Åpne hovedmenyen

Josva Heilmann

Det fyrste merkjelege med Josva Heilmann er at han va rik. Baade han sjøl aa kona ervde store slumpa, so det tilsaman bar op til ein hal million francs. Men opfinningsdevelen tok han, tras i rikdomen. I kring Elsaz, der han budde, va mange fabriker, aa ein av fabrikeigarane hadde lovt ut ein premi aat den som kunne finne ut ei ny maskin til aa karde bomull med.

Heilmann fek nys om dette aa ga seg ikast med tanken. Han va ingen jypling; han hadde lenge styrt ein maskinverksta aa blant anna gjort ei brodermaskin som arbeidde med 20 naaler paa ein gong. Han hadde vølt om vevstaen, so tvo vevja kunne vevas samstundes; gjort ei maskin til aa faa vevten (islætta) i med, aa ei maskin til aa mæle aa felle saman tye med. — Men denne kardemaskina vart nok verre aa faa til enn han hadde tenkt.

Fleire aar dreiv han med aa granske aa gruble, aa des floknare det saag ut, til hissugare vart han. Dyre reiskap laut han koste seg til kvar ny idé han fek. Aa naar det daa slo klik som det alti gjore, kasta han reiskapa ikraa aa tok fat fraa nyo. Han dreiv paa, til han ikkje aatte ein skjeling att av al sin rikdom. Han vart so fatig, at han laut laane det han skulde leve av. Samstundes va vanlukka ute etter han paa andre maata. Kona hans døe; aa det tok so paa han, at han laut reise utor lande aa kom seg til England der han prøvde livnære sine tvo døtrer aa seg sjøl, som han best kunne.

Men kardemaskina kunne han kje gløyme. Han gjore ein model som han synte ein engels fabrikant; men denne brydde seg kje stort om modelen hans. — Motlaus aa lei av dei seige engelsmennene reiste han attende til Frankrike med hovue fullt af modela til maskina si.

Men ein kveld som han sat heime paa rome sit, fortenkt aa sutsam over kor ille ein opfinnar maa ha det, kom han av vanvare til aa sjaa paa døtrene sine som sto aa kjemde kvarandre. Han la merke til kor lett aa rørlegt handa fek kamben til aa glie jenom det lange haare. »Kunne eg i maskina mi faa til det handelage der med aa drage fram dei lange haara aa skyve dei stutte attom, so vilde eg sanneleg vere ovapaa«, tenkte han for seg sjøl.

Aa so tok han paa att med ny kraft aa nyt mot. Over 7 aar grubla han baade nat aa dag før han fek tenkt ut kor maskina skulde vere. Aa endaa gjek der nokre aar før han fek modelen istand. Men so va no og alt so makelaust uttenkt, at ingen hev seinare kunna gjort noko betre. Ein engels insjenør hev sagt, at maskina hans Heilmann arbeier so lett aa varlegt som skulde det vere kvinnehender som førde kambane. Ho kjember bomullstottane fraa baae enda, legg trevlane jamsies, skil dei lange haar ifraa dei korte aa sanka dei i bundta«.

Bomulls-spinnarane i Manchester skyna trast kva verd denne maskina vilde faa. Ei 5—6 stykkje slo seg saman aa kjøpte eineretten for 750,000 francs. Ullspinnarane ga like mykje for aa faa bruke maskina aat ull, aa fabrikantane i Leed ga 500,000 francs for aa faa bruke ho aat lin.

Penge strøymde no in til Heilmann i haugevis. Men dei kom forseint. Utsliten af tankearbei aa næringssut døe han i 1860.

Likare gjek det heller ikkje med Thimonnier.