Olaf Norlis Forlag (s. 1-13).
II.  ►

Det var fælt til uver så tidleg på året. Ein slik septemberdag kunde folk mest ikkje minnest. Sødvesten stod inn frå havet, så det braut og bura som vinterstid borte på fjorden. Frøsedrevet løfte seg alt i eitt i kvite rokkarar, som stundom reint fyllte opp millom fjella. Og oppetter strendene fløymde floa lenger og lenger, sa folk var ikkje trygge anten for båtar eller bruk.

Hausten såg jammen ut til å kome både brått og kvasst i år, prata kallane seg imillom då dei i kveldinga hadde samla seg inne på krambua hos han Per på Neset, etter at dei var ferdige med båtsettinga.

Dagfloa hadde vore meir enn vanleg stor – til på denne årsens tid å vere. Dei laut samle alt av båtar og bruk dei kunde inn i nausta. Vårherre visste om dei var trygge for det der. Skulde nattfloa bli etter som dagfloa var, då kunde ein vente noko av kvart.

Det måtte vere reine uveret ute i havet, slik som sjøen trykkte inn. Ein slik oppgang var sjeldan å sjå i hauststormane. Og så var det ikkje mikeli ein gong! Det stod ikkje lite poteter i jorda her og der. Det hadde då vore reine somarveret til for få dagar sidan. Og folk hadde lite på somar og godver endå eit par veker.

Men han Anders i Vika meinte på, at den som ikkje var fødd igår måtte då sjå, at hausten og vinteren kom tidleg i år. Skogen var mest a’—lauva. Og han kjende nok kva som var i vente. — — — —

Han Anders i Vika såg utover krambua, løfte på eine aksla og hivde ein grand på buksa som var smotten unna beltet og heldt på og sige ned om baken. — — — Dei andre småsmilte til dei vise og visse orda hans. Det var no eingong Anders si vis og sin vane å vere klok etterpå. Då hadde han alltid så mykje å fortelle.

— Nå han nu ha rasa ifrå se, så kann vi nok endå få ein vergløtt. Men ja vesst e han grøn utpå idag. — — — Han Anders glytte ut gjenom vinduet og hivde atter på eine aksla. E va nu i grunnen brennheldi så kom me a sill-fjoren før han slapp uvere laust. E skjøna mest at da va nokka slekt silla ha i næsen, si ho vart så reint vekk me ein gong. Sist net’n va da ikkje ein gong steiksill å få. — — —

Rett som kallane stod der og slo slag og prata inne på krambua, så kom ein glunt inn og fortalde, at han syntest han såg eit segl ut på fjorden.

Han Anders i Vika var straks ferdig å forplikte seg på, at glunten såg syner. — Da e ikkj ver før ram’n, tess meir før folk, sa han, snudde skråa i munnen og rette på den lange, magre kroppen.

Men glunten heldt på sitt. Han hadde så tydeleg set eit segl noko langt utpå, utimot Storøya, som låg midt ute i fjordgapet.

Karane herde seg utanfor veggen og til å stire utimot veret og sødvesten. Det var då mest utenkjeleg at nokon vilde freiste Vårherre ein slik dag. Men det kunde ju vere einkvan som kom fordreven. — — — — — — — — — —

Lei om ei tid fekk fleire auga på seglet. Det var ikkje stor vengen som var oppe. Og når rokkarane kom var det lange stundene ingen ting å sjå.

Kven hund’n kunde det vere? spurde karane kvarandre. Her var då vel ingen av gardsens folk ute no! — — — —

Han Anders i Vika tok seg over skallen. – Du skal sjå da e Moglunten så e ut å færest. Han reist om måndagen til Bindalen å skull hent ny båt.

— Han e då vel nyli komen a Finnmarka? spurde han Per på Neset.

— Ja da e ikkj meir enn vel ått daga si han kom heim. Men måndagen va alt glunten innom hos me å lånt gammelsegle mett tel å segl nybåten heim me. Han ligg ikkj leng i røyten den Moglunten, da skal ver vesst, heldt han Anders i Vika fram.

Nes-kongen trava att og fram innom disken og let karane vite, at det var då jammen bra det fanst folk, som ikkje rotna heim-i dørene: — — — Men måte med alt. Det var å freiste Vårherre å ta ut i slikt ver. Det kunde aldri vere Moglunten. Og åleine var han vel slett ikkje.

Han Anders som visste alt kunde fortelle, at «glunten» var åleine. Det var nok tanken at ein av brørne, han Sivert skulde vere med sør etter nybåten. Men han hadde nok leika seg vel mykje med flaska på skyttarfesten i hi veka. Og i fylla hadde han reve opp heile høgre handa med eit glasbrot, så han gjekk stor-lemster no.

— Men her var då vel andre mannfolk å få med, meinte Neskongen.

— Ja visst var det så. Men det er ingen som vil gå og by seg fram — i allfall til Mogluntan, lo han Anders i Vika og hivde på akslene. — Og så vilde vel han Kristian Moa helst vere åleine. Han tenkte vel som så, at her hadde han eit godt høve til å syne kva kar han er. — Han e ikkje så lit ovmodi, den karen. Men Vårherre ha bøygd brattar nakk før, slutta han Anders.

Karane heldt auga med seglet og prata att og fram om kven det munde vere. Det var lite truleg at det var Moglunten. For om han no var komen så langt på nordtur som til Bodø, så måtte han då ha teke fast der idag, når han såg kva ver det var. Han var no ikkje meir enn menneskje han heller, så han reddast for døden. Og det måtte han då vite, at Folla var ikkje å leike seg med ein slik ver-dag.

Det var mange som glytte bort på storfiskaren i Kleiva, han Jonas Jensa. Han hadde vel eit ord her å seie. For Moglunten hadde då rodd med han 3 vintrar på rad. — —

Men han Jonas Jensa sa ingen ting. Han stod der så tett og traust og tilknept. Såg av og til ut gjenom vinduet etter seglvengen, som nærma seg meir og meir. Endeleg datt det ut av han: — Idag e da nok bør så han lika.

Det var mange som kjende seg forarga over dette. Millom dei var Vikaprinsen, søsterson hans Anders i Vika. Og han passa på og fekk kasta inn det spørsmålet, som folk i bygda hadde havt det fælt travelt med utetter somaren: Tenkte han Kristian Moa verkeleg å ro høvesmann til vinteren. Han var då berre ungen å kalle, knapt tørr attom øyra, ikkje 18 år eingong. Kva tenkte han å få til mannskap?

Kva hadde storfiskaren i Kleiva å svare til dette?

Han Jonas Jensa vaks i det same. Sa så roleg og fast: — Da ha kleinar kar rodd båt enn han Krestian Moa. Da e ikkj allti åran så gjer da. — — —

Han Per på Neset trødde kringt og lett innom disken. Han var så hjarteleg samd med storfiskaren i Kleiva. Det var neimen ikkje altid alderen som gjorde ein til kar. Some gjekk som dottar heile livet. Det såg ein nok av. Og så var det berre å legge seg til å ete på andre — på handelsmennene og på fattigkassa. — —

Det var stillt i bua ei stund. Mange av kallane kjende så altfor godt kva han Per på Neset sikta til. Og det brann dei heite og harde ord på tunga. Dei kunde godt fortelle han Per kven det var som hadde gjort han til den mannen han var. Når han idag sat her på Neset som konge, så var det dei å takke. Dei hadde bore i han alt dei åtte, alt det dei ut gjenom åra hadde slete på land. — — — — — — — —

Men kallane beit harmen i seg. Det stunda no mot haust og vinter, då det var lite å tene.

Det vart ikkje greitt å kome seg igjenom denne vrange og vanskelege tia utan å trenge til han Per. For kven hadde alltid pengane å bere for seg? — — — — — —

Og igrunnen var han både gild og beinsleg, han Per— når desse riene gjekk over. Og dei pla sjeldan vare så lenge. — — —

Det var i grunnen ikkje anna å le til, dette, at ein Moglunt skulde bli sett fram som ideal for dei! Mogluntan, som bygda til denne dag berre hadde havt skam og skade av! — — —

Det var ju bra at det såg ut til å bli ei grøn grein på det treet. Men Vårherre visste om den yngste Moglunten var så mykje betre enn dei hine — når det rett bar til. Det var i allfall for tidleg å peike han ut som den store føregangsmannen. — — — —

Kva tenkte han Jonas Jensa på, at han såleis heldt Moglunten fram? Var det likevel noko i det rykte, at han Kristian Moa skulde bli versonen hans ? Ingen trudde det før dei såg det. Så lenge Kleiv-frua var ovan torva kom det visst aldri til å hende. Det var vel ikkje eit møte i missionsforeningen utan at Mogluntan vart omtala. Og så skulde dotter til ho som var formann der bli gift med ein Moglunt! — — —

Han Anders i Vika brann med eit spørsmål, som han ikkje kunde teie med: — E da så at Moglunten skal stryk a me karan din? Da e sagt me at han Edvart Larsa går over. — — —

Han Anders strauk seg velnøgd i skjegget. Han syntest mest han hadde sett kniven for strupen på han Jonas Jensa. — — —

Det var ikkje fritt storfiskaren i Kleiva raudna til. Men han vann seg straks over i den store ro og prøvde skjemte. — Da e nok så. Å e synest ikkj da e da slag unnerli, at di så e ong å laus å ledi vel prøv se hos anner høvesmenn. E tek tel å bli gammel, å har vel best a å legg opp— — — —

Det var svar som han Anders likte.

— E tenkj Moglunten å anner skåronga får ta se i baken mang ein gong før di gjer de nokka — — —

— Å han Krestian Moa kjem nok fram, derså han har helsa å levedagan, svara han Jonas Jensa. Han såg atter ut etter båten. Seglet var borte lange stundene; men når rossene var farne framom, kom det atter til syne, piska og stormrie.

Han Anders var viss på at det var Moglunten; han kjende seglet sitt att. Det hadde ein ny stav i midten. At det atter skulde kome til slik ære, å få ride ein slik tørn av, det hadde han rett ikkje tenkt. Men det heldt nok; der var slik overlag god duk i det. Og han hadde halde det godt med bork, så rote var det ikkje. Når han hadde slengt det og fått seg nytt segl, så var det fordi det var så urimeleg tungt og stivt å handsame.

Kanskje Moglunten skulde ha det i vinter, var det ein som spurde.

— Å nei, han så grusa så stort e nok ikkj nøgd me slekt seglstell. Han skal ju ha snesegl, svara han Anders.

— Snesegl! ropte fleire på ein gong. Skulde han til å fante med slikt, då fekk han nok snart båten til hatt. Vårherre kunde gle’ seg til framandfolk. — Om han Anders var viss på det.

Han Anders i Vika rette seg så lang han var og let karane vite, at han fer ikkje med vas. Han hadde nyheita frå ingen ringare enn han Ol’ Hansa på Stranda, som nett hadde vore sør og henta seg nybåt. Der stod eit stort beist av ein sneseglåttring til avhentings. Og det sa båtbyggaren sjølv til han Ol’ Hansa, at den skulde han Kristian Moa ha. — Lyg han så lyg e, slutta han Anders og spytte langt og saftigt bortetter krambugolvet.

Ja ja, han fekk vel sjå kor det gjekk. — Men hadde han no pengar til å greie alt dette? vilde fleire vite. Visst hadde han lege på tur året rundt å kalle, tent godt og vore sparsam. Men han hadde då og noko å bruke pengane til. Det var då visst han så oppheldt heile huset. Og ifjor stod Moa lyst til auksjons; der var ikkje betalt eit øre på garden i mange år. Dei hadde anna å bruke pengane sine til, Mogluntan, enn å betale på garden. Når dei tente ei krone, var det å skikke bud til byen etter ølkassar og brennevinskassar. Og så låg dei og pimpla og drakk så lenge det varde, og heldt eit syndig leven langs vegan’.

Det var sakte bra å sjå at den yngste Moglunten vilde bli eit anna menneskje. Men ein skulde ikkje skryte av han for tidleg. Han var no ikkje gamall karen endå. Det var ikkje visst kor han vart når han fekk åran på seg. Han hadde alltid bore hovudet så høgt; det såg ut til at han vilde trosse seg fram. Men ovmod står for fall. — — — — —

Då seglaren var komen innom Storneset, og hadde verste sjøen attom seg, flaug seglet høgt i mastra, mest til topps.

— Han vel prøv innveen føsst gongen, var det ein som sa.

— Å han kunn nu vel eingong få resteng nok, han og, svara han Anders seint og vist. — Han e ikkj gammel i haka; vi ha før set likså stor spretta bli temt.

Kallane visste ikkje kva som gjekk av han Per på Neset i dag. Han var så stridshuga. Og hadde slik elsk til han Kristian Moa. Straks var han ferdig å svare:

— Ein måtte seie at det var både modig og godt gjort av han, 17—18—åringen å segle nybåten aleine heim — på denne årsens tid. Ein skulde døme karen for det han var, og ikkje etter det faren og brørne hadde vore. Det var pokker’n det same kor karen kom frå, når han berre synte seg å vere ein mann, som vilde noko. Her var nok av dei som låg heim i stu-dørene og drog seg året rundt, så nær som dei få vintervekene då dei rak seg ut til Lofoten. Snart årka dei vel ikkje det heller ein gong. Men då kunde dei med det same legge seg til å sprekk’; han fødde dei i allfall ikkje. Det skulde vere slutt med det. — — —

Han Per på Neset trippa og trødde så svint og lett på foten att og fram innom disken og tøygde seg i det brune spiss-skjegget.

No skjøna kallan’ det; han hadde visst litt i haue idag, gamlingen. Og da var han ikkje å kome nokon veg med. Det var best å teie så lenge.

Men han Per på Neset hadde endå mykje å fortelle kallan’.

Det var ikkje kleine tider, slik som folk jamt sutra; det var berre folket som hadde gløymt å arbeide. Men ingen måtte tru han sette latskapen og likesæla høgt. Han hadde fått lært seg til å henge i frå han var ein neve stor. Men skam hadde han for det. Kjøpmennene åt han snart opp. Han visste ikkje av før bua vart stengt. — — — —

— Å da bli vel ei ti tel då, sa han Anders. Da kjem vel einkvan tel å ryk før han Per.

Handelsmannen likte visst dette.

Han kunde vore ein god mann. Men når ein skulde føde ei heil bygd, sku’ det noko til rygg å bere det. — —

Karane tok til å undre seg på kor Moglunten tenkte å lende. Det vart visst ingen anna råd enn å klemme nybåten på Vikasanden, slik oppgang det var i dag. Der var elles ikkje noko lendan å skryte av i dag der heller. Men var ein så mannsterk at båten kunde bli brynt med det same, måtte det greie seg

— Vi får vel innover å hjelp glunten, sa han Anders og tok i hop trøya. Og dei hine følgde etter.

Det hadde samla seg ein liten folkehop inne på sanden, då åttringen kom sømmande mot land i fullt jag. Han tenkte visst å segle båten tørr med ein gong, Moglunten. Først 20 meter frå land let han seglet sige. Og båten rente seg fast i kvite skjelsanden.

På attertofta sat han Kristian Moa, tettbygd og brei. Han var berrhaua og snauklædd. Sjø og regn silte nedetter andletet. Håret hang svart og vått nedover panna, og munnen vrei seg i ein liten lykkeleg smil.

Han sat endå båten stod. Sat liksom i tankar. Til han Jonas Jensa kom nedåt og helsa velkomen. — Du ha ver i dag.

— Ja—a—a, børen va ikkj å klag på.

Meir fekk dei ikkje ut av hans munn, alt dei spurde og grov. Han ordna med båten, skora han opp og rigga ned, og overhøyrde alle spørsmål. — Dei stod ved skotten og sikta og la ut.

Der var ein botn i båten som ein sku’ leite etter.

Og djup og bergeleg var han, — reint eit lite farty mest.

Men jammen fekk dei vere karar ved årane. Det var greitt å sjå. Det vart nok ikkje smågluntar som dreiv den båten. — —

Dei glytte bort til Moglunten. Han hadde drege oljebuksa av seg, og stod no og kvelvde or støvlane. — — — —

Kor vilde han finne mannskap til denne brya? Ein slik båt dreiv seg ikkje sjølv, om han sa vart rigga ut med aller så mange snesegl.

Det var ikkje vanskeleg å sjå, at han Anders hadde havt rett; båten var bygd til snesegl. Men der skulde folk til likevel. Det var ikkje meining å by til med mindre enn 5 vaksne mann. Men kor tok han dei frå? Lat så vere at han hadde han Edvart Larsa og bror sin, han Sivert. Det var 3 med han sjølv. Fleire nytta det nok ikkje å få her i bygda. Det kunde dei sverje på. — — —

Dei prøvde å prate seg inn på han, så dei kunde få greie på kor han tenkte seg. Men han mælte ikkje eit ord. Og då han hadde tømt støvlane og bunde båten, la han på veg utetter og heim, med dyvåte huva i handa, — rett mot harde sødvestveret. — —