Åpne hovedmenyen
«Den 17. Mai» (s. 194).

Me vita, at me ero gjengne yver fraa dauden til livet, for me elska brøderne; den som ikkje elskar broderen, vert verande i dauden. (Joh. iste brev III, 14.)

Men den som heve gods av denne verdi og ser sin broder hava trong og læt sitt hjarta att fyre honom, korleis kann kjærleiken til Gud verta verande i honom? (smstd. III. 17).

Mine born, lat oss ikkje elska med ord og ikkje med tunga, men i gjerning og sanning! (smstd. III. 18.)

Kjærleiken er av Gud, og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. (smstd. IV. 7).

Den som ikkje elskar, kjenner ikkje Gud ; for Gud er kjærleike. (smstd. IV. 8).

Ingen heve nokon gong set Gud; elska me kvarandre, so vert Gud verande i oss, og hans kjærleike er fullkomen i oss. (smstd. IV. 12).

Gud er kjærleike, og den som vert verande i kjærleike, vert verande i Gud, og Gud i honom, (smstd. IV. 16).

Dersom nokon seier: «Eg elskar Gud,» og han hatar sin broder, han er ein ljugar, for den som ikkje elskar sin broder som han heve seet, kor kann han elska Gud som han ikkje heve seet? (smstd. IV. 20).

Kapittel: I II III IV V VI VII VIII IX X XI XII
I.

Det var eingong ein skomakar som hadde leigt seg inn hjaa ein bonde ut paa landet. Sjølv hadde han korkje hus elder jord, men daa han sat med kone og baan, maatte han sjaa slaa seg igjenom so godt han kunne med handtverket sitt. Føda var dyr det aaret, og arbeidet vart kleint lønt, so det vesle han tente gjekk med etterkvart. Skomakaren og kona hans hadde berre ein pels som dei brukte skiftevis, og han var tilmed so sliten at fillorne slang, so skomakaren no i halvtanna aar hadde vore paa veg til aa kjøpa skinn til ny pels.

Ut paa hausten hadde han fenge skrapa saman nokre skilling: tri rublar laag gjøymde hjaa kona i dragkista, og sjølv hadde han fem rublar og tjuge kopek til gode hjaa bønderne i landsbyen.

So tenkte han med seg ein morgon, at no skulde han daa gaa til landsbyen og sjaa faa kjøpt skinn til ein pels. Etter morgonmaten tok han paa seg kufta til kona, tok ei vadmelskaape utanpaa, stakk tri rublar i lumma, reiv ein staur utor gjerdet til stav, og rusla so iveg, med’ han tenkte: «Naar eg no fær dei fem rublarne hjaa bøndrane, legg eg dertil dei tri rublarne som eg hev, og kjøper skinn til ein pels.»

Skomakaren naadde landsbyen seint og sidan, og gjekk inn til ein av bøndrane som han hadde til godes av. Mannen var ikkje heime, men kona lova at ho skulde senda han pengarne i den vika. So gjekk skomakaren inn til den næste; men han svor høgt og dyrt paa at han ingi pengar hadde, og betalte berre tjuge kopek for det siste skoparet som skomakaren hadde bøtt aat han. Denne tenkte no aa ta skinni paa borg, men skinnhandlaren var av ein annan meining. — Nei, kom fyrst med pengarne, sa han, so kan du sjølv velja deg kva skinn du lyster. Eg bryr meg ikkje um aa gi noko paa borg. Eg veit nok kva det vil seia, naar ein skal gaa rundt og krevja det ein hev til godes.

Soleis kunne skomakaren no gaa heimatt med so gjort. Tjuge kopek som han fekk for skorne han hadde bøtt, og eit par gamle filtsko som ein bonde gav han til bøtings, — det var alt han hadde for umaken.

Skomakaren gjekk harma seg ei stund, drakk so upp dei tjuge kopek i brennevin og gav seg paa heimvegen utan pels. Um morgonen daa han fór heimanfraa, hadde han tott det var kjøle; no derimot daa han hadde fenge brennevinet til livs, kunne han godt halda varmen utan pels. Han fór burtetter vegen, svinga med filtskorne i den eine handi, og hamra paa dei frosne smaasteinarne med stokken som han bar i den andre handi, og prata med seg sjølv soleis:

— Eg er no varm utan pels. Eg fekk meg ein peil, og det hitar i heile kroppen so det er hugnad. Paa den maaten hjelper ein seg utan pels. Eg gjeng min gang, og læt fem vera jamt. Slik ein kropp er eg! Kvi skulde eg ta meg nær av det? Eg skal nok greia meg utan pels. Um eg so aldri fær pels, kan det vera slikt slag. Det er berre det ved det, at kona vil gaa hanga med nebben no att. Ei skam er det og, naar ein rett tenkjer seg um. Der hev ein gjenge og arbeidt aat han, og so held han meg vekk med snakk. Men vent du berre! Fær eg ikkje pengarne, so tek eg huva di i pant, ja min sant gjer eg so! Hev ein set maken? Vise meg av med tjuge kopek! Kvart kjem ein med tjuge kopek? Det er daa berre til aa drikka upp, ikkje meir. Det knip for han med aa slaa seg igjenom, seier han. Men knip det for han, so knip det vel likso hardt for meg. Han hev baade hus og jord og fe og alt, han; men eg hev ikkje anna det eg gjeng og stend i. Han kan baka braud av sitt eiget mjøl, men eg maa kjøpa det eg brukar; og kvar eg so tek pengarne, maa eg ut med tri rublar for vika berre til braud. Naar eg no kjem heim bid det ikkje saad i hus. So maa eg ut med halvannan rubel. So eg hev nok orsak til aa be um aa faa det eg hev til gode.

Skomakaren var no komen fram til den vesle kyrkja som stod der ved vegsvingen, og daa han gløste upp, timde han noko kvitt attum den eine kyrkjenovi. Han saag betre etter, men det var alt so skymt, at han kunne kje verta klok paa kva det var han saag. Ein stein kunne det ikkje vera, han maatte isofall ha set den um morgonen daa han gjekk langsmed. Helder ikkje var det likt til hest elder ku. Ein skulde helst tru det var eit menneskje. Men nei. Det kvite han saag kunne daa ikkje vera eit menneskje. Og kva skulde eit menneskje her paa denne dagsens tid.

Som han gjekk i desse tankar, var skomakaren komen heilt upp til kyrkja. Men det var daa underlegt! Det var mi sann eit menneskje som sat splinter nake og studde seg upp til veggen utan aa røra paa seg. Tru han er livande elder daud? Det gjekk kaldt gjenom skomakaren, og han tenkte: «Der hev dei slege ihel eit menneskje, teke klædi av han og late han liggja her. Gjekk ein burt til han no, kunne ein faa so mykje aa svara for, at ein naudt kunne greia seg ifraa det.»

Skomakaren gjekk framum, svinga um kyrkja og miste mannen avsyne. Men daa han hadde gjenge litt, kunne han ikkje dy seg, men snudde um, og saag no kor mannen hadde rett paa seg, og liksom glodde etter noko. Og hadde kje skomakaren vore rædd fyrr, so vart han det no. «Skal ein snu, elder gaa vidare?» spurde han seg sjølv. «Snur ein, kan ein gjerne koma gale i veg. Kven kan vita kva menneskje dette er, elder kva han hev gjort, sidan det hev gjenge soleis med han? Gjeng ein no burt til han, og han fer upp og tek ein so i kverken at ein vert av med livet med det same? Og skulde han ikkje ha det paa den maaten, kan ein faa mas nok med han lel. Kva skal ein gjera med han, naken som han er? Ein kan daa ikkje klæda seg sjølv naken og gi burt det siste ein eig. Gud gi ein berre var væl herifraa!»

Skomakaren gjekk vidare og var alt komen eit godt stykke fraa kyrkja, daa samvitet slo han, og han vart standande midt paa vegen.

— Kva er det du gjer, Semjon? sa han til seg sjølv. — Der ligg eit menneskje og umkjemst; men du vert rædd og gjeng framum. Hev du kanskje vorte so rik no med éin gong og er rædd dei skal plundra deg for all din rikdom? Det er ikkje pent av deg, Semjon! Med desse ord snudde han og gjekk burt til mannen.

II.

Daa han var komen so nær at han kunne sjaa, viste det seg at det var ein sterkbygd ung mann som ikkje hadde lide minste overlast paa kroppen; han var berre fælt forfrosen og forskræmd, og sat studde seg upptil veggen utan aa sjaa paa Semjon, og saag ut til aa vera so avkrefta at han ikkje kunne faa upp augo desmeir.

Semjon gjekk no tett upp til han, og i det same var det som den unge mannen raadde ved seg. Han vende hovudet, opna augo, og saag paa Semjon med slikt eit godt augnelag at Semjon vart glad i han med ein gong. Han kasta filtskorne, løyste beltet og tok kaapa av seg.

— No kan det vera nok med det pratet, sa han. Sjaa du kjem deg i klædi; men lat det gaa litt snøgt.

Semjon tok framandmannen under armen og hjelpte han upp. Den unge mannen reiste seg. Semjon saag no at baade armar og føter var heile paa han, og vart baade gild og sæl ved den fagre lekamen og det eigna gode augnelaget. Semjon breidde kaapa over herdarne hans; men framandkaren kunne kje faa henderne inn i ærmarne. Semjon hjelpte han, drog kaapa um han og snørde godt til med beltet. Han vilde og ha teke av seg den gamle fillute huva si aat den berrhovda guten, men det vart for kaldt um hovudet, og so tenkte han som so: «Eg er so snaud i skolten som eit egg; men han hev rett ein god krulltopp. Han skal helder faa paa seg filtskorne.

Han bad den unge mannen setja seg ned og hjelpte han med aa faa paa seg filtskorne. Daa det var gjort, sa han:

— So, kammerat! Sjaa no til du kan leda paa deg og verta varm. Kva desse sogorne vedkjem kjem, so vert dei nok greidde utan oss. Du kan vel gaa.

Den unge mannen stend og ser paa Semjon so augnekvarmane vatsflyg, men kan ikkje seia eit einaste ord.

— Kvi git du ikkje eit ord? seier Semjon. Me kan daa ikkje overvintra her, veit eg, me lyt sjaa koma i hus. Der hev du staven min, stød deg paa den um du er veik til fots. Sjaa no du kan røra paa deg!

Hermed gjekk dei. Den unge mannen var lett paa foten og fylgde godt med. Med’ dei gjeng seier Semjon til han:

— Kvar er du ifraa?

— Eg er ikkje her or bygdi.

— Nei, det kan eg nok sjaa. Eg meiner, kor kom du til aa liggja her ved kyrkja?

— Det hev eg ikkje lov til aa seia.

— Dei hev nok vore stygge med deg.

— Det er ingen som hev gjort meg noko. Det er Vaarherre som hev tukta meg.

— Ja visst, alting kjem fraa Gud; men eit menneskje maa daa ha ein stad aa ty til. Kvart skal du av?

— Det er meg plent det same.

Semjon undra seg: slik ein vakker ung mann, so mild i sin tale, og vilde kje seia kven han var. Men so tenkte han: «Der er so mykje som ein ikkje forstend», og sa:

— Ja ja, so fylg meg daa, so du kan koma litt til krefter.

Imedan so nærma dei seg huset der Semjon budde. Framandkaren gav seg ikkje etter, men gjekk stødt jamsides med han. Det tok til aa blaasa. Semjon merka kor vinden aat seg inn under skjorta; rusen heldt paa dovna av og han tok til aa frosa. Han drog kufta tettare um seg og tenkte: Jau det var ein rar pels eg fekk meg denne gongen.

Istaden for pels som eg gjekk etter, kjem eg heim utan kaape og hev attpaa med meg ein landstrukar som ikkje eingong hev klæde paa kroppen. Matrøna vil nok ikkje skreppa av den handelen.» Berre han kom ihug Matrøna, vart han i ulag. Men daa han snudde seg og saag felagen sin og kom ihug det gode augnelaget, vart han glad og lett um hjarta.

III.

Medan mannen var burte hadde Matrøna gjort alt istand heime. Ho hadde baade hogge ved og henta vatn, gjeve baani mat, ete sjølv, og undradest no berre paa um ho skulde setja deig til kvelden elder venta med det til um morgonen. Det var enno ein stor skalk att.

«Hev Semjon ete til middags i landsbyen,» tenkte ho, «og ikkje treng stort til kvelds, so hev me braud nok til imorgo.»

Ho snudde og vende braudskalken i handi og tenkte: «Nei, eg vil daa ikkje setja deigen i kveld. Der er berre mjøl aat eit braud til. Paa den maaten hjelper me oss til fredags.»

Dermed gjøymde ho braudet og sette seg til aa sy ei bot paa skjorta aat mannen, med’ ho grona paa kor han no vel hadde bore seg aat med aa kjøpa skinn til pelsen.

«Berre ikkje skinnhandlaren hev narra han. Han er so lite fyre seg, aalmosen. Sjølv snyter han ingen, men reine baanet kan narra han. Aatte rublar er mange pengar. Ein kan kjøpa godt skinn til den pris. Um dei ikkje er barka, so kan ein daa altid faa seg ein pels av dei. Naar eg rett tenkjer paa kor hardt det var for oss fyre vinteren me ingen pels hadde. Ein kunne korkje gaa etter vatn elder nokon stad. No gjekk han og tok med seg alt det me hadde, so sjølv hev eg ingen ting aa ta paa meg. Han maa no elles snart vera her. Berre han ikkje gjeng paa vertshuset, gamle kroken!»

I det same gniksa det i troppi, og det var einkvan som tok i døri. Ho la saumen fraa seg og gjekk ut i framstova. Der fekk ho sjaa Semjon og ein framand bonde, som fylgde med han berrhovda og med filtsko paa føterne.

Matrøna kjende svint at det lukta brennevin av Semjon. «So hev han daa vore paa ølstova!» tenkte ho. Men det var endaa ikkje det verste. Daa ho saag at han ingi kaape hadde, men berre kufta, ingen ting hadde med seg og berre stod der og ikkje visste kva han skulde seia, vart ho harm til gagns. «Der hev han drokke upp alle pengarne», tenkte ho, «sjaua og tura med denne landstrukaren og dreg han so attpaa med seg heim!»

Ho rudde plass og bad dei inn i stova; sjølv fylgde ho etter og gav seg til aa skoda paa framandkaren. Det var ein bleik og mager ung mann. Kufta han hadde paa seg var deira; han var berrhovda og hadde ingi skjorte under kufta. Han stod paa ein stad og rørde seg ikkje av flekken. «Det maa kje vera noko godt menneskje, di han han er so rædd», tenkte Matrøna, gav seg sur og vond burt til omnen, og venta paa kva som so skulde koma.

Semjon tok huva av seg og sette seg audmjuk paa benken.

— No, Matrøna, seier han, læt du oss ikkje faa noko aa eta?

Matrøna mumla noko millom tennerne, men rørde seg ikkje av flekken, og saag snart paa den eine, snart paa den andre, og riste paa hovudet. Semjon saag nok at kona var ute av seg, men det var ingi raad med det; ein fekk læst som ein ikkje merka det. Han tok framandkaren i handi.

— Set deg ned, go ven, sa han, so skal me eta til kvelds.

Framandmannen sette seg ned paa benken.

— Kanskje du hev ingen mat laga? spurde Semjon kona si.

— Jau, kvesste Matrøna i; ho var no sint for aalvor; men ikkje aat deg. Eg ser du hev drukke vitet av deg. Du gjekk ut etter ein pels, men kjem att kuftelaus og dreg attpaa denne nakne raklefanten med deg. Eg hev ingen kveldsmat til slikt folk.

— No, no, Matrøna, lat no det so vera. Du skulde helder fyrst spyrja kven mannen er ...

— Kvar hev du gjort av pengarne, spør eg deg!

Semjon tok nedi lumma etter dei tri rublarne, og la dei paa bordet.

— Her er pengarne. Eg fekk ingen ting hjaa Trifonor. Han lova aa koma med det imorgo.

Matrøna vart berre meir og meir harm paa mannen: han hev ingen pels kjøpt, gjeve den siste kaapa dei aatte til ein naken rekekjepp som ingen kjenner, og drege han med seg heim.

Ho treiv setlarne, skunda seg aa gjøyma dei og mulla for seg sjølv:

— Eg hev ingen kveldsmat. Me kan ikkje føda paa alle dei nakne fyllefantarne som raklar etter landevegen.

— Men Matrøna, hald daa styr paa deg. Høyr fyrst kva ein hev aa seia deg ...

— Det er rett sætande kva ein full mann seier! Mor hadde rett daa ho ikkje vilde at eg skulde gifta meg med deg. Lereftet som ho gav meg drakk du upp; pengarne du skulde kjøpa pels for drakk du upp...

Semjon vilde retleida kona si um at han berre hadde drukke upp tjuge kopek, vilde fortelja henne kvar han hadde funne den unge mannen; men han fekk ikkje ord for seg. Munnen gjekk paa henne i eit vekk, og der var ikkje den ting ho ikkje trakte i han, like til slikt som var hendt for ti aar sidan.

Ho var enno ikkje ferdig paa langt nær, daa ein ikkje visste ord av fyrr ho fór burt til Semjon og treiv han i ærmi.

— Kom med kufta! ropte ho. — Det einaste plagget eg hadde kunne du ta fraa meg og lata meg gaa naki. Jau du er ein herleg kar! Kom med henne, seier eg, elles skal eg gi deg!

Semjon gav seg til aa draga kufta av seg, og foret i den eine ærmi kom daa til aa snu ut. Matrøna treiv i trøya so det rimna etter saumen, drog ho til seg, slengde ho over hovudet og strauk mot døri. Ho tok i klinka og skulde til aa gaa, daa ho ævde seg um og vart standande. Ho var fælt uppøst; harmen maatte faa luft, men — ho maatte og faa greide paa kven denne

framandkaren var.
IV.

Ho vart standande i døri og sa:

— Var det eit skikkelegt menneskje gjekk han ikkje naken; men han hev ikkje so mykje som skjorte paa kroppen. Hadde du reint mjøl i posen, so sa du beintfram kvar du hev funne denne fyren.

— Men so høyr daa kva eg hev aa seia: Best som eg gjeng, ser eg denne mannen sitja ved kyrkja, naken og reint forkomen av frost. Det er ikkje sumardag no, so ein kan gaa reika utan klæde. Det er Gud sjølv som førde meg fram paa han; elles hadde han umkome. Kva skulde ein gjera? Der er so mykje som ein ikkje forstend. Eg gjorde daa det beste eg visste, klædde paa han og tok han med. Sjaa no til du kan faa ro paa deg, Matrøna! Elles hev du synd for det. Me skal døy me med eingong.

Matrøna vilde til med nye skjensmaal; men i det same saag ho burt paa framandkaren og tagde. Han sat nett paa same flekken nedst paa benken, og hadde kje leda paa seg. Henderne laag neste i fanget, hovudet hadde bøygt seg ned mot bringa, augo var feste mot golvet, berre munnen snørde paa seg av og til som kvidde han seg ved eit kvart. Matrøna tagde.

— Matrøna, seier Semjon til henne, — er du reint gudegløymd?

Daa Matrøna høyrde dette, saag ho enno ein gong paa framandkaren, og harmen var som blaasen av henne. Ho gjekk burt til omnen etter kveldsmaten, fylte ei skaal med kvass, bar kniv og skjei fram, og la braudskalken paa bordet.

— Naa, et no, sa ho.

— Set du deg her i kroken, kamerat! sa Semjon, reiste paa seg og gjorde rom aat framandkaren. Skar so braudet i smaa bitar, lét det i skaali, og dei gav seg til aa eta.

Imedan sat Matrøna ved bordsenden med handi under kinni og saag paa framandmannen. Ho totte synd um han og fekk godhug for han. Best det var livna framandkaren upp; det hyrpte kje lenger um munnen, han gløste burt paa Matrøna og smilte.

Daa dei hadde ete, tok Matrøna av bordet og spurde framandkaren:

— Kvar er du so ifraa ?

— Ikkje her fraa grensom.

— Men kor bar det til at du sat der ved kyrkja?

— Det kan eg ikkje seia.

— Kven hev plundra deg daa?

— Det er Gud som hev tukta meg.

— Og du laag der naken og hadde kje klædetraad paa deg?

— Ja, eg laag der naken og stivfrosen av kulde. Daa kom Semjon og vart meg vâr; han totte synd um meg, tok kaapa av seg til meg, og bad meg fylgja med heim. Her hev du no gjeve meg baade mat og drykk og havt medynk med meg. Gud løne dykk for det.

Matrøna reiste seg og gjekk burt til glaset der ho hadde lagt den gamle skjorta ho bøtte paa, daa dei kom. Den tok ho og gav framandkaren. Med det same leitte ho fram ei gamal lereftsbrok som ho gav han.

— Der, sa ho; — eg ser du hev ikkje skjorte paa kroppen dihelder. Tak paa deg denne, og legg deg so kvar du best vil, paa benken elder paa omnen.

Framandkaren tok kaapa av, drog skjorta paa, og la seg paa benken. Matrøna tok kaapa, sløkte ljoset og la seg burt til mannen. Ho drog ein snipp av kaapa over seg, men laag lenge i svevn løysa. Ho kunne kje faa framandkaren ut or tankar.

Naar ho kjem ihug at han hev ete siste braudskalken dei hadde, og at der til imorgo ikkje bid mat i hus, vert ho vanmoda og ute av seg; men naar ho kjem ihug kor han smilte til henne, hoppar hjarta i livet paa henne av glede.

Matrøna laag enno lenge og kunne kje faa sova. Ho merkar at Semjon helder ikkje søv, men ligg og dreg kaapa til seg.

— Semjon!

— Kva vil du?

Me hev ete siste braudskalken me hadde, og eg hev enno ikkje sett deig. Eg veit ikkje kva me skal gjera imorgo. Synest du ikkje eg skulde gaa inn til Malanja og beda henne laana oss ein grand ...

— Læt Gud oss liva, so fær me nok det me treng.

Matrøna laag tagall litt.

— Han ser daa likevæl ut til aa vera eit godt menneskje. Men kvi seier han ikkje kven han er? tok ho til att.

— Han kan vel ikkje.

— Semjon.

— Ja?

— Me gjev andre; kvi er der daa ingen som gjev oss noko?

Semjon visste kje kva han skulde svara og sa berre —: No hev me snakka nok.

Dermed snudde han seg over paa hi sida og sovna.

V.

Daa Semjon vakna um morgonen laag baani og sov enno. Kona hadde gjenge ut til grannen og skulde laana braud, og framandkaren sat paa benken i skjorte og underbrok og gløste upp. Andlitet var ljosare og lettare en det hadde vore fyre dagen.

— No, min unge ven, sa Semjon til han; — magen vil ha mat, og kroppen vil ha klæde. Ein lyt sjaa byrga seg. Forstend du deg paa noko slag arbeid?

— Nei, eg forstend meg ikkje paa noko.

Semjon totte dette var rart og sa:

— Naar berre hugen er der, kan ein læra kva det skal vera.

Eg vil gjerne arbeida.

— Kva heiter du?

— Mikael.

— No, Mikael; du vil ikkje ut med kven du er, og det vert di sak; men maten kan ein ikkje undvera. Vil du no gjera det eg set deg til, so skal eg nok halda deg kosten.

Gud løne deg for det! Eg vil gjerne læra. Syn meg berre kva eg skal gjera.

Semjon synte han no kor han skulde sauma sko og styvlar, og Mikael var so lærenem at han alt paa eit par dagar lærde aa sauma so godt, at ein skulde tru han aldri i sitt liv hadde gjort anna ein sauma sko. Han var trottig ved arbeidet, aat lite, og naar der ikkje var noko aa gjera, sat han tagall og saag upp. Han gjekk aldri ut, sa aldri eit gagnlaust ord, og ein høyrde han aldri korkje skjemta elder læ. Berre ein einaste gong hadde dei set han smila, — det var daa Matrøna den fyrste kvelden han var der hadde sett kveldsmaten fram for han.

VI.

Der gjekk dagar, vikor, og maanader, og tilsist var det gjenge eit heilt aar. Mikael budde stødt hjaa Semjon og arbeidde som vanleg. Det lyddest no vidt og breidt at ingen kunne sauma eit par styvlar so fint og sterkt som sveinen Mikael hjaa Semjon, og der kom folk langande veg og tinga styvlar hjaa Semjon, so han tok alt til aa verta ein vælhalden mann.

Ein vinterdag Semjon og Mikael sat arbeidde paa det beste, høyrde dei bjøllelaat ute, og ei tilpakka sledevogn med tri hestar fyre kom kjøyrande. Semjon og kona hans saag utgjenom glaset, og det viste seg at sledevogni stansa utfor døri. Ein ung kjøyrekar spratt ned av bukken og opna vogndøri. Ein pelsklædd herremann steig ut og kom upp troppi. Matrøna skunda seg burt og slo døri paa vidan vegg. Herremannen maatte luta seg for aa koma inn døri, og daa han var komen væl inn og rette seg iveret, naadde han mest radt til loftet og fylte heile den eine kraai av romet.

Semjon reiste seg, bøygde seg djupt for herremannen og var heilt forbina over aa sjaa han. Han hadde aldri fyrr set slikt folk. Sjølv var han mager og avpela, Mikael var tunn og naasleg, og Matrøna var berre skinn og bein; men denne! Det var som eit menneskje fraa ei onnor verd; posen og raud var han i ansigtet, halsen som paa ein stut, og heile karen som støypt i jarn.

Daa herremannen hadde umraadt seg litt og fenge av seg pelsen, sette han seg paa benken og sa:

— No, godt folk, kven er det so som er skomakaren?

Semjon steig fram:

— Det er eg, høgvyrde.

— Hei, Fedka! ropte herremannen til kusken, — kom hit med varorne!

Kusken sprang ut til vogni og henta ein liten pakke som han gav til herremannen. Denne la pakken paa bordet.

— Løys upp! sa han til kusken. Denne so gjorde.

Herremannen peika paa lederet som laag i pakken og sa til Semjon:

— Her hev du yrkje, skomakar!

— Javel, høgvyrde.

Ja, men kan du og sjaa kva det er for slag yrkje ?

Semjon kjende paa lederet og sa

— Yrkjet er godt.

— Godt, — ja det skulde eg tru! Du hev nok aldri set slikt i all di tid, puslingen. Det er Hamborgar-leder; eg hev gjeve tjuge rublar for det. Semjon vart heilt stuss.

— Nei, kor skal eg ha set det, sa han.

— Nei, det tenkte eg nok. Kan du ta paa deg aa sauma meg eit par styvlar av det?

— Ja det kan eg nok, høgvyrde.

— So det kan du? ropte herremannen. — Du skulde berre vita kven du saumar aat, og kva det er for yrkje du fær. Eg vil ha meg eit styvelpar som kan vara eit heilt aar og korkje verta skjeive elder gaa upp i saumarne. Kan du ta paa deg dette, so tak lederet og skjer det til, kviss ikkje, so seg nei, og lat det vera som det er. Eg seier deg fyreaat: gjeng styvlarne upp i saumen elder vert skjeive fyrr aaret er ute, so sender eg deg i holet; men held dei, so skal du faa 10 rublar for arbeidet.

Semjon hadde reint mist modet, og visste lite kva han skulde svara. Han saag paa Mikael og spurde:

— Skal me ta det paa oss?

Mikael nikka som vilde han seia: berre ta dei.

Semjon so gjorde.

Herremannen ropte til kusken at han skulde draga av vinstre styvelet; daa det var gjort heldt han foten fram og brølte: — Tak maal!

Semjon tok ei lang papirremse, brigde ho saman, turka fingrarne godt paa fangskinnet so han ikkje skulde skjemma dei fine hosorne aat herremannen, la seg paa kne og tok maal. Han mælte lengdi og over risti, men daa han kom til leggen var papiret for stutt. Leggen var so tjukk som ein bjelke.

— Sjaa til at du ikkje gjer dei for smale ! ropte herremannen.

Semjon maatte feste ein papirstrimmel til paa den han hadde, skulde han naa kring leggen. Medan sat herremannen og vrikka med tærne i sokkarne og saag seg rundt i stova; han kom daa til aa sjaa Mikael.

— Kven er det? spurde han.

— Han der? det er han som skal sauma styvlarne, svara Semjon.

— Sjaa til daa, sa herremannen til Mikael, at du saumar dei so at dei kan vara aaret ut. Semjon snudde seg mot Mikael og saag kor denne sat og stirde paa herremannen, utan rett aa sjaa paa han, daa det helder var stovekraai paa den andre sida han saag paa, plent som der skulde vera noko rart. Best som han sat slik og stirde gav han seg til aa smila, og vart so ljos over heile sitt andlit.

— Kva sit du der og grin etter, din faaming! Sjaa helder til du kan faa styvlarne istand som eg hev sagt.

— Styvlarne skal ver ta ferdige i rett tid.

— Lat meg sjaa daa, sa herremannen og tok styvlarne paa seg.

Kusken hjelpte han med pelsen, og so bar det til dørs. Men daa han gjekk um døri, gløymde han aa luta seg og rende skallen mot dørkarmen. Han banna og skjende, og gnika skallen med loven, gjekk so ut og sette seg i sledevogni.

Daa han var burte sa Semjon:

— Han hev ein skalle som ein flintstein. Um ein slo til han med ei stuteklubbe, so neimen um ein slo han ihel. Han kløyver dørkarmen med skallen og er like spræk.

— Ja, sa Matrøna, slikt liv som dei fører kan dei nok vera i godt hold. Det er daa berre jarn og staal. Slike kan daa aldri døy dei.

VII.

— Berre me ikkje kjem oss gale fraa dette arbeidet, sa Semjon til Mikael. Det er dyre saker, og herremannen er svært stutt paa det. Ein maa vera vâr. Høyr, Mikael, du hev betre augo en eg, og er lettare paa handi; skjer det til du, so skal eg sauma leggjerne.

Mikael so gjorde, tok det dyre lederet, breidde det utover bordet og til aa skjera til. Matrøna stod saag paa, men undra seg rett paa kor dette bar av. Endaa ho ikkje forstod seg mykje paa skomaking, kunne ho daa sjaa at det ikkje var styvlar han skar til, men sko elder slikt. Ho bar munnen ved og vikle spyrja, men so tenkte ho: Eg hev vel ikkje vit paa kor slike styvlar skal skjerast; det veit Mikael betre; eg vil ikkje leggja meg uppi det.

Mikael var ferdig med tilskurden og tok paa sauma. Matrøna som støtt heldt auga med han, saag no skile at det var ikkje styvlar han sauma; men ho lét det fara og gat ikkje eit ord. Ved middagsleite reiste Semjon seg, og saag no at Mikael hadde saumt eit par liksko.[1]

Semjon hadde nær mist baade munn og nase. «Men kva er det, tenkte han, no hev Mikael arbeidt eit heilt aar aat meg og aldri forset seg, og so gjeng han no av og gjer eit slikt spikk! Herremannen vilde ha seg eit par sterke styvlar, og han hev saumt liksko og øydelagt emnet. Kva skal eg no gjera? Slikt leder bid ikkje i handelen».

— Kva er det du der hev gjort, din kloking. Du hev gjort meg ei stygg uskjel. Herremannen vilde ha styvlar, og kva hev du laga?

Best som Semjon skulde til aa gi Mikael ei skrape, dundra det paa døri. Daa dei glytte ut gjenom glaset, saag dei at det stod ein mann ute og batt hesten sin. Døri vart opna, og inn steig den som sist hadde fylgt herremannen.

— Godag!

— Godag! Kva godt?

— Det var dei styvlarne.

— Skulde du høyra um dei var ferdige?

— Nei, herren min treng ikkje styvlar meir Han er avliden.

— Kva seier du?

— Han naadde kje heim, dihelder. Han døydde paa vegen. Daa eg kom heim og skulde opna vogndøri, laag han daud som ei sild. Me hadde so nær ikkje fenge han ut. Frua sende meg no hit med denne bod: «Seg til skomakaren, at der hev vore ein herremann med noko leder til eit styvlepar. Seg, at no kan det vera det same med styvlarne, og lat han istaden gjera eit par liksko. Vent so til du fær dei med det same». Det var bodi, og her er eg.

Mikael samla restarne av lederet og tulla det saman i ein rull; tok so dei ferdige likskorne smikka dei mot kvarandre, turka av dei med angskinnet, og sende dei til kusken.

— Farvel, godt folk! sa denne, tok skorne og gjekk.

VIII.

Det gjekk eit par aar. Mikael hadde alt vore hjaa Semjon paa sette aaret; men han var støtt den same. Han gjekk ingen stad, tala lite og hadde i all denne tid berre smilt tvo gonger: den gongen Matrøna gav han kveldsmat, og daa herremannen var der. Semjon var gild av sveinen sin. Han spurde no aldri meir etter kvar han var fraa, og var berre rædd ein ting: at Mikael skulde struka fraa han.

Ein dag sat Semjon og Mikael som vanleg og arbeidde kvar ved sitt glas, Matrøna stelte med omnen og baansungarne sprang og leika seg. Best det var stansa ein av gutungarne burt med Mikael, gløste utgjenom glaset og ropte:

— Mikael, sjaa der! Der er ei kjøpmanskone med tvo smaagjentor som skal inn til oss. Den eine av dei er halt.

Daa Mikael høyrde dette, la han arbeidet ifraa seg, snudde seg og gløste gjenom glaset utpaa gata.

Semjon maatte rett undra seg. Elles hende det aldri at Mikael glante utpaa gata. Kva kunne vel det vera? Semjon glytte ut; jau det var som gutungen hadde sagt: ei velklædd kone med ei smaagjente i kor handi klædde i pels og med tørklæd over hovudet kom gangande upp mot huset. Smaagjentorne likna kvarandre som tvo bloddropar; det einaste som skilde, var, at den eine av dei var klein i den eine foten, so ho halta litt.

Kona kom upp troppi, inni gangen, fann klinka og opna døri. Ho lét smaagjentorne gaa fyre og fylgde sjølv etter.

— Heil og sæl, godtfolk! sa kona.

— Vælkomi til husar! Kva godt?

Kona sette seg ved bordet, med’ smaagjentorne kurde seg inn til henne; det var likt til dei var bljuge.

— Eg skulde havt eit skopar til kvar av smaagjentorne til aa gaa med framover vaaren.

— Godt. Me hev nok ikkje saumt baanesko fyrr; men det gjer ingen ting. Mikael skal nok vera mann for aa greia det verket.

Med desse ord snudde Semjon seg til Mikael som hadde lagt arbeidet ifraa seg og sat stirde paa smaagjentorne. Semjon undra seg over dette. Det var nok eit par velsigna søte smaagjentor, og nett klædde var dei, men Semjon kunne daa ikkje skyna, kvi Mikael sat og einstirde paa dei plent som han skulde kjenna dei.

Semjon gav seg i snakk med kona, og daa dei var komne tilliks um prisen og han skulde til aa ta maal, tok kona den halte gjenta paa fanget og sa:

— Tak du berre tvo maal av denne her, og gjer ein sko til den kleine foten og tri til den friske. Dei hev jamstore føter; det er tvillingar.

Semjon tok maal, saag paa den halte gjenta og sa:

— Kor bar det til at ho vart halt, den vesle vakre gjenta? Elder hev ho havt det fraa mors liv av?

— Nej, det var moderi som laag henne forderva.

Matrøna vart no nyfiki etter aa faa vita kven kona var, og kven som var mor til gjentebaani, so ho la seg uppi samrøa.

— Er ikkje du mor deira daa?

— Nei, kross, eg er korkje mor til dei elder skyld dei. Det er framandfolks baan som eg hev teke til meg.

— Framandfolks baan! Og so er du so glad i dei!

— Ja, kvi anna? Eg hev sjølv ale dei. Mitt eiget baan hev Vaarherre teke; men eg var ikkje gladare i det en i desse.

— Men kven høyrer dei til daa?

IX.

Kona som no hadde fenge munnen paa lôs gav seg til aa fortelja:

Det er vel no ei seks aar sidan. Paa ei og same vike vart desse tvo foreldrelause. Faderen vart jorda tysdagen, og fredagen døydde moderi. Eg var nett gift den gongen og mannen min hadde ein liten bondegard like ved. Me var grannar og lyddest um kvarandre dagstødt. Faderen var timmerhoggar. So hende det ein dag at han feilte eit tre nedover seg. Det var so vidt dei fekk han heim fyrr han slokna; og same vika fekk kona tvillingar, desse tvo smaa de her ser. Det var berre armod i huset, og den stakkars kona hadde kje eit menneskje til aa hjelpa seg. Aaleine var ho daa baani kom, og aaleine var ho daa ho døydde. Um morgonen daa eg kom inn og vilde sjaa til henne, laag ho kald og stiv. I dødsstriden hadde ho lagt seg over den eine gjentungen — ho her — og vunde foten skjeiv. Huset vart snart fullt av folk, liket vart vaska og paaklædt, kiste laga, og kona ført til jordar. Altsaman med godsmans hjelp. No var dei aaleine, smaagjentorne. Kvar skulde ein gjera av dei? Vesleguten min var den gongen paa aattande vika; eg var den einaste kona der i grendi som gav bryst, og so tok eg dei smaa til meg, solenge. Bønderne kom saman og grona paa kvar ein skulde gjera av dei; men daa dei hadde tala upp og ned ei rid, sa ein av dei til meg: «Du Maria, eg tenkjer det er best du tek dei heim til deg; so skal me nok tenkja over det og finna ut ei raad.» Eg tok den som var frisk og la inn til brystet; den andre lét eg liggja. Eg trudde kje ho kom til aa liva. So tenkte eg; kvi skal det arme tinget forkomast? Eg totte synd um henne; og so hadde eg alle tri, baade dei tvo framande, og mitt eiget. Eg var den gongen ung og sterk, hadde frisk god kost, og Gud gav meg so nok av mjølk, at stundom var det meir en dei tri kunne raa med. So kunne eg sitja med tvo ved brystet, med’ den tridje venta. So snart det eine var mett, tok eg det tridje. Aa ja! Gud laga det so, at daa eg fekk desse tvo paa føterne, grov eg ned mitt eiget baan. Fleire baan gav Han oss ikkje. Elles hev me støtt havt lukka med oss. Me bur no her hjaa mylnaren. Mannen min tenar godt, og det gjeng rett bra. Men baan fær me ikkje, so eg veit ikkje korleis eg skulde halda det ut, dersom eg ikkje hadde desse vælsigna smaagjentorne. Kan eg so anna en vera glad i dei? Eg hev ingi betre glede i verdi.»

Kona tagde. Med den eine handi klemde ho den vesle halte gjenta inn til seg, og med den andre turka ho taarorne som vætte kinni.

Matrøna sukka djupt og sa:

— Det er daa sant det gamle ordet: «Ein kan undvera baade far og mor; men Gud kan ein ikkje undvera.»

Best som dei sat og tala saman soleis, ljosna det i stova som av kornmoe-skin[2] fraa den kraai der Mikael sat. Alle snudde seg dit, og der sat han med henderne i fanget, augo vende mot himmelen, og med smil um munn.

X.

So snart kona var gjengi med smaagjentorne, reiste Mikael seg, la arbeidet fraa seg, tok fangskinnet av, bøygde seg for husbonden og matmoderi og sa:

— Farvel, de gode folk. Gud hev tilgive meg. Tilgiv meg no de med.

Semjon og Matrøna saag forbina paa kor det lyste or augo hans. Semjon reiste seg, bøygde seg djupt for Mikael og sa:

— Eg ser, Mikael, at du ikkje er noko vanlegt menneskje, og eg kan korkje halda deg att elder spyrja deg um noko. Det er berre ein ting eg vil be deg um aa fortelja meg. Kor hev det seg, at den gongen eg fann deg og førde deg heim, var du myrk og tungsam; men daa kona sette kveldsmat fram aat deg, ljosna du og smilte. So daa herremannen kom og tinga styvlarne smilte du andre gongen og vart endaa ljosare i synet, og no daa denne kona kom med smaagjentorne smilte du tridje gongen, og vart, so det skem av deg. Seg meg, Mikael, kva er det for eit ljos som skin av deg, og kvi smilte du tri gonger ?

Mikael svara:

— At det lyser av meg kjem av at eg hev vore straffa og at Gud no hev gjeve meg etter. Naar eg smilte tri gonger, so var det avdi eg skulde røyna tri gudsord som eg no hev røynt. Det fyrste røynde eg den gongen kona di ynkast over meg, og det var fyrste gongen eg smilte. Det andre ordet røynde eg daa den rike mannen kom og tinga seg styvlar, og daa smilte eg andre gongen. No daa smaagjentorne kom, fekk eg røyna det tridje ordet og smilte for tridje gongen.

Semjon heldt fram :

— Seg meg, Mikael, kvi straffa Gud deg, og kva er det for tri gudsord, so eg med kan læra dei.

Mikael svara:

— Gud straffa meg avdi eg var traa imot han. Eg var ein engel i himmelen og var traa mot Gud.

Eg var ein himmelsk engel og Gud sende meg ned paa jordi til aa krevja ei kvendesjæl. Eg svævde paa vengjerne ned til jordi, og der saag eg eit kvende liggja sjuk i barnseng. Ho fekk tvillingar, tvo smaagjentor. Dei laag kravla kring moderi, dei smaa; men sjølv var ho kje god til aa leggja dei inn til brystet. Daa fekk ho sjaa meg. Ho skyna at det var Gud som hadde sendt meg etter sjæli hennar. Ho brast i graat og sa: «Guds engel! Dei hev nett grave ned mannen min. Eit tre fall over han og slo han ihel. Eg hev korkje foreldre elder sysken elder nokon til aa ta seg av desse smaa. Dei kan daa ikkje hjelpa seg utan far og mor.»

Eg gav etter, la den eine av dei smaa baani inn til brystet hennar, det andre i armen, og flaug uppi himmelen. Eg kom upp til Vaarherre og sa: «Eg var ikkje god til aa krevja sjæli hennar. Mannen hadde fellt eit tre nedover seg i skogen, kona hadde fenge tvillingar og bad so fagert at det maatte grøta ein stein. Aa, lat meg liva! bad ho, og fostra upp baani mine. Baan kan daa ikkje liva utan far og mor. Eg kravde ikkje sjæli.» — Men Herren sa: «Gakk og krev sjæli hennar. So vil du røyna tri ord: kva det bur i folk, kva som ikkje er menneskja give, og kva som held folk ilive. Naar du hev røynt det, kan du koma attende til himmelen.» Eg flaug til jordi og kravde sjæli hennar.

Smaagjentorne slapp brysti, moderi seig saman i sengi, og den avsjæla lekamen klemde foten skjeiv paa den eine smaagjenta. Eg svinga upp over landsbyen og skulde bera sjæli til Gud; men vinden tok meg, vengjerne datt av, og sjæli fór aaleine til Gud, med’ eg datt ned paa jordi der ved kyrkja.

XI.

No skyna Semjon og Matrøna kven dei hadde gjeve mat og klæde, kven som hadde budt i huset, og dei grét av age og glede.

Engelen tala vidare:

— Der stod eg einsleg og naken paa marki. Eg hadde aldri fyrr kjent menneskjens plaage, aldri visst korkje av frost elder svolt, og no var eg sjølv eit menneskje. Eg tok snart til aa baade frosa og svelta og visste slett ikkje kva eg skulde gjera. Der eg laag vart eg vâr kyrkja som var bygd til Guds ære; eg gjekk dit og tenkte eg skulde finna eit lye mot vinden. Det vart kvelden. Svolten auka paa, eg vart stiv av frost, heile lekamen verkte. Best det er høyrer eg einkvan kjem gangande etter vegen. Det var ein mann med eit skopar i handi; han gjekk rødde med seg sjølv. Det var den fyrste menneskja eg saag sidan eg vart menneskje, og eg vart so rædd at eg snudde meg burt. Daa høyrer eg kor denne mannen talar med seg sjølv um kor han skal faa mat og klæde til vinteren aat seg og baani. Daa eg høyrde han tala soleis tenkte eg:

«Eg umkjemst av svolt og frost, og her kjem eit menneskje som ikkje tenkjer paa anna en kor han skal kunne skaffa mat og klæde til huslyden sin. Han kan daa ikkje hjelpa meg». — I det same fekk han auga paa meg, hyrpte paa augnebryni og gjekk vidare. Daa vart eg rædd. Best det er høyrer eg han snur. Eg saag upp og kunne kje kjenna han att. Fyrr var det dauden eg saag i han, no hadde han vorte til eit livande menneskje, og eg kjende Gud i han. Han klædde meg og tok meg med heim. Daa me naadde huset kom eit kvende imot oss og tala til oss. Ho var endaa styggare aa sjaa til en mannen hadde vore; kvart ord stod det daudesnik av, og eg hadde nær kovna av liklukti som fyllte stova. Ho vilde ha jaga meg ut i kulden, og eg visste at ho vilde døy um ho gjorde det ... So minte mannen henne um Gud, og med eit vart ho som umskapt. Daa ho sette kveldsmaten fram aat oss og sjølv sat og saag paa meg, var det ikkje dauden eg saag lenger; ho hadde vor telivande, og eg kjende Gud i henne.

Eg kom ihug det fyrste Gudsordet: «Du skal røyna kva det bur i folk». Eg hadde røynt at der budde kjærleik i folk; eg gledde meg over at Gud alt hadde teke til aa visa meg kva han hadde lova, og smilte for fyrste gongen. Men eg hadde kje røynt alt enno; eg forstod enno ikkje kva det er som ikkje er menneskja give, og kva som held folk ilive.

Aaret etter kom det ein mann og tinga os eit par styvlar som kunne vara eit heilt aar og ikkje gaa upp i saumarne, og fekk i det same auga paa dauden som stod tett bak han. Ingen annan saag dauden, men eg kjende han og visste, at fyrr soli glada vilde han henta sjæli aat den rike mannen. Og tenkte ved meg sjølv: «Mannen grev ihop for eit heilt aar, og veit ikkje at han skal liva til i kveld». Eg kom no ihug det andre gudsordet: «Du vil faa røyna kva som ikkje er menneskja give».

Kva det bur i folk visste eg alt. No fekk eg sjaa kva som ikkje er menneskja give. Det er henne ikkje give aa vita kva som batar best. Eg smilte no andre gongen. Eg var so glad over at Gud hadde lært meg um det andre ordet.

Enno forstod eg ikkje alt; eg skyna kje, kva som held folk ilive. Eg venta og venta at Gud skulde tyda det tridje ordet for meg. Og so kom kona med dei tvo smaagjentorne. Eg kjende dei att, og fekk no vita kor dei hadde vorte berga. Eg tenkte daa for meg sjølv: «Moderi bad for baani, og eg trudde henne; eg tenkte at dei ikkje kunne liva utan far og mor, og her hadde eit framandt kvende ale dei ved sin eigen barm». Eg saag taarorne hennar og kor vyrk ho var for annamans baan, daa saag eg med det same at Gud var livande i henne, og forstod kva det er som held folk i live. Eg skyna at Gud hadde synt meg det tridje og siste ordet, og eg smilte tridje gongen.

XII.

Mikael stod der no som ein engel, og det skein av han so augo knapt kunne tola aa sjaa paa han, og han tok til ords med eit mæle plent som ei røyst fraa himmelen:

— Eg hev røynt, at det som held folk ilive, det er ikkje sut for seg sjølv, men kjærleik til medmenneskja.

Det var ikkje moderi give aa vita kva som bata baani hennar best. Det var ikkje den rike mannen give aa vita kva som tente han best. Og det er ingi menneskja give aa vita, um det er styvlar til ein livande, elder liksko til ein avliden, som fyrst trengst.

Heldt eg livet uppe med’ eg var menneskje, so var det ikkje avdi eg sytte for meg sjølv, men avdi det var hjartelag i den framande mannen, og avdi kona hans hadde medynk med meg og huglagde meg. Heldt dei foreldrelause livet uppe, so var det ikkje avdi bøndrane sytte for dei, men avdi det var hjartevarme i det framande kvendet, so ho totte synd i dei og vart glad dei. Og det som held folk ilive er ikkje det at dei syter for seg sjølve, men at det er hjartelag i menneskja.

Eg visste, at Gud hev gjeve menneskja livet og vil, at dei skal liva, men der var noko som eg ikkje visste, og som eg fyrst no forstend.

Eg forstod, at Gud ikkje vilde at menneskja skal liva skilder aat kvar for seg, og at Han av den grunn ikkje læt kvar iser faa vita kva han treng; Han vil at dei skal liva saman med kvarandre, og lærde dei daa kva alle hev torv til, ein som alle og alle som ein.

Eg forstod no, at det berre ser soleis ut, at det som held folk ilive er umsumt for seg sjølve og ikkje kjærleik til næsten. Den som er i kjærleik, er i Gud og Gud i honom, avdi Gud er kjærleik.

Her sette engelen i ein lovsong til Herrens ære so stoveveggjerne skolv. Loftet opna seg, og der stod ein eldloge fraa jordi upp til himmelen. Semjon, Matrøna og baani fall paa kne med ansigtet mot jordi. Vengjor voks ut or engleryggen og han lyfte seg upp til himmels.

Daa Semjon saag upp, var stova som fyrr; men det var berre han og kona og baani att i romet.


  1. I Rusland pla dei grava liki ned med klædi paa; skorne gjer dei daa helst av eit billegare slag.
  2. Kornmoe = dimme ljosglimt i lufti, paa lag som eldingar som er langt burte.