Garborgs oversettelse av Odysseen

Statue av Odyssevs i Vatikanet.
Nynorsk
FYRSTE SONGEN.
ATENE GJEV TELÉMAKOS RAADER.
Songdis, fortèl meg um mannen hin raadsløge, han som so vide
kringum laut flakke, daa øydt han hadde det heilage Troia,
og som fekk mange bustader sjaa og folkeskikk ymis.
Mykje av vanskar og aut på sjøen han freista, med' der han
stridde for eige liv og for heimkjømd aat sveinarne sine;
deim han endaa ikkje fekk frelst, so gjerne han vilde;
for ved heluvsleg daad dei sjølve valda seg bane,
tankeløysur dei var, som solgud-uksarne slagta;
heimkjømdi Helios daa, den høgheimssonen, deim røva.
eitkvart im dette no du fortelje oss, Zevs-dotter høge!

...

FIRE OG TJUGANDE SONGEN.
So tala Atenaia; og rædsla bleike fekk magti.
Ut or henderne snøgt aat jordi fall klingrande vaapni
for dei forstøkkte, daa høgt det ropet disi lét ljome;
inn-imot byen dei flaug, um livet dei der kunde berge.
Men med eit skræmelegt skrik den mangrøynde gjæving Oddyssevs
storma etter deim fram som den høgfløygde ørn ifraa skyi.
Samstundes Kronos-sonen Zevs lét byrtingen blenkje;
ljonet framfor Atene slo ned, den toregud-dotter;
daa til Odyssevs so ho tala, den straaløygde disi:
«Gudegjæve Laertes-son, raadsløge Odyssevs,
styr deg og striden stans, den villt allherjande ufred,
at ifraa Zevs, den vidsynte gud, ikkje vreiden deg raamar!»
So tala Pallas Atene, og glad i hjarta han lydde.
Sidan ei framtid-pakt imillom partarne skipa
dotter aat stormskjoldsvingaren Zevs, den dis Atenaia,
Mentor i alltig lik, i hamen liksom i mælet.

Oversatt av Arne Garborg:, strofe 1-10, og strofe 534-546