Loke:
1.
„Seg meg, du Elde,
fyrr eit einaste
fet du gjeng fram,
kva her inne
til ølskjemt dei hev,
sigtiva-sønir.“

Elde kvad:
2.
„Um vaapn dei talar
og vaagalle tak,
sigtiva-sønir;
av æsir og alvar
som inne her er
ingin i ord er deg ven.“

Loke kvad:
3.
„Inn eg gjeng
i Æge si hall
og gjev paa gilde gaum;
eg skal antrast
med aasa-sonom
og blande deim mjøden
med mein.“

Elde kvad:
4.
„Um inn du gjeng
i Æge si hall
og gjev paa gilde gaum,
og du hædings-ord hiv
paa holle gudar,
alt turkar dei av att paa deg.“
 
Loke kvad:
5.
„Veit du, Elde,
um i einvig me tvo
med hard-ord hoggast skal,
eg meisteren din
i motsvarom vert,
um du deg vaagar for vidt.“

Loke gjekk so inn i halli. Men daa dei som fyrr var der saag kven som inn var komin, tagna dei alle.

Loke kvad:
6.
„Tyrst eg hit
til halli no kom,
Lopt, langan veg,
til æsir aa beda
um dei unne vil meg
ein drykk av den mæte mjød.

 
7.
„De tegjer so traatt,
treiske gudar!
Magtar de inkje aa mæle?
Meg sess og sæte
de stelle i gilde,
eller vintervegen meg vis.“

Brage kvad:
8.
„Deg sess og sæte
stelle ved gilde
aldri gjer æsir det;
vel dei det veit
kven vera her skal
i hævt gilde gjest.“

Loke kvad :
9.
„Minnest du, Odin,
i upphavs tidir,
daa blod me blanda saman.
Øl du smaka
aldri skulde
utan det oss baae vart bodi.“
 
Odin kvad:
10.
„Ris du, Vidar!
lat varge-far sitja
gjest ved gilde-bord,
so slengje-stev inkje
sneide oss skal
her i Æges hall.“

Daa stod Vidar upp og skjenkte Loke; men fyrr han drakk, helsa han æsine: <poem> 11. „Heile, æsir! heile, aasynjur! og alle høg-heilage gudar! utan den eine som innar[1] der sit, Brage, paa benken sin.“

Brage kvad:

12. „Av eigni mi gjev eg øyk og sverd deg, og ein ring endaa Brage bøter: at du inkje aasom di ovund syner; arge deim inkje aat deg.“

Loke kvad:

13. „For slike slag du snaud plar vera som øykir og armringar; av alle æsir som inne her er, du er i vig[2] varast og skjerrast[3] for skot.“

Brage kvad:

14. „Var eg utanfor Æges-halli so nær deg som no: hovude ditt eg i handi mi bar; daa læta[4] du fekk for di lygn.“ <poem>

Loke kvad:

15. „Du er ov-kar i sessen, men aldri slage meir, Brage benkje-pryda! Kom ut og slaast, um sinna du er, djerv mann dreg seg ’kje lengi.“

Idunn kvad:

16. „Eg bed deg, Brage, paa borni du tenkje og ynskjesønir alle, med slengje-stev inkje du sneider Loke her i Æges hall.“

Loke kvad:

„Teg du, Idunn! inkje eg veit møy so mann-gal som du, sidan dei ov-kvite armar du lagde um banemannen til bror din.“

Idunn kvad:

18. „Eg sneider ’kje Loke med slengje-stev, eg, her i Æges hall; den ølglade Brage berre eg stoggar, de skal inkje vreide slaast.“

Gjevjon kvad:

19. „Kvi skal her inne de æsir tvo med saare ord stridast? Loke veit ’kje at leikin[5] er Brage, og alle uner med honom.“

Loke kvad:

20. „Teg du, Gjevjon! gjeta eg vil honom som hugstal deg, sveinen ljose som sylgja deg gav, og hugnad du honom lét faa.“

Odin kvad:

21. „Villt fær du, Loke, og vitlaus er du, naar du Gjevjon argar aat deg; all heimsens lagnad ho veit fulla sameleis som eg sjølv.“

Loke kvad :

22. „Teg du, Odin! aldri du kunde skifte striden liklegt; ofte til deim du inkje skulde, til stakarann, siger du gav.“

Odin kvad:

23. „Um eg til deim eg inkje skulde, til stakarann, siger gav, du var aatte vintrar under jordi, mjølke-ku og kvende; <poem> der born hev du bori; kjering-gjerd kallar eg slikt.“

Loke kvad:

24. „Seiding dei sagde paa Samsøy dreiv du, trolla paa volve-vis; i trollkjering-ham yvir heimen du for ; kjering-gjerd kallar eg slikt.“

Frigg kvad:

25. „Sogune dykkar, det segja eg skal, deim føre dé ingin for øyro, kva de æsir tvo i alders tid fór med; best at gamalt er gløymt.“

Loke kvad:

„Tegje deg, Frigg! du er Fjørgyns dotter, og du stødt var ei mannkjær møy; Ve og Vile du, Vidres kone, liggje lét i armen.“

Frigg kvad:

27. „Hadde eg her i Æges-halli ein son som Balder til svars: du inkje kom ut fraa aasa-sønir, utan sverd deg harmen svala.“

Loke kvad:

28. „Vil du det, Frigg, eg kann fulla tala, meir eg hev av meinsvall; for det raader eg, at aldri du Balder ridande ser til salen.“

Frøya kvad:

29. „Villt fer du, Loke, som paa viddi ber slike ljote leidur;[6] fulla er Frigg framsynt, eg trur, um faatt ho sjølv segjer.“

Loke kvad:

30. „Teg du, Frøya! trygt eg segjer det vantar ’kje deg veilur; kvar aas og kvar alv, som inne her er, sin hugnad hev havt hjaa deg.“

Frøya kvad:

31. „Falsk er di tunge, eg tenkjer ho inkje alltid vil gala deg godt; arge er deg æsir, og aasynjur med, harm vil du heim fara.“ <poem>

Loke kvad:

32. „Teg du, Frøya! trollkjering er du, med svikraadir er du sprengd; med bror din i lag blide gudar fann deg, daa fór du inkje aat fint.“

Njørd kvad:

33. „Lite det skil, um leiken gjeng med eigin mann eller andre; men d’er fælt at slik ufysin aas er med oss, han som born hev bori.“

Loke kvad:

34. „Tegje deg, Njørd! dei tok deg austpaa, gisl vart du aat gudom; kvendi hans Hyme til kjerald deg brukte, vel vart du vaat i munn.“

Njørd kvad:

35. „Eg hev like for det, at eg langt var send, gjevin gisl aat gudom, daa sonen eg avla som ingin hatar, og han tykkjest ov-kar hjaa æsir.“

Loke kvad:

36. Stogge no, Njørd ! stig inkje for høgt, eg vil inkje lenger det løyne: med syster di slik ein son du fekk, han var ’kje vildre[7] aa vone.

Ty kvad:

37. „Frøy er hævast av hovdingar alle som i aasa-gardom er; han møy inkje grøter eller nokon manns kone, men løyser or lekkjur og hapt.“[8]

Loke kvad :

38. „Tegje deg, Ty! tenk paa dette, du bar aldri byrdi for tvo; høgre handi di, ho mun eg nemne, som Fenre fraa deg sleit.“

Ty kvad:

39. Eg vantar handi, men heideren du, d’er saar saknad i baae; ulven jamvel illtrivst i band og bider paa ragna-rok."

Loke kvad:

40. „Tegje deg, Ty! det timdest di kone, til sonen ho fekk var eg far; du aldri, stakar, <poem> aln hell pening fekk til soning for skammi.“

Frøy kvad:

41. „Ulven eg ser fyri aa-ós liggje til æva vaar er all; nær attaat honom, um du no inkje tegjer, deg, bithund, bind me."

Loke kvad:

42. Med gull kjøpte du Gymes dotter og selde so dit sverd; naar Muspells sønir yvir Myrkskogen rid, vesall verju du fær."

Byggve kvad :

43. „Aatte eg ætt som Ingunar-Frøy, og hadde so sæl ein sess, som merg daa mól eg meinkraaka sund, og led og lem paa ho knasa.“

Loke kvad:

44. „Kva er det litle som leikar med rova og snakande snikjer’? um øyro til Frøy du alltid syng, og ved kverni du kvæser.“

Byggve kvad:

45. „Byggve eg heiter, men braa meg kallar gudar og gode menn; av det er eg byrg, at bjor[9] dei drikk alle Roptssønir saman.“

Loke kvad:

46. „Teg du, Byggve! traudt du lærde aa byte mat milom menn; or benk-halmen fram dei fann deg inkje, daa naar her-menn hogdest.“

Heimdall kvad:

47. „Ør er du, Loke, og ovdrukkin heilt, lat det no, Loke, vera! for ovdrykken veld for alle menn at inkje dei tøymer si tunge.“

Loke kvad:

48. „Teg du, Heimdall! i tidi sitt upphav ein ljot lagnad fekk du; du lyt alltid stande stiv i ryggen og vera vaktmann for gudar.“

Skade kvad:

49. „Alt lett fell for Loke,

men lengi du inkje

skal leike med lausom hale;
gudane triv deg,
dei bind deg med tarmom
til kallege sonen, paa sverd.“

Loke kvad:
50.
„Um gudane triv meg,
og dei bind meg med tarmom
til kallege sonen, paa sverd:
den fyrste og siste
var eg framme i striden
den gongen me Tjasse treiv.“

Skade kvad:
51.
„Um den fyrste og siste
du var framme i striden
den gongen dé Tjasse treiv:
fraa mine vangar
og vé[10] det skal
kalde raadir deg koma.“

Loke kvad:
52.
„Du var meir linnmælt
mot Lauvøy-sonen
daa du lét meg til lego
di fylgje;
slikt maa ein gjeta,
naar ein gløgt skal
nemne
vaare lastir og lyte.“

Daa gjekk Siv fram og skjenkte Loke mjød i eit horn og mælte:

53.
„Heil deg, Loke!
horne du take,
fullt av forn mjød!
og av aasa-ætti
aaleine henne
lytelaus du late.“

Han tok home og drakk: <poem> 54. Aaleine du vøre – um du det vøre — vàr og kald mot karar; ein eg veit daa, visst eg tykkjer, som leika med Lorrides viv, og det var den løynfule Loke."

Bøyla kvad:

55. „Fjell skrell og smell, paa ferd er, meiner eg, Lorride heiman hit; stogge han skal staak i vaar hall og gryling mot gudar og menn.“

Loke kvad: 56. „Tegje deg, Bøyla! Byggve sitt viv, med svikraadir er du sprengd; <poem> aldri slikt utjo kom til aasa-sønir, all er du, sugga, søylut.“

Daa kom Tor; han kvad:

57. „Tegje deg, tvitoling![11] trudhamaren min, Mjølne, skal mæle ditt døyve; eg herd-kletten[12] slær av halsen paa deg, og daa mun live ditt lide.“

Loke kvad:

58. „Sonen til Jord no inn er komin, kvi staakar du soleis, Tor? mindre vaagar du voni, naar du vargen møter og han svelgjer Sigfader heil.“

Tor kvad:

59. „Tegje deg, tvitoling! trudhamaren min, Mjølne, skal mæle ditt døyve; upp eg deg hiv og burt i austerveg, sidan ingin deg ser.“

Loke kvad:

„Austferdir dine, deim, storkjempa, føre du ingin for øyra; i hanske-kraai du krøkte deg inn, daa tottest du ’kje Tor vera.“

Tor kvad:

61. Tegje deg, tvitoling! trudhamaren min, Mjølne, skal mæle ditt døyve; Rungnes bane berja[13] deg skal so det støkk i bein og bunur.

Loke kvad:

62. „Liva og etlar meg langan alder, um du med hamaren hotar; seige tottest deg Skrymes reimar, og nista du inkje naadde; daa svalt du mest heilt i hel.“

Tor kvad:

63. „Tegje deg, tvitoling! trudhamaren min, Mjølne, skal mæle ditt døyve; Rungnes bane beinast deg sender

nedum naa-grindi.“

Loke kvad:
64.
„Kvad eg for æsir,
kvad for aasa-sønir,
som det høvde min hug;
for deg aaleine
eg ut vil gange,
eg veit du sparer inkje slag.
 
65.
Øl laga du, Æge;
men aldri du skal
sidan gilde skipa;
yvir all di eign,
som inne her er,
logar skal leike
og brenne deg paa ditt bak.“

[Fyrimæling.[14]]
Um Æge og gudane.

Æge, som med eit anna namn het Gyme, han hadde butt til gilde aat æsine, daa han hadde fengi den store kjelen som no er sagt.[15] Til denne veitsla kom Odin og Frigg, kona hans. Tor kom inkje, for han var i austerveg. Siv var der, kona til Tor. Brage og Idunn, kona hans. Ty var der, han var einhendt: daa Fenres-ulven vart bundin, sleit han eine handi av han. Der var Njørd og kona hans, Skade. Frøy og Frøya. Vidar, son til Odin. Loke var der. Og tenarane til Frøy, Byggve og Bøyla. Mange æsir og alvar var der.

Æge hadde tvo tenarar: Fimafeng og Elde. Der var ljosgull for eldsljos; øle bar seg fram sjølvt; staden var strengt fredhelga. Tenarane til Æge fekk mykje lov for at dei var so hage. Loke tolde inkje høyre dette, so drap han Fimafeng. Daa skok æsine skjoldane sine og ropa upp imot Loke og dreiv han til skogs, og so tok dei til aa drikke. Loke snudde att og fann Elde utanfyri; Loke helsa honom.

[Ettermæling.]

Etter dette løynde Loke seg i Fraananger-fossen i lakse-ham, der tok æsine han. Han vart bundin med tarmane til Nare, sonen sin; men Vale[16] son hans vart til ein varg. Skade tok ein eitr-orm og feste uppyvir andlite til Loke; or den draup eitr. Sigyn, kona til Loke, sat der og heldt ei skaal under eitre. Men naar skaali var full, bar ho eitre ut. Imedan draup eitre paa Loke. Daa kipte han seg so hardt at all grunnen skalv; dette er no kalla jordskjelv.




1. Gudane er i lag hjaa Æge (sjaa v. 3), og Loke kjem og vil vera med. Ute raakar han Elde (eld-mann, kokk), tenaren til Æge.

3. Æge (namne tyder „hav“, angels. eagor[17]) er ein havrise, gift med Ran. Grimn. ogso nemner at æsine er samla hjaa Æge, like eins (seinare) Hymeskvida. At han er rise tykkjest vera gløymt, sidan han er godven med gudane.

6. Lopt, namn paa Loke, han som fer gjenom lufti. S. Bugge meiner at namne hev komi utanfraa, ved paaverkning fraa kristelege forteljingar om fljugande djevlar.

9. Blod-blandingi (og fostbrorskapen) millom Odin og Loke meiner S. Bugge hev upphave sitt i kristelege truir um Lucifer, at han fraa fyrsto var ein av dei kjæraste englane til Gud.

15. Benkje-pryde, sml. gaata fraa Telemork: „bruri er det som pry’r i salar.“

16. Idunn (ho som gjev uppatt-nying), ukjend i Danmark og Sverige. Tjodolv fraa Kvine fortel i Haustlong at Loke røva ho og førde ho til risen Tjasse, men laut hente ho att der. Ho var gift med Brage. Nokon gamall guddom tykkjest ho inkje vera. Bror hennar kjenner me inkje.

Med ynskjesønir til Brage, skaldeguden, maa ein helst tenkje paa diktarane.

19. Til Gjevjon kom møyar etter dauden; dei svor ogso ved henne. Skalden Brage fortel at ho drog land fraa Gylve og dermed auka Danmark. Og Snorre segjer at dette lande var Sjælland, som ho pløgde ut der Mælaren no er.

Mange trur at G. tråa fyrsto er eit anna namn paa Frigg.

20. Sveinen ljose. Snorre kallar Heimdall den kvite aas, og sume meiner at han ogso er meint her. Sylgja skulde daa vera brisinga-mene, som H. ein gong drogst med Loke um.

22. Same slag skuldingar mot Odin i Haarbardsljod og Sone-tape av Egil Skallagrimsson.

23. Loke var mangfeld, fisk, fljugande, ku, merr, kvende. Hyndleljod 41 fortel at han vart med born. 94 24. Odin trollkjering. Vitka stend det. Og Vecha heiter Odin hjaa Saxo, daa han kvendeklædd bela til Rind. Yggr seiS til Rindar, segjer skalden Korraak. Snorre fortel at Odin kunde den kunsti som hadde meste magti. og som han sjølv dreiv paa med, og det var seid. Av den kunde han vita lagnaden aat folk, og ting som inkje var hendt endaa, og like eins gjeva folk bane og^ uheppe og vanhelse, og taka vit og magt fraa folk og gjeva til andre. Men det fylgjer so mykje umannslegt med denne trollskapen, naar dei driv paa med han, at dei totte inkje at karfolk skamlaust kunde fara med slikt, og difor lærde dei gydjune denne kunsti." 26. Fjørgyn (gotisk fairguni, fjell; litauisk Perkunas, gml. indisk Parjanya) tykkjest vera ein gamall guddom som me inkje kjenner. Fjørgyn er mor til Tor kalla i Voluspaa og Haarbardsljod. Andre umsét her: kona til Fjørgyn. - Vidre er Odin. Ve (heilag) og Vile (vilje; nemner Snorre og; det er uvisst uni han hev havt andre kjeldur enn Loketr. Odin hadde tvo brørar; den eine heitte Ve, og hin heitte Vile. Desse brørane styrde rike naar han var burte Det var ein gong Odin var farin langt burt og hadde vori lengi ute, so æsine totte at det inkje var von um at han skulde koma heim att; daa tok brørane og skifte arven; men Frigg, kona hans. gifte dei seg med baae tvo. Men ei stund etter kom Odin heim. og daa tok han att kona si." Ynglingatal nemner Vile som bror til Odin. Sume meiner at desse brørane berre er utklovningar fraa Odin, sameleis som guten i eventyri vert kløyvd i tri brørar. Andre meiner at til grunns ligg ei gomol sogu um at Odin og ein annan gud (hjaa Saxo Ollerus eller Hotherus og Mitothin) skiftevis hadde magti og Frigg. 27. Balder er meir manneleg her enn han vert framstelt i seinare sogur. 32. Bror og sysler kunde gifte seg hjaa vanine, fortel Snorre. Det er sagt at frisane i gamle tidir hadde slike skikkar. Det er ting elles og som tyder paa at vane-gudane karm ha komi fraa frisane for det fyrste, til Danmark og nordetter. 33. Lauslynd maa tidi ha vori daa Loketnetta vart dikta. Tacitus fortel um germanane at i jamnaden nøgde kvar seg med ei kone; det var berre nokre faa som var av høgt stand som hadde fleire ; heile folke var overlag sedugt. Men i vikingtidi var det annleis. Steenstrup segjer at nordbuane daa vel erkjendte en hustru som den legitime, men at det var sædvanligt at have tiere, og at fyrsterne og de fornemme ofte havde mange." Saxo fortel mangt um frillelivnad. skils maal og mangegifte, og vaare eigne gamle sogur gjer det same. Harald Haarfagre hadde soleis mange konur: daa han gifte seg med Ragnhild, var det inkje mindre enn 9 av dei lyrre konune sine som han skilde seg ved. 34. Hyrne var ein rise, og med møyane hans trur sume det fraa fyrsto er meint fjellbekkir som rann ned til have, 95 og at ein soleis kunde segja at havguden Njørd vart vaat i munnen. 38. Ty er ein av dei samgermanske gudane (same roti som i indisk Dyåus, græsk Zevs, latinsk Ju-piter, gamalltysk Ziu; vonleg av div", straale), kanskje fraa fyrsto himilgud, sidan krigs-gud, alt i romar-tidi saman-likna med Mars. Dagen til Mars vart kalla dagen til Ty, Tys-dag. Samansett med Ty er vokster-namne ty-bast, ty-ved, Tysnes (Hordaland), Tiveden (Sverige) Sume meiner at Ull er eit anna namn paa Ty. Snorre fortel at daa gudane skulde binde Fenres-ulven med lekkja Gleipne, kravde han til trygd at ein av gudane skulde leggje handi si i strupen hans. Ingin vaaga detta utan Ty. Daa ulven inkje orka aa koma seg laus, beit han handi av. Han laut daa stande bundin heilt til ragnarok. Fenre, meiner S. Bugge, hev upphave sitt i det latinske lupus in fem us, helhund. med di fem" hev vorti til fenru og sett i samanheng med ? ,fen", myr. 40. Aln og pening er verdemaal. 7 alnir = 1 øyre. 5 peningar = 1 aln. 8 øyrar = 1 mark. Framande myntar var kjende fyrr det vart heimlege. 41. Aa-os. Snorre fortel at daa ulven vart bundin, rann det ut or kjeften hans so mykje sleve, at det vart til ei heil aa som er kalla Von. Men det er vel uvisst ura det er denne aai som er meint her. 42. Skirnesmaal fortel at Frøy gav Skirne sverde sitt, til aa faa Gjerd. Snorre segjer at Frøy sidan brukar eit hjorte horn til vaapn Muspell meiner S. Bugge er eldheimen som Surt kjem ifraa. Orde finst ogso i det saksiske kvæde Heliand fraa 10. aarh. (mudspelles) og i eit kvæde fraa Bayern (mutspelli), og hev kanskje framandt upphav; ein saksisk diktar karm ha laga det og meint elden som øydelegg verdi. A. Olrik meiner at orde fraa fyrsto inkje hev havt noko aa gjera med Surt og elden; det betegner denne verdens undergang i sin pludselighed og sin rædsel. Da verdens branden hører med til den kristne undergangslære, omfatter det naturligvis ogsaa den Det er da en slagskygge af de kristne dommedagsforestillinger der vandrer sammen med og forud for kristendommens første indtrængen. Det synes rimeligt, at ordet er vandret fra det ene folk til det andet i digt . Da er ogsaa overgangen kort fra begreb til en personlig verdensødelægger." Myrkskogen er nemnd ogso i Volundskvida og i sogo um Hervor; er namn i Norig, Sverige og Slesvig. Ein maa tenkje paa ein myrk grense-skog, som fienden maa ride gjenom, fyrr han naar fram. 43. Bygg ve (av bygg), gift med Bøyla, var trælen til Frøy. Han hev vel havt til arbeid aa mala korn paa handkverni, som vanleg kvende gjorde. Ølbryggjar var han vel og. Ingunar Frøy. Anten: Frøy sonen eller ættingen til 96 Ingunn, eller == Inguna Ar-Frøy, aarings-herren til ingunane. Tacitus fortel at nord-tyskane, derimillom ingævones (ingvenir, dei som dyrka Ing) var ætta fraa 3 sønir til Mannus. I Bjovulf er danskekongen kalla freå ingvina, eller eodor ingvina, medan svenske kongar vert kalla skillingar. H . Schiick segjer at det vill håraf synas, som om Ing-kulten då (i borjan af 500-talet) ånnu icke trangt till det egentliga Sverige" men kom til Upp-Sverige i tidi 500-800 . 48. Heimdall er her og i Skirn. vaktmann for gudane. I Trymskv. tykkjest han hava høgre rang. H. Schuck meiner at han upphavleg hev havt bukke-skapnad og vori same guden som Tor, og han tyder namne den klaare, skinande bogen" eller han med dei skinande, bjuge horni". 49. Paa sverd. Elles vert det fortalt at Loke vart bundin paa steinar. Um den kaldlege sonen sjaa ettermælingi. 53. Siv er verjar for det heilage sambande i ætti; ukjend i Sverige og Danmark. Nørdst i Baahuslen (som fyrr høyrde til Norig) er det ein lokk som kallar Sokke-Tore" (= Oku-Tor) Skivers eller Stivers mann. Same skuldingi mot Siv kjem Haarbard med i Haarbards-ljod. 55. Bøyla (av baula, ku), bu-deigje. 59. Austerveg; her er meint anten Jøtunheim eller Hel heim. 60 og 62. Um korleis jøtunen Skryme synkvervde Tor paa ymse maatar fortel Snorre. Um kvelden fann Tor eit hus som han smaug inn i. det var hansken til Skryme, han som sidan knytte niste-sekken so vel att, so Tor inkje kunde løyse knutane. S. Bugge finn irsk innverkning i segni um Skryme. 61. Um liungne fortel kvæde Haustlong korleis Tor køyrde imot jøtunen so jordi riste; Rungne trudde at Tor kom nedanfraa og la skjolden under føtane, men daa kom hamaren og slo han til marki og vart banen hans. Sume finn likskap millom denne sogo og det som vert fortalt um Herakles, at han tynte risen (eller fjelle) Eryx. Meiningi med Loketrætta ser nærmast ut aa vera den aa avheidre alle gudane. Men gjev ein gaum, vil ein sjaa at inkje alle vert like hardt tynte. Sume fær verjarar, og ved sume er det som vert sagt meir heider enn skam. Verst farne er Odin og Frøya. Ty fær berre ære av det som vert fortalt um mode hans. Frøy fær dei høgste lovord. Tor syner seg sjølv som den det stend age av. Paa ein gløgg maate fær soleis skalden lyft fram sine gudar: Frøy, Ty og Tor, paa Odin og Loke sin kostnad. Men han elskar ogso sjølv dette snar tenkte, sneidande lage hjaa Loke, som skalden hev teikna so meisterleg, kveikt av skildringi i Trymskvida. Ved hirdi til kongane fanst det vel ofte slike fri-karar som Loke, som sneidde høgt og laagt. Skalden sjølv hadde vel noko av same gjerdi. 97 Eit noko likt emne er striden som Eris vekkjer i brud laupe millom havguden Peleus og Tetis. Det er ei meining som hev god grunn for seg, at Skirnes maal og Loketrætta skriv seg fraa same mannen. Live ved hirdi aat kong Harald skulde ein daa kunna sjaa bak denne gude-skildringi. 7 Edda-kværfe.


  1. Innar, lenger inn.
  2. Vig, strid.
  3. Skjerr, rædd.
  4. Læta, litgerand, namne.
  5. Leikin, skjemtesam.
  6. Leidur, leide ting.
  7. Vildre, betre.
  8. Hapt, band
  9. Bjor, godt øl.
  10. , heilag bustad.
  11. Tvitoling, baade han og ho.
  12. Herd-kletten, hovude.
  13. Berja, slaa
  14. Stend fyri kvæde, men er vonleg sett til seinare. Like eins ettermælingi.
  15. I Hymeskvida.
  16. Narve stend det i handskrlfti.
  17. Æge-dør er det upphavlege namne paa elvi Eideren. Ægissida gardsnamn paa Island; kanskje ogso i Hobøl, Austf., no Isi.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.