Leitande etter Blaamann
A. O. Vinjes Skrifter i Utval
Det norske Samlaget, (3, s. 104-105).
Blaamann, Blaamann, Bukken min!
tenk paa vesle Guten din!
Bjørnen med sin lodne Feld
kann deg taka seint i Kveld.
Gamle »Lykle«, Moder di,
seint kom heim med Bjølla si.
Og ho sprang og aat seg bar,
liksom det paa Livet var.
D’er so knapt eg teva fær:
kanskje alt du drepen er.
Kom no, kom no, Blaamann, hit!
du med alt dit store Vit.
Blaamann, Blaamann, svar meg no!
mekre med dit kjende Ljod!
Inkje enno, Blaamann min,
maa du døy fraa Guten din.