Olaf Norlis Forlag (s. 92-111).
◄  VII.

Ho visste ikkje korleis det hadde gått til, ho Magnhild i Kleiva, at ho var komen hit ut på lyngrabben, utanom bygda. Ho hadde berre villa gått seg ein tur i søndagsstille kvelden. Då ho var komen ut mot Moa, hadde ho teke buvegane utetter, ut mot Stormyra og Djupdalen. Det hadde kalla så på henne, dette store og fredsame riket her ute, der folk sjeldan sette sin fot.

Og ho hadde slik trong til ro og til fred. — —

– Slik lang og fredlaus vinter kunde ho ikkje minnest. Reint uvanleg mykje til snø, og så slik ofse til fok og rok. Det var så kaldt og utriveleg både ute og inne. Ingen til å snakke med; eine med sine tærande tankar kvar einaste dag. Det gjekk endå så lenge det var dag og ho gjekk og trakka og trødde med eitkvart. Men desse lange og tungsame kveldane, då vinden piska hardt mot rute og allslag tankar kom på gjesting! Det var ein endelaus vinter. Ho hadde aldri før visst, at livet gøymer slike store vintrar, då alt synest fryse og floke seg til.

Ho hadde aldri før vore åleine nokon vinter. Ho Maria og ho hadde halde saman i tjukt og i tynnt, og skift alt det som barndoms- og første ungdomslivet baud på. Jamvel ifjor då ho Maria var i byen, hadde dei levt sitt liv på denne same måten. Kvar bidige damptur kom der brev, stundom to, der ho fekk vite alt det som hende henne i byen. Og så hadde ho sete utetter kveldane og fortalt alt det som hende her heime. Det var alltid så mykje å fortelle om; breva vart jamnast for tunge.

I vinter skulde dei havt det så overlag gildt; — dei skulde knyte fastare det bandet som batt dei i hop. — — — — Og så hadde det blitt den tyngste og verste vinteren ho hadde opplevt. Ho Maria hadde alt i haust teke til å bli så rar av seg. Det vart lenger og lenger millom kvar gongen ho kom på besøk, Og ho var aldri så beint fram og hjartevarm som før. Det var jamt slikt forunderlegt mistenkjeligt glimt i auga hennar.

Frå slutten av januar vart ho Maria helt vekke. Og om ho tok seg ein tur bort til henne, var det mest ikkje svar å få. Ho var klein, og måtte halde seg inne.

Då kom ho i hug det han Johan hadde ymta fram på om hin kvelden på vegen. Det måtte vere så likevel. Det var nok andre og som fekk tak i det. Ryktene tok til å svive. Og han Johan skreiv til henne frå Lofoten og spurde om det ikkje var slik, som han hadde ottast for. Han Kristian Moa hadde i allfall visst god greie på det. Kva anna kunde det vere som gjorde han så besett og galen, at han pønska på og gjere av med både seg og dei andre på båten. — — —

Heile bygda visste snart å prate om det. Og dei spurde henne, om ikkje ho visste noko; ho som alltid hadde vore slik god ven med ho Maria.

Nei, ho vilde ikkje tenkje på den sorgsame tia no, her ho sat ut på bakken og såg utover fagre fjorden. — — Men tankane kom att. Ho måtte gjenomleve alt endå ein gong. — — —

Ho hadde flerie gonger vore på tur ut til ho Maria.

Ho måtte snakke med henne; få visse for om det var han som hadde gjort dette, han som ho trudde var betre enn alle andre tross alt det folk sa eller syntest. — — —

Men ho snudde alltid på vegen. Ho fekk det ikkje til å gå fram, fordi ho syntest det var så leitt å kome til ho Maria no, og mest fordi ho var redd å få det sørgelege stadfest, at det var han.

Men alle var ju så visse på, at det var han og ingen annan. Og så vidt ho kunde skjøne, måtte det vere anten han Johan eller han Kristian; for ho Maria hadde då ikkje vore ilag med andre.

Kven var det så av dei to? Ho hadde mest lyst til å tru det var han Johan. Han var pågåande nok.

Men så kom han Johan med friarbrevet sitt. Han vona ho ikkje vart skræmd. Han måtte ha hjelp i huset; mora vart gamal og greidde ikkje alt; og no vilde han, om ho slo til, gifte seg straks han kom frå Lofoten.

Ho hadde tenkt seg eit friarbrev heilt annleis. Ho var så kald og likesæl med’ ho las brevet. Og han fekk utan blunk eit blankt avslag. Ho var ikkje tenkt å gifte seg; ho vilde reise sør og bli sjukepleierske.

Men brevet gjorde så vondt. Det gjorde henne så tvilsam. Det måtte vere han Kristian likevel som hadde vore ilag med ho Maria. For det kunde ikkje vere han Johan, slik som han skreiv til henne. — — —

Det vart dagar fulle av tærande tvil og tyngsle. Det var underleg kva eit menneskje kunde greie og endå leve! — — —

Men så kom tidenda om oppgjøret millom han Johan og han Kristian.

Då gjekk ho til ho Maria same dagen. Snakka lenge og varmt med henne, slik som i gamle-dagar. Ho kunde berre anke på at ho ikkje hadde gått til henne før. Det var som ein stein vart letta av hennar barm. Ho gjekk trallande og takksam heimover den kvelden. — — —

Når ho Maria hadde vore sår og sinna, så var det fordi ho trudde at ho vilde ta han Johan ifrå henne. Han hadde vore forlova med ho Maria, og då vart det gjort. No kunde det mest vere det same anten han vilde ha henne eller ikkje; ho kom så aldri til å bli lykkeleg med han; for ho heldt ikkje det grand av han. Det fanst ikkje større fant i fjorden.

Men han Kristian Moa var ein staut kar. Og når han var så vrien og vanskeleg, og sette livet på spel kvar time, så var det berre fordi han heldt så forgale mykje av henne – ho Magnhild i Kleiva, og trudde at ho hadde lova seg med hjarta og hand til han Johan.

— — — — — Ho mintest så vel at ho hadde hysja på ho Maria då ho sa dette. Men ho Maria var så alvorleg. Og ho bad henne med tårevåt kinn om å syne han Kristian det, at også ho var glad i han. For det var ho. Og det var synd å gå slik og fryse til, kvar på sin måte. Livet var så kort; ein burde ikkje kaste bort ein einaste time. — — — —

— — Det var rart slik som livet lysna og letna med ein gong etter at ho hadde snakka med ho Maria. Greitt syntest ho det tok til vårast med det same.

Og no var det mest ikkje stort igjen av gamle vinteren. Det var bert i bakkane, og det tok jamvel så smått til å grønast her og uer under hamrane. — — —

Ho hadde sett seg på ein tørr-rabb tett ved ein liten bjørkelund, og synet leika så vidt og fritt inn etter fjorden.

Det var så underleg å sjå fjorden herifrå, når ein som ho inne i Kleiva alltid var vant å sjå fjorden innanav og utetter.

Han tok seg mest betre ut herifrå. Ein fekk slikt godt tak på alle blåfjella, som himla så fagre imot sky hi sida fjorden. Og innom fjella blåna det i endelause vidder. Det måtte vere triveleg å bu herute og sjå dagen herleg vakne der aust, stødt like ung og ven, med voner mange i si lette lysing. Og herifrå kunde ein først retteleg sjå kor verdig og vakker fjorden bukta seg innetter frå nes til nes. Det var rart ingen hadde slege seg ned herute.

Han Kristian Moa hadde ju tenkt på det. Han hadde den gongen han var liten planta desse bjørkene, til vern og vakt mot austanvinden, som skulde ta så hardt her.

Men no hadde han vel slutta av med det, no han hadde fått seg motorskøyte.

— — — — Ho vart så still og sorgfull i sinnet. Småbekkene surla og småsong under kveldstivna snø, med’ dagen sorgsamt sovna vestom eidet og åsane.

Ho tenkte gong på gong å gå. Folk vilde tru ho var galen, dersom nokon fekk sjå at ho gjekk og rusla og rak herute — denne årsens tid. Men ho vart sittande; ho kunde liksom ikkje rive seg laus frå den trollstemning og dei tankane som batt og hugtok henne. Det var så underleg; fjorden og fjella tala med slik makt og såg så rart på henne no ho var tenkt på og forlate det alt saman. Ho skulde reise i næste måne; ho vilde ut og vigje livet sitt til dei sjuke, dei som ligg i verk og våde og strir sårt med døden.

Og ho hadde stundom gledd seg til dette; det måtte gi fred og godt samvet når ein såleis ofra seg for andre.

Men no var ho så tvilsam; det kjendest så vondt å ta farvel med alt dette som ho var vant til å sjå kvar dag. — Det er ikkje lett å bryte staven over den draumen, som ein har kjælt for i livsens første lykkelege år.

Når ho hadde villa seg hit ut i kveld, så var det vel fordi ho måtte sjå att den staden, som ho i lang tid hadde spunne sine dyraste draumar om. —

Det var gått såleis til:

Konfirmasjonslørdagen for snart 4 år sidan hadde ho følgt ei veninne ute frå Stranda eit stykke på veg utover. Det var flo sjø så dei måtte gå myrane. Då ho var komen hit inn mot rabben møtte ho han Kristian Moa. Han kom frå den vesle bjørkelunden der nede. Ho måtte vere med og sjå på dei bjørkene, som han hadde omplanta dit ned då han var 8—9 år gamal.

Dei trivdest så godt, bjørkene. Det var alt ein liten tett lund. Og midt inne i lunden var det to—tre steinar. Der hadde han no sete og overhøyrt seg sjølv i leksene til morradagen, sa han og såg så rart på henne. Dei vart sittande der så lenge i fine somarkvelden. Han skjemta med at når han vart gamal og trøytt av sjøen vilde han reise seg ein heim her ute. Og han fortalde såleis kor denne heimen skulde vere, at ho vart riven med. Her var så fritt og fredelegt her ute; ein slapp gå i vegen for kvarandre, slik som det no heldt på og bli inne i Nordbygda. Og jord til dyrke var her meir enn ein vann over, om ein så vart hundre år. — — —

Så hadde han drege ei sølje opp av lomma. Det skulde ho ha i bettarløn; ho hadde vore så gild og hunde eit par vottar til han første gongen han skulde til Lofoten.

Han vart så rau og brydd då han flidde henne sølja. Ho såg øskja var sliten; ho hadde visst lege lenge i lomma. Det kunde likne han, endå så pågåande kar han var. — — —

Sidan hadde ho mest ikkje snakka med han. Men rett ofte hadde ho i drauman’ mintest møte-stunda her ute. Og no sat ho her i halvskome aprilkvelden og tok farvel med staden. Bjørkene hadde vakse seg både større og sterkare sidan sist — nett som han sjølv. Men det såg mest ut til at han hadde gløymt å fli om dei. Det var vel ikkje anna til for han enn båtar og motorskøyter. — — —

Ho såg nedpå bukta; der låg lofotbåtane og svaga sakte i landvindskjøla. Ytst ute, som for seg sjølv, der låg skøyta hans. Ho kom bankande innetter fjorden i går tideg med 3 åttringar på slæp, mot straumen og utfallvinden. Det var slett ikkje slikt fælt leven som folk i fjorden hadde innbillt seg. Det var berre så vidt dei høyrde det i land. Men han Ol’ Trondsa i Lihlvika fortalde i går på krambua då ho var der, at han fekk mindre på flyndregarna igår, og det var sikkert motorskøyta hans Kristian Moa å takke; ho hadde gått tett forbi garna. Kor svart vilde det så ikkje bli i fjord og fiskevær, om det vart fullt av desse raklefantane!

Men då fekk han Ol’ Trondsa han Per på Neset laus. Det var mest godt å høyre kor han las opp om fordom og tull. Kven var det som i år hadde størst lottan, anten dei som let tia renne ifra seg, eller dei som følgde med? Men det var vel ikkje så om å gjere å følgje med heller, når dei visste at fattigkassa og handelsmenn’n fødde dei og ungan’ i same tia. Det vart eit tungt år for han.; Vårherre måtte vite kor han sku’ greie det; han kom då visst ikkje til å få inn halvparten av det han sette ut i fjor. Men det skulde vere slutt no, han kund’ ikkje gjer’ det slik at han sjølv kom på tukthuset. — — —

Ho hadde vore så spennt på kva faren vilde seie. Han hadde ikkje skreve eit ord om striden millom båtfolket og skøytekarane. Det gjorde så godt å høyre i går då han kom velsigne motorskøyta, som let dei få tamp ut med leia, der dei låg og hangla og dreiv i motfallsgråen. Det gjekk som ein leik inn fjorden; dei kunde sitte i båthuset og koke kaffe og kose seg. Det måtte bli herleg å vere fiskar når ein kunde få det såleis. — — — — — — — — — — —

Ho skulde vel ikkje ha noko med dette å gjere, men det gjorde så godt å høyre faren seie dette. Det var så vondt alltid høyre folk fordøme det han Kristian gjorde. Ikkje for det, han brydde seg visst ikkje stort om kva folk sa eller syntest.

Ho hadde set han med kjerke idag. Han var så brunbarka og byrg; han såg reint sigerstolt ut. Det hadde han vel grunn til å vere, no han var skipper og heldt på og kome seg ovanpå. Folk måtte sjå opp til han, anten dei vilde eller ikkje.

Ja, det var bra, at han vann seg fram. Det var godt å sjå at det beiske og bitande draget, som hadde lege som ein kald haustskugge over det fagre og sterke andletet hans dei siste åra no heldt på og kome bort. Ho hadde syntest det var så tungsamt og sørgeleg at han skulde gå såleis og lide og forherde seg sjølv. Og ho hadde meir enn ein gong ønskt å sjå han fredfull og lykkeleg. Det hadde vore hennar stille bøn så tidt. Men no når hennar bøner heldt på og bli oppfyllte, no når den tunge skuggen heldt på og letne og kalde fliren smelte i ein varm og lykkeleg vårsmil, slik som ho syntest sjå idag, — så gjekk ho her og var sorgfull og halvt ulykkeleg. — — —

Kor vanskeleg det var å gjere alle tillags! Men det var berre det, at ho så gjerne vilde han skulde lengte etter noko meir, at han ikkje skulde finne si fulle lykke berre med motorskøyta og sin store framgang, slik som det slo henne idag då ho fekk ein skimt av han. Han såg så nøgd ut, liksom han hadde vunne si lykke.

– – – – –

Men — det hjelpte vel så lite kva ho tenkte eller ønskte. Om 4—5 dagar la han på Finnmarksferd, og ho fekk vel knapt sjå han — på lenge. Det var nok berre ei gissing av ho Maria det, at han tenkte på henne. Elles måtte han vel ha sagt — eller skreve — noko? Men han var så underleg; det var mest aldri godt å vite kva han bar på. — — — —

Ja ja, ho kunde ikkje anna enn ønskje han lykke på ferda. Nokon annan godhug kunde ho ikkje syne han.

Ho femnde fjorden endå ein gong i eit storsyn, og vilde så til å gå. Då kvakk ho til; ein kar stakk hovudet opp over bakkebruna. Og med huva i handa kom han Kristian Moa fram og helsa.

— E skul ut å sjå på bjørken min å så fekk e sjå her sat folk.

Ho kunde ikkje med det: ho raudna skikkeleg og visste ikkje kva ho skulde svare. Det var ikkje godt å sjå anten han flirte eller smilte. Det slo henne atter, at han såg så sterk og sigerviss ut. Og det likte ho ikkje – på ei vis. — Da va mykj du tenkt på bjørken nu du ha fått skjøyt; e tenkt du ha sagt farvel med alt på lanne, fekk ho seg til å seie.

— Trudde du da? Du ha forrekna de då, så kvinnfolkan jamt gjer, skjemta han.

— Kann henn. Ho vart så alvorsam.

Han tagde ei stund. Spurde så:

— E da sant du skal stryk ifrå oss?

Han hadde sett seg ved sida hennar og sat og grov med eine handa nedi lynget.

— E må vel da; e så mange anner, svara ho. — E har vel godt a å kom litegrann ut.

— Du vel ikkj ver me oss på skøyta? Vi har ein mann før lit.

Han skjemta framleis. Og ho likte ikkje at han var så lystig og lettliva.

— Du må vesst høyr de om etter beir mannskap.

— Ja tru da. Enn nå e ikkj veit nokken beir å finn. — — — —

Ho måtte sjå på han. Munnen lo, men ho syntest merke slik ein underleg havtung klang i mælet. Han var ikkje god å bli klok på.

Men aldri hadde ho visst han var så ven som no han låg der slengd i lynget, tett ved henne.

Han såg så mandig ut; nakken var brun og brei, og det svartna av mjukt skjegg kring den sterke munnen.

Ho skalv smått og kjende seg så veik.

— Da e sant, e ha vesst gløymt å gratuler de me motorskøyta. Du e vel førnøgd me ho?

— Ja, e trur da.

— Enn åttringen; kor ha du gjort a han? måtte ho spørre. Det var mest vondt å tenkje på at han hadde skilt seg med båten så snart. Han såg så lett og fin ut då han låg rigga til Lofotferd. Og dei kvite snesegla kledde hallt så godt. Ho hadde lenge stått og set etter han den dagen han seglde ut fjorden.

— Åttringen ha Vikaprinsen fått. Dar va forresten ikkj stort igjen a han.

— Berre ett ein vinter, sa ho tanketung.

— Ja, men da va så tong ein vinter.

— Va da slekt uver då?

— Ja, storstorm kvar dag. Da gjekk på live laust. Han kviskra det seint og tungt tett inn ved henne. Fekk så tak i handa hennar. Og heldt henne fast inni sin store, harde neve.

Han sa ikkje meir. Og ho kunde heller ikkje tale. Fekk seg ikkje ein gong til å dra handa til seg.

Dei vart sittande slik ei stund i store kveldsstilla. Berre ein og annan orren slo ein liten klunk opp i librotet. Bekkene susa og småsurla rundt kringom. Og fjorden blenkte blå mot snø-flekkute fjell.

— Du sei vel ikkj tvert nei til rolage mett? Ho tagde; såg berre nedi lynget; tankefull og still; barmen gjekk i tunge hivingar.

Han prøvde dra henne inn til seg. Men ho heldt att. — E kom vesst ikkj tel å kunn fyll rome mett; du e ju så streng.

— Ikkj me all; e ser i folke, veit du.

— Du vart vesst likså snart lei me så åttringen.

— Å så kom e tel å overlat de til einkvan ann’n, mein du, skjemta han. — Ja. — Da vart i allfall ikkj tel Vikaprinsen, sa han sterkt.

— Ikkj til nokken ann’n heller?

Ho såg nøgje på han.

— Nei, ikkj så leng da finst liv i me.

Han la armen fast kringom henne. Men ho heldt endå att. — Du har ju nyskøyta; e trudd du ha nok me ho. — Nei, e må ha de og; elles bi da berre skrot me roren.

Ho tvila ikkje lenger; varmt såg ho han inni auga og let så hovudet sige inn til han.

— Kann e så lit på rolage dett?

— Ja, kom det lågt og varmt.

Han klemde henne fast, og deira munnar. møttest.

Kveldsløret breidde seg tettare utover rabbane og myrane og sveipte seg om dei to, som sat der og let sine tunge vårkjensler tale for første gong. Dei gløymde tid og stad og drøymde seg visst einsame på ei nyfødd jord.

Det kom ein orre flaksande bortåt dei og tok til å leike.

— Han e gla, han og, ser da ut til, sa han Kristian.

— Ja, svara ho stillt. — Men e kann likså ikkje skjøn detta. Da kom så brått. E trudd ikkj du brydd de størr om me. Ho undrast endå på at han no med ein gong skulde kome til henne, og det så glad og trygg.

Han gissa tankane hennar.

— E mått vel ver gla nå e vesst at da likevel — va me du heldt a.

— Kor kunn du vet da? Ho sat og leika seg med handa hans.

— Ein go engel ha kviskra me da inn i øyra.

— Ha ho Maria sagt nokka? spurde ho brått og vilde slite seg laus. Augnebrunene seig ned og panna la rukker.

Han klemde ho fast til seg.

— Om så va synest e vi skull takk henn. Ho gav seg. Men spurde straks etter: — Ha du snakka med ho Maria? — Nei, men e fekk eit lit brev, hvori stod skrevet, hermnde han, åt da va ikkj Vikaprinsen men den fordømte Moglunten du heldt a. Du va berre så flenk å døll da. —

— Enn du? E trudd da va ho Maria du såg etter. Ho såg skjemtefull oppå han.

Han vart med eitt alvorleg. — E tenkt berre på de, men e syntest da va så umuli. Å så kunn da ha gått gale. Han fortalde om då han heldt på og forgløyme seg på sputfjorden.

Ho kyngde seg nærare inn til han liksom i angst. Ho tenkte på kor nær dei begge to hadde vore på å kaste seg bort. Og hennar hug vart så varm og takksam. Ho såg ut mot kveldhimlen liksom bedande.

— Førtelt ho Maria nokka om se sjøl?

— E vesst da før. Han Johan sytt før at all fekk vet da, å at da va e så ha gjort da. Å då veit du e mått tru da, om e vesst me aller sa uskyldi. —

Han tok atter til å skjemte. Ho syntest ikkje ein skulde ta slikt så lett.

— Du veit e treng mannskap på skjøyta, å nå di så vild gje me ein kar, mått e vel takk til å ver gla.

— Du va slett ikkj gla, heldt ho fram.

— E va kanskje ikkj da, si da ikkj va me den rette. — — —

Ho gøymde hovudet inn ved barmen hans og lo blyg.

— Veit du at e va tenkt å sei fjorden farvel før godt, sa han om ei stund.

— Du og? — Ja, her kulsa så kaldt. E va redd e fraus tel. Men så fekk e vet at her skjein slik ei varm vårsol inn mella fjellan, å nu tenkj e vi slår oss ne her. Han snudde andletet hennar mot seg, slik at han kunde sjå inni hennar store, blådæmde auga. —

— Ja nu slår vi oss til her.

— Da e fint her ut? prøvde han seg fram.

— Ja, å så stillt og fredeli. Ho såg med slørte auga utover rabbane og store myrane. — Dar e tomt åt eit hus ne me bjørken. — Ja, fin tomt..

— E reis til Ranen ette stutømre nå e kjem av Finnmarka.

Han vaks der han sat. Og auga søkte varme utover deira framtidsverd.

Det vilde bli gildt å sjå det lyse grønt her ute når han etter lange utferdene kom seglande inn fjorden. Og på trappa vilde ho stå og by han velkomen heim til huset. — — — Det glødde og brusa stort gjenom all hans heite hug! Han spratt opp, tok henne på armane sine og svinga henne rundt. — Du e så galen å sterk, sa ho og pusta ut, sæl og forskræmd.

— Ja, e kjenn me bra nu. Han såg frå henne nedpå skøyta; dei høyrde ihop, dei to. Han kjøpte skøyta same kvelden han fekk vite, at det var von om ho vilde ha han.

Og det trudde han, at med slik båt og slikt mannskap, sku’ det ikkje bli lett å stanse han. No kunde vinterbåra rulle så bratt og brå ho vilde; han skulde stige henne med ein smil på leppa.

Det var rart kor ein kunde forrekne seg. Han hadde før alltid meint, at han var sterkast med den frosne fliren. Men det var løgn. No då det song av vår i han og han kunde le så lett og mildt til alt, då kjende han seg tvifald sterkare. Han trudde mest han kunde ta sjølve fjella på akslene. — — —

Det bar heimetter vegane som to lykkelege bonn. Inn på storvegen møtte dei ein flokk ungdom. Gluntan’ hadde visst teke seg ein heimkome-dram; dei var lystige og glade og smådansa bort på vegen. Dei måtte få røre på seg no, etter ein lang vinter i tronge bua og små båtar. Ein kar gjekk midt inne i flokken og spela på munnspel og trødde takten.

Han Kristian såg på ho Magnhild. Ho skjøna han vilde vite om ho utan å skjemmest torde syne seg ilag med han. Då gjorde ho det han ikkje hadde venta: Ho smette armen sin inni hans, og trødde så i fast takt med han framom både Vikaprinsen og dei hine karane. Det var ein som sa høgt til han Johan: — Dar møst du eit godt rolag. Dei kunde ikkje høyre kva Vikaprinsen svara.

— Monamne e ikkj lett å ber, sa han. — Du ha vel ikkj tikj de vatn over haue? Ho såg på han:

— Vi grei da nok; vi e ong å sterk begge.

Han såg takksamt på henne. Og vilde så i si store glede atter svinge henne rundt. Men ho smatt unna. — Da e då mett på vegen.

Dei stod ved Kleiv-huset. Ho tok i låset og kjende om døra var læst. — E lyt vel pakk me inn. Da e vesst på ti nu.

Han tok leande til å løyse på skoreimane sine. Han vilde vere med inn. – Nu kann e smett di. Han såg oppå henne, der ho stod og fingra med låset. Det låg heit trå i auga hans. Ho stod og vog på det og ikkje rett visste kva ho skulde gjere.

Men slapp så låset, bøygde seg ned og til å reime att skorne hans.

Han la ikkje imot, endå slik hugen glødde. Å kome inn på romet hennar, der angen frå henne fyllte lufta, det vilde vere hans himmerike i denne stund. Men han kunde ikkje tvinge seg fram. For det låg som bøn i hennar auga om ikkje å gjere det, — ikkje i kveld; det var for tidleg. — — —

Ho låg på kne attmed føtene hans og reima. på skorne. Ho var så rund og rød og trivleg. Og det steig slik forunderleg fin ange frå hennar hår og hals, som han var så nær. Han kom til å tenkje på dåmtunge somarkveldar. Blodet flødde så heitt gjenom alle hans årer. Han kunde knapt styre seg; han måtte løfte henne endå ein gong.

Ho saup etter anden. — Du e fæl, sa ho og trua han. Då vart han endå villare; tok henne på armen og gjekk mot døra. Det var gjerne best han såg henne tilsengs før han gjekk.

Ho lukte auga og let seg bere. Det vilde vore gildt og sete med han i stille natta der inne. Vandt å seie når næste høvet baud seg. Han kom snart til å reise, og vart borte så lenge. Ventetia vilde bli både lang og tung, så det kunde trengast at ein hadde sæle stunder å minnest.

Det storma så mykje inn på henne i denne stund av tankar og lokkande kjensler. Ho visste ikkje rett kva ho skulde. Men så kom ho til å tenkje på, at no var ho eitt med han, og det var hennar hellige plikt å verne om namnet deira. Ingen skulde ha noko å seie på dette første møtet. Og ho kjende seg så varm og veik ilag med han; ho kunde liksom ikkje lite på seg sjølv, om det bar inn.

Ho reiv seg laus. — Kom, e skal føll de eit stykkj utover. Og han let seg føre. Det bar utetter øvervegen, frammed lia. Til dei kom til det steingjerdet, dei ein gong før hadde sete på. Der sette dei seg side om side.

Vintersnøen låg strødd utover i flekker, laus og soltært, med ei frøyn skorpe ovanpå. Men i solbakkane låg marka berr, og det lyste av grøn gror under hamrane, der det var livd for nordanvinden.

Dei sat og såg på fjella og fjorden og lydde på lette bekkesusen, til deira auga vart tunge og slørte, som kvelden sjølv.

Det stod ei lita bjørk attmed gjerdet.

Han braut seg ein kvist. Komaren sat brun og stor uti, ferdig til å sprenge vinterhylstret.

— Sjå, da e straks vår.

— Å så bi da somar, kviskra ho.

— Ja, å så bi da somar. Han tok ho inn til seg, slik at han kjende varmen av henne.