til han. Aa so ga han seg iferd med ein mykje større baat. Men han hadde berre uøvde smea til aa hjelpe seg, so det vart maateleg arbei. Den nye baaten gjek paa langt nær ikkje so fort som den fyrste. Folk miste trua. Pengemennene smaug seg unda. Men nokre bra folk va der daa som hjelpte han, so han fek vøle paa maskina, so baaten kom te gaa 2 mil i timen. Men daa kostnaen vart so umaateleg aa intekta so lita, miste folk reint trua. Det vilde kje føre til noko, meinte dei. Fitch sa, at ein gong i tia skulde baatane hans gjere tur over Atlanterhave. Men daa log folk aa meinte, at John Fitch berre va eit upraktisk narr, ein idealist som kanskje helst burde sendas paa daarehuse.

Han dreiv daa paa med aa vøle paa maskina si endaa eit bil. Men der vart mindre aa mindre av penge, aa meir aa meir av mistru aa spott. Lotlage vilde kje hjelpe han meir, endaa han ba dei so hjarteleg aa greidde ut for dei, kva framtissak dette vilde bli. «Dagen er nær, daa dampbaata skal gaa over Atlanteren,» sa han. Men dei berre log. Mistrudd aa forlaten vart han av alle, aa so drog han til Frankrike for aa freiste der.

Han landa i Lorient med got skotsmaal fraa den franske konsulen i Filadelfia; men det hjelpte inkje. Ingen brydde seg om slikt der. Alt va i røre av krigen. — Fitch vart gla daa han trefte ein tingmann, som han va kjend med fraa Amerika. Men so vart denne tingmannen halshoggen, aa Fitch sto att pengelaus aa venelaus. Han vart sistpaa nøyd aa gaa til den amerikanske konsulen aa tigge seg reisepenge heimatt.

John Fitch hadde levt berre for denne tanken. Naar det slo imist, hadde han ikkje meir aa leve for, totte han. Hugverk aa tungsinn vann paa han. I ølhuse freista han aa gløyme sin motgang; men det lukkas nok ikkje. Daa han ein kveld snørk seg op over elvebakkane ved Deleware, der han hadde fare med den merkjelege baaten sin, full av von aa drauma om ei gild framti, daa kom hugverken over han som ei nat. — Fraa ein berghamar kasta han seg i fange aat Deleware. Aa straumen jamna snart burt baareskole etter den vanlukkelege opfinnaren.