Samlede værker. Mindeutgave
Gyldendalske Boghandel (Første Binds. 8-9).

Og vetle Nils Finn skulde ut å gå;
han fekk inkje ski’i te å hanga på.
 — „Det var illt!“ sa d’uppunder.

Og vetle Nils Finn sette foten i snjo:
„ditt ovstygge troll, vil du lat’ meg i ro!“
 — „Hi—ho—ha!“ sa d’uppunder.

Nils Finn slo med staven i snjo, so han fauk:
„såg du trollskapen, du, kor forsett han rauk?“
 — „Hit—li—hu!“ sa d’uppunder.


Nils Finn dro det ejne ski fram med ejt tak;
det andre hekk fast, — han valt att å bak.
 — „Å drag i!“ sa d’uppunder.

Nils Finn gret i snjoen og sparkad og stakk;
dess mejre han sparkad, dess lengr han sakk.
 — „Det gjeng godt!“ sa d’uppunder.

Og bjørki ho dansad, og gran-tufsen lo;
der var inkje ejn, der var hundrad og tvo.
 — „Er du kjend?“ sa d’uppunder.

Og fjellet det skrattad, so snjofilla flaug;
men Nils knytte neven, og svor, at det laug.
 — „Var’ deg no!“ sa d’uppunder.

Og snjofonni gapad, og himlen fór ned;
Nils tenkte, han vilde nog ogso gå med. —
 „Kom’n vekk?“ sa d’uppunder. — —

Tvau ski stod i snjoen og såg seg ikring,
men såg inkje stort; for der var ingenting.
 — „Kvar er Nils?“ sa d’uppunder.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.