Johan L. Sundt (s. 29-39).

§ 73. Ved verkeorðe er å merkje: utsegjemåte, tal, tið og verkeset.

§74.
Utsegjemåtane.
  1. Tingmåten, som kan brukas, der tingorðe kan brukas (§3l merkn. 4), og som vi kan kjenne på tingmåtemerkje: å, (§ 14). Å reise, å baka, å flå.
  2. Skapnaðmåten, som ofte vert bruka som skapnaðorð (§ 13), t. d. springande, sprungje.
  3. Merkn. Om brigding og tyðning sjå, §§ 63, 64, 86, 87, 88.
  4. Forteljemåten, som vi bruke, når vi fortele eller spør om noko. Han log. Kva sa han?
  5. Tilsetmåten bruke vi, når vi set ein eller fleire til å gjera noko. Gå dår veg! Kom, gut!
  6. Ønskjemåten vert bruka til å utsegje eit ønskje. Guð signe arbeiðe.
Tal.

§ 75. Som regel har verkeorðe same forma, både når hovuðdeilen (§ 23) er eint. og fleirtal. Eg spring, vi spring; kalven danse, kalvane danse.

Merkn. Om talformene hjå skapnaðmåten sjå § 64, 2, 3, 4, og §86.

Tið.

§ 76. Ei gjerð vert enten tenkt som ålreiðe forseggjengje før, eller ho går no for seg, eller ho vil gange for seg i framtiðen. Etter dette får vi tri hovuðtide: førtið, notið og framtið: Eg skreiv, eg skriv, eg vil skrive. Men desse tiðene har sine hjelpetiðe. Førtiða har ei hjelpetið kalla før-førtið, som utsegje, at noko er forseggjengje ålreide i førtiðen: Eg hadde somna (før-førtið), då du la deg. Notida si hjelpetid er før-notið, som utsegje, at gjerða er forseggjengje før notiðen, men soleiðes, at ho står i høve til henne: Eg har vore (før-notid) sjuk 3 daga no, men ænno er eg like dåleg. Framtiða si hjelpetið er før-framtiða. Denne vert bruka, når vi utsegje, at ei verksemd vistnok er okome i høve til notiðen, men at ho vil vera forseggjengje, når hovuðframtidð kjem: Du vil ha sove ei goð stund, når eg vil gå til sengs. Men liksom vi, når vi rekne frå notiðen, får tvo framtiðe: framtið og før-framtið, soleiðs får vi au tvo framtiðe, når vi rekne frå førtiðen. Desse utsegje, at verksemda låg i framtiðen den gongen, då fortiða var notið, men at ho frå den tiðen, som den talande no er i (ɔ: rekna frå notiðen), ålreiðe er forseggjengje.

Den av desse tiðom, som svare til framtiðen, heite: første framtið i førtiðen, og den, som svare til førframtiðen, heite: andre framtið i førtiðen. Desss tvo tidene vert dana veð å byte notiðformene skal (vil) með førtiðformom skulde (vilde). (Sjå §§ 93 og 94).

Sa eg igår t. d.: Eg har no klokka 12 skreve eit brev (før-notið) og skriv no kl. 12 på de andre (notið); eit trije skal (el. vil) eg skrive etter miðdagen. (framtið), og eit skal eg ha skreve førre kvelden (før-framtið), så må eg, dersom; eg idag vil fortelje dette, segje: Eg hadde igår kl. 12 skreve eit brev (før-førtið), kl. 12 skreiv eg på eit anna (førtið); eit trije skulde (vilde) eg skrive etter middagen (første framtið i førtiðen), og eit fjore skulde eg ha skreve førre kvelden (andre framtið i førtiðen).

§ 77. De er berre forteljemåten, som bruke alle 8 tiðene; tingmåten har oftast berre tri: (før-notið, notið, framtið), skapnaðmåten tvo: (førtið og notið); ønskjemåten og tilsetmåten har som alraoftast berre notið, (§§ 93 og 94).

Verkeset.

§ 78. Verkeorðe utsegje enten, at hovuðdeilen (§23) gjer noko sjølv, eller au, at de vert gjort noko veð honom. I første tilfelle kalle vi de: gjerande verkeset, i andre: veðgjort verkeset, t. d. guten lugga meg, guten vart lugga av meg. Godt som alle verkeorð har gjerande verkeset, men både gjerande og veðgjort verkeset har i regelen berre dei motdeilhavande (§ 17 merkn. 1).

§ 79. Ein må kjenne merkjeformene for með støðleike å kunne brigde eit verkeorð með syn på utsegjemåte, tal, tið og verkeset. Desse er: tingmåten og forteljemåten i notið, forteljemåten og skapnaðmåten i førtið, t. d. bera, ber, bar, bore; døme, døme, dømte, dømt; kaste, kaste, kasta, kasta.

Merkn. Den forma av skapnaðmåten vert nemnt, som han har etter forme av hjelpeverkeorðe: ha (§ 64, 4, g).

§ 80. Til å framstelle dei skjelte utsegjemåtane, tiðene og verkesetta, vert i mange tilfelle bruka følgjande hjelpeverkeorð, (§ 17 merkn. 2), som har desse merkjeformene:

Notið. Førtið.
Tingmåte. Forteljem. Forteljem. Skapnaðm.
ha har (hev) hadde havt
vera (biðe) er (bið) var (beið) vore (beðe)
vilje vil vilde vilja
skulle skal skulde skulla
verte (bli, bi) vert (bli, bi) vart (blei, bei) vorte (blet)
måtte måtte måtta (måt)

Merkn. Både i hjelpeverkeorðom og i dei fleste andre verkeorðom er eintal og fleirtal ålmennelegt eins (§ 75).

§ 81. Með syn på den måten, som verkeorða har i forteljemåten i førtiðen, vert dei deilte i 3 slag. Dei fleste får brigde: a. (a-orð), andre: te el. de (el. dde), (te-orð el. de-orð), og trije slagje har lyðsprang utan endebrigde, (lyðsprangorð) (§ 10).

Merkn. Til desse 3 slagom kjem nokre, som i meire eller minre mon er mønsterlause (§ 100, 3).

§ 82. Døme på alle 3 slag:

I. A-orð. (§§ 83, 84,1. 85,1. 86,1)
Notið. Førtið.
Tingm. Forteljem. Forteljem. Skapnaðm.
kaste eint. kast-e (r) kast-a kast-a
fleirt. kast-e
Te-orð og de-orð. (§§ 83. 84,2. 85,2. 86,2.).
tru eint. trur (tru) tru-dde trud
fleirtl. tru

tel-je eint. tel-e (r) el. tel tal-te talt
fleirt. tel-e
dølje (§ 4) eint. døl-e (r) døl døl-te (el. dul-te) døl-t (dul-t)
fleirt. døl-e
døm-e eint. døm-e (r) døm-te døm-t
fleirt. døm-e
3. Lyðsprangorð[1] (§§ 83. 84,3. 85,3. 86,3, og 100, 2).
spring-e spring sprang sprungje
Om dei osamensette formene.

§ 83. Tingmåten i notiðen (§ 74, 1) er eaten lik roten, eller au har han brigde a eller e.

  1. Lik roten er han i dei fleste av dei orðom, som har ei sjølvlyðendande rot, t. d.: å få, å tru, å flå; men: å døy-e.
  2. Brigde a har han i orð, som har a, e eller o tilrotsjølvlyð, og som desutan har berre ein meðlyð millom endebrigde og rotsjølvlyðen, og denne siðste likevel har breið uttale, (ɔ: e mesta lik æ, o mesta lik å). T. d. drepa, tala, koma, mona, bera, svara.

Merkn. 1. Dei målføra, som ikkje uttale endebrigde a tyðelegt, kan til dagleg bruk ha de merkje, at han skal vera i alle dei verkeorðom, som har sjølvlyðtiljamning. Dette vil vera eit goðt merkje norðan fjelle, men au for ein deil sunnanfjels, t. d. lesa, baka, vega, veva, skava, skaka, grava, draga, gala, mala, stela, leka, vera, skjera, sova o. sb. (Veð sjølvlyðtiljamningjen vert desse til: låså, båkå, våga, våvå, skåvå o. s. b.

Merkn. 2. Til deim, som har a i tingmåten, hrøyre au nokre orð, som vanleg før fans skrevne með i eller u (y) i roten, men som etter § 3 og 4 her vert skrevne mes e og o (ø), og soleiðs kjem in under ovannemnte regel, t. d. veta, leva, lena, mona, skjepa o. s. b. (Vanleg før skrevne: vita, liva, lina, muna, skipa). Slike har au sjølvlyðtiljamning, t. d. våtå, låvå, låna, måna, skjåpå osb.

Merkn. 3. Til deim, som har a i tingmåten kunde au dei de-orð og te-orð verte meðrekna, som i brigdingjen høyre til same slagje som telje og dølje, (§ 82, 2). Dette tykkjes do ikkje å vera nauðtorvelegt.

  1. Storslumpen av verkeorðom har e i tingmåten, nemleg alle dei, som ikkje er undantekne i § 83, 1 og 2.

Merkn. 1. Næmare påpeika er de: 1, dei, som har minst tvo meðlyða millom rotsjølvlyðen og endebrigde. 2, dei som har: i, u, y, (§ 83,2 mk. 2) æ, ø, au, ei, øy i roten, 3, dei, som har: a, e, o, men ikkje kjem inn under regelen i § 83, 2, t. d. ane, hele (ɔ: rimfryse), ose.

Merkn. 2. Norðanfjellingane kan merkje seg: I dei orðom, der endebrigde i dagleg tale ikkje vert uttalt, skal e skrivas, undtakand i dei i § 83, 1 nemnte, t. d. Eg laut mesta skrik’ (skriv: skrike).

Merkn. 3. Ein liten deil av lande, nemleg frå Lister til Sogn, har a til endebrigde i alle verkeorðom. (§ 51 merkn. 2).

§ 84.
Forteljemåten i notiðen. (§ 82).
  1. A-orða har som regel brigde e i båðe talom.

Merkn. Den r, som er set etter i klemmo, har hittil oftast vorte skreve, men berre i eintal.

  1. Te-orða og de-orða har au som regel brigde e i båðe talom, undtakand dei, som ende på rotsjølvlyðen i tingmåten. Desse siðste har jamnast r i eintal, og dei andre har de au some staðs i lande.

Merkn. 1. Ændå slike som : tru, flå, spå, har eit drag mot hovuðregelen, so at mange målføre norðanfjels og jamvel i Kristianssands bispedøme sløyfe ren og segje: Eg tru.

Merkn. 2. Dei orða, som vert brigde som telje og dølje, gjer au somstaðs eit undantak ifrå hovuðregelen, so at eintal ikkje får noko brigde; fleirtal er i desse målførom likt tingmåten.

  1. Lyðsprangorða har som regel ikkje noko endebrigde. Oftast har dei same sjølvlyð som i tingmåten, men somtið har dei ein annan.

Merkn. Nokre fåe har fåt ei ny form, som ende på r i båðe talom, t. d. står, går, får istaðen for: stend, gjeng, fæ (r). Den nye forma er no mest i bruk.

§ 85.
Forteljemåten i førtiðen.(§ 82).
  1. A-orða får brigde a. Eintal likt fleirtal.

Merkn. Endebrigde: ade, som har vore i skriftleg bruk, fins ingenstaðs i talen.

  1. De-orða og te-orða får brigde: de (dde) el. te. Eintal likt fleirtal.
    1. De-orð er dei av desse orðom, som i tingmåten i notiðen har berre ein meðlyð millom rotsjølvlyðen og endebrigde, soframt at denne meðlyðen er d eller g, ofte au, når han er v, (ein inset j etter siðste rotbokstaven reknes ikkje með), t. d. duge (dugde), leiðe (leid-de), leva (levde), gled-j-e (gled-de). Derimot: sende (send-te, diat her er tvo meðlyða millom sjølvlyðom.
      (Vilje har vil-de).
      Brigde: dde får dei, som i tingmåten har ei sjølvlyðendande rot, t. d. spå (spå-dde), fli (fli-dde), gro (gro-dde), døy-e (døy-dde).

    Merkn. Ein må ikkje her blande bort-i dei lyðsprangorða, som har ei sjølvlyðendande rot, t. d. klå (klo), slå (slo), osb.

    1. Te-orð er alle dei andre av desse orðom, som ikkje er de-orð, t. d. lyse, (lys-te), mæle (mæl-tej, o. s. v.

Merkn. Bruken av: de eller te er noko ostøð. I ikkje fåe målføre vert de bruka i fleire tilfelle æn i § 85, 2. a. omtalt, men aldri der rota ende på: s, t, p, k, og mesta aldri etter r, l, n. i Etter v. og m er bruken mest ostøð.

  1. Lyðsprangorða sit sermerkje i førtiðen er, at dei får ein annan rotsjølvlyð æn i tingmåten, men ikkje noko endebrigde. Eintal likt fleirtal. Lyðsprangje er utan fast regel og må læras for kvart orð (§ 100).
§ 86.
Skapnaðmåten i førtiðen. (§ 82).
  1. A-orða har brigde a i alle kjønom og båðe talom:

Ein kasta stein, steinane vart kasta (§ 64, 4).

Merkn. Den fulle brigdingja i alle kjønom og båðe talom (ad, ad, at; ade, ada, ade), er dauð over de heile land.

  1. De- (dde-) orða (§. 85. 2 a,) får brigde d i eint. i alle kjønom i den peiklause formen. Ein flåd varg. Barne vart trud. I fleirtal og i utpeika form får dei: de. Den vig-de kjørkja. Dei, som i forteljemåten hadde: dde, får au her de same, t. d. Den flå-dde vargjen. Hundane vart flå-dde, o. s. b. (§ 64, og 64,3).

Merkn. Mange målføre har i peikl. eit. i kjønløyse: t. Eit trut barn; huse vart vigt.

    Te-orða (§ 85, 2, b) har brigde: t i heile eintal i peiklaus form, i fleirtal og utpeika te. Ei dømt kvinne, kvinna var dømt, -den dømte kvinna, kvinnone var dømte, (§ 63 og § 64, 3).
  1. Lyðsprangorða har endebrigde: en i hankj. eintal og vert brigde etter § 64, 2.

Merkn. Dei i § 84, 8 merkn. omtalte orð har au fåt ei ny endelse (t) i skanaðmåten i førtiðen: fåt, ståt, gåt, for, fengje, staðe, gjengje. Vil ein nytta brigding, må han halde seg til dei gamle, for dei nye er obrigdelege, men mest i bruk.

§ 87. Om skapnaðmåten i førtiðen hjå alle verkeorð, når han er i samlag með hjelpeverkeorðe: ha, sjå, §64, 4, g.

Skapnaðmåten i notiðen.

§ 88. Denne måten har i alle verkeorðom endebrigde ande i alle kjønom, båðe talom og båðe peikom, (§ 64, 4). Ein dans-andre kalv, den dans-ande kalven; kalven kom dans-ande; kalvane kom dans-ande. Denne måte har eigjenteleg tyðning av gjerande verkeset, t. d. ein dans-ande kalv ɔ: ein kalv, som danse; men når han er dana av motdeilhavande verkeorð, har han ofte tyðning av veðgjort verkeset, t.d. de var ikkje tenkjande ɔ: de kunde ikkje tenkjas.

Tilsetmåten (§ 74,4).

§ 89. Denne har berre notið og er både i eintal og fleirtal lik roten, t. d. Kom, guta! Spring, unge!

Ønskjemåten (§ 74, 5).

§ 90. Denne måten har no oftast berre notið og har der brigle e, t. d. Guð trøyste og hjelpe meg!

§91. Dei formene, som er omtalt i §§ 83—90, høyre, með undantak av skapnaðmåten i førtiðen (og deilvis i notiðen) de gjerande verksette til. Dei andre formene for dette verkesette vert dana veð hjelpeverkeorð (§ 93).

Veðgjort verkeset.

§ 12. De veðgjorte verkesette vert som oftast dana veð hjelpeverkeorð; men i nokre tilfelle har de au eigne forme veð siðon av desse. Desse tilfelle er:

  1. Tingmåten i notiðen, som vert dana ves brigde: as (åldri: es): tak-as, kast-as.
  2. Forteljemåten i notiðen og førtiðen, som leg s (el. es) til de gjerande verkesette. Brigde r sløyfes, om de fins. Kast-es, fin-s; konone døm-te-s.
  3. Skapnaðmåten i førtiðen har veðgjort meining i seg. Ein dømt man ɔ: ein man, som er dømt (ikkje: som har dømt).

Merkn. 1. Om formene i de veðgjorte verkesette, både dei osamensette og dei samensette sjå § 94.

Merkn. 2. Formene for dei so kalla atterverkande verkeorðom er like s-formom for de veðgjorte verkesette, t. d.

dragas, dregs, drogs, dregjes.
§ 93. De gjerande verkesette.
Tiðene (§ 76 og 77). Forteljemåte. Tilsetmåte. Ønskjemåte. Tingmåte. Skapnaðmåte.
Notið. Eg tek tak! tak å take takande
Før-notið. Eg har tekje å ha tekje
Førtið. Eg tok
Før-førtið. Eg hadde tekje
Framtið. Eg skal/vil take å skulle/vilje take
Første framtið i førtiðen. Eg skulde/vilde take
Andre framtið i førtiðen. Eg skulde/vilde ha tekje
§ 94. De veðgjorte verkesette.
Tiðene (§ 76 og 77). Forteljemåte. Tilsetmåte. Ønskjemåte. Tingmåte. Skapnaðmåte.
Notið. Eg vert tekjen (e, e, ne)
Eller: (Eg tekes)
Vert tekjen (e, e, ne) Verte tekjen (e, e, ne) å verte tekjen
Eller: (å takas)
takande (§ 88)
Før-notið. Eg er tekjen (e, e, ne) å vera tekjen tekjen (e, e, ne)
Førtið. Eg vart tekjen (e, e, ne)
Eller: (Eg tokes)
Før-førtið. Eg var tekjen (e, e, ne)
Framtið. Eg skal/vil verte tekjen (e, e, ne)
Eller: (Eg skal/vil takas)
å vilje verte tekjen.
Eller: (å vilje takas)
Før-framtið. Eg skal/vil ha vorte tekjen (e, e, ne)
Første framtið i førtiðen. Eg skulde/vilde verte tekjen (e, e, ne)
Eller: (Eg skulde/vilde takas)
Andre framtið i førtiðen. Eg skulde/vilde ha vorte tekjen (e, e, ne)

  1. Alle dei orða, som vert brigde som telje og dølje, fins opnemnte at-i bokjen samen með lyðsprangorðom og mønsterlausingom (§ 100).