Om

Schweigaard

af

Aasmund Olafson Vinje.

Ihopsanka fraa „Dølen“ etter Utgjevarens Afferd.

Kristiania.

Trykt hjaa H. E. Larsen.

1870.

Det skifter Dom om Gud og Mann.
Er Livet falskt er Dauden sann.

Han døydde braadt fraa os Schweigaard! Der er nokot i dette, som du mest ikke kan tru. Eg saag den svarte Rand paa Bladom og las om denne Burtgang af „Landets første Borgare“ (som ellers Kongen etter sin Tanke er), men endaa var det, som eg ikke vilde tru det. Det er ikke meir hel’ so eg trur det enno. Det er liksom naar du braadt fær eit Saar: det er lenge før du trur, at det er so stort. Og naar det er eit Banasaar, verdt det sagt, at denne Tru ikke kjem til Mannen før Enden alt er komen.

Med eit slikt Døydarord er der altid nokot, som likjest eit Slag. Du liksom kvekk og skvett tilbake, og naar du so fær att’ di Tankesamling, so gjeng den i Taktslag lik Uroen i Klokka (Pendulen). Det verdt til Rim, naar du skal skriva. Eg kjende denne same Riden i Tanken her, som daa eg f. Ex. spurde Døydarordet hans Poul Botten-Hansen og Ueland; men denne Svingning vart ikke aukande (accellererende) som daa, men minkande (retarderende), daa den vaknande Tanken meir og meir kom til seg sjølv. Derfor skriv eg her i ubunden og ikke, bunden Stil. Desse Vers her framme i Bladet til Likferda hans ned i Tønsberg var eit Slags Pligtarbeid. Og so varm var eg daa, at eg kunde faa Maalet til aa smelta so-vidt.

Tingen er, at Schweigaard ikke var poetisk i vanleg Meining. Han var baade for stor og for liten til at vera det. Forunderleg nok, at du skal kunna tala so! Men døm no om dette, naar du har leset mi Utlegging af det.

Det poetiske ligg liksom midt millom Himil og Jord, eller rettare, det er dette, som er her paa Jorda. Det er det reint menneskelege med si sorgsame Blanding af godt og vondt, som altso anten er „tragisk“, naar det gjeng den Vegen, eller „komisk“, naar det gjeng den andre, eller „humoristisk“, naar det er ei Blanding af desse tvo, so som Livet vanlegt er.

Schweigaard var fraa ei vis Side ikke rettmenneskeleg. Han var nemleg i mangt nokot meir. Han var i mange Stykke so rein, at det liksom ikke var det varme Liv, men det kalde Marmor. Der var f. Ex. ikke desse Ungdomsfeil, som kunna vera elskværdige, naar Grunnen er god og dei so til Gagns verdt aflagde. Han var „ustraffelig“, og det sama var Welhaven i dette Stykke, og dette var ein av Grunnane til desse tvo Menns Kamp mot Wergeland, som var ein „Rassebasse“ og som dei derfor ikke kunde godkjenna til eit Uttryk for den vaknande Norskdom i Politik og Literatur. Dei hadde Rett, og det var sannt paa sin Maate, men likevel so er Wergeland meir poetisk enn desse laasføre eller „korrekte“ Folk. Der var nemleg større Drift i honom og han var meir uppe i Livets Strid. Og so gjorde dei dette laasføre til ein Herre istadenfor at gjera det til ein Tenare. Laasen er ikke Rikdomen inne i Huset men Væktaren for den.

Eg sagde eingong om meg sjølv til nokre Folk, som gav meg vel store „Komplimenter“: „Aa Skam far’ i det. Der kan ikke vera synderlegt stort ved meg, for eg er for „ordentlig“. Var eg større vilde der vera meir Damp, og der vilde koma sine Sprekker.“ — Dette er naturlegvis mest eit Vitord. Men nokot sannt er der i det etter alt Livsrøyn fraa alle Tider. Og eg bør ikke tru, at Ranglefanten kan taka dette til seg og tru seg eit Geni, for det han ranglar.

Og liksom Schweigaard var lastelaus i dette Ungdomsliv, so var han det og i sit borgerlege og politiske. Var han utsend af Staten sosom til den statistiske Kongres i Paris f. Ex., so bar han so litet up og gjorde alle Reikningar so smaa som mogelegt. Han var ikke som andre slike Utsendingar. Han tok som Storthingsmann ingen Dagløn (Diæt) men bergad seg med si Professorløn. Han var her og ein Mønstermann, eit Ideal. Han sat med litet Hus det er sannt, og var soleids ikke freistad; men han saag i dette Stykke ut til at vera so rein af Grunnsetning, at han før hadde svultet. Det er stort dette. Men moralske Tankar ero ikke Poesi.

Det var mest so det kvakk i meg, naar eg tenkte paa dette og saag denne fagre Mannen. So underlege kunne vi vera.

Dette maatte vel vera, for eg fann, at her vardt drivet Afguderi med dette, istaden for at taka det paa den naturlege Maate, likt nokot som ikke kan eller bør vera anderleids. At rosa ein Mann for han er ærleg, det er no for det fyrste ein liten „Kompliment“ til Mannen sjølv, og so tyder dette paa ei Samfundstilstand, som ikke er ærleg, naar Motsetningen so verdt rosad. Du kunde av dette draga ut, om du ikke viste det, at her i Ombodslivet maatte vera komet nokot slikt in som det at lata seg bitala for at vera ein bra Kar.

I Framvokstren var det litt Stræv for Schweigaard. Men so var han med eit framme. Han var ein lykkeleg Mann, som alle snart bøygde seg for, og han fekk alt det, som han vilde, og meir til. Dette er fagert, men det er heller ikke poetisk. Poesien er fraa denne Sida Striden for eit Mønster, som du aldri naar. Det er Idealet, som du ikke kan gjenomføra i Livet. Men Schweigaard saag ikke ut til at hava fleire Idealer, en han kunde gjenomføra. Det er plastisk dette, og han er og tidt med Rette kallad ein plastisk Mann. Skriv eit Dikt om det kven som vil, eg kan ikke gjera det.

Det er ei sikker Sak, at den „heldige“ Mannen aldri er den ideale. „Heldig“ er nemleg den, som upnaar og fær driva igjenom sine Planer, sit Livs Inhald. Men er dette Inhald stort og naar langt fram, so verdt der ikke med eit og so snart Rum for det i Livet. Der skal fleire Mannsaldrar til, for det kjem so langt, og so døyr Mannen før den Tid, og er „uheldig“, eller han strævad etter nokot, som han ikke naadde. Han kjem i det bedste Fall solangt som Moses, nemleg at han fraa Bergtoppen ser in i det lovad Land.

Daa Schweigaard var fullvaksen, so stod han der netup færdig til nokot, som Livet praktisk hadde Bruk for. Og dette utsyllte han vidunderleg godt. Hans juridiske Tolkningar og Tydningar ero snart sagt makalause. Men lenger en til at tolka og tyda kunde han ikke koma. „Den eine er Propheten og den andre er Utleggaren, stend det skrivet. Schweigaard „lagde ut“, men han „propheterad“ ikke. Han sat der i ein juridisk og politisk Tydnings- og Tolknings-Ring, og utom dette „givne“ kunde han ikke koma. Han hadde ikke Syn og Sans for vaar framstrævande Norskdom, f. Ex. han kunde ikke like til det siste faa i Hovudet sit, at der var nokot stort ved Wergeland. Og vi vita alle, at han stod imot det meste af det, som skulde skipa vaar Grunnlog til Kravet af denne nyare Tid. Religionsfri var han; men det var ein Tanke fraa hans Ungdom. Han kunde tyda men ikke sjølv skriva Rettarbøter. Der er nokot tungt og uklaart ved deim, som han hadde sin største Part i, sosom denne for Handverket og Handelen og Fatik- og Brennevins- og Bankvæsen. Der er den meste Flugt i hans fyrste Arbeid, sosom i hans Strid mot dei tyske Rettstydningar i Algreen-Ussings juridiske Tidsskrift, og der er Utsyner (vuer) imillom i hans fyrste statistiske og statsoekonomiske Arbeid. Der er og liksom Luftningar imillom i fyrste Parten af „Processen“ hans.

Det kan vel ingen mistyda meg so, som om eg skulde vilja hava „Poesi“ in i slike praktiske Arbeid. Ved Framgang og Ideer meinar eg naturlegvis her det, som gjeng ut over det „givne“ og lagar til ei betre Tilstand, og altso gjør meir en tydar og tolkar. Eg har som alle Jurister leset kvert Ord af Schweigaard (kanske sonær som dei siste Tydningane hans) men eg fann altid meir af det stillestandande en af det framgangande. Derfor var han og ganske rigtig „konservativ“. Han maatte etter sin heile Natur og sit heile Livsinhald vera for det, som var, for status quo. Han vardt likefram skræmd af det, som nytt var, og Talemaaten: „Vi vita det vi hava men ikke det vi faa,“ den var meir en ein Talemaate for honom; den var hans heile Grunnsyn paa Livet, hans aandelege Organisme. Det kunde likso litet falla honom in f. Ex. at retta paa det eigenlege Princip i Civilprocessen som at vera Maalstrævare. Det var like logisk umogelege Ting dette.

Welhaven skal hava sagt, at det var at „spenna Araberen fyre Matkjerra“ at setja Schweigaard so in og up i alle desse Thing- og By- og Bank- og ellers alle praktiske Greider, som aat Mannen so reint up, at der etterat han kom in i desse ikke kunde vera Tale om Vitenskapen eller at fylgja med si Tid. Men om Welhaven, som var hans Jamgamling og Omgangsven i Studenteraara og hans Medkjempe i Striden mot den frambrytande Norskdom, om han, segje eg, maatte kjenna honom betre en vi, so synes likevel den heile store Schweigaardske Livsgjerning at motsegja Welhaven i dette Stykke. Havde han for det fyrste voret ein „Araber“ af Naturen, so hadde han ikke letet seg „fyrespenna“, og om han var kommen in i „Spannet“, so vilde han hava slitet det sunder, so Skoklar og Reimar hadde drust som rotne Bast. Det vilde hava voret, som daa Dalila batt Samson, for han miste Haaret sit.

Nei han som ikke af Armod var nøydd til at draga denne „Kjerra“, som eg trur Welhaven kallad endaa nokot ufinare en „Matkjerra“, han vilde ikke hava dregjet den, hadde det voret mot hans Natur og han hadde voret skapt til nokot større (ja „større“ er no ikke det rette Ordet, for denne Kjærredraatta er i sit Slags det største og fær idetmindste den største Løn og Æra paa Dagen og Timen, som Arbeidet.er gjort.)

Han sagde, skal likeins Welhaven hava sagt, at han gjorde dette af Pligt. Riket trang til slik ein „Kjærredragare“. Han saag altso den Lagnad, som ventad honom, og viste paa Fyrehaand, at han ved denne Fyrespenning ikke lenger kunde vera „Araber“. Er dette sannt, so er det „tragisk“ med fri Vilje og af Pligt soleids at vigja seg til Slitarbeid og dermed stengja seg ute fraa det hægre og friare Tankeliv og liksom med dette døy fraa Vitenskapen og Ideernes Rike. Det vilde vera at lemlesta sine ædlaste Sanser for at dei grøvre og mindre ædle kunde bli sette i somyket betre og sterkare Drift. Kan vaart Livsinstinkt gjera dette? Ja, Religionssværmarar vita vi hava „rivet ut sit Auga og kastad det fraa seg“, fordi det „forargad“ deim eller fordi dei trudde det var Pligt.

Ei historisk Utgranskning af Schweigaard maatte samla seg om dette Punkt og faa dette uplyst. Gjorde han dette, so var han født „Araber“ eller „Geni“, og gjorde han det ikke men berre fylgde Naturen sin, so var han ikke meir en eit „Talent“. Det maatte han vera, og det eit godt eit; for der var ein Siriusafstand imillom honom og hans Felagar (Kollegar) i Universitetet og vanlege Embætsmenn i Storthing. Det kan vera sokallad „gode Hovud“ imillom dette. Det er alt.

Det er nok vist, at Schweigaard trudde det si Pligt at vera med i alt det praktiske Liv, som han var. Men det er nokot forunderlegt at tenkja seg, at ein slik Mann ikke skulde koma etter, at her maatte vera nok af deim, som kunde gjera alle desse Haandarbeid, sosom Bankadministrator, det meste af Formannskapsarbeidet, alle dei Utval (Kommitteer) til somange Smaasaker osv., som han sat med Hendane fulle af.

I kvert eit Land vi altid høyrde mæla,
at Folk, som tenkja, styra deim som træla.

Ifraa alle slike Haandarbeid, som eg kan kalla deim i Motsetning til større Tankegjerningar, er det ikke langt ned til vanlegt Sakførarskap, Departementsarbeid osv. Og fraa dette er det atter ikke langt ned til Inkassationer, Kassererstap, Bokføring paa Kontorer osv. Og fraa dette er det atter ikke langt ned til Taarnvektaren og Arrestforvararen osv. Samfundet treng til alle, og det vilde i daglegt Lag vera ein aristokratisk Tanke at agta den eine meir en den andre for Arbeidet hans. Og for liksom at bøta paa denne Aristokratisme, so agtar det daglege Liv den mest, som tener best. Men dette kan altsaman vera godt og vel nok til sit Bruk, vist er det vel ellers, at ingen Mann, naar han ikke er nøydd til det for Livemaatens Skuld, sliter seg up i desse Gjerningar utan at finna med seg sjølv, at han er skapt for deim, og at der ikke ligg andre Upgaavor for honom i Livet. Derfor veit eg og, at vi talad om og kjende os visse paa, at f. Ex. noverande Statsraad Broch ikke kunde vera nokon mathematisk „Araber“, daa han fraa Professor vardt til den „Omnibussen“ i det praktiske Liv. Han maatte i sin inderste Grunn vera skapt og skoren for det, som han tilslutt utan yttetvingande Magter vardt. Han vilde ellers f.Ex. som Gauss hava funnet Greide paa Maaneknutane istadenfor at kalkulera Bogar og Bruer og rotne Tverstokkar til Jernbanen; og han vilde hava fortfaret med dei „Abelske Funktioner“, som enno ero eit Slags Matbur for det mathematiske Europa istadenfor at reikna ut Tabeller for Livrenteselskap og i Serier for Hypothekbanken og Dividender for Kreditbanken. Dette kunde ein mathematisk Handlangare hava gjort. Han vilde som Leverrier hava funnet ut og sagt: Paa den og den Planet er der Slinger i Valsen; der maa vera ein før ukjend Planet i den og den Himileign, som all denne Ugreida kjem ifraa; stil Storkikaren dit, og ho maa finnas. Erindsveinane gjorde dette og fann Urostiftaren. Her er Skilnaden greid millom Menn af fyrste Rang og dei af andre, tridje, fjorde osv. nedetter til det reine Rangløyse eller til daglegdagse Folk.

„Men“, verdt det svarad, „alle desse Arbeid maa vera med for at vinna fram og faa den Tiltru, som det trengst til forat kunna bli praktisk Statsmann.“ Ja, det kan vera sannt nok dette. Folk tru Mannen i Maal og Maate etter Talet paa hans „Tillitspostar“. Men dette er ingen Arabertanke, og ein „Araber“ meinar nok som so: „kan eg ikke faa traava utan at draga paa alle dei Lass, so verdt det ikke nokot Traad af kvaar som er.“

Schweigaards store Exempel gjorde vist ikke mindst til denne no so aalmenne Værdsetjing af Mannen etter Talet og Omfanget af hans Ombodspostar. „Den Mannen maa vi hava med der og,“ vardt det sagt, og han gjekk med. Det er dette Slitarbeid, denne „Spenning fyre Matkjerra“, som er vorden Merket paa den store Mann.

Der laag likeins i heile Schweigaards Grunntanke og Lære nokot af dette praktisk arbeidande i Motsetning til det spekulativ tenkjande. Dette kjem greidt fram i hans Strid mot tysk Rettsphilosophi og hans i det heile praktiske Tidnings- og Tolkningskunst. Han var ikke langt ifraa ein Napoleon med Ringeagt for „Ideologer“. Dette praktiske Spursmaal: „om det førde til nokot,“ laag altid nær. Og derfor sagde han og ganske rigtig etter denne Livs- og Tankegrunnsetning eingong i 1851 under eit Ordskifte i Storthinget om „Arbeiderurolighederne“ og Stemmeret: „Det vilde sandt for Dyden være bedre at give Almuesmanden en Skjæppe Korn eller en Tønde Potetes end Stemmeret.“

Det er denne sunne Fornuft, denne praktiske Forstand; men det er ikke den som er Vængehesten (Pegasus); Det er ikke „Araberen“.

Han var likevel sjølv so idealt anlagd, at han bar uppe i ei rein Tankeluft dette, som hjaa andre mindre Aander maatte faa eit ringare Navn. Og netup ved denne si personlege Adling af det mindre uplyftande vardt den Aand, han med sin Autoritet inførde i Riks- og Ombodslivet mindre ideel. Folk som ikke hava hans personlege Hjarta- og Hovudgaavor til at adla seg og si Gjerning med, dei hava hans Lære og Ombodsupfatning som eit Mønster, og dermed ero dei lukt inne paa nokot, som han sjølv urettelegt stundom vardt gjord til Storprest for, nemleg „Materialisme“. Dette er, som eg fraa somange Sider har strævd med at uplysa, den politisk raadande Grunntanken i Landet no. Dette er Uviljen mot alle framifraa flinke Folk, som ikke ero „praktiske“; dette er det „praktiske“ som f. Ex. segje om ein Mann, at han er altfor „vitenskapeleg“ og derfor heller gjør til Professor i Medicin ein almindeleg „Dyrlæge“, heller til Professor ein historisk Samlare en ein historisk Sambindare, heller til Domare ein praktisk Kontormann en ein vitenskapeleg Rettslærd, heller til Statsraad ein vel inlærd Departementsmann en ein lærd og med sit Land og Folk kjend Mann. Exemplerne ero endelause i kver Grein af Rikslivet, og Aand og Tanke i denne Samanheng og Riks- og Livsupfatning maa vera klaar og greid for kver, som har Auga til at sjaa med og Øyra til at høyra.

Det „praktiske“ i Livet er all Ære værd, og vi er eit litet Folk, so det skulde synes, at dette maatte vera det eine turvande. Men, underleg nok, det som skal gjeva eit litet Folk Rett til at liva, det er nokot annat. Millioner agtværdige Dragarar paa Matkjerra kunna ikke gjera Teneste for ein einaste „Araber“. Det er alt godt kvert til sit Bruk, men naar det skal vera Tale om ein Folkets Mann i den store Stilen og om ein Monarch in the realm of thought (ein Herskare Tankeriket), som Englenderne segja, daa verdt ikke serskilt praktiske Menn nevnde. Naar Engelskmannen liksom skal forsvara sit aandelege Liv og sin Rett til at liva som eit Folk, daa maa Shakespeare, Bacon og Newton fram. Blackstone, Campell og Brougham slaa ikke til, ikke eingong Canning eller Pitt. Om dette er fyrste Rangs Folk i si Grein, so ero dei det ikke i det store og breide Tankeliv. Det er ikke eigenleg Menn i den rette Meining af dette Ord. Dei hava ikke brotet nye Baner. Der er ingen ny Tanke komen in i Verdens- og ikke eingong Rikslivet med deim. Dei hava brukad godt det „givne“ og tydad og lagt det ut og sett det i god Stil paa sin Maate.

Og so med Schweigaard her. Han vilde netup svara til den engelske Blackstone, som dei engelske Jurister enno etter hundrad Aars Tid segja, var nær paa makalaus. Men Folket, Nationen, Utlandet, Verden veit den stort om honom? Vilde Englands Histori voret anderleids, om ikke han hadde voret til? Det er ikke meir en sovidt, at Englands Historiskrivarar nevna Mannens Navn, og eg minnest ikke rettare en at hava leset om at det er tenkt med i Rædsla paa eit Samfund, der ein Jurist, so framifraa som han var i sit Slags, skulde hava stor Inflytelse paa Riks- og Folketanken.

Og naar so daa Schweigaards store Exempel og det praktiske Utslag af hans Livslære og Rettstydningar hadde sett slike „praktiske“ Folk up paa Styrestolen i kver Grein alt ifraa Statsraaden og ned til den mindste Ombodsmann, so var desse „Autoriteter“, som vardt forsvarad af denne blaute Mannen, so dei kjende seg trygge, og so der aldri kunde vera Tanke om, at dette burde vera anderleids. Paa denne naturlege Maaten er det komet til det, som det no er, og som eg ikke her nærare kan leggja ut, men berre mynta paa.

Det er dette aandlause Regelverk af ein Ombodsbolk, som verdt kallad Byrokrati. Og dette stend no liksom faderlaust graatande. Det var naturlegvis eldre en Schweigaard dette Regelverk, men han styrkte og skjærmad det og var den gjæve Mønstermannen for det; „Byrokratiet vardt idag boret til Grava“, sagde eit fint Hovud. Der er myket sannt i dette som i alle aandfulle Uttryk, men fullsannt var det naturlegvis ikke, likso litet som det er fullsannt, at Schweigaard var slik ein Regelverkets Mann; han var personleg for aandfull til dess. Men so gjeng det: Læra naar lenger en Mannen, og Exemplet liver, naar han er burte. Det er med os alle so, at vaare Tankar og Setningar ikke ero sanne lenger en til eit vist Punkt. Det er so med Ordspraak og Poesi og endaa meir med juridiske Formler. Verdt derfor alle desse til eit vist Punkt gode og sanne Ting drivne for langt og praktisk sette in i Livet forat spinna seg ut til sine ytste Endemaal der, so slaa dei over til sin Motsetning, og den Romerretlige Setning kjem fram: summum jus summa injuria, det er: den største Retten verdt til den største Urett. Og det er atter med dette som naar Skapningar verdt fødde med ein liten Feil: dei ero friske og fine, alt til denne fær utvikla seg. Dette er f. Ex. den arvelege Tæring, Hjartesjuke osv. Eg har kjent eit Systkynlag af fire store og sterke Brødrar, som ingenting vondt viste af, for so i det sekstiende Aar, daa det med eit kom paa, so dei døydde af Hjartesjuke. Den uendeleg fine sjuke Prikken i Grunnfræet, Organisme, som ikke for var merkt nokot til, den voks daa fram og gjorde Ende paa Livet.

Ja, so gjeng ei Lære „svanger“ med sin Undergang og si Ulykka for Samfundet. Dette har altid voret Ulykka med dei fagre Fridomssetningar f. Ex. dei navngjetne fraa 1789, og dette har likeins voret Tilfellet med all Ordens- og Autoritetslære, som altid førde til Despoti og Mekanik i Rikslivet. Schweigaard var, som alle vita og hava sagt, ein Ordenens og Autoritetens Mann. Det var Juristen med dei greide Formler, som fraa sin eigen Natur maatte skapa Livet etter Lod og Vinkel, og visa burt ifraa seg og si Rikslære alt uklaart og framifraa. Poesi, Philosophi, kort alt det friare og meir ubundne Andarliv vardt vel tolt og lønt, liksom det var rumhendt med alt fraa den Kant, naar det paa nokon Maate kom Ein under Statstanken og stilte seg lydigt under Autoriteten, men slike frie Kunster kunde ikke faa Plass i det System, som var so uendeleg praktisk. Det var derfor ikke at „spenna Araberen fyre Matkjerra“ at setja Schweigaard in i alle desse praktiske Livsstillingar, men det var netup at lata Mannens indre Natur koma til sin utvordes Rett i Livet, „koma paa si Hylla.“

Dette var naturlegvis og Grunnen til, at han so godt høvde til denne Hylla og utfylde sin Livsplats so vidunderleg godt. Dette er altso og baade Stordomen og Smaadomen hans. Det er med eit Ord hans Afgrensning, og dermed og det „plastiske“, som det so tidt med Rette var Tale om, at han var. Han var plastisk baade af Likam og Aand. Det var netup Autoritets- og Embætsmannen i beste Meining, for han stod sine Tummar over Ombodsmaalet. Han var Uniformens Mann, om han so personleg var for stor til den, ikke so at han lik Storegut

„sprengde sin Uniform sunder“

men so, at han liksom var for god til den. Og derfor bar han og sjeldan sine Ordener, og mest løynde deim burt, naar han paa ein Maate var nøydd til at bera deim.

Han var sjølv for god og stor men likevel Skjærmaren, Borgensmann for dei mange, som eg skreiv desse Vers om:

Dit Framgangsvilkor i ein Sum
er so, eg sagde tidt og lo:
„Vær litso litet vis som dum
men midt imillom baade tvo.“

Ja, Guten min, du kan meg tru,
at du verdt like myket feit,
naar det med deg er so, at du
formyket hell forlitet veit.


Spikk ei forliten Naglen din.
og bruk ei heller digre Vol[1].
Var netup so du høver in
i Livsens javne Navarshol.

Den Naglen som er passad stor,
utor det rume Hol ei dett,
og sprenger korkje Benk hell’ Bord
og likso litt tilbake sprett.

Naar det er Tale om Framstig i Politikken, so er det tidt vaalundt med eit slikt Uttryk. Det kan nemleg likso godt vera eit Bakstig: Det kjem her alt an paa Standpunktet i Tid og Rum og Tankens Retning. Eit nyt Lag paa Klædom uplyser dette best, nemleg den sokallad Mode. Eg har f. Ex. kjent ein Hatt som tri Gonger hadde voret paa Moden. Han var naturlegvis fyrst af nyaste Slag, men so vardt han gamaldags og kom so upatter i Velten og so ned atter og so upatter og so nedatter og tilslutt upatter, der han stod i mi Tid. Han stod og ventad, og so hadde han tri Gonger si Tid.

So med mange politiske og statsøkonomiske Ideer. Schweigaard vardt kallad Framstigsmann f. Ex. i Frihandelsvegen, og han gjorde vist meir enn nokon annan norsk Mann til aa faa inført her heime desse utlendske Tankar. Han hadde si Utvikling fraa den Tid, daa Atterslaget mot dei gamle Beskyttelsessystemer i Theorien var paa sit sterkaste. Dei Adam Smithske Ideer var daa den fulle Sanning i Motsetning af dei Turgotske, som daa var den skire Daarskap. Franskmenn som Michael Chevalier og dei Engelske Frihandels-Theoretikere ero alle omtrent paa Schweigaards Alder. Men so har Livet lært, at desse Fritheorier kanske ikke heller ero so rett at lita paa. Her er idetmindste over heile Europa eit sterkt Atterslag imot deim, og den norske Industri er heller ikke vorden feit i denne Fritid, om so Statskassa har tent sine Penge paa Tollen af all den inførde Vara. Det var ikke Spursmaalet om at tilverka noko sjølv, men at kaupa til billigaste Pris, liksom vi skulde finna Pengane paa andre Kantar. Det torde koma den Dag, daa det vardt sagt, at Schweigaard her i dette Stykke ikke var meir en so halvsann, og at han theoretiserad vel myket utan fullt Kjenskap til det virkelege Livs Krav og det, som vaart Land trengde til. Med Atterslaget mot denne Frilæra framfyre seg fraa industrielt utviklad Laand, er det ingen uhjemlad Tanke at tru so. Det einaste Undantak fraa denne si Frilære, det var den frie Sakførar- og Lækjarnæring, som han stod imot idetminste for det frie Sakførarskaps Vedkomande, til der kom eit Regjeringsforslag. Men hadde ikke Sakføraren og Doktaren før havt kongeleg Utnevning so hadde han vist voret likso fri der som med Handelsmann og Skræddare og Skomakere. Det var nemleg, som so tidt uttalad, hans politiske Grunnsetning, at Regjeringen i sit Samvirke med Storthinget ikke maatte missa den mindste Magt. Det var alt so tilmælt og afvegjet mot kvarandre for Statsmagterne etter vaar Grunnlog, at der i so Maate ingenting maatte bli omgjort, ikke eingong somyket, at Sakføraren og Doktaren vardt frie for kongeleg Utnevning og dermed for det Tenarskap at staa meir likefram under den utførande (exekutive) Statsmagt. Regjeringen vilde ved alle slike Løysningar af eldre Baand liksom missa Hærsveinar, som kunde ganga over til Folkesida. Dette er den gjenomgangande Tanke i Schweigaards heile politiske Liv og Lære, alt nede ifraa den vesle Rettarbot om Val til Lensmenn og up til Utnevning af Statsraadar, som Storthinget ikke maatte invirka det mindste paa. Dette var ein kongeleg Rett, som der aldri maatte røras ved. Kongen kunde ikke eingong om han vilde upløysa si Garde. Daa nemleg Roll paa Thinget i 1848 (etter eit Ynske af Kongen) fyreslog dette, svarad Schweigaard, at her gjaldt det ei alene Kongens Person men selve „Kongemagtens Begreb“. Der var juridisk Logik i dette, som eg lenger framme kjem betre in paa. Her fær det vera nok, at Schweigaard ikke kunde lata si Frilære i Næringsdrift koma i Strid med si Jamvigtslære millom Statsmagterne. Lat os no derfor tenkja os, at vi trenga til denne Jamvigt etter denne Tid, som jamvel braut so paa denne Schweigaardske Jamvigtslære, at her kom aarlege Storthing og dermed gjorde det umogelegt for „Kongemagtens Begreb“ f. Ex. at lata Statsraadet „supplere seg selv“, so kjem liksom hin gamle Hatten upatter til si eldre Ære, og Schweigaard verdt Framstigsmannen.

Likeins med all den Veg- og Jernbanelæra, og Laan til desse. Dette var og eit fælande Framstig, og Schweigaard som Stordrifts- og Laanemannen gjekk for ein makalaus Framstigsmann. Men, so er det, at dei jamvel i det rike og manntykke England ikke laana til slikt Arbeid. Og so er det den Ting, at det som i denne Vegen kan gjelda for eit tettbygt Land, ikke kan gjelda for det mindre tetbygde. Vi saa no sjaa, naar Gjelda er bitalad og alt i har fengjet javnad seg. Eg vilde ikke koma med meir her om dette en mine Tvil om Visdomen i alt dette Stordristsvæsen idetmindste for os. Og med desse Tvil er den Tanken mogeleg, at det som ein Dag gjekk for Framstig, kan ein annan Dag ganga for Bakstig.

Og om denne Atterslagstanken kanske ikke kjem so snart fram i Laan til Jernbaner, so er den alt paa god Veg i Væsenet med all den andre Stordrift, der Schweigaard altid, kan du omtrent segja, var for den største Riksutgist. Hans Tale var gjerne den trøstefulle, at Norge ikke var so armt, som Folk sagde, og at det derfor var nokot usannt og mindre statsøkonomisk rigtigt i alle dei Krav paa at spara, naturlegvis til „nyttige“ Gjerninger som Tilfellet gjerne var med alt, naar det kom paa Regjeringsvegen. Og om det ikke kom derifraa, so var Schweigaard do altid den gavmilde Mannen, og han talad sovidt eg veit, aldri som f. Ex. Aall om det „spendte Budget“. Kjem her no soleids, som ikke er uliklegt, ei Husmannstid etter denne Gardemannstid eller Sparing etter Utkaring, so vil ikke lenger Schweigaard vera den Framstigsmannen i desse Pengegreider, som han no er gjengjen for at vera. Men, naar so Landet atter har samlad Magt, og det kjem betre Tider, og Skoganne hava vokset upatter og Folk hava lært at setja Tæring etter Næring, so kjem det atter ei Tid for ein Kulturens Mann som Schweigaard med den opne Rikspungen. Og so verdt han daa atter Framstigsmann, alt til Landet igjen maa tenkja paa den skarve Skillingen.

Det er karakteristisk, at jamvel i Christiania Formannskap var Schweigaard i ni af ti Tilfelle, om ikke altid, for dei største Bevillinger og Laan. Det skulde vera lærerikt, om nokon kunde uplysa, at han nokonsin var imot det største Laan, den største Utgift, den største Løn, den største Pension, osv. kort imot det mindste af den største Skillingen. Privat tok han solitet af Rikskassa som mogelege. Havde han personlegt Penge, so gav han deim og burt f. Ex. eit Aktiebrev, eg trur paa 500 Daler, til Bygningen for Studentersamfundet. Og daa Slektningar sagde, at han ikke burde gjera det; for han hadde Arvingar, daa skulde han svara: „Lat dei arbeida seg fram, som eg har gjort“.

Det var atter denne ædle Tankemaate, som gav Mannen denne yndefulle Magt. Han handlad som Grunnsetnings- som statsøkonomisk Principmann, naar han auste Riksskillingen ut og syntes aldri, at her vardt formange eller for store Ombod. Det skulde alt koma tilbake med Riksrente, trudde han. Han var „naiv“, som han so tidt vardt kallad, ogso i det Stykke. Han var i Grunnen, naar alt kjem til alt, meir theoretisk en praktisk sonær som i det reint juridiske. Han kjende forlitet til Livet og Landet. Han var ikke af deim, som foor ikring og saag og høyrde og lærde fraa Folkemunnen, men han sat her inne i Byen og las og tenkte og gjorde seg up eit theoretisk Norge. Men kven veit, om ikke den statsøkonomiske Lære, som han so trufast fylgde i sit store politiske Liv, kunde koma upatter, nemleg at ein Stat verdt rikare di meir den laaner, naar det er til nyttige Foretagender? I so Fall kjem den Hatten og upatter.

Eg veit ellers tvo Gonger, at Schweigaard var imot Bevillinger, og det var til Bergmeistar, no Professor Sexe og Adjunkt no Overlærar Holth. Men dette kom atter af hans Princip „at støtte Regjeringen“ og „Autoriteten,“ og det var eit større Princip en at „bevilge“. Sexe hadde nemleg fengjet sin Afsked af Finansdepartementets Chef, og Holth hadde kritiserad Statsraaden for Kyrkja. Forunderleg nok, at han reiste seg paa sidste Thing, daa det var Spursmaal om meg. Men han maatte ikke rett sansa paa mine Synder; kanske han ikke eingong kjende deim men berre mintest, at han hadde gjevet meg slike Lovord for Romerretten (eg lyt sortelja dette sjølv, daa det truligvis er ingen annan som gjør det). Dølen las han knapt og trulegvis likso litet nokot annat fraa Pennen min. Han laag utanfyr alt slikt. Han sat likefram i Olympisk Ro utan for si Tid, sonær som kanske i det økonomiske og praktisk politiske og juridiske. Eg skal koma med Merke paa, at han i mangt ikke var med der heller i dei sidste 25 Aar; men var han med nokonstad, so var det der. Vist er det, at han knapt var med meg, sonær som daa eg skreiv paa Engelsk. At han reiste seg for meg, kom nok likefram af hans gamle gode Setning, at „Folk bør faa eit Svar“, og det var netup dette, som Hammerstad og Harbitz med si hjelpande Præsidentklubbe ikke vilde gjeva meg, men putta Kortet under Bordet ved at setja „Forslaget ned i 2 Klasse“. Slikt var den likeframme Schweigaard altid imot.

I sjølve Saka maatte han derimot hava voret imot meg. Han var imot Sexe og imot Holth, og so maatte han som ein samtenkt Mann hava voret imot meg med, som hadde vaagad meg til at kritisere Overmenn. Jamvel før der kom Merke paa utvordes Uprør fraa „Arbeiderforeningerne“ i 1851 var han reint skrikande imot, at Thinget skulde taka mot eit Sendelag fraa desse, og dette, som ikke skulde synes at vera meir ein Høfligheit og eit venlegt Øyra til politiske Krav;, det verdt stemplad som Republikanisme. Eg veit ikke om just det Ordet vardt brukad, men i den Retning gjekk det, ja det gjekk jamvæl nær in paa desse Ord under sama Thing i den Harro i Harringske Sak, at slike Folk maatte Riksstyret møta med „Krudt og Bly[2]“. Harring, vil det minnast, hadde skrivet „Testamentet fra Amerika,“ og han gav ut „Folkets Røst“ eit likso upraktisk Blad med republikansk Grunntanke, og for dette vardt han af Regjeringen landsforvisad eller rettare landsutkastad. Og daa der i Thinget af mange vardt ankad paa dette, daa var det, at Schweigaard kom med dette „Krudt og Bly.“

Ja, han hadde ein fint utviklad Sans for „Orden“ og „Autoritet“. Der var „Krudt og Bly“ for den som ikke var ærbødig mot desse Samfundets „Grunnpiller“; og om ikke eg i „vaar Politik“ har syndad mot „Orden“, og om eg berre har skjemtad med „Autoriteten“, so maatte han likevel hava gjevet Regjeringen Medhald, for den kastad meg ut, so vondt som dette ellers kunde hava gjor hans gode Hjarta.

Det gjeng fram af mangt f. Ex. Storthingstidenden for 1863 Side 883, at Schweigaards Tankar fingo „et overordentlig Chok ved Begivenhederne i 1848“. Det er vel knapt for myket sagt, at han mest var ængsteleg til Sjukdom for at sleppa in omstøytande Krefter[3]. Men jamvel so tidleg i Thingaaret 1848, at Revolutionen ikke endaa hadde boret sine Frugter, sagde han blandt annat under Ordskiftet om den uskuldige Lensmanns Log, at slike Forslag var til at „destruere Magten“, at „det arvelege Kongedømme var omgjerdet med Hellighed,“ at „den langsomme Forvanskning af Institutionerne var den farlegste“, at „dersom den exekutive Magt skal udgaa af Almeenvillien, maa vi hava en ny Forfatning“, at „naar man bestandigt indhamrede Folket, i at det hadde Magten, var det rimeligt, at det tilsidst ogsaa vilde have Noget.“

No, alle slike Setningar fraa Munnen hans vilde det ellers vera urettvist at leggja for stort Lag paa. Han var nemleg ein varmblodig Mann; og naar han møtte ei Motstand, som han syntes gjekk for vidt, so gløymde han seg sjølv. Vi som hava livt med i det meste af hans Tid og kjent og talad med Thingmenn, vi vita, at det tidt kom til „Optrin“, og eg som viste alt dette, kunde ikke noksom undra meg over den kristelege Tydning af Presten Harbitz i hans Liktale, daa han gjorde Schweigaard til eit slikt „Guds Lam“. Aa nei, der var for myket Eld og Glod i Mannen til at vera det. Det veit eg, at Harbitz sjølv tidt fekk kjenna.

Om altso ellers „Begivenhederne i 1848“ gav Schweigaard „et overordentlig Chok“ fraa det ustyrleg folkelege og i Retning mot Orden og Autoritet, so saag vi likevel, at han før og var ein Ordens og Autoritetens Mann. Dette laag og i hans heile juridiske og formulerande Væsen. Det kjem greidt fram i hans gode Tydning af vaar Brotbolk helst i Kapitelet (det 10de) om „Forbrydelse mod offentlig Myndighed.“ Han var sjølv med paa Thinget i 1842 og gjorde denne Log og han lagde den ut Aaret etter, og hans Utlegging har ikke gjort mindst til denne af Domstolane fastsette Rettsbruk, som gjør det nokot so nær umogelegt for Privatmannen at faa Rett imot den offentlege i slike haandgripelege Tilfelle af Tvist. Politiet kan mest fara aat som det vil. Her er Domar af dei mest uprørande Exempel paa dette f. Ex. denne her om Aaret fraa Eikersund. Denne „Krudt og Bly“-Læra gjeld altso ikke berre om Motstand mot Statsraaden, men like ned til Vant paa Ærefrygt for Konstablen, som naturlegvis og er ein Autoritet.

Ja, no er Samfundet ordnad; men naar vi so ein Dag hava“ arbeidt os ut af dette Ordensliv, so kjem der ei lausare Tid, daa vi, skræmde af Uorden, atter kasta os i Autoriteternes Armar. Daa kjem den Hatten og up atter, og Schweigaard verdt daa i dette Stykke og ein Framstigsmann. Og eg som vil kritisere fritt og skriva „vaar Politik“ eg har og daa fengjet eit so „overordentligt Chok“ at eg kanske svarar paa mit heile gamle Liv med dette Schweigaardske „Krudt og Bly“.

Denne nye store Rettarbot for Sjøfarten var her fælt til Stræv med paa vist tri om ikke fire Storthing, og der var eit Par Tankar i den, som dei sokallad Framstigsmenn lagde stort Lag paa, nemleg at den gamle Tugterett for Skipsføraren burde vera mindre, og at der skulde vera ei Tidsgrense for Matrosens Pligt til at fylgja med Skipet paa lange Ferder. Det gjekk fram dette, men Schweigaard var imot det[4]. Det var under den Tale om denne Hustugt til Sjøs, og daa det vardt ankad paa, at denne tidt vardt misbrukad, at Schweigaard svarad Olassen: „Jeg tror, at de, som have skrevet Christian den 5tes Lov, visselig have anstillet ligesaa nøiagtige Betragtninger over denne Sag som en Repræsentant i Odelsthinget fra Romsdalen.“

Det er ei underleg Miskjenning „af dei nye Tankar i nye Tidsaldrar at svara paa denne Vis; og her ligg likeins i dette Svar ein Storlaat og so Ringeagt mot ein mindre vitande Thingbroder, som ikke er venleg og overberande: Men Schweigaard hadde sjølv voret til Sjøs ei Stund, og truleg var han der komen i Lag med Folk, som maatte faa sine gode „Dragter Pryl“. Og so samheldt han dette med den raae Naturen vaar, som lyt saa Tugt, og dermed kom han til denne si Tugtlære, som han likeins brukad, daa det var Spursmaal om at afskaffa Prylestraffen for Soldaten[5].

Det er ellers nokot sjølvsagt for ein samtenkt Mann, at han maa krevja Tugt i det smaae og liksom til Husbruk, naar han i det store er ein slik Ordens- og Autoritets- og „Krut- og Bly“-Mann som Schweigaard. Der maa for ein slik vera Politi fraa Topp til Taa paa Livet. Det er som du maa venta af den store Juristen „at liva under Loven og ikke under Naade,“ og derfor var det likeins i Samheng med alt dette Trugsmaal, at han paa sidste Thing reint ut talad med Spott mot dette nyare Stræv med at faa afskaffa Livsstraffen. Det er „Lovens Løvemund“ heilt igjenom[6].

Men, før vi døma om alt dette, maa vi sansa paa den juridiske Theoretiker, som vil hava Javnan eller Egalitet gjenom det heile System. „Penge, Vant eller Pryl“ der lengst nede, og stigande Tugt upigjenom, alt til paa Slutten at springa over Klinga. Derfor maatte han likeins vera mot Nedlegging eller Formilding af Gjeldsfengsel, (Sjaa Ordskiftet i Storthinget om Afskaffelsen af Gjeldsfengsel f. Ex. St. Eft. for 1851. S. 435 og for 1857 S. 159.) Han maatte likeins vera mot Formilding i Tjovestraffen. (Sjaa f. Ex. St. Tid. for 1866. S. 710). Han maatte med eit Ord vera imot alt det, som verdt kallad det „humaniserende Element“ i Politik og Log og Rett, og det skulde vera lærerikt, om nokon Mann kunde uplysa, at han i den ringaste Sak i all si lange Tid ikke var imot dette. Der maa vel, om ikke eg har funnet det, finnas Undantak her og der helst i hans Rettstydningar, som var den rette Storevnen hans. Og eit slikt er der paa ein Maate og i Ordskiftet om Tillegg til Log af 1ste August 1821 om Kronarbeidet der han (St. Eft. for 1851 S. 766) segje, „at det smagte af privat Slaveri, naar man hensatte en Mand for Gjæld til hvilkensomhelst Privat-Mand, hos hvem han dog ikke havde sin Frihed som andre Tjenestefolk; ved Kronarbeide var han dog under det Offentliges Varetægt.“ Han var altso ikke af deim, som vilde hava denne uprørande Log utstrekt endaa vidare; men som den var, hadde han ingenting imot den. Det er karakteristisk, at han fann ei Trygd i „det Offentliges Varetægt,“ om han so, i Likning med os andre Jurister, maatte vita, at desse stakkars patres conscripti eller lause Barnefedrar under sit Kronarbeid hava det verre en dei rette Storslavar, for dei hava ikke den Kosten og heller ikke det Hus over Hovud, men maa tidt liggja ute som Skogdyr. Her synes eg er eit stort Exempel paa, at han i alle slike Ting ikke kunde koma ut over det, som var det givne (status qvo). Dette lagde han godt ut og beinkad det til, men nokot Framstig kunde han umogeleg gjera.

Schweigaard hadde mange gode Menn med seg. Han sat ofte med so faae, det er sannt, stundom med so tri fire Stemmer. Det er ille, at Storthingstidenden ikke altid har Navn og Stemmetal i alle slike Storsaker. Der ligg stor kulturhistorisk Uplysning i det at vita Navn og Samfundsstilling paa desse Menn. Det var ellers, som vi vita, mest dei sokallad uplyste eller „intelligente“ som vaaro med Schweigaard, sosom Assessor Motzfeldt og Rektor Holmbo. Det er nokot at merkja seg dette for den, som skal skrive vaar Historie og dei virkande Krefter i denne Tid. Vilde Livet hava komet af Flekken, om her ikke hadde voret andre Folk? „Eg seer fram men ikke tilbake,“ sagde Paulus. „Eg seer berre tilbake,“ sagde Chineseren Confucius, og Samfundet stod still i sine tusen af Aar. Høyrde desse vaare boklærde Folk til Chinamannen eller til vaar store Lærare?

„Driv du der paa og stend!“ sagde Thrønderen til Mannen han møtte standande paa Brua. Det er nokot forunderlegt med dette, som her no ei Stand er kallad den største Uplysning, at det driv paa og stend. Ein Professor i Philosophi har jamvel sagt liketil, at det er hans Livsupgaava at staa, staa imot det nye og i hans Tankar umogne, som naturlegvis alt nyt maa vera for slike Folk.

At det her kan vera komet til eit slikt standande Samfund! Ja finn meg Grunnen til dette? Det tyder ikke Tingen, at Schweigaard og dei andre „beste“ Menn stod eller rettare sveiv rundt ikring som Kvernekallen og og dermed dreiv Kverna, som mool Mjølet for Dagen, men ikke ei Saad til Morgondags. Det maa hanga ihop i med Landets Utviklingshistorie.

Det var vel det, at Landet var komet til eit Punkt i si Framgang, daa der maatte til eit nytt Stig. — Dette orkad ingen af desse her nevnde Menn gjera, og daa dei no vaaro for uplyste og frisinnad til at ganga tilbake, so maatte dei liksom i Krampe halda paa og tyda ut det, som var. Att’ og fram var like umogelegt, og derfor maatte dei driva paa og staa. Og dette tyder og, kvi dei alle kom in i so store Samfundsstillingar; for det reint utvordes og officielle Liv „stend“ i denne Meining for det meste. Det er Tankane, Ideerne som ganga.

Til dette kom, at Schweigaard, som er det ædlaste Uttrykk for dette Skifte i vaart Samfundsliv, syntes at hava leset seg so fast i Montesquieus Lære om Jamvigt millom Statsmagterne, at han trudde dette for at vera det ævelege Mønster. Og daa no vaar Grunnlag so sterkt er bygd paa desse Læresetningar, so var ei Omgjerd i den umogeleg, forsovidt som denne kunde koma til at røra ved denne hi Jamvigt. Derfor var han for aarlege Storthing, solenge det var trutt, at dette berre vilde vera ein „forbedret Forretningsorden“, men imot dette, daa han saag eller fælte for, at det vilde „forrykke den etablerede Stilling mellem Statsmagterne.“ Tenk den „etablerede“, (fastsette, grunnlagde). Det er og eit karakteristisk Ord for Staasystemet. Og naar no denne Staalæra kjem so langt ifraa hine store Grunnsetningsmenn som ned til desse daglegdagse Thingmenn og Bladskrivarar, so hava vi Speverket eller Karrikaturen.

Derfor var det so han skreik i alle hine Addressesaker, daa der kunde vera Tanke om ein „Demonstration“ fraa Thinget mot den andre Statsmagt (Regjeringen). Han forsvarad det, som var, der liksom i Retssystemet.

Pope sagde paa Vers: was ever is, is ever good. Hegel i sin Philosophi: alles was ist, ist vernunftig. Schweigaard i Politik og Rettslære sagde det sama, nemleg at det som er det „etablerede“, det er godt. Livet skulde staa stilt. Underlegt, at han ikke skulde skyna, at dei indre Tankeregler og Institutioner likesovel maa skifta om og lempa seg etter dei nyare Livskrav som dei ytre Reidskaper til Jordbruk f. Ex. I dette utvortes Stell vilde han hava Ombyte. Damp og Telegraf vilde han inføra, men endaa skulde der vera det gamle „Træleforhold“ og „Liveigenskap“ til Sjøs, som den ideale Bøyesen (sjølv ein Sjømann) kallad det. Dette forstod han ikke kunde skifta om med ei nyare Aand, om so mange andre utvordes Vilkor hadde bytt om. I Jordbruk og alt slikt vilde han fylgja med si Tid, men dei Rettsforhold, som slike Omgjerder virka gjenom, dei skulde staa. Dette nyare europæiske Krav paa utvidkad Vallrett f. Ex. stod han imot. Han maatte vita, at det var upkomne nye Livsvilkor, nye Stender og Næringsveger og Livsmaatar paa mange Vis, men den gamle Log og Rett skulde likevel ikke bli omgjord etter alle desse nyare Livskrav. Samfundet kunde liksom skifta om Likam men ikke Sjæl. Tenker du over alt dette maa du finna, at der var nokot vist utvordes og mekanisk ved Mannens Upfatning. Han vilde hava utvordes Trygd eller Garantier liksovel for Moral- og Tankelivet som paa ein Vekselobligation. Det er vel juridisk at byggja Livet paa Garantier, men ein Statsmann maa hava ein vidare Synsring og liksom sjaa det usynlege. Det er dette borgenslause, dette uvegande og umælande, med eit Ord denne Tru paa Gud og Mann, det er dette og ikke alle desse utvordes Kautioner, som er Samfundets siste Trygd og Skjold og Verje. Det er nemleg det menneskelege i os, men ikke det dyriske, som skaper Staten og Folkesamfundet. Det er for den siste Domstolen Tru paa den uskrivne Log og Rett, paa Gud sjølv.

Dette maatte Schweigaard vita likso godt som nokon af os; men han var so inlærd i desse juridiske Borgenstankar, at han heilt igjenom maatte byggja sin Stat og sit Riksliv paa Trugsmaal og Garantier, Kautioner, Endossementer og alt det, som denne utvordes Trygd og Borgen heiter. Sjaa der var Grensa for Storthinget og der for Regjeringen, og der for Domstolarne. Der stod kver af desse i Ringen og Baasen sin, og han saag Fare for Samfundet, naar nokon gjekk utom sin Ring og Baas eller stakk Hovudet sit in i den andre. Deraf denne Tale om, at Storthinget, Folket ikke kunde faa ei større Magt utan at dei andre Statsmagter fingo sine tilsvarande Tillegg til si. Magt. Det er Mekanik, det er at addere og subtrahere, men Tru paa Land og Folk er det ikke.

Fordi Schweigaard ikke hadde denne Tru, so var han rædd, naar han fælte for, at dette utvordes Regelverk skulde koma i Baklaas. Han var idet heile ein rædd Mann, som alle slike Folk maa vera. Der kan koma eit Haar eller Sankorn in i Klokka, og so stend det heile Verk. Derfor sagde han i Addressesagen 1848 (Morgenbladet No. 127). „Hvorledes skulde det være kommet derhen, at alt hvad der er skeet siden 1814 skulde være en Misforstaaelse af Grundloven? Mænd hvis Navne ere udødelige have været med at affatte den.“[7] (Tru paa Autoriteten og det eingong fastsette). Og derfor maatte der vera Tugt og Skræmsla og Politi fraa fyrst til sidst. Og derfor sagde han med ei isande Rædsla paa Thinget i 1864, daa det var Spursmaal om vi skulde vera med i den danske Krig eller ei: „Er her nogen som tør paatage sig et saa stort Ansvar, jeg tør ikke.“ Her glapp Garantierne, og Mannen med større Tru paa eit Regelverk en paa det Ideale stod skjelvande. Er det nokonting som visar, at han var Privat- og ikke Statsmann, so er det vel dette. Det er Motstykket til dette, som Dryden sagde om Bolinbroke:

He sougth the storm but for the calm unfit.
Would steer too nigh the sands to boast his Wit.

Han søkte Storm og høvde ei for Stille.
Han styrde Skuta gjenom Brot og Brand,
just netup for at so i Faren han
det store Mannavitet visa vilde.

Vil du forstaa det, som er, maa du med det eine Auga sjaa paa det, som var, og med det andre paa det, som skal koma. Du maa idetmindste sjaa paa det, som var eller paa det historiske Samheng med det, som er. Med det, som skal koma, er det altid nokot vaalundt (precrært), for der kan koma in somange Ting det, som du ikke paa Fyrehaand kan reikna ut.

Det skal vel ikke bli motsagt af Schweigaards Skrifter, og det som nedteiknad er fraa hans Talet i Thing og Formannskap, at han tok det, som er, det givne utan synderlegt at granske der det kom ifraa og tyda det historiske Samband. Han gjør i sin „Proces“ f. Ex. mest som ei Undskyldning for han talar om „Retternes Organisation“. I Afsnittet om „Domar“ der i sama Verk gjør han rigtignok eit Slags historisk Attersyn, men det er laust og litet uplysande. I sine Tydningar af Brotbolken eller Straffelogje, som mange kalla hans beste Verk, der er han meir undskyldt med slikt at falla med Døren in i Huset; for det er mest eit tysk (hanoveransk) Arbeid, som er skipad til for os, og derfor var der ikke stort Samband millom vaar gamle og den nye Rett i dette Stykke. Det var slike Hopp og Sprang i vaar Rettsutvikling paa den Mark, at det ikke altid hadde voret naturlegt at lata den nye Rett historisk-genetisk (framveksande) gro fram af den eldre. Men nokot meir burde det vel vera gjort, sosannt som denne hans Lærebok skulde kunna faa det rette Navn af vitenskapeleg og ikke mest vera eit sokallad kasuistisk Arbeid. Det er logisk inne i si Ramme og systematisk nok paa den Maaten, men det er den afskorne Tydning af nokot for seg sjølv.

Ser du derfor burt fraa denne Brotbolk som kan vera systematisk nok paa ein Vis, so var hans Grunnretning kasuistisk og derfor praktisk for Læregutar til juridisk Eksamen og for Livets daglege Handverksfolk paa Domstolane og ellers for Rikets nevanyttige Administration. Der skal ikke stor Kunskap og vitenskapeleg Sans til at lære slikt (utanaat) som er det vanlege. Det er som sagt praktisk og og nyttigt til Livets Husbruk. Men naar denne Læremaate (Methode) verdt overførd paa Romerretten, som ikke lenger er gjeldande, men mest skulde vera eit juridisk updragande og kulturhistorisk Studium, daa verdt det verre. Og dette gjorde Schweigaard. Her er ikke Skrifter etter honom i dette Stykke, so eg ingenting annat har at visa fram her en mine eigne Intrykk, og det er trulegt, at det ikke er alle, som sjaa deim eller vilja taka deim for gode og gyldige. Men so er det og det gode med dette, at mit Ja er liksogodt som dit Nei, og dermed faa vi sikta paa denne lause Grunnen.

No ja, eg gjekk mindst i eit heilt Aar paa Schweigaards Fyrelesningar over Romerrett. Men eg kom snart etter, at eg ikke lærde stort af det, som eg trudde var Romerrettens Væsen og Tanke for os; for det var ikke mi Meining at procedere i Rom liksom her, daa eg lærde Kasuistikken i vaar Rett. Men eg gjekk der mest forat studere i og njota Synet af denne fagre Mannen med dei Ungdomsraude Lippor, dei aandfulle Kast med Augom, og det alt daa (1853) graasprengde Haar, som gjorde honom vænare, en daa han var so ravnende sudlendsk svart. Det var ein sann „æsthetisk Nydelse“ at sitja det, om det so var dei vanlege tvo Timar i Slag, som han las over Romerretten. Og so var det skjemtefullt at sjaa alle dei „Guds Faar“, som han snakkad der i Søkk, og som tok si vesle Fornuft fangad under „Troens Lydighed“. Dei viste nemlig, at det var godt sagt, om ikke dei forstod stort af det. Og so skreiv dei ned sine værdifulle „Excerpter“. Eg veit f. Ex. ein, ei stor juridisk Løve, som skreiv ned den jamlege Schweigaardske Talemaaten: „Det skal en Tankeanstrengelse til.“ Eg minnes ikke rettare, en at denne uplysande Talemaaten vardt nedskriven der om testamenti factio.

Nei eg maatte sjølv taka mine Lærebøker og slaa etter i „Corpus“ forat faa Greide paa Romerretten. Det vanlege er, at dei ganga so ei fem seks Vikor fyre Examen til ein Manuductør og læra litt utanaat af dei styrande Tankar. For den Skuld og til det daglege Bruk for 9 af 10 kan du vel segja, kunde gjerne Romerretten ganga ut af Examenslista.

Det er ille, at Skikk og Vis har fort det til dess; for Romerretten er i Grunnen den einaste Rettsvitenskap. Den er likso logisk sambunden som f. Ex. samliknande Spraaklære og Anatomi. Er eit givet, so kan du sikkert draga ut det andre. Den er, som Leibnitz sagde, Mathematik, og det var meg nokot reint utrulegt at høyra Schweigaard leggja so litet Lag paa dette. Det vart det heile nokot forunderleg litet vitenskapelegt i den Schweigaardske Maate at taka Rettstydningar paa. Jamvel Romerretten, dette logiske Utviklingsverk for somange Aarhundrad, jamvel den vardt kasuistisk og liketil eit Slags laust Verk for treffande „Bemærkningar“, det er sannt, men likevel med litet vitenskapelegt Samband. Det laag i Schweigaards heile Foredragsmaate, anten han stod paa Lærestolen eller i Thinget, at sjaa til Side og liksom tala med og for seg sjølv, rett som det var. Og so kvad han daa atter. Det gjekk i Rykk og Rid (fits and starts), og denne hans utvordes Maate at tale paa vart eit godt Uttrykk for hans indre Tankegang og heile vitenskapelege Upfatning. Det var korkje i Tale eller Tanke dette logiske Jernbanetræn, som med overveldande Magt overkjøyrer all Motstand.

Eit slikt Træn er Romerretten og idetheile alt det, som skal faa Navn af Vitenskap. Det var underlegt, at Schweigaard med sine store Naturevne og sit grundige Studium af den aalmenne Skolekunskap og sin serskilde Vitenskap ikke skulde kunna overføra denne vitenskapelege Gjerd paa si Lære og Framstilling. Daa du derfor ikke godt kan tru, at denne Vant (Defect) var ein Naturfeil ved Mannen, ein Sprekk i Diamanten, so maa du tyda det som eit Atterslag eller ein Reaktion imot den tyske, og halv danske philosopherande Rettsvitenskap, som han i sine Kandidataar skrifteleg og sidan mundtleg førde Strid imot. Han vilde vera praktisk, og dermed vardt han i sin inderste Grunn uvitenskapeleg. Han vardt kasuistisk, som det heiter i Rettens, og atomistisk, som det heiter i Philosophiens Tungemaal, det vil segja: Læra miste sit Samheng og vardt ei Samling af einstake Tilfelle, liketil ein Sandhaug, som sjølve Meister Eirik ikke kunde spinna nokot Tougverk af, men som gnistrad og skreik, daa han hadde spunnet ein Stubb, og det druste og datt ifraa kverandre.

Det vantad ikke Mannen paa dialektisk Styrke; han upløyser og stort og vispar Motsetninger og „Kategorier“ i Skum. Det er, om du vil, ei mathematisk Likning, der han løyser og bind med Forteiken og Parentheser og kjem til dei mest uventande Utslag, f. Ex. der han tumlar med Provtungen (onus probandi) og Exceptioner. Det positive verdt negativt, rett som det er, og omvendt. Du fær ein Tanke, at han i Grunnen ringeagtad Philosophi, fordi han forstod den so godt og kjende seg som Herre over den. Eg vaagar meg til at meina so, fordi eg for meg har kjent til nokot liknande. Daa eg nemleg i si Tid hadde leset ei Stund paa den tyske Metaphysikphilosophi og høyrt paa Professorane, fekk eg den mest usigelege Ringeagt for det heile Væsen; for det meste var i Grunnen berre Ordkunster og Sky og Skodd.

Men var no dette so med Schweigaard, so var det ille at ein Mann med hans Invirkning paa Rikslivet skulde bli skræmd af det tyske (og danske) Væsen og ikke retta seg upatter af den franske og engelske deduc- og inductive Philosophi, som held seg til Kjensgjerningar og gjør sine Utdrag (Deductioner), og sine Overføringer (Inductioner) fraa deim, med eit Ord, spinn Traaden sin af Livsulla, og ikke af sit eiget Rokshovud.

Det er no vel ellers trulegt, at Schweigaard meir var philosophisk utskiljande en sambindande (analytisk og ikke synthetisk). Dette fell og saman med det, at han var meir upløysande en skapande eller meir kritisk en productiv. Men alt dette kan no vera, som det vil, nokot greidt og vist kan det knapt koma ut af slike Undersøkninger, vist er det vel ellers, at dei Schweigaardske Rettstydninger ero uphilosophiske og kasuistiske, og at dette ikke har gjort godt for vaar Rettsutvikling og politiske og ombodsførande Væsen i det heile. For Schweigaard sjølv og hans Taler og Skrifter var alt dette godt og vel: han bar det alt uppe ved sin eigen Styrke. Det høyrde i Grunnen med til Dansen, som Guten sagde, daa han datt. Men naar det slapp honom utaf Haandom og kom in i Livet, Politiken, Rettsvæsenet osv., daa vardt det snart nokot annat, og daa bar Læra og Exemplet sine mogne Frugter.

Dei beste Jurister, eg har talad med, segja liketil, at her no ingen Rettsvitenskap er. Det er praktiske Folk, flinke Sakførarar eller tettare med det Holberske Navn „Thingstutar“, men det heng ingenting ihop. Her er ikke lenger Rettsafgjerder (Præjudicater) men usamhangande Rettstilfelle, reine Sandhaugar, so som du best kan sjaa det i dei Lassonske Samlingar.

Denne nyare Tid med sine mange Rettarbøter for alle Livstilfelle er no vistnok heller ikke vel lagad for ein samhangande Rettsvitenskap, som ut af godkjende Rettsgrunnsetningar maa draga ut sine Afgjerder for dei mange sereigne Rettstilfelle. No gjeng derimot Rettsutviklingen den motsvarande Veg, idet der verdt gjorde Retterbøter, som skulde høva in i Rettssystemet, men som so tidt ikke gjera det. Af dette kjem det meste af denne Ugreida, som her no er i desse Saker. Den Rettslærde stend raadvill millom alle desse Rettarbøter og finn ikke dei sambindande Tankar millom deim, af den gode Grunn, at det ikke heng ihop dette Logverk. Det kan i mangt vera godt for det praktiske Liv dette, men det endar med eit Slags Logløyse eller Anarki, daa det ikke lenger kan bli sagt om ein Mann, at han studerer Rettsvitenskap, men so som det heiter paa Landet: „han lærer seg til at bli Prokerater.“ Det verdt gode Dagar for det Slags Folk.

Men dette, som synes at liggja i den heile nyare Utvikling i alle Laand, det kunde ikke Schweigaard nokot til, vil du svara. Vist ikke; men han kunde hava styrt denne Utviklingsgang innom rimelege Grensor, og ikke i sine Læresetningar og heile Rettsliv likefram dregjet up Slusune for denne Straum. Og so kunde han i Thinget hava havt betre Tilsyn med, at der vardt Samheng i dei styrande Rettstankar millom alle desse Rettarbøter. Dette er den store Juristens Hovudgjerning i loggjevande Forsamlinger. Han er liksom der Politimeistaren for Rettsvitenskapen, at der ikke kjem Logloyse (Anarki, Uorden) in i den af Benke- og alle dei mange andre umogne og rettsukyndige Forslag. Der maa altid vera slike Politimenn inne i slike Forsamlinger, og for det ikke altid er eller etter sin Natur kan vera dette i fullt Maal, so hava mange og deriblandt jamvel den frisinnad Stuart Mill sagt, at slike Forsamlinger i Likning med ein Jury berre skulde hava med Faktum og ikke Jus. Naar Saka var utlagd, og Kravet paa ei Rettarbot ettervisad og afgrensad, so skulde eit Samlag af Rettslærde (ei Redaktionskommitte, om du so vil) setja det i Stil og Samheng. Det maa koma til dette; for det verdt like sterkt kravt af Rettstanke og Rettsspraak. Og Schweigaard har ved sit store Exempel gjort det meste til, at dette og maa koma her. Dette endelause Uføre maa vi koma ut af. Og han har ikke gjort mindst til dette med sit Spraak. Der er altid Tankar i hans Tale, naar du kan greida den ut. Det er fullvegtigt Korn og lidt med sine Punds Overvegt. Men det er som Pariseren, daa han kom heimatter fraa Krim, sagde om Tungemaalet til dei Engelske: Ce n’est pas une langue, mais ils s’entendent entre eux.

(Det er ikke nokot Spraak, men dei kunna gjera seg forstaaelege for kverandre.)

Eg nevnde sidst, at mange af vaare beste Rettslærde ikke finna seg tilfreds med Schweigaards vitenskaplege Upfatning af Rettssystemet og vaar Rettsstilling i mange væsentlege Stykke. Men so var Tonen og Tanken, at dei liksom ikke vaagad seg ut med det. Schweigaard var i det heile havd eller lyft up over Kritiken og stod skotfri af den; og det merkjelegasta var endaa det, at det skulde ein sjølvstendig Mann til at meina, at Schweigaard ikke var det fullgyldige Mønster paa alt det gildaste som til er. At uttala den mest folkelege Tvil om dette, kunde der i dei fleste Tilfelle aldri vera Tale om, sonær som so paa tvo tri Manns Haand og millom Folk, som kunde møta fram og f. Ex. segja: „eg er gamal nok og har af andre kloke Folk godkjende Kunskaper og Aandsevne, so eg meinar at vera ein myndig Mann med den fulle Rett til at leggja mit Ord i dette Lag.“ Eg veit det var Folk som saag seg nøyde til at slaa alle hine for Panna med slik utekkeleg Tale om sin eigen Domsrett.

Det vanlege var ellers, at der vardt fundne ut dei mest underlege Tydningsgrunnar, naar Schweigaard hadde skrivet eller i Thinget talad nokot, som det var raadlaust med at finna mønstergyldigt. Eg veit f. Ex. her paa næstsidste Thing, daa han og Rikter var i det varme Ordskifte om dei rette Kjennemerke paa Materialisme. No, det var i Grunnen uskuldige Saker, og Schweigaard var so utmanad, at hans Ord var Svar paa Tiltale. Men likevel so laag det nokot menneskelegt i desse hans Ord, og det var netup menneskeleg han ikke maatte vera som vi andre. Eg minnest vi stod i ein Ring der i Departementet og talad just om dette, og dei kom med sine Grunnar, at Schweigaard umogeleg kunde vita det eller meina dette, men at han maatte vera uskuldig. „Han er altid so naiv han,“ var det endelege Svar, naar der ingen annan Utveg var. Det var, som eg daa og sagde i denne hin Departementsringen, Jomfru Maria-Læra hans Paven om conceptio immaculata (Ubesmittede Undfangelse). Det var det Slags Folk, som her fanst mange af, nemleg som lagde seg til eit raudt Lommetørklæd og leto det hanga med den eine Snippen ut af Frakkelomma (for so gjekk Schweigaard tidt) og som harkad og hostad etter honom og skok paa Haaret med eit Sidekast af Hovudet og so velte paa Augom. Det var fagert og aandfullt med Schweigaard det meste af dette, om det so stundom kunde sjaa nokot tilgjort ut; men det Etterhermde var skjemtefullt, og eg skal aldri gløyma den Schweigaardske Augnevelting f. Ex. af Folk so daud- og kvitøygde som det kokad Fiskehovud.

Under dette, som eg vil kalla det vitenskaplege og æsthetiske Trykk, stod alle, som vilde gjera Schweigaard til eit Menneske, vist og sannt eit stort Menneske, men likevel med dei vanlege Menneskemerke. Eit annat Trykk som ikke var mindre, var det politiske. Det høyrde med til ein loyal Borgare og helst til ein Mann, som kunde venta seg paa ein god Fot med Regjeringen og saa seg eit Embæt, det høyrde med til dette at sjaa den politiske Mønstermannen i Schweigaard. Det skulde Magt og Mod under alle desse Trykk til at hava og utala ein liten kravslaus Tanke om Schweigaards Menneske-Likheit, og her er eit godt historisk Merke paa dette i juridisk „Ugeblad“ for 1866 No. 28, der ein Mann med eit „Foredrag i Sagførerforeningen“ kjendeleg ankar paa mangt i den Schweigaardske Rettsvitenskaplegheit og Rettsupfatning, men liksom ikke rett vaagar seg ut med Spraaket. Han henvisar til Schweigaards Fyredrag i Jurysaka St. Tid. for 1862—63, p. 883 og 887 og liksom kastar fram til Ettertanke some af desse Schweigaardske Tankar, men du seer lett, at han leikar „løyn og finn“ (hide and seek).

Der maatte og i den Tid ein slik „Legen Skjul“ med denne Schweigaardske Tale. Det er ikke for det, at den er imot Juryrn, men den er, kan du omtrent segja, imot dei fleste godkjende retspractiske og politiske Grunsetningar i den civiliserad Verden. Du kunde byggja deg (construere) Mannen af denne Tala, og det vardt eit underlegt Billæte, dersom du ikke tok med til Hjelp Tid, Stad og Omstand og ellers alt det andre som du viste om Mannen. Det var til at skriva ei heil stor Bok om dette. I det heile var denne Jurylog paa fine mange Thing og sine mange Trappetrin eit framifraa Emne til at faa ut av Schweigaard hans politiske og rettslige Tru og Tankar (sjaa f.Ex. St. Ef. for 1854 p. 754 og 55) og du fær ved at lesa alt dette eit i Sanning sorgsamt Billæte af Mannen. Likeins er det i andre Saker, som vedkoma Rettsvæsenet og Stellet med dette f. Ex. om Lagrettslogje i 1854 og endaa meir om Rettarbot for Byretten i Christiania 1866 sjaa f. Ex. St. Tid. for det Aar p. 7 og framigjenom.) Der er, vilde du om ein annan Mann kunna segja, dei nær paa mest uværdige Uttrykk om alt, som vil røra med det fullkomne som er, det givne status qvo, med Staasystemet. Og sjaa her, attaat det som eg før har henvisad til, eit litet Stykke om offentleg Votering i Riks- og Hægsteretten, etter St. Eft. for 1854 p. 376: — — „Det vilde ikke virke til Forbedring af Dommerinstitutionen, om man kunde tage den enkelte Mann i en kollegial Ret for sig og underkaste Personligheden Kritik. Overhoved var det et Spørgsmaal, om ikke det Felt, som Pressen, den fjerde Magt i Staten, allerede har, er stor nok, saa man ikke bør bidrage til at udvide det, Uagtet man nok kunde indrømme, at Pressen hertillands er noget mere varsom end i andre Lande, hvor den har samme Frihed som hos os. Men der har været Tider da Pressen blev misbrugt, da man kunde skrive Løst og Fast, da man rev ned paa Eiendomsinstitutionen og agtede Mænd gjordes til Gjenstand for en vidtgaaende Kritik.“

Liksom vi af dette vesle her sjaa, at han i sin inderste Grunn miskjende Pressefriheit og liksom ikke kjende den engelske Setning (af Burke) at Pressen rettar paa (corrigerar) Pressen, soleids sjaa vi og af desse hans mange Taler, at han likso grunndigt miskjende det, som verdt kallad Folkefriheit i Politik og Offentligheit, og det mundtlege Ord i Rettargong. Skulde du taka Mannen paa Ordet, so maatte du segja, at han vilde hava voret ein god Kronjurist for ein god Despot. Den som af hans 17de Maitale eller nokot annat trur at kunna godtgjera ein annan politisk Grunntanke i Mannen, han stend so i Skruvestikka millom hans andre og meir aalvorsame Uttalelser, at han knapt kan røra Haand eller Fot.

Men eg skal her i eit annat Samband tyda burt mangt af dette, som synes so ufritt og i Strid med Tankane af Verdsens mest upplyste Menn. Han var nok frisinnad Schweigaard og, men han var ein Oldtidens Mann, som ordnad Mannen in under Staten og Næringsvegen. Dette sidste visad seg best i hans Tankar om Skipsfarten. Han vilde hava ein fri og stor Sjøfart, men Mannen, Matrosen skulde staa under den gamle Tugt og liksom vera stavnsbunden til Skipet. Kom der Strid imillom Mannen eller Arbeidet og Kapitalen, so maatte Kapitalen vinna. Det var denne engelske Maskintanken, og om du vil, denne materialistiske Fridom han vilde hava og ikke somyket denne menneskelege og personlege. Han er derfor ein Fridomsmann for Skipseigarar og Rederier men ikke for Matroser. Kapitalen skulde vera fri, men ikke Mannen.

Dette var og eit af dei mange Stormerke paa, at Schweigaard høyrde til ei eldre og snart no utdøydd Tid. Denne Strid millom Kapital og Arbeid og dette Stræv med at „formilde Kapitalens Tyrani,“ det er ein yngre og meir menneskeleg Tanke, som dei største Menn i denne Tid brjota sit Hovud med f. Ex. Gladstone og Mill i England og ingen mindre en Keiser Napoleon sjølv i Frankrike.

Og so var det med hans Rikslære (Politik.) Han hadde gjort seg up eit Statssystem, og dersom ein Mann kom in i desse Hjul og Taggar og Springfjædrer, so maatte han bønlaust bli knusad. Det var den mest fullstændig „abstrakte Doctrinarismus“ som nokon kan tenkja seg. „Han meinte det vel so,“ verdt det sagt. Javist meinte han det vel, men kven gjør ikke det? Vi bør tru, at jamvel Inkvisitionens Læremeistarar meinte det vel. Fanatismen meinar det vel altid vel, og ei slik upgjord Lære etter Lod og Vinkel utan Syn for Livets og Mannens Krav den er altid fanatisk eller blind og iversjuk, anten det so er om Politik eller Religion ja til og med „Maalsak.“ Kven veit, om derfor ikke eg og er ein Fanatiker?

Fanaticism and jesuitism are convertible terms, det er: Fanatisme og Jesuitisme ero Uttrykk, som du kan setja det eine i Staden for det andre, eller det er Vekseluttrykk, som det og verdt sagt. Dette trur eg at hava leset paa Engelsk, og det er nokot, som kver af os maa kunna koma etter, naar vi med Omtanke sjaa paa Liv og Folk.

Dette er ein kort Uttryksmaate for det, at den blindt ivrige Mannen gjeng sine Omveger for at koma til sit Maal. Var derfor Schweigaard, som vi etter alt maa tru, den blindt ivrige Mannen i sine politiske Upfatningar, so maatte han og taka mangt advokatorisk. Her ero Saker i vaar Thinghistorie, som synes at vitna om dette. Det er nemleg knapt meir en tenkelegt, at ein so rettskyndig Mann som Schweigaard rigtig for Aalvor kunde tru, at det var constitutionelt f. Ex. at Lensmenn verdt utkorad so som no og ikke som før, — at det var ein Rett for Regjeringen at sanktionere mange af Bevillingane fraa Storthinget, — at Storthinget ikke hadde Rett over Procenterne til Tollfolkets Lønning, og at det var Regjeringen som burde utlikna til Vegskatten. I desse og andre slike Tvistemaal millom Regjering og Storthing i somange Aar stelte Schweigaard seg paa Regjeringens Side, og syntes stundom rett at koma med Utveger f. Ex. St. Eft. for 1845 p. 70, der han vil at „Spørgsmaalet om Sanktion ganske skulde lades ud af Betragtning og at der alene skulde tages Hensyn til Indehaverens juridiske Stilling.“ Han stemde og imot Storthingets Rett til at nedsetja Logkommisioner (St. Eft. for 1857 p. 392). Dette og mangt annat i Samheng med dette, som har voret slike langvarige „konstitutionelle Tvistepunkter“ millom Statsmagterne, og der Oppositionen har sett Viljen sin igjenom, dette vilde vera værdt at studere for at koma etter om Schweigaard var betre i slike Ting en sine Motstandarar. Det er nemleg, som sagt, nokot utruleg, at han den loglærde Mannen skulde kunna forstaa Grunnlogje paa den Maate, som hans Partistilling visar. Det var nok uklaart mangt af dette lenge frametter, men Schweigaards Skarpsinn til at tyda og leggja ut Logord, skulde du tru, snart maatte hava funnet klaare alle desse Grensor millom Statsmagterne; Tingen var at han var rædd Folkemagta. Dette gjeng fram af mangfoldige Uttalelser (f. Ex. St. Eft. for 1854 p. 754 og 55), og so fann han i Rettsordet den Meining han vilde hava lagt i det. So gjeng det os gjerne. Han stelte soleids for, at Storthing og Amtsformandskap ikke skulde hava Syn og Sans for Førings- eller Kommunicationsvæsenet, og at derfor Retten til Utlikning aat dette laag hjaa Regjeringen, som hadde dette Syn. Stakkars Thing og Formandskap, dei hava havt altfor myket Syn Sans for dette Væsen, og so vona vi desse „Folkemagter“ koma til at hava for alt det andre, som Schweigaard trudde; at ingen annan en Regjering og Embættesmenn kunde forstaa seg paa. Det var i Striden om desse Ting, at Ueland i 1848 eingong i svarad Schweigaard: „En Regjering, der frygter Kommunernes Magt, kan ikke være god.“ Til dette gjensvarad Schweigaard, at „det var forbausende at en Mand, der var over 50 Aar, kunde nære deslige Anskuelser“, og det var til dette, at Ueland daa gav det so tidt omtalad Svar: „Min Alder er for stor til at jeg kan paavirkes af Declamationer, og for liden til at jeg kan sympatisere med Schweigaardske Ideer.“ Det gjekk stundom varmt og kvast til, kunna vi sjaa. Og vi undras no paa, at kloke og loglærde Folk nokotsin kunde strida um slike greide Ting. Men hine gilde Menn hava greidt alle desse Tvistemaal for os.

Kom nokonting i Strid med den theoretiske Rikslæra til Schweigaard, so har eg visad, at han var bønlaus. „Den rædde Mann er altid den grusome,“ sagde all Historie. Og det er pinsamt at sjaa af Voteringslista (St. Eft. for 1854 p. 748) at han f. Ex. stemde imot ein litt større Skilling i Kostpenge for nokre af deim, som hadde voret dømde for Arbeiderurolighederne. Desse stakkars Folk, som so lenge hadde voret arresterad, søkte om at faa meir en 12 ß Dagen i Kostpenge, daa dei vaaro utmattad i den lange Tid af den laake Kosten. Der vardt talad om „Humanitet“, og at det burde takas Hensyn til, at det var „politiske Logbrot“. Men desse Folk, som ellers altid talad og stemde for dei største Løner og Pensioner, dei meinte her at 12 ß Dagen maatte vera nok. Her var Bøndane naadige, men ikke desse boklærde Menn. Nokot saa ukjærleg hensynslaust som det er med desse Styresfolk, naar det strider mot deires Grunsetningar og Interesser, finst det ikke i Tanken af den armaste Husmannen.

Alt har sin gode Grunn og soleids og denne store Tru paa Schweigaards Makaløysa eller bergfaste Autoritet blandt Folk, som kjende honom fraa Ungdomsdagane og ikke sidan hadde voret med si Tid. Han var ein Kjempekar, daa han møtte fram som juridisk Kandidat i sit 23de Aar. Du skal ikke lesa mange af Setningane hans fraa den Tid, før du kjenner, at her er Kunskap og sjølvstendig Tenkning, so at alt det han hadde leset var samført med det som han sjølv hadde tenkt og uplivt. Det er ei so tidleg Mogning, at du maa koma til at tenkja paa det, som Pomologer eller Eplelækarar tala om, og som dei fleste af os sjølve maa hava merkt seg, nemleg at Eple, som tidleg falla af, synes at vera so urimeleg mognad, fordi der har lagt seg ein Makk eller eit Insekt millom Eplet og Kvisten og dermed stansad Safterne fraa Treet, so Eplet ikke kunde venta si rette Mogning; men dette gjorde netup, at dei Safter, som alt hadde kommet ut, dei slog seg til at mogna so tidleg, at du fær ein Smak af den fullmogne Frugt.

Det er vel sannt i det vanlege, at den edlaste Frugt mognar seint, men der er store Undantak, idet mange mogna forunderleg tidleg f. Ex. Schiller og Byron; men dei fleste af desse koma likevel sjeldan lenger fram. Smaken verdt nok utviklad, men den skapande Evnen naar sjeldan lenger. Der er ikke den Utvikling eller Evolution til Livets naturlege Grense, som er Flogvitets vanlege Kjennemerke.

Dette vere no som det vil, vist og sannt er det, at Schweigaard var ein overveldande Mann for sin Alder. Eg skal aldri gløyma det Intrykk, eg fekk under mit juridiske Studium, daa eg raakad paa hans „Betragtninger over Retsvidenskabens nuværende Tilstand i Tyskland“[8]. Det var ein Slagstyrke, som var uvanleg. Likeins er det i No. 1 og 2 af „ugeskriftet Vidar“ (1832) „Om Nødvendigheden af at indskrænke Sprogstudiets Omfang i den lærde Undervisning.“ Der er alt, som høyrer til den fullvoksne Mann. Det er megtigt; og var dette dit fyrste Kjenskap til Mannen, so maatte du faa utrulege Tankar om slikein Kar.

Og likevel so er Smaaguten Fader til den eldre Mann her og. Han segje nemleg blandt annat: — — „Saaledes har Forstanden ligesaamegen Øvelse ved at følge en systematisk gjenemført Lære om den mekaniske Ligevægt under alle dens forskjellige Former, som ved at anvende grammatiske Regler“ (Vidar No. 1 p. 4).

Eit Stig til, og han maatte hava sagt, at Schakspil vilde hava gjort sama Tenesta. Det var ikke gjengjet up for honom, at Tungemaalets Formler ero meir inderleg samvoksne med den menneskelege Tanke en mekaniske ja tilmed mathematiske Formler, som der meir er nokot for seg sjølv og ytre ved. Det gjeng med eit ut fraa meg sjølv det, som eg talar, og eg kan hava Tilsyn med (kontrollere) det gjenom alle Former og Uttryksmaatar. Spraaket er Mennesketankens mest naturlege Utstraaling, og derfor vil Studiet af denne vera det, som lærer Mennesket best at vita af seg sjølv og kjenna sine eigne Tankar. Og der er likeins Form og Tanke meir samvoksne en i nokon annan Vitenskap, so det kan vel ikke vera Tvil om, at Spraakstudiet er det, som best utviklar vaar Tanke og paa sama Tid fyller den med To (Stof). Og dei eldre Spraak med sine rikare utvordes Former maa vera betre for den mindreutviklad Tanken en desse nyare Tungemaal, det, Tankens Omskifte og særskilde Uttrykk meir ligg i det indre en i det ytre, og der Ordstillingen so tidt er komen istadenfor mekaniske Endelser og annat Formskifte i dei gamle Maal.

Schweigaard var alt i denne Unge Alder inne paa Naturtanken for dette Aarhundrad, og dermed godtgjorde han at vera in the van of intellect eller i Brodden af Tankesylkingen for si Tid. Tankens og Livets tinglege eller reale Krav braut in paa honom i Motsetning til dei eldre tinglause eller abstrakte og metaphysiske, og dermed var det givet, at han maatte gjera Uprør sovel mot den aandlause og pedantiske Klassicitet i Spraakstudiet som imot den tyske Metaphysikphilosophi. Men, so stansad han med eit, og liksom han ikke eingong seinare kunde vera med paa at mindka Timetabellen for dei klassiske Spraak, so Gamalnorsken kunde koma in i Skolane, soleids gav han, den megtige Mannen, Lov til at der kom tvo istadenfor ein af desse historiske Trænkuskar eller Professorar i tysk Philosophi ved Universitetet. Han var nok med eit Stykke frametter til Lemping for dei nyare Kunskapskrav i vaare lærde Skoleplaner, men solangt som til at faa vaart eiget gamle Spraak kunde han ikke koma. Dette var no og meir en ventande kunde vera. Han hadde sine Ungdomsintrykk (og lenger kom ikke han) fraa ei Tid, daa Nationalitetstanken endaa ikke var fullt utviklad i Vitenskapen. Det vesle Stykket hans i No. 15 af Vidar „om den literære Antidanskhed“ er karakteristisk. Det er myket godt og sannt enno i det; for det var imot hans velskapte Natur at fara med Tøv. Men naar han samfører det nationale i Tungemaal og Tankemaate med andre norske Varor og kjem i dette aandelege in paa det materielle Frihandelssystem og liknar det ihop med dette, so finna vi atter dette „mekaniske“ ved Mannens Upfatning, som vi lesa paa somange Blad i hans Livsbok. Han er no ellers undskyldt i mangt her i dette Stykke; for han maatte møta eit Norskestræv, som var endaa meir utvordes og mekanisk en hans nationale Frihandelslære, idet hin stakkars samlande Norskdom sette det Framifraa i denne mest idet, at Norge hadde ein Konstitution eller var politisk friare en Danmark og derfor maatte hava eit betre Spraak og betre Bøker! Ja, Herregud! soleids arbeidde Nationalitetstanken seg fram. Det er so du ikke veit, anten du skal læ eller graata. Det er no det, at Folk paa den motsatte Sida heller ikke for ein Mannsalder sidan kunde vera so kloke som no; for ellers maatte ei Nationalitetslære som denne hava voret til at missa Vit og Forstand af for so tankeklaare Menn som Schweigaard. Det er inkje Under, at Folk, som ingenting hava lært etter den Tid, maa synes, at dette Norskestrævet vaart er nokot Fjas.

Mindre undskyld er han i det, at han, som var inne paa den naturvitenskapelege og reale Tanken i den heile Upfatning af menneskeleg Vitenskap og Lære ikke førde denne Tanken lenger fram her i Landet. Men forutan det, at han so snart vardt „spend fyre Matkjerra“ og soleids ikke lenger kunde vera med i dette van of intellect eller denne fremste Tankefylking, so sjaa vi alt her i hans fyrste Arbeid Merke til dette „Insekt“, som gjør, at der dett ned i Hagen denne ved Jonsoktid mogne Frugt; for liksom vi her framme saag, at han gjorde Læra om den mekaniske Ligevegt jamgod med Spraaklæra til Utvikling for vaar Tenkning, soleids gjør han tilslutt i dette Domedags Slag mot den blinde „Classicitet“ (Vidar No. 2 p. 12) „Naturvitenskapen til Grunnlag for all Kultur“. Dette er ellers Wolfgang Menzels Ord, som han med fullt Hjartelag gjør til sine. Her er atter dette mekaniske; for so god og umissande som Naturvitenskapen er, so ligg der likevel eit større „Grunnlag for Kultur“ i det som den menneskelege Aand sjølv har skapt, sosom Spraakvitenskap, Historie, Politik, Kunst og alt det andre Mennskeverk. Alt dette maa bli samført med Naturvitenskapen og det heile seet i Samheng; men det er sjølv ein hægre og finare Naturvitenskap, liksovist som Mennesket sjølv er Naturens ædlaste Verk og derfor og maa afsetja ædlare Vokstrar en f.Ex. Berg og Stein og Jord og Gras og Fisk og Fugl og andre Dyr. Grunntankane eller dei sokallad Naturlogjer maa vera dei sama upigjenom denne heile Skapningsstigen, men det er Utvokstren paa denne Tanken som vedt finare og finare, di lenger du kjem ifraa Madk og Mold up mot Mann.

Dette vilde ein Mann af det rette Slaget med eit einaste Lynglimt hava seet, so snart han var komen inpaa dette Tankedrag. Men det var alt nokot stort for ein Ung Mann her uppe i den Tid at koma in paa denne Naturtanken. Den var blandt dei gode Menn i England, Frankrike og Tyskland aalment uppe i Dagen daa, men her? Det er ikke somange, som enno sjaa den her.

Det er sannt, der var myket af dette mekaniske ved denne Naturtanken ut over Europa i den Tid. Mennesket hadde liksom gjort formyket af seg sjølv for, og so sprang det liksom forlangt burt ifraa seg atter. Det hoppar vanlegt so fraa det eine til det andre midt imot. Men dei store Menn gjera ikke dette so lett, for dei hava Jamvippet eller Kompensationspendelen i sin eigen Natur; og du fær soleids ein Mistanke til, at denne tankegode men spraakrøvetske Setningen til Schweigaard (Vidar No. 2 p. 11) er meir tillærd en sjølvtenkt, etterdi han ikke kan bruka den paa seg sjølv: — — „Det er just en Epoches Væsen, at dens virksomme Moment, naar det har udvirket, maa afløses af et andet Princip, der neutraliserer den Ensidighed, som Bibeholdelsen af eet uforandtet System under Forholdenes Omvexling har til Følge.“

Det var ein Motsetning til det gamle, dette, at Naturvitenskapen var Grunnlaget for Kultur, men Schweigaard vilde hava seet det „virksome Moment i denne Epoche og neutraliserad denne Einsidigheit,“ om han hadde voret den store Mannen for si Tid.

Men han kom ikke lenger en til det fyrste Gjenomslag fraa det gamle og til det nye, og dermed stansad han. Det var store Ting dette af ein Mann her nord, og so ung, og det gjorde sin store Nytte. Desse Humanister, som hine inhumane Folk kallad seg, dei skreik gjenom sine Ordførarar, Rektor Bugge og, Lektor (no Rektor) Vibe; men Schweigaard tok deim, som det høvde seg for ein slik Storkar du haut en bas eller saag deim over Okslom og snudde up ned paa deim som Smaagutar (Sjaa f. Ex. hans lange Strid med deim i den Constitutionelle for 1836 No. 26, 50 og 302; for 1837 No. 16, 53 og 54). Han var einsidig han og, men dette maatte til for Folk, som gav seg ut for at vera Talsmenn for den eine og sanne Vitenskapeligheit, og der maatte ein Slagstyrke som hans til at lemlesta nokot so seigt.

Likeins er det med Metaphysikphilosophien. Han gjør fyndigt Narr af denne i sin „Anmeldelse af Sverdrups Logik“ (Constitutionelle for 1836 No. 17—19) og du kjenner, at der er ein Mann med det fullstendige Herredøme over denne philosophiske Vitenskap og Literatur. Han sopar med seg over den heile Mark. Det er ikke berre det gamle scholastisk-wolfiske Standpunkt, som Sverdrup stod mest paa, men det nye som tenkte seg til at afløysa dette, nemleg det Hegelske. Det er so du kan strika over, at ein slik Mann skulde slutta der og lata alt dette Ugras veksa up imillom os alla. Der er mangt, som minner deg om the broadheaded Werulam eller „Kongen med det breide Hovud„[9], som Engelskmenn kalla Lord Bacon, i hans Strid mot Middelaldrens Scholastik.

Men Schweigaard kom ikke her heller lenger en til at slaa sundt det gamle. Ja, hadde han endaa gjort det; men han visad berre, at han kunde hava gjort det. Det er nokot mismodigt at sjaa slike Tilsprang utan Framlaupet. Det minner om Poetens Ord:

— — „Thor sin Hammer kaster efter.
Ha, de skjønne spildte Kræfter.“

For at koma etter ein Manns Værd og Væsen maa du fyrst og fremst sjaa etter desse tvo Ting, nemleg det, som han gjorde, det han vardt til i Livet, og so det som maatte vera hans Livs Grunnsetning og heile Tankegjerd. At sjaa paa det sidste maa du aldri gløyma, skal du vera rettferdig mot Mannen; for du kan daa tidt koma etter, om han var skapt til nokot annat en det, som han vardt. Han kunde vera baade for god og for vond til sin Livslagnad eller Skjæbne. Han kunde nemleg vera skapt og uplærd baade til nokot betre og til nokot verre, idet han ikke fekk framliva eller realisere ut i den ytre Lagnad sit indre Tankeliv. Sjæla hans kom liksom ikke in i den rette Likamenn.

Det var dette eg var inne paa her lenger framme, nemleg om Schweigaard vardt til det, som han skulde hava voret, eller „kom in paa si Hylla.“ Du kunde tru, at han ikke gjorde dette, etter denne Paavisning af hans philosophiske og naturvitenskapelege Standpunkt i hans Unge Dagar. Du kunde af dette tru, at han meir var skapt til Skribent og Tanke- og Vitenskapsmann en til den liksom meir ytre rikspraktiske Gjerning, som han kom til at utføra. Det er litet det, som vi hava fraa hans Haand til at gjera os ei fullstendig Meining om dette. Det er i Grunnen ikke meir en desse tri nevnde Stykke, nemleg om „Retsvitenskapens Tilstand i Tyskland“, hans Kritik af Sverdrups Logik og so det om Studiet af dei eldre Spraak. Sonær som i desse faae Saker kom han ikke til at uttala seg om aalment vitenskapelege og kulturhistoriske Spursmaal, men gled in paa si Sergrein i Vitenskapen nemleg den einskilt juridiske og statsoekonomiske; for alt i sit 24 Aar gjenomgjeng han „Nutid og Fortid“ af Aal (Vidar No. 20. 21, 27 og 28) og er med eit inne paa Bank- og Pengevæsen og Kurser. Og om dette sama Emne skrivet han i Vidar No. 45 og 46 i den Constitutionelle framigjenom Stykke for Stykke fraa 1836 til 1840. Det er Pengevæsen og Toll og Riksutgifter, som daa med eit verdt hans vitenskapelege Arbeid ataat hans juridiske Professorgjerning. Med hans fem til 26de Aar kan du segja, at han reint døydde burt fraa den aalmenne Vitenskap. Og det var ikke med honom som med somange andre Fagsmenn, at han her og der kom tilbake til Grunnsetningar og Oversigter og Gjenomsyner af meir aalmenn Natur. Dette var netup nokot, som var imot hans heile Smak og Upfatning, i det han var, som han sjølv kallar det „analytisk descriptiv“, det vil segja, han tok fyre seg dei serskilde Ting og Tilfelle og upløyste og tydad deim utan at kjære seg om Samheng med dei andre Ting og Tilfelle. Han hadde sjeldan eller aldri nokot af dette, som Franskmannen kallar vue og aperçu. Livet og Læra vardt utan rett Samband, so som eg før har trutt at finna ut af hans juridiske Upfatning.

Det vilde vist vera forvitnelegt og lærerikt for mange i at afprenta nokre af hans Setningar til Prøve paa hans philosophisk-vitenskapelege Standpunkt. Eg skal og her prøva paa med some Setningar, so godt i Samheng som det kan lata seg gjera: —

Det tidtnevnde Tidsskrift p. 292: — „Enhver der har arbeidet sig ind i hans (Kants) practiske System, forfulgt det i dets Conseqventser og paa hvert enkelt Punct fastholdt det sidste Led i den Bevisførelse, hvortil han dog maatte gaa tilbage, forat faa noget at holde sig til, hvormeget den end stred imod hans Grundbetragtning, han vil snart overbevise sig om, at de Sætninger, som Kant udgav for Inspirationer, utvivlsomme og fra al Skepsis ved et Magtsprog undtagne Orakeludfagn, Copier af hvad Gud hadde skrevet ham ind i Bevidsthedens tabula rasa — jeg bruger med Forsæt disse Benævnelser, fordi de temmelig klart betegne hvad man maa tænke sig ved hans kategoriske Imperativer, Fornuftpostulater, Axiomer, Udsagn af den practiske Fornuft og lignende Udtryk, der vel tildeels senere have skiftet Navn, men som endnu som forklædte Gjengangere foranledige den usaligste Misforstaaelse og Forvirring — at alle disse Sætninger ikkun ere ufuldstændige, fra et underordnet Standpunct opfattede og endnu ei gjenomarbeidede Abstractioner, samt at den samme Mand, hvis første og berømteste Værk i sin kritisk negative Retning var en i alle Tonearter gjenomført Variation paa det gøthisk-schillerske Thema:

„Was Ihr hinein nicht gelegt, ziehet Ihr nimmer heraus“

i sin senere positive Tendents selv forfaldt til den samme scholastiske Dogmatismus, som han med saamegen Kraft og Virtuositet hadde bekjæmpet. Kort, ligesom det er klart, at Kant selv i det Væsentlige kom tilbage til det samme Udgangspunct, hvorfra han hadde fordrevet sine Forgjængere, og selv greb til den samme saakaldte aprioriske, eller rettere tilsnigende Synthesis som Kilde til sin positive Lære, og derved gav Anledning til de hurtig hinanden afløsende philosophiske Systemer, der paa hvert Punct minder om Middelalderens Scholastikere; saaledes vilde hans Lære, hvis deri nogensinde havde kunnet skaffe sig samme Indgang ved den positive Rets Behandling, som den Wolfiske, sikkert have havt de samme Forvirringer til Følge. — — pag. 307 — „Det er kun ved en vilkaarlig Abstraktion man kan sætte det Nyttige og det Billige mod det Rette; ved en fuldstændig Sammenfattelse af alle Momenter forsvinder Forskjellen. Saalænge disse Modsætninger staa i deres ubearbeidede og isolerede Selvstændighed, kommer man stedse tilbage til saadanne ufordøiede Setninger som, at Loven, for at blive som den bør være, maa afvige fra Retfærdighedens Udsagn osv. Just fordi Tyskerne mere end nogen anden Nation foretrække en systematisk Demonstration for en analytisk-descriptiv Methode, faa deslige indgribende Almeenbegreber en Vægt og Indflydelse paa Tankegang og Bevisførelse, der maa lede til saameget større Misforstaaelser, naar de oprindeligen ere skjævt dannede.“ — — pag. 310 — „Hvad der ved saadanne Problemer ligger i Baggrunden og holder dem i Live, er en uklar og ved en skjæv Doctrin opfostret Ærefrygt for Abstractioner, der ved deres store Almindelighed og store Omfang faa Skin af at være Videnskabens Grundpiller, skjøndt de kun ere dens Skyggebilleder, er en gjennemgribende og al videnskabelig Klarhed forvirrende Selvskuffelse, at det, som kun er Productet af en paa Halvveien strandet Tankebevægelse efterat opfatte det Hele i sit Sammenheng, indeholder det begrundende og bestemmende Princip. Deraf ogsaa det Særegne i Behandlingsmaaden, at man stiller en saakaldet Grundsætning eller Princip i Spidsen for Udviklingen af en Lære, og derved giver Fremstillingen Skin af, at den følgende Mængde af enkelte Lærdomme flyde af eller have sin Grund i den opstillede Almensætning, medens dog denne Slags Fremstilling er et reent Hysteron-Proteron, hvor Kilderne til et Begreb sættes som dettes Emanationer og det, der egentlig kun er en Resumé, et Omrids af det Mangfoldige, som det dybere Liggende Grundvæsentlige. Ofte er denne i Spidsen stillede Grundsetning aldeles intetsigende, men den hele Fremstilling viser dog den scholastiske Tankegang, at Udviklingen vinder i Grundighed derved, at man først pakker de almindeligste Bestemmelser ind i en Sætning, og derpaa trækker dem ud igjen“ — — — — „ret som om Loven skulde have gjort sig selv og ikke være et Værk af menneskelige Kræfter og Indsigter — — pag. 320: — — „Naar man endnu i Tyskland characteriserer en vis Retning af Retstænkningen som historisk i Modsætningen til en ikke historisk, eller, som den til Gjengjæld kalder sig, en philosophisk i Modsætning til en ikke-philosophisk Skole, saa viser dog Betragtningen af hvad der paa begge Sider udrettedes, at denne Modsætning allerede for længe siden har ophørt at være skarp og med Hensyn til Behandlingsmaaden aldrig har været det“ — — „under Paaberaabelse af Naturret eller hvilketsomhelst andet Kneb.“

— — pag. 322 — — „naar man kjender Tydskernes Forestillingsmaade om Forholdet mellem Begreb og Virkelighed, om Systemets Absoluthed, om Principer som det Constitutive osv. — saa ere dog deslige Selvmisforstaaelser, skjønt høist beklagelige Skjævheder, at regne for Intet i Sammenligning med det umaadelige Chaos af Barbari og Scholastik, der under Navn af Philosophi lige fra Kants inconseqvente og ulykkelige, positive Lære under de forskjelligste Former, ligetil den nærværende Dag har udviklet sig i Tyskland og har isoleret det fra alle andre civiliserede Lande. Det er klart, at hvis dette Monstrum af Magtsprog og Digtninger, denne af fattige og ufuldstændige Abstractioner sammensatte Carricatur af et Verdensbillede, der udgives for Virkelighedens Archityp, havde faaet Indpas i den positive Rets Behandling, saa maatte der opstaa en betydelig Forvirring — — pag. 324: — — At indlade sig paa Undersøgelser over den abstracte Retslære eller Naturrets Standpunct i Tydskland, kunde synes at være et ligesaa ufrugtbart og utaknemmeligt som uinteressant Arbeide. I Indhold og Grundsynsmaade har den ikke gjort eet Skridt fremad siden Kant, omendskjøndt Terminologi og Fremstilling ere undergaaede en uafladelig Afvexling; (ligesom overhoved Tydskernes Originalitet viser sig i at opfinde Navne og Udtryk, som udgives for store og vigtige Opdagelser af dertil svarende, forhen ukjendte Sandheder). Den fælles Grundtanke, som gaar gjennem det Hele, er, at Retsreglerne ved en Præformationog med selvstendig Tilværelse ere givne af sig selv som oprindelige Aftryk eller Afpræg, der ikke kunne betragtes som Resultater af den menneskelige Erkjendelses almindelige Operationer, som altsaa ikke ere bestemte ved en saavidt mulig fuldstændig Overveielse af alle individuelle og universelle, forbigaaende og varige, timelige og aandelige Interesser af. Menneskene i deres indbyrdes Forhold, og i Forhold til den hele øvrige Verden, i dettes kun med en vis Grad af Sandsynlighed bestemmelige og forudseelige Udvikling og Forandring. Med det samme Magtsprog, hvormed disse fixe og skarpe Afpræg tiltvinges den manglende Realitet, fingeres ogsaa de menneskelige Handlinger og den hele Virkelighed at falde ind i og congruere med dem ved et Slags harmonia præstabilita. Og disse constitutive Urbilleder tillægges da en anden Kilde, en anden Betydning, en anden Sanction, en anden Activitet, end Erkjendelsesgrundene til en fornuftig Handlemaade i Almindelighed, som man dog maa indrømme ikke kunde være andet, end fuldstændig Opfattelse og Overveielse af det givne Forhold med alle dets Momenter og Bestanddele. Af denne Forestilling om Retsbudenes Oprindelighed og Prioritet, opstaa nu alle de Forvirringer, som denne Kundskabsgrener saa frugtbar paa; thi da af Intet kommer Intet, da denne ubegribelige og selvmodsigende Digtning af en Dobbelthed i Erkjendelsen, eller det endnu haardere Magtsprog, at man med lukte Øine kan danne sig et Verdensbillede svarende til Virkeligheden, blot ved at stirre paa sin Selvbevidstheds Tavle (der, naar man tager det bort, som ved Livets uafviselige Indvirkning har afpræget sig derpaa, dog kun bliver en tabula rasa) ikke kan erstatte den Fattigdom og Maverhed, som deraf vilde være en Følge: saa blive dog disse Orakelsprog tilsidst ikke andet end dunkle Remiscentser og mavre Abstractioner af det Erkjendelsesstof, som man har opfattet og til dette Punct bearbeidet, eller for største Delen modtaget som bearbeidet i denne Form, og som derfor, naar man ved Forvexling af deres Oprindelse og i Tillid til deres Ufeilbarhed deraf vilde construere et Forbillede for Menneskelivets Ordning, i samme Grad maa lede til Carricatur, som Ensidigheden har været forherskende.“ — —

Af den Constitutionelle“ for 1836 No. 17. Hans Kritik af Sverdrups Logik. — — „De mange begrebsløse Ord, der ere satte i Omløb, ere som slet Mynt, der fordriver den gode. Mange blive ogsaa bedragne ved disse Regnepenge. Var der ikke saamegen Tale om det Uendelige og Absolute, saa vilde man bedre finde sig til Rette i det Endelige og Betingede; thi Ikkeforstanden bliver til Uforstand, naar den vil være Forstand.“ —

— „Philosopherne maa forat bestaa have fire Udgangspuncter. Deraf det Forsøg i ældre Tider at finde en fælles oprindelig Grundsætning, hvorefter hele Systemerne characteriseredes. Som Grundsætninger kunde de alle være lige gode og lige sande; thi naar man taler i Tautologier, staar man ikke i Fare for at sige noget urigtigt, da man Intet siger. Men disse uskyldige Tautologier blive forstyrrende, fordi de i deres Anvendelse tjene til Skjul for vilkaarlige Tilsnigelser. Nu have vi en Sværm af evige og staaende Fornuftsandheder, som Ingen faar Lov til at røre ved. Man er vistnok ikke høflig mod Sandheden ved at give enkelte Sandheder Adelspatent og nedstøde andre i Proletariernes Klasse. Hver Nation og hver Tidsalder har sine Begreber, som den kalder absolute og uforanderlige. Alle have Fordring paa den samme Gyldighed; deres Absoluthed have de i Traditionen.„ — — “Skolephilosophien gaar just ud paa at indbalsamere og unddrage fra Forraadnelse Udviklingens Skud, der kun vare til, medens de havde Liv. Idet den vil gribe og forevige de afvexlende historiske Tendentser, giver den os et Ris af tørre og i deres Saftløshed uforanderlige Kviste istedetfor en Rosenbouqvet, der dufter, til den dør. Men Virkeligheden er ikke et Kar, som man kan gribe i dets Hanker, for med een Fangst at bemægtige sig dens flydende Indhold; den er en rindende Strøm, som vi maa følge, thi for os standser den ikke.“ — — „ Det Virkelige er sandt, og det Forstandige er Fornuftigt.“ —

No. 18. — — „Maa Logiken end frikjendes for ligefrem at lære noget usandt, saa rammes den dog af den Beskyldning, at den med dens selvvalgte Indskrænkning Intet lærer. Dens Indhold bliver en vidtløftig Periphrase paa en eneste Tautologi.“ — — — „At enhver Størrelse er lig sig selv, at identiske Størrelser kunne substitueres, at det Hele er større end en Del osv., danne ingenlunde det mathematiske System; veed man ikke Mere, saa veed man Intet. Men videre end til saadanne tautologiske Sætninger kommer Logiken ikke.“ — — — „Havde Sproget ikke en Rigdom af Vendinger og Udtryk for samme Tanke, blev det umuligt at faa en logisk Lære istand.“ — — „Slige Distinctioner angaae hverken Virkeligheden eller Begrebet, men kun Sproget. Hvo der ved, at et „Saa“ efter et „Naar“ udtrykker en Afhængighed, veed alt hvad Logiken lærer om hypothetiske Domme; men denne Betydning af „Naar“ maa Enhver kjende, som bruger det eller slaar efter i en Ordbog.“ — —

No. 19 — — Til den Klasse af Begreber hører „Noget“, og dette indholdsløse Ord, hvormed man kan betegne, hvad det skal være, det tomme, matte, sørgelige Noget og dets Synonymer skulle nu danne en egen Hovedart af Begreber: Hvormeget bedre var ikke det Hele udtrykt, naar man simpelthen havde sagt: Sproget har Ord, der kan betegne een Gjenstand, andre der udtrykke flere, og endelig nogle, der ere saa farveløse, at man kan bruge dem om hvad det skal være. En saadan vilde nu vistnok synes meget maver, men den bliver ikke federe, fordi den findes i en Logik“ — — „Exempler tjene som Chiffernøgle til Logikens Cryptographi. Logiken er som alle philosophiske Discipliner, ogsaa deri diplomatisk, at den har sit eget Tegnsystem for sine Meddelelser. Men Diplomatiken giver dog altid dem, for hvem den vil gjøre sig forstaaelig, Nøglen til Tegnenes Betydning.“

Før Aristoteles var Logiken Sophistik efter ham blev den i Middelaldren Scholastik. I de Perioder, som ved disse Benævnelser betegnes havde den sin største Anseelse. I nyere Tider har den atter gjort Opsigt efter Hegels Behandlingsmaade. Hegels Logik skulde nu efter hans Plan blive noget ganske andet end den ældre, som han behandler haanende nok; da de saakaldte formelle Tænkningslove slet ikke passe i hans Lære, skulde den være en Udvikling af Begrebet om det Identiske med Tilværelsen, altsaa indholdsfuld og selv i sin subjective Deel objectiv. Heraf kom nu vistnok intet Godt. For dem der have stor Agtelse for Auktoriteter, kan Forsøget imidlertid anføres som et argumentatio ad hominem mod en Lære, der flyr sin Gjenstand. Ligesaa radical er Schelling, som erklærer den formelle Logik Philosophien modsat.“

„De som mere kjende Videnskabernes Betydning af Bøger, end af hvad de paa sig selv have oplevet og af deres Forhold til Virkeligheden, ville vistnok finde min Protest grundet i noget Individuelt. Men den er ingenlunde en Singularitet; det er ikke de bedste og originaleste Tanker, der fremkomme i Skrift. Den, der bærer et System i sig, føler mindst Drift til at fremstille det, fordi de kun er et ægte System, medens det lever hos dets Besidder, og døer naar det skal lægges i Dogmernes Baand.“ —

Af dette her afprentad maa det visa seg, at det vel nokot nær er rigtigt det, som eg har sagt om Schweigaards Kjenskap til Philosophien og hans heile philosophiske Upfatning. Han kjende den og gjorde Narr af den og upløyste den i Skum. Og naar vi anka over, at ikke han førde sit Land burt fraa den tyske Metaphysikphilosophi, og over i den franske og engelske Inductionsphilosophi, so kjenna vi ikke Mannen. Han hadde i Grunnen tenkt seg burt ifraa all sokallad Philosophi, so der ingenting annat var atter for honom en hans „analytisk-descriptive Methode“, nemlig Tydning og Skrivning om kvert einstak Ting og Tilfelle. Han vilde vel hava Samheng millom desse, men det vardt eit annat Samheng en det, som kunde kallas philosophisk. Det var practisk Forstand eller Fornuft han vilde hava, og det so kavande forstandigt, at der ikke kunde vera Tale om annat en det, som kunde takas paa med Haandom. Den verdt det philosophiske Spraak kallad empirisk og materialistisk ein slik Synsmaate, og den er klaar og greid og so nyttig og snusfornuftig, at der mest ingen Ende er paa det; men den er ikke eingong brukeleg for philosophisk Tydning af Kjendsgjerningar i Granskning af Naturen, idet desse og krevja sit Samheng af Aarsak og Virkning og tidt ein Tanke om nokot „meta ta physika“ innafor Yta paa Tingen, med eit Ord ei Sjæl i den. Eg kan derfor ikke sjaa annat, en at Schweigaards Philosophi (om du kan bruka eit slikt Ord) var endaa meir empirisk en den af desse utstrikne Naturphilosopher sosom Carl Vogt og Schleiden i Tyskland og Huxley og Owen i England.

Det er eit merkjelegt Syn, han har for kver einkel Ting i Livet og Tanken. Sjaa no f. Ex. dette han her skrivet i sit Stykke om Studiet af dei gamle Spraak.[10] Han syntes at sjaa so vel det serskilde, at han ikke lenger hadde det fulle Syn for det sambundne. Og om dette ikke altid er ein Naturlagnad, so er det tidt nokot, som Tame eller Øvelse fører med seg. Du kan læra deg up til det, f. Ex. til at høyra fint dei einstake Tonar, men ikke den heile Melodi, til at sjaa grant den og den Flekken i eit Landskap men ikke det heile samlad Daledrag osv. Det skal nemlig attaat Sansninga Inbillingsevne og Sambandstanke til dette sidste. Og det er det fulle Maal af denne Inbillingsevnen og denne sambindande Tanken eller Combinationen, som Schweigaard syntes at vanta (mangle). Han var etter alt komen dit, der kver af os har voret, naar han var ein sjølvstendig tenkjande Mann og ikke tok sit Tankeliv paa Borg; Det kom daa ei Tid so imot den aandelege Fullvokstren, daa det gjekk som eg har sett det paa Vers:

Mit Liv gjeng sundt, eg slikt det finn,
som naar paa Sjøen Straum og Vind
med Skvulp kjem under Isen in:
I Reil og Rull det gjeng aa Flot:
So slær det up med Brot i Brot,
og alting skvett i Kras og Krot.

Den gamle Dogmatik, den philosophiske som theologiske, ryk sund. Du tok som Barn og Framvokstring dit heile Andarliv paa Borg, det vil segja, du trudde paa alt det, som du hadde høyrt og leset deg til, utan at du sjølv hadde voret myndig til at prøva det. So hadde du lagt deg til Kunskab, og du lærde at tænkja og vardt fordomsfri, og so saag du lik Guden Thor paa dine Livsbjelkar, alt til dei brakad og vardt sundersprengde.

Denne Rid eller Krisis kjem tidlegare eller seinare, ettersom du er tidleg eller seint ute med di Utvikling. Den kjem aldri til dei fleste Folk. Dei liva paa Borg og dei døy paa Borg. Men det er ikke om deim her kan vera Tale. Det er om virkeleg Tankefolk, og til desse høyrde Schweigaard, som vi sjaa. Havde han ikke gjort det, so vilde han som dei andre hans jamgamle Philosopher og Jurister og Philologer hava „slukad heile Grisen“, som Engelskmannen kallar det. Men han hadde Kunskap og Tenkning og Mod, og han gjorde Upstand mot det inlærde, og reiv sund dei gamle Borgensbrev.

Og so var det dette attaat med Schweigaard, at i denne hans aandelege Upvekking falt in i eit Tidarskifte millom det eldre og dette nyare Syn paa Spraak- og Naturvitenskap og tysk Philosophi, so der liksom kom eit dubbelt Arbeid paa den vaknande Mannen i den Tid, nemleg baade det personlege Upgjør for kver Mann til alle Tider og det serskilt vitenskapelege for den Tid. Dette sidste er no historisk upgjort, so kver Ungdom ikke lenger tarv dragast med det, naar det ikke reint er i ein Ravnekrok af den civiliserad Verden, som han verdt upfødd. Dette maa vi vel merkja os, naar vi skulle vera rettferdige mot Schweigaard. Han maatte bauta med si Tid liksovel som med seg sjølv, og om det no er so, at kver sjølvstendig Mann altid vil finna nokot i si Tid for dette Arbeid, so var likevel hans Ungdom ei framifraa Tid for ein slik Overgangsstrid i national og spraak- og naturvitenskapeleg og philosophisk Upfatning. Han hadde derfor meir at gjera en ein annan Ungdom no i desse philosophiske Slyngelaar, som du kunde kalla Aldren for denne Upvakning og Overgang fraa det borgande og usjølvstendige til det eigande sjølvstendige Tankeliv. Det er Framvokstringens Overgang til Mann i Tankevegen. Det er liksom det aandelege Tannskifte.

For dette hans Dobbeltarbeid var det derfor ikke so underlegt, at han aldri kom lenger en til denne Overgang til dette Gjenomslag, og denne Upstand mot det gamle, med eit Ord til dette Tannskiste. Der er i desse her nevnde Stykke dei mest fullgyldige Merke paa, at han ikke kom lenger. Der er dette spræke, dette kritisk kvasse, desse abstract stive og uforsonad Motsetningar, dette klumpne umeltad og stølvinte Spraak, dette einsidig stridslystne, denne forunderlege Blanding af aandelegt og sanselegt Syn paa Tingen og dette urolege i den heile Framstilling. Du ser liksom dette Unge gode og kunskapsrike men likevel umogne Hovud. Det er Nihilismen eller denne Tru paa ingenting, men det er ikke dette ingenting paa Borg; det er eit hugsterkt og tilstridt ingenting, og derfor er der altid nokot i det, nemleg ei Tru paa det einstake om ikke paa det sambundne eller paa Casus om ikke paa Nexus, eller meir tydelegt ei Tru liksom paa Treet men ikke paa Skogen. Livet er sundt, men ikke atter sambundet. Thor siter liksom ned i Jotunheim med Thrymer og alt sundersleget af Hamaren ikring seg, og Vola lyfter seg up gjenom Blodeimen og spaar ilt. Der er endaa ikke komet Utsoning.

Og denne, som her maa heita vitenskapelege Utsoning, kom heller aldri med Schweigaard. Solangt fram naadde han ikke. Han kunde taka sundt eit Liv Led for Led, men ikke setja det ihop atter og blaasa Livsens Ande in i det. Den fyrste Halvdeilen af ein fullvoksen Manns Livsverk gjorde han, men til at gjera den andre vann han ikke. Der er, philosophisk talad, det negative, men ikke det positive. Det er den kritiske og ordnande men ikke den skapande Aand.

At dette er so, segje i Grunnen Professor Bang i den Anmerkning som han paa det juridiske Tidsskrifts Vegne knyter til dette tidtnevnte Hovudstykke af Schweigaard om Tilstanden af Rettsstudiet i Tyskland.[11] Men ingen Mann kan so likefram segja slikt og lesa det ut af hans Skrifter, om so desse hadde voret større og meir tydelege en der ero. Det er nokot som maa ganga fram af hans heile seinare Liv og Livsgjerning. Men likevel so er det ei god Rettleidning i slike philosophiske og vitenskapelege Utviklingar af sine eigne Tankar. Det er ein Slags i Stemmegaffel til Utfinning af Mannens rette Livstone og i Grunnto.

Det som af Schweigaards Liv berer det beste Vitnemaal om, at det maa vera som her meint, det er den store Ting, at han, som var komen solangt, kunde slutta paa halve Vegen, naar han ikke af ytre tvingande Grunnar var nøydd til det. Den Drift til Kunskap og Klaarsyn skulde du tru maatte hava stevnt fram til full Oversigt og Samheng og til Sambinding af det uppløyste og einskilde. Men, han trudde naturlegvis, at dette alt var upnaat, og at der liksom paa den Leid ikke for honom var nokot meir at gjera. Han var ferdig. Og heri er det hans Undermaal og Afgrensing ligg. Kom veit? Det kunde ellers henda, at han i ein Slags Følelse af si Afmagt snudde seg fraa eit philosophisk dogmatisk sunderrivet Liv til positiv Jus og Statistik og Bank- og Pengevæsen, liksom ein ulykkelig Elskare slær seg paa Drykk og Kortspil eller i betre Fall paa Tung- og Grovarbeid, eller lik Diocletian gjev seg til at plante Kaal, daa han ikke syntes han fekk det, som han vilde, ved at vera Keisare. Men det er ikke likleg til at vera so heller; thi forutan at det er med det beste Huglag (con amore) han straks talar om „Bankens Sølvvexling“ f. Ex., so ligg der mest fullgyldige Motprov paa dette i desse hans her fyriaat afprentad Ord: „Den, der bærer et System i seg, føler mindst Drift til at fremstille det, fordi det kun er et ægte System, medens det lever hos dets Besidder, og dør naar det skal lægges i Dogmernes Baand.“

Forunderleg aandefulle men halvt sanne Setningar. Det er atter det unge men gode Hovud som talar. Det er kavende usandt, at „den some bærer et System i sig, føler mindst Drift til at fremstille det“. Det er imot all Historie og Livsrøyn. Men Schweigaard trudde det og, det som meir er, livde etter det, og dette er her nok. Det er denne gamle elskværdige Luring seg sjølv: Naar eg kjenner, at eg ikke kan ein Ting, so finn eg meg up i ei Lære, at eg ikke vil eller bør gjera den, at det er nokot, som Folk lik meg aldri falla paa at gjera. Da Macaulay ikke kunde vera Diktare, som han fyrst prøva paa med, so fann i han kritisk ut, at Diktekunst var nokot som høyrde til den meir barnslege Alder, altso var nokot for den myndige Mann og Nation fraavokset likt eit annat Klædeplagg fraa Framvokstringsdagane. Det er med eit Ord Reven, som ikke vil hava Rognebera.

Vi sjaa altso af desse Schweigaards Skrifter, at han var komen til Nedbryting af det gamle i Livs- og Læretru, utan at nokot nytt og samhangande atter var upbygt i Tanken hans. Han var philosophisk komen dit som vaare Forfedrar, nemlig at tru paa sin eigen Maatt og Megin (Magt og Styrke).

„Som Thor han viste at du bør
i Osen stemme Elv.
Han gjorde det, som Kjemper gjør:
Han trudde paa seg selv.“

(over Theis Lundegaard)

Schweigaard trudde paa den practiske Forstand og sunne Fornuft i kvert serskilt Tilfelle. Der var ikke lenger Dogmer der korkje philosophisk-vitenskapelegt eller theologisk eller juridisk. Det var, som han sjølv sagde, ei tabula rasa, eller reint Bord.

So stend denne sterke Mannen for os i sin myndige Alder. Det han kom til, etter at han vardt tretti Aar, vita vi ingenting om, for han uttalad seg aldri etter den Tid i desse Retningar, men var practisk virkande Embæts- og Statsmann.

Men dette hans practiske Embæts- og Statsmansliv visar, at hans Tankar ikke vardt omgjorde. Det kasuistiske i hans juridiske Lære, som eg før har omtalad, syner dette. Og af hans Politik gjeng det sama fram. Han livde liksom for Dagen og det, han i det serskilde Tilfelle fann nyttigt og godt, utan at sjaa paa Samheng og tenkja over Endemaalet, som det maatte føra til. Det er nemlig ikke nok her at merkja seg det, at han var Embætspartiets mest gjenomførde Talsmann og soleids syntes at vera meir samtenkt eller konsekvent en nokon annan i at forsvara dei sokalad „konservative Interesser.“ Ein Tankemann som han vilde nemleg hava spurt etter Enden og Utslaget af ein slit Politik i det lange Drag, sosannt som han ikke hadde livt for Dagen og tekjet det serskilde Tilfelle framom ein Grunsetning, eller Kasus fram om Princip. Han vilde stydja den Regjering, som var for Dagen og Timen; han var imot all Afdøming, eller Kritik af dei Embætsmenn og det Embætsverk, som var for Haand, og han var for alt, som kunde styrkja og anka Ombodsbolken. Han sagde rigtignok, og andre Folk sagde det endaa meir, at det var ein Grunnsetning alt dette, nemleg den at strida imot det aukande Folkevelde og skjærma det faste Samfund (dei konservative Interesser).

Men ein Tankemann med Syn og Sans for Grunnsætningar vilde snart hava seet, at eit slikt Stræv i Lengda mest maatte skada det, som han trudde at gagna, sosannt som du ikke vil gjæra Mannen til ein blind Partiførar. Han var vel altid nokot af dette og; for han kunde vera braadsinnad og lidenskapeleg. Men han var i sit Væsen nokot betre, han gjorde det, som han i det serskilde Tilfelle trudde var Rett, og han gjorde det med Overlegg og Omtanke, og netup dette visar, at hans Tanke ikke naadde lenger fram en til Dagen og Timen. Han var med andre Ord stuttenkt. Han greid Tilfellet, Kasus, og saag ikke framom det. Dette var, som vi sjaa af hans eigne Ord, ein Slags Grunnsetning, System. Dogme vilde han ikke vita nokot af.

Forunderleg, at ein Mann med hans klaare Syn paa det einkelte og serskilde skulde hava soliden Sans for det samhangande! Det laag vist i Naturevnen hans dette, og derfor gjorde han det og til ein Grunnsetning eller ei Tru. Dette Systemlause gjorde han til eit System, liksom Karacterløyse af mange netup verdt gjort til Karacter. Det er nemlig ein Slags Karacter det og, ingen at hava.

Forat koma nærare in paa Tingen, vi meina, so burde han hava voret so framsynd, at han hadde seet, at hans Forsvar for alt, som het Regjering og hekk ihop med den, maatte føra til at Regjeringen med dens Folk vardt nokot daarlegt Gods altsaman: for naar Tilsyn og Kritik er burte so sovnar Mennesket in. Det laag ikke lenger nokot Lag paa at leita etter dei beste Folk og vera var om sine Gjerningar. Der stod ein Forsvarare for alt, som gjort vardt raa den Kanten, og denne Forsvararen var so sterk, at han afbøtte alle Hogg. Schweigaard har derfor likefram vaare mange daarlege Statsraadar og andre mindre dygtige Embætsmenn paa si Samvittigheit. Og det er nokot so blindt, at du mest ikke kan tru det, at han ikke sjølv saag dette, for han maatte kjenna si Magt og sjaa sin Autoritet.

Slike framifraa Menn som Schweigaard gjera i dette Stykke eit af desse tvo Ting: anten krevja dei Mønsterfolk i Likning med sjølve seg, eller og so segja dei: „Aa ja, det er godt nok; det er ikke at venta betre; det er practisk at hava slike Kolabrennarar; lat skura med det som er.“

ette sidste syntes Schweigaard at segja. Goethe sagde og det sama i si Stilling. Han tenkte vel som so Schweigaard og: der er Aand og Tanke nok i meg: den Ting skal eg syrgja for i Riksverket. Lat os derfor faa Kontorfolk, practisk nevanyttige Menn. Dei kom desse Folk og trygge sat der, solenge dei kunde tyggja Graut. Er det rimelegt at Statsraadar som Møinichen, Manthey o. s. v. kunde hava vaaret valde og setet faste all sin Dag utan ein slik Stormeistare for Laget? Det var ikke fullt so før hans Tid, og verdt vist ikke so etter den heller.

Under denne skjærmande Haand af Schweigaard er og Talmaaten med den practiske Embætsutnævning etter den framkomen: „Dei fordømde Genier, dei forstyrra berre Livets javne Gang.“ Paa denne Maate er Statsmanns- og Embætsverket vordet „praktisk;“ men det skal ikke hava stor Motstandsmagt mot fientlige Angrip, naar „Fa’r sjøl i Stuga“ er burte, han som ikke tolte, at der vardt andad eit Ord til Afdøming denne Ombodsbolken.

Og liksom han ved alt dette lægnad Tummestokken for Ombodsfolk til Rigsverket, so Undermaalsmenn gingo for fullvaksne Karar, soleids gjorde han og Embætsmenn umogelege i Storthinget ved sit store Mønster, at rosa og taka alt i Forsvar, som kom fraa Regjeringen. Det vardt nemlig ved dette synlegt for alle, at Storthinget med slike Folk ikke kunde vera den til- og ettersjaande (kontrollerande) Statsmagt, som det var tenkt at skulle vera, men seig ned til ein Ha- og Jabror af den fyrste den beste Regjering.

„Den maa og hava eit Forsvar,“ sagde han og andre med honom. Men ved eit Forsvar som dette fraa denne Kant vardt Storthinget øydelagt for at „frelsa Regjeringen. Og her visar seg best det urimelege i vaar Statsform, at Statsraadet ikke gjeng fram af Storthinget og atter møter up i det eller er ei parliamentarisk Regjering. Det var practisk nyttigt i det serskilde Tilfelle, meinte Schweigaard, at gjera som han gjorde, og han saag ikke solangt fram, at han ved dette upofrad den eine Statsmagt for den andre og soleids ved sit skjærmande eller „konservative“ Verk gjorde den meste grundige Omstøyt i vor Riksrett, eller rettare han drog Tanken i den fram og paa den Maate synte, at den var bygd paa ein falsk Grunn.

Det kunde hava gjengjet ei Stund lenger med det gamle Stell af eit Storthing med Embætsmenn, dersom ikke Schweigaard hadde gjevet slikt eit stort Exempel paa ein Regjeringsadvocat i Thinget. Det er ikke stor Tanke i det, at Folk, som faa sine Ombod fraa Regjeringen, skulle hava Tilsyn med dens Handlingar; men likevel so kunde det hava vart nokot lenger med dette barnslege Stell og Styre, om ikke Schweigaard var komen og med eit gjort det urimelgt og latterlegt. Dei kunde hava „opponerad“ so fint i smaa Saker, som dei og stundom før gjorde, og soleids gjevet Landet eit Skalkeskin af at der va tvo Statsmagter, nemlig ei gjætande og tilsynande og ei gjætt og tilsynt. Men Schweigaard kom og lærde ved sit Mønster, at det i Grunnen berre var ei Statsmagt, idet Storthinget berre vardt Sandhuset til at straa paa Regjeringens Skrift. Og om han ikke altid fekk Thinget med seg til Regjeringens Tenestegut, so sat han der og talad for Saka, og naar han hadde talad for den, so var den god, og Ministeriet hadde den „moralske“ Rett paa si Side og sat so stødt som Naglen i Riksveggen. Det var eit Par Vendor no paa det sidste, at det ikke var so, nemlig i Sakerne om desse militære Statsraadar; men daa var og Bogastrengen brusten og Riket fallet fraa hans Hender, so det hadde gjort litet eller ingenting til denne Sak i Framtida, anten Mannen hadde livt lenger eller han no døydde.

Det var ein „naiv“ Mann er det so tidt sagt. Ja, det er vist og sannt. Han saag ikke langt ikring seg. Han trudde (og mange tru det enno), at han var den rette Grunnlogsmann med Tilsyn, at den eine Statsmagt ikke gjorde Overgrip paa den andre, men at kver fekk verka i den afgrensad Ringen sin. Og so arbeidde han netup paa at faa ut af Stell det Jamvipp millom Regjering og Storthing, som er meint at skulle vera!

Det er ofte sagt, at han theoretisk i Politiken høyrde til den Guizotske Doctrinarisme og Parliamentarisme. Men han hadde no for det fyrste ingle „Theorier“ i den vanlege Meining af dette Ord. Det var, som vi hava seet af hans eigne Skrifter, imod hans heile Livslære. Og so var Parliamentarismen nokot, som han netup ikke vilde hava. Thinget skulde ingen Inflytelse hava paa Statsraadet og Samsetningen af det, idetmindste ikke her. Han las nok Guizot og hans Utvikling høyrer til den Tid daa Guizot liksom pussad upatter Montesquien og all den Læra om den engelske mønsterværdige Statsforfatning. Men dette, som kunde vera ei Theori paa sin Maate, gjorde han ikke Bruk af i sit practiske Statsmannsliv. Han las nok Montequien og; eg saa den endaa eit Par Gonger paa hans eiget Bord. han rosar likeins den Engelske Statsforfatning, det høyrde eg tidt. Men, som vi vita, so livde og lærde han her heime nokot som var tvertimot det mest karacteristiske i den Engelske Forfatning, sosom den utviklad seg etter Revolutionen mot Slutten af det syttende Aarhundrad, nemlig Parliamentarismen eller at Parliamentet (Storthinget) afgjør, kven som skal sitja i Kongens Raad og altso i Grunnen er den eine styrande Statsmagt, idet Kongen med Raad ingenting kan gjera imot den raadande Meining i Parliamentet. Schweigaard snudde netup dette om, idet Regjeringen etter hans Statsmannsliv var den, som skulde styra.

Han meinte vel ved dette berre at „styrkja Regjeringen,“ som han trudde ellers vilde bli for veit imot den veksande Storthingsmagt. Men her er atter nokot af dette faa- og stuttenkte i ein slik Tankemann, som han skulde vera, at han kunde tru, at denne Jamvipping eller Likevegt millom desse tvo Statsmagter var nokot som kunde halda seg. Han maatte med eit af dei Lynglimt, som du skulde tru, at han maatte hava i Tanken sin, hava seet at denne Jamvegtslæra var ein i det verkelege Liv umogeleg Ting, og so burde hans Kjenskap til Historien og hans Syn paa dei nyare Staters Utvikling hava lært honom, at Folkemagta eller Storthinget altid vinn større og større Magt, so det er faafengt at strida imot denne naturlege Utvikling af Rikslivet.

No, om det endelege Gagn af denne folkelege Framvokster i Rikslivet kan der vera tvo Meiningar. Der kjem vel Atterslag, som Historien altid visar. Men likevel so er dette ei Slags Naturmagt, som maa hava sin Gang, og ingen tenksam Mann stend heller reint imot denne Magt men strævar at føra den paa rett Laup, styra den just som ein Eimhest (Locomotiv). Og det er netup eit af dei i mange Merke paa dei sokalad store Menn, at dei sjaa Kravet i si Tid og adla det ved at gjera seg til Tenarar for det. Dette saag ikke Schweigaard; han arbeidde ikke i Flugt med Kravet og Tanken og Vitenskapen for si Tid, men stilte sig idetmindste i Statsmannsliv tvertimot dette. Han vilde liksom stansa det alt; „han dreiv paa og stod“ og liksom sagde med hin Tysken: Die Wissenschaften müssen sich um kehren (Vitenskaperne maa snu seg om; Bekken maa renna Bakken upatter). Det kan vera nyttige og gode Folk slike med; Samfundet har Bruk for deim og. Men store Menn er det aldri.

Forat tyda dette Statsmanns-Syn af Schweigaard, at han soleids var ein Regjeringens og Embætsverkets Advokat, so er det ikke nok at merkja seg hans filosofiske Upfatning og juridiske Tenkning, men vi maa sjaa etter andre medvirkande Grunnar. Og som ein af desse er vist og sannt den, at han ikke fylgde med si Tid, etterat han, som det her lenger framme er sagt, vardt „spend fyre Matkjerra“, eller so heilt komen in i Riksverkets Tjeneste, at at der ikke var Tid til at fylgja med det framstridande Verdensliv i sine mange Former, sosom Literatur, Politik, dei serskilde Vitenskapsgreiner osv. Hadde han kunnad dette, so vilde han nemleg hava seet, at hans Statsmannsupfatning meir og meir kom i Strid med Tankane i den framveksande Tid, og at han soleids bar Vatten i eit Møsaal (Danaidernes Kar).

Dette „at fylgja med si Tid“ er no ellers ein Talemaate utan full Meining. Det er nemleg ingen Mann i som kan fylgja med si Tid. Det meste den beste kan gjera, det er at fylgja med i den eller dei serskildte Vitenskaper som han i Ungdomen lagde seg etter, sosom Juristen i det juridiske, Presten i det theologiske osv. Med desse gamle Vitenskaper kan endaa dette so vera frametter; alt til Mannen eldes, daa Tida i denne Meining reiser i fraa honom, liksom naar du kjem forseint fram paa Bakken til Stationen og derifraa ser ned paa Jernbanetrainet puffande og larmande fara ifaa deg. Du seer litt af Røyken der du atter stend. Men med desse yngre Vitenskaper og daa mest Naturvitenskaperne kjem du ikke eingong solangt. Desse fara so fort, at dei straks i dine beste Aar reisa ifraa deg, om du so var den sjeldfegne Mannen, at du paa ein af dine beste Dagar var komen solangt, at du var Herre over deim eller kjende og hadde lært deim fraa fyrst til sidst og altso i denne Meining stod paa Toppen af di Tid.

Men ein Ting er at fylgja med Tankane og Vitenskapane i si Tid, og nokot annat er det at hava ei Meining om Gangen i denne Utvikling og soleids i mange Greiner af dei menneskelege Framstig sjaa Stevningsleida (Direktionen) og vera med i dei aalmennt store Drag. Jamvel berre dette har til Fyrekrav at Mannen i Ungdomen lærde myket meir en Servitenskapen sin, sosom Juristen myket meir og annat en den juridiske Vitenskap, og so at han stadig attaat si Livsgjerning las og fylgde med i mange andre Vitenskapsgreiner.

Det var dette som eg maa tru, at Schweigaard ikke gjorde etter sit tretiende Aar; for hadde han nemleg gjort det, so vilde det hava voret ein forunderleg Ting, at han stadig skulde hava sett seg imot det, som laag i den aalmenne Utvikling af hans Tid. Og eg meinar ikke med dette berre det, som her nyleg er talad om, nemleg Striden hans imot den politiske Folkeutvikling og Strævet hans med at verja om ein Slags afstengd Ombodsbolk, men idetheile hans Uvilje mot somange Framstig. I Handels- og Haandverksnæring var han derimot ein fri Mann. Det høyrde til hans statsøkonomiske System dette, og her er gode Meiningar for, at han gjekk forvidt i dette og dermed ikke uphjalp vaar Landsnæring, som han burde hava gjort. Han stod her paa det statsøkonomiske Standpunkt fraa hans Utviklingstid utan Paavirkning af dei mange serskilt nationale Næringskrav fraa dei nyare Tider. Og so kjende han litet til sit eiget Land af annat en Bøker og statistiske Tabeller. Han var forsovidt ein upraktisk By-Bokmann, og dette kan alene tyda hans liketil ville Laanlære. Han vilde jamvel paa siidste Thing hava voret med og laant 5 Millioner til Jernbaner. Han vilde laana og driva stort — hava eit „Civilisationsbudget“, som han sagde — han vilde hava det frie Kapsprang i Næringsvegen millom vaart Land og Utlandet, anten det so var rimelegt eller ei, at vi kunde staa os i Kaplaupet. Han vilde, som i alt sagt lenger framme, hava dei fleste Ombod og dei største Løner. Soleids som vaart Land er lagad, kan du derfor trygt segja, at vilde den Jaabækske Stat staa still, so maatte den Schweigaardske springa i Lufta eller bli busliten (fallit).

Det er ein forunderleg Motsetning denne hans Næringsfridom med hans ufrie Ubfatning af mange Ting, som skulde synes at liggja dette Matstræv nær, sosom Utbetringer i Sportel-, Inkassations-, Forliis-, Formyndar-, Skyts-, Skyldsetnings- og mange andre slike Smaavæsen, som ganga ut paa at løysa Livet fraa mange Baand. Og du kan omtrent med eit Ord segja, at han var imot alle desse smaa Rettarbøter, som kom fram paa Thing etter Thing og ganga i denne frigjerande Retning. Det vilde vera for uædelt at segja, at han stod imot alt dette, for at Embætsverket ikke skulde misse nokot af si Intekt og Storleiken sin. Det maatte vera hans Uvilje mot at at rulla med det juridiske System, som han hadde gjort somyket for at setja i Stil. Og so var det vel hans Rædsla for Folkemagta, som han so tidt uttalad og mest, som vi hava seet paa Thinget i 1848. Ja, han dreiv denne Rædsla sovidt,1at han vilde at den store Sjøsartslog skulde liggja uvigslad (usanktionerad) fraa Thing til Thing, berre for det vardt vedtekjet, at der skulde vera eit Slags „folkelegt Element“ med i Sjøretten. Naar han som in paa denne sin, Demophobi eller Folkesælske, so fekk Sjøfart og andre Næringsvegjer berga seg, so godt dei kunde. Maskineriet skulde heller staa stilt, en det maatte bli styrt af „uautoriserad“ Hender. Og likevel so var han for at gjeva up Handelsexamen og Haandverksprøvor. Ja, det torde ikke ved hans Riksstyre af Embætsfolk dette, og den Samfundstrygd han fann i dette. Det var dei Næringsdrivande indbyrdes, som her kunde hava det fritt.

Dette Folkerædde og denne Mistanke til alt „uautoriserad“ kom naturlegvis fyrst og fremst af det, at han kjende litet til Folket af Livsomgang og mest berre hadde leset om dei i Bøker, og paa den Maate gjort seg up Meiningar om eit Folkestyre fraa Grekarlands, Roms og den franske Revolutions Dagar. Hans Utvikling fell og i den Tid, daa Lærarar i Statsrett endaa sat med friske Intrykk fraa Folkemisbruk i den franske Revolution. Guizot f. Ex., som Schweigaard myket las og i mangt rettad seg etter, han trur ikke stort paa det sokallad „Folk“, og det Riksstell, som gjekk fram af denne Tids politiske Lære var mest ei Tru paa Rikdom og Velstand, altso forsovidt ei Slags Etterlikning af det engelske Samfundsstell. Det var, som vi vita, ei Bygging paa stor Velstand for at faa Stemmerett (haag Census) at den franske Fridom vardt grundad etter Napoleons Fall og likeins etter Juli Omstøiten i 1830, daa „Borgarkongen“ Louis Philipe kom og trudde paa Skillingen, alt til han vardt utjagad i 1848, Det var denne Slags Parliamentarisme af Rikmenn, som Schweigaard her fann seg i, og daa den vardt sprengd fraa kverandre, vart han rædd og liksom ikke trudde paa den europæiske Politik etter den Dag. Og her sjaa vi best, at han ikke lenger fylgde med si Tid og saag dei store Krefter, som var i Verk for at afskaffa det eldre Væsen og laga til eit nyare, nemleg i Frankrike ved Keisardømet og den aalmenne Valrett der, og i England ved Parliamentar-Reformen, som endeleg for tvo Aar sidan gjekk fram.

Det nationale i Politik (og Literatur) kunde han heller ikke forstaa, og daa dette er ei Utvikling af dei sidste tretti Aar, so visar kanske dette endaa betre en alt det andre, at han i denne Tid ikke hadde voret med i Framvokstren af dette Verdensliv. Eg har rigtignok ikke fundet offentlige Uttalelser af honom i denne Retning om denne nationale Politik i Italia, Tyskland, Danmark og blandt dei slavoniske Folkeferder, men det fullstendige Ukjenskap, han hadde til Nationalrørelsen her heime, maa vel gjeva meg ein Slags Rett til at uttala denne Meining. Og her maa det vel og vera tillat at nevna det Intrykk, eg sjølv fekk af Mannen di Samtaler med honom.

Eg skal ikke rosa meg af, at eg hadde den Ære ofte at tala med Schweigaard. Men daa eg kom tilbake fraa England, og han hadde leset mi engelske Bok, var han ein Dag, eg raakad honom, uvanleg fyrekomande mot meg, og han spann i ei Samtale, som i Sanning var ei af dei mest forvitnelege, eg har høyrt i all min Dag. Det i var no ellers ikke „Samtala“ for det var sjeldan eg kunde koma til Ords og svara, men det var ein Ordstraum fraa hans eigen Mann i mangt og myket so aandfull og lærd og original ja vittig, at eg knapt har høyrt Maken, sonær som naar Welhaven i sine beste Stunder utladde sine „elektriske Batterier“. So skok han imillom paa sit store fagre, Hovud, so det graae Haaret kransad seg i Likning med dei „ambrosiske“ Lokkar til Jupiter. Og so saag han paa meg med sine uendeleg aandfulle og talande Augo. Eg stod som fortrollad, og om eg i all denne Flaumen hadde fengjet Munns Ord for meg, so sansad eg paa den engelske Talemaate: to beard the lion in his den (at ryskja Løva i Skjegget in i Hola si).

Han gjenomgjekk store Stykke af Englands Histori og mange af deires mest navngjetne Menn f. Ex. Walter Scott, som han fraa Ungdomsdagane maatte hava fengjet eit sterkt Intrykk af. Og so foor han over til Frankrike og gjorde det sama der, og so til Tyskland, og det var so sannt og rigtigt paa sin Vis altsaman, at det var ein Lærdom at høyra det; men det var Synsmaatane og Domane fraa 1830 og der ikring. Up til 1840 var det faa Ting, som kom, so det var tydelegt, at han ikke hadde livt med etter den Tid. Det gjorde eit forunderlegt Intrykk at sjaa framfyre seg eit so megtigt Menneske, som var afdøytt i denne sidste Mannsalderen. Han stod der for meg som ein Draug eller Gjengangare. Han vilde liksom veipa meg in i den kvite Likskjorta med sine kalde Armar. Eg vardt rædd.

Der er nokot som heiter ein Manns historiske Stilling, og dette er hans Stilling til sit Folk, si Tid og til seg sjølv, kan du leggja til. Naar du ikke lenger kan tyda deg ein Manns Framgangsmaate, so kjem du med „Uttrykket“, at det laag i heile hans historiske Stilling. Det kunde ikke vera anderleids so som Mannen stod til si Tid.“

Eg finn ingen annen Utveg med Schweigaard en at bruka denne Talemaaten. Eg har af mange Grunnar søkt at tyda meg hans Standpunkt; men eg kjenner at det ingen rett vil slaa til. Det er „Mannens historiske Stilling“ som lyt gjera det. Utan dette breide Syn paa Tingen kjem ikke Schweigaard til.sin Rett men maa bli mistydad i det endelause.

Men her verdt det fyrst greidt, at det er ein umogeleg Ting at skrive om Schweigaard utan med det sama at taka med myket af Landets Histori under dei Aar. Det er naturlegvis so med alle framifraa Menn; det er i Samheng med sit Folk og si Tid dei maa faa sin Dom. Men dette er endaa meir Tilfellet med slike politiske og ombodsvirkande Menn som Schweigaard en med Skribenter og Poeter sosom her hans Samtidingar Munch, Keiser, Welhaven osv. Han greip nemleg meir praktisk med in i Livet han og soleids liksom meir var med til at gjera sjølve Landets Histori for sine Dagar.

Den Schweigaardske Politik maa du derfor sjaa i Samheng med vaar heile politiske Utvikling etter 1814.

Dei mest framsynte af deim som gjorde vaar Grunnlog, dei saag straks at Bonden vilde faa Bugta og baade Endane i Politiken vaar, naar denne fekk Tid til at vikla seg ut, og at Embætsfolket, som fraa fyrst var de politisk styrande, umogeleg kunde faa inne hava denne si Stilling i det lange Drag. Det var mange gode Menn, som var ængstelege for denne Framtid, som ikke kunde vera so langt burte, og vi vita at Falsen, som hadde gjort somyket til vaar Grunnlog, han kom straks etter med Forslag om at gjera Embætsmagta større og Bondemagta mindre i Storthinget. Og det varde likeins ei Stund, før dei torde lata kvert Amt faa somange Thingmenn, som det skulde hava. Havde det voret Raad med, so vilde der vist hava komet Omgjerder i vaar Grunnlog til Stansning af den framtrengande Bondemagt, og til Skjærning for den tilbakesigande Embætsmagt. Men vaar „Forfatning“ stod der no eingong paa Papiret, so det var ikke godt at faa den ombord. Folk kunde tala om den Tid, daa „Bonden skulde koma“, men dei kunde ikke afvenda, at han kom. Det gjekk denne politiske Retning over heile Europa i den Tid. Det var Atterslag eller Reaktion overalt. Og hadde ikke vaart Embætsverk voret skræmte fraa Sverige men kunnad sluttad seg til ei Kongsmagt, so er det trulegt, at vaar Grunnlog ikke vilde hava stadet so heil og helsad fraa den Atterslagstid. Her nøgde vaar Stilling Sverige os til at halda ihop paa det vi hadde Embætsmann og Bonde maatte her staa saman.

Denne Fælska for Bonden i Politiken vaar var netup paa sit største, daa Schweigaard vardt fullvaksen Mann. Der var alt Bondetilsprang til Storthinget i 1827 og 1830, og 33 var det Thinget, som gjorde Vendinga millom Thingpolitiken før og etter den Dag. Den som skal skriva om Ueland, maa vel merkja seg dette, daa hans historiske Stilling maa bli sedd fraa det Thing som Utganspunkt. Og her sjaa vi best og med eit Motsetningen millom Ueland og Schweigaard, idet at Uelands historiske Stilling netup var den som Schweigaard med si Stilling skulde motvirka.

Samfundets styrande Menn leitad nemleg blandt den studerande Ungdom liksom etter Fedrelandsfrelsarar mot denne „Bondekoma“ som her er nevnt. Og Schweigaard var daa netup framifraa ein slik Frelsarmann for „Tanken og det aandelege Liv“ imot det framveltande „Barbari“. Ja so sjaa vi desse tvo politiske Motsetningar tidt vardt kallad i den Tid.

Det var inkje Under, at Schweigaard vardt fakkad af det „fine Samfund“ som han skulde vera med og skjærma mot det „raabarkad“. Ingen var slik som han, og det Framtidshaap, som i den Tid vardt sett paa honom, kan du ikke forstaa utan i Samheng med denne her nevnde politiske Stilling. Det var som det ikke skulde vera eit Menneske men ein Halvgud, daa Laget vardt gjordt for honom i 1833, før han med Stipendium gjorde si Utlandsreise. Det er „Norges beste Søn“ baade paa Vers og Prosa. (Sjaa Vidar f. Ex.) Og du kan godt forstaa dette, naar du paa den eine Sida seer hin straalande Mannen med si overveldande Overlegenheit, og paa den andre Sida tenker deg den patriotiske Rædsla for eit „Bonderegimente“. Der var Balder imot Ragnarok. Det var Stridsmann det.

Og det var hans Vaabendragarar alle hine flinke unge Menn fraa den Tid, som alle kom so langt og godt fram. Det var Motzfeldt, Faugstad, Birch-Reichenwald, Dunker, Langberg kort den heile „Trop“, den „forgylde Ungdom“, som vardt samlad i Greivegarden hjaa Stathaldaren Wedel. Det var „Jarlen“, sagde Welhaven i eit af sine glimrande Vers. Han var Diktaren for desse „Ljosets Bannerførarar“, som likeins skilde seg ut or Studentersamfundet og gjorde seg eit „Forbund“.

Og dette „Forbund“ var det, som utgav Vikuskriftet Vidar om Hausten 1832. Du seer af Inleidningsdiktet til Vidar af Welhaven; at det var tenkt, som den frelsande Guden i Domedagsslaget mot „Myrkrets Magter“. Norskdomen foor nemleg daa til at koma fram.

Om vi lesa i Bøkene fraa den Tid og tala med Folk, som enno liva atter af den, so er det likevel umogelegt for os at forstaa den Strid og Motsetning som der daa var millom den upvaknande Norskdom i Politik og Literatur, og den danske Kulturen og Statsskikken, som utgjorde dei „fine“ i Samfundet, dei styrande, dei som Welhaven kvad for, og dei som Schweigaard og hans Jurister skulde forsvara med sin Fylking. „Men i all Verden, at der kunde vera slik Strid millom Dem og Wergeland,“ sagde eg ein Dag til Welhaven, „vi forstaa nok, at der maatte vera Strid millom dei poetiske Synsmaatar, men ei slik Hærferd er os reint ufatteleg.“ „Det var,“ sagde han i det største Aalvor, „ein Strid millom Uplysning og Barbari, det var Raaskap og Kultur, som stod mot kverandre.“

Vi sjaa vel af hans „Dæmring“, at det maatte vera nokot sonær som her sagt af hans eigen Munn, men likevel so er der betre Uttydningar i eit slikt poetisk Verk, so vi maa hava reine Ord for at tru paa slike Motsetningar. Dei trudde det hine fine og uplyste og styrande Folk, at det reint ut var Aasgaardreida som kom med Bonden i Politiken og Wergeland med dei andre Skribenter i Literaturen.

Det var ei Overgangs- og Skiftetid denne ikring Trettitallet, daa just Schweigaard vardt vaksen. Her kom litt europæisk Luft her up med, og desse flinke Menn, som skulde vera Landsens Væktarar, dei hadde og ein Pust i seg af Juliomstøyten 1830. Stang er frisinnad i si Grunlogstydning og Faugstad skreiv fordomsfritt og for si Tid utruleg godt om Storthinget 1833. Det vilde vera værdt i denne Tid at afprenta hans Tankar um Embætsmenn i Storthinget. Han greide ut so godt, som det skulde vera gjort i denne Tid, at eit Storthing af Embætsmenn er imot Naturen af Storthingstanken: der er nemleg daa ikke det Tilsyn med Riksstyret af Storthinget. Men om Faugstad strider nokso frisinnad i mangt om Storthing og i Regjering, so gjeng der likevel gjenom Skriftet den her nemnde Rædsla for den veksande Bondemagt.

Faugstad var ellers meir frisinnad en dei fleste af dette „Forbund“, som med Schweigaard fremst i Fylkingen skulde forsvara „Kultursamfundet“ fraa Danskdagen imot den framveksande Norskdom. Det er nemleg fortalt af Kjendsfolk, at det vardt sagt til Schweigaard: „Ja, ja her verdt ingen politisk Folkeskik, so lenge der er alle desse Bønder paa Thinget.“ Men daa svarad Schweigaard: „Du veit ikke Tanken i det, du talar; var ikke Bønderne, so vilde her vera nokot myket verre. Det skal Maate med Bonden og, men vi maa hava honom i Thinget liksovel som i Livet.“

Ja so omtrent verdt Samtalane hermde fraa den Tid. Det er alle samtykte om, at Schweigaard vardt utvald som ein Slags frelsande Mann mot den aukande Bondemagt, men han var ein maatehaldande Mann, som ikke i vilde stansa „Tingens naturlege Gang.“ Han var her i denne Tid, liksom daa Sendelaget til Stockholm i 1860 kom tilbake og skulde hava lagt Heimvegen om Kjøpenhavn, men Schweigaard, som var Formann, sagde nei og meinte, at det var ikke „loyalt“ at fara innom den eine Kongen, naar dei foor fraa den andre. Det var nemleg lagt Vin om at faa Norge med paa dei danske Krigsplaner.

Han var alt so her og Pligtens og Rettens Mann, og i hans fyrste politiske Skrivning og Thingferd er han likeins fri og framskriden. Dette er visad her i mange af desse mine framdregne Ord og Tankar, men han vardt meir og meir rædd, etter som han kom in i den politiske Drift. Han synes liksom at hava voret meir skræmd af Bonden i Thinget en af Læra om, at han ikke maatte koma der. Hans Harme og Skrik stiger Thing for Thing. Det var vel kanske sterkast i 1848, daa Adressesaka var framme, men ellers so er det mest Jurysaka, som framigjenom aflokkad mange af hans fleste Tankar om det sokallad Folkestyre.

Schweigaard vidste derfor liksom ikke, at han var ein forskriven (engageret) Mann for „Kultursamfundet“. Han tok dette og si heile Stilling som nokot reint likefram og naturlegt og det vilde vera likso uretferdigt mot honom, som imot Stathaldarar og Statsraadar at meina det so, at det var eit uplagt Raad mot Bondemagta paa vaart Thing. Det var ei naturleg Skjerming um sjølve seg; som desse „dannede“ gjorde, og dei valde sine bedste Kræfter til dette, som dei meinte, eit Frelsarverk for Samfundet. Vi gjera det same den Dag i Dag: Folk har f. Ex. sagt til meg no i denne politiske Tid: „Du er for uplyst du til at staa paa den Sida, du staar. Vi som hava lært nokot, vi maa halda ihop og vera konservative.“ Annat var det vist ikke, som var sagt til Schweigaard, men det var ei Tid, som fælte for større Omskiftningar, end vi no gjera; endaa skal ein tru alle skrivande Blad, so gjeng Samfundet no og over ifraa Folkeskik til Forfall.

Eg skulde derfor ikke hava framdreget denne Schweigaards Stilling til Politiken og vaart heile Samfund, dersom eg ikke ved dette tenkte at laga til og gjera forstaalegt hans journalistiske Gjerning og mest hans Upfatning af Wergeland, som er hans Motsetning i det nationalt folkelege paa same Vis, som Ueland var det i det reint politiske.

I Bladet „Den Konstitutionnelle“ for 1836 (fyrste Aargang) stend denne „Proklamation“ fraa dei navngjevne Redaktører Fougstad, Motzfeldt og Schweigaard:

Den Konstitutionnelles Redaktion finder sig foranlediget til en Gang for alle at afgive den Erklæring, at alt hvad der for Eftertiden maatte blive indført i Spidsen af dette Blad om eller mod Kandidat Wergeland, vil være et Resultat af samtlige Redaktørers Overbevisning om Nødvendigheden af at modarbeide den fordærvelige Aand i vort offentlige Liv, hvis første Repræsentant Hr. Kandidat Henrik Wergeland forkynder sig at være, og at der ingenlunde er delte Meninger blandt Redaktionens Medlemmer om denne falske og feige Folkeprofet.“

Det er ei kjend Sak, at desse aandelege Styresmenn, som her er nevnde, skulde inføra ein Mønstertone i Bladlitteraturen, liksom dei paa andre Kantar skulde frelsa Kultursamfundet for den framkomande Raaskap. Derfor vardt Bladet „Den Konstitutionelle“ grunnlagt, og Rikets Statholdar og Stormann, Grev Wedel, hjalp dei med Pengar; her skulde alt vera greidt, Redaktørernes Navn paa fremste Bladsida og ellers alt i beste Stil. Det høyrer ikke hit at fortelja, at det sokallad norske Folk ikke vilde vita nokot av dette Bladet, men heldt seg til Morgenbladet og dei andre Smaaskrifter, der dei trudde at finna betre Meiningar om Politik elder Landsens Framtid. Det som eg her maatte draga fram, det var denne Ting, at Schweigaard skulde vera ein journalistisk Skulemeistar liksovæl som ein juridisk og administrativ, liksom det dog er værdt at merkja seg den store Magt, dei „Intelligente“ lagde paa at halda all Ting gangande i gamle Stilen og.halda den politiske og norsk litterære Smitte burte fraa Folket.

Og nettup i dette visar seg Schweigaards historiske Stilling, at han var Stridsmannen for det gamle Embætssamfund fraa Danmark med sine politiske og litterære Fraasegner elder Traditioner. Var det mogelegt at uttala i kvassare sin Motsetning til norske Strævet en i denne Proklamation, so vilde det visst vera gjort. Her er nemleg nettup den Mann lyft i Bann, som er og var det alt paa den Tid det beste Uttrykk for den framveksande Nationalitet. Dette var baade politisk og litterært. Det var for Wergelands Polemik mot Sverige og Storthingets Upløysning, at denne Banlysning nærast var utslengd. Her var nemleg ein Svenskestrid daa likso kvass som i 60, og Wergeland skreiv „Flyveblade“, som kom til Sverige og vekte Forskrækkelse. Det var norske Krav, Wergeland kom med. Det var ikke alt so fint og diplomatisk sagt, men Tanke og Meining laa open. Og „Den Konstitutionelle“ var konstitutionel, den heldt seg til Brev og Bogstav i vaar Millomrett og den gjorde stort Gagn ved sin norsk loyale Holdning. Schweigaard var her som 24 Aar seinare ein Rettens Mann og vilde ingen Ting gjeva burt, men han kunde helder aldri driva Tanken til at koma lenger, enn til det som var, det som forelaa; han „dreiv paa og stod“, her som over alt. Og derfor var Wergeland med sin idealistiske Rett ein urimeleg Mann i hans Auga.

Dette skal ingen forundra seg over, men det forunderlege er, at han so heilt ut skulde miskjenna Wergelands Liv og Livsgjerning, som her er uttrykt. Dette kann ikke vera so myket ein Stutthugs elder kortsynt Tanke, som det er nokot „historisk“ i Schweigaards og Samfundets heile Stilling. Den wergelandske Tanken var „Barbarie“, det trudde Welhaven fullt og fast endaa for nokre Aar sidan, om han so medgav, at ingen skreiv betre Vers en han imillom. Felagarne av dette „Forbund“, som sist vardt talad om, dei trudde liketil 3, 4 Aar sidan, daa Welhavens samlade Verker utkom, at no skulde Verda sjaa, at Welhaven hadde havt Rett og Wergeland Urett. Ja ein av dei klokaste sagde jamvæl, at Historien alt hadde gjevet Welhaven Rett, og talar du med mindre Folk av desse, som vaaro med i Troppen mot Wergeland og „Bondepolitiken“ og Norskdomen, so er det so det kjem Skum i Munvikarne deires, naar du nevner Wergelands Navn med Ros. Og det mest upplysande er kanskje endaa, at ei pynteleg og god Frue med tvo fine Døtre ikke vilde gjeva desse Lov til at fylgja med Wergeland paa eit Bal, som han hadde indbodet desse Smaagjentor til. Ho torde ikke setja sine Døttre ut for det mogelege Vanrykte at fylgja ein slik Mann til Dans.

Her er derfor nok av Kjendsgjerningar til at uplysa Motsetningen millom det Samfund, som var i By og Embætsliv og det Samfund, som var paa Vegen til aa koma med Wergeland og det nyare Livet. Men nettup, for der er so kvasse Motsetningar, so skulde du tru, at Schweigaard maate hava seet det overdrivne i alt dette og voret den mæglande Mannen, som talentfulle Menn gjerne ero, naar dei nemleg ikke ero so flinke, at dei sjølve hava ei Ide og soleids verd synskvervde av den. Schweigaard skulde nettup vera den Mannen, som stod mæglande og forsonande imillom slike Motsetningar. Han hadde nemleg ikke sjølv nokon Ide at driva fram; han vilde berre forsvara det gamle, det, som var, og med dette for Auga er det snart ingen annan. Utveg en at gjera Mannen antan til ein trongsynt (borneret) Mann elder til eit rasande Partimenneske, som i Likning med Halvgalningar i Morgenbladet f. Ex. den Dag i Dag føra den sama blinde Strid, som Schweigaard gjorde. Hans Sans for Wergeland var formyrkt paa alle Kantar, som vi sjaa. I „Den Konstitutionelle“ for 1836 No. 306 har han nemleg anmeldt „Ephemerer“ af A. Munch, og i den Anmeldelse indirekte rosat Munch paa Wergelands Bekostning. F. Ex. „Munch ifører sig ikke laante Søndagsklæder, naar han vil vise sig som Digter, derfor ere hans Sange frie for disse Pragtord og Kraftudtryk, disse Storstikkere og tusindaarige Sententser, som er det ubedrageligste Tegn vaa det poetiske Hykleri.“

Wergeland skynar nok dette Slag paa Slæden, som var meint Mærra, og derfor skreiv han.

Til munchske Digtning passer Schweigaards Recensioner
Som til en Dans af Mus Trompetens Kobbertoner.

Det maa ellers vedkjennas, at Schweigaard rosar ikke Munch so særdeles myket. Han er ein skynsam Mann, naar han kjem utanfor sin Partistilling; men denne Kritik visar likevel, at Schweigaard aldri i sine beste Dagar kunde tenkja seg ein annan Litteraturutvikling i Norge en den gamle danske, og at Ideer og Krefter i Tiden laag løynde for Augom hans. Dette syner seg likeins av eit Stykke i „Vidar“ som eg før nevnde i eit annat Samband, nemleg „litterær Antidanskhed“. Det er paa alle Kantar, han kjem i Motsetning til det framveksande nationale Livet, nemleg i Litteratur og Spraak, i Diktning og historisk Upfatning, i Politik og Tankar om Bondelivet, som medvirkande Statsmagt. Han vender Front til Norsk overalt. Og dette gjorde vist ikke det mindste til, at han var den fullstendige Mønstermannen for sit Parti. Der var ingen Knæling og Fotgliding der. Han var heilstøypt?

Og likevel so er han norsk i utruleg mange Ting; hans Liv var betre en hans Lære. Det er f. Ex. ein Fynd i mange af hans Uttryk, som er ravnorsk, sosom det han sagde om Adresseforslaget: „Det er ei Pylse utan Inmat“. Det kom mange slike Fyndsspraak fraa Munnen hans og han gjekk so bust og baust paa, at han var nog so national, sosom daa han til stor Forskrækkelse for mange Norske og Svenske spurde fraa Festsalens Talarstol i Stockholm 1860: „Hvad er det I vil, gode Herrer og svenske Mænd“? Er det Krig med Norge I vil have? Nu vel I skulle faa den.“

Ja so fortalde svenske Menn meg, at Orda paa Lag fall, og dei spurde meg nærare ut om Schweigaard. Ja svarad eg, han er, som vi alle vita, Norges fremste Mann i mange Ting, men eg trur knapt, at Nationen vilde senda honom ut som Diplomat. „Nei, det tror jag“.

Det er mange Folk, som hava sagt meg, at eg skulde skriva eit Upgjør millom Wergeland og Welhaven, men daa har eg altid svarat, skal det vera Tala om Motsetning so maa det vera millom Schweigaard og Wergeland. Schweigaard er nemleg den mest fullgyldige Repræsentant for det gamle Samfund. Han er som Benjamin Constant sagde om Napoleon, ein utmerkt Repræsentant for eit daarligt System.

Eit Samfund som dette gamle med Schweigaard til Uttryk kunde nok hava si Rædsla for det nye framkomande norske Liv. Du vil undskylda baade Schweigaard og alle dei andre, naar du kjem deg ihug at Norskdomen i Politik og Literatur ikke altid viste seg tekkjeleg. Den trivlad seg fram stakar. Den var arm, den hadde ikke Landsens Mjølk og Uld at gjeva sine Talsmenn Den var mest, som dei mange, som kom til Hola med David. Men at den var slik, som du les fraa Schweigaards og dei andres Pen i „den Konstitutionelle,“ det synes du er vel stridt. Her prentar eg af utan synderleg Samheng, mange av desse Domar, over Wergeland og det politiske Strævet i den Tid. I Bladet straks efter denne Proklamationen stend: — „Forbandelse hvile over deslige Misbrug, hvorsomhelst de fremkomme. No. 3 af Flyvebladet for Menigmand, den sidste Affødning af Wergelands afsindige Polticering, det nyeste Led i det politiske Drama, det Hr. Wergeland opfører under vore Øine, og der vel for Nationens oplyste og fornuftige Del i sig selv fremtræder som en patriotisk Harlekinade, men for den uoplyste Masse, den han just vil paavirke, maaske tør fremtræde som noget virkeligt og alvorligt og netop med Hensyn hertil maa opvække Ængstelse, ikke blot hos Enhver, som er Fedrelandet og den bestaaende Forfatning oprigtig hengiven, men ogsaa hos Enhver, som ved Omstyrtelsen af al borgerlig Orden har noget at tabe. Vort Bekjendtskab til Wergeland fremkalder vistnok et Smil paa vore Læber, naar vi læse Yttringer som denne: „Men saa gaar det hos et Folk, hvis politiske Stilling gjør, at det sondres i Partier: Patrioter og Ikkepatrioter. Den store Mængde har hidtil hos os, fordi den forsømmes og ikke skal vide noget, været ingen af Delene, uden forsaavidt en naturlig, men tankeløs Følelse har øvet nogen Indflydelse. Men,jeg vil gjøre dem til Patrioter, og derfor strider jeg et patriotisk Flyveblad for Menigmand;“ men Smilet forsvinder, naar vi erindre os det letsindige og skammelige Spil, som her bruges med et Navn, der burde være Enhver helligt; naar vi betenke den moralske Smitte, dette Menneske kan udbrede blandt den uoplyste Masse, og hvilken Fordærvelse han kan bringe over Landet, hvis ikke Enhver efter Evne søger at standse ham i Tide.“

Denne daarlege Stilen maa vera fraa Motzfeldt, men Schweigaard har sjølv gjort seg solidarisk alt slikt om og mot Wergeland. Det var inkje Under, at Wergeland rasad paa sin Vis vidare en han vilde hava gjort og at han snart sagt, har skjemt ut mange af sine Dikt ved inflettad Tankar om denne hans miskjende Stilling og ved hans poetiske Faafengd, som trudde at han var mønstergyldig, men berre hatad og misunnad. Det er ein daarleg Mann, Hartvig Lassen, til at skriva om Wergeland, naar han so lett, som han gjør, spring over denne Wergelands historiske Stilling til det fine Samfund. Men her kan Lassen ikke vera med, daa han just er ein af dei sidste Mohichanere af dette Samfund.

I „den Konstitutionelle“ 321 1836 stend blandt annat; han kallar seg ein Insender, men det gjer ingen Ting: — „Heller ikke vil Insenderen antage, at den Omstændighed, at DHr. Wergelands Penne (nemlig Fader og Søn, og det til eit svenskt Blad det verdt skrivet) i lengere Tid ofte ere blevne gjenkendte i. Morgenbladet, skulde kunne lægge noget Baand paa det sidstnævnte Blads Redaktører, og hindre dem fra aabent, ærligt og upartiskt at yttre seg over Flyvebladene og Consorter eller over Tendentsen, Arten og Beskaffenheden af Henrik Wergelands og Fleres politiske og publicistiske Virksomhed og Indflydelse. — Uden Tvil kan det for Sverige og den svenske Nation være temmelig ligegyldigt hvad slige norske Patrioter som DHr. H.Wergeland, Soelvold, Karl Bonaparte Roosen, Wangensten, Hadeln og deslige privatmene: det svenske Folk misunder ikke det norske Patrioter af dette Slags,“ og so vidare i denne Stilen.

Ja det var landflygtige Menn, dei som før 1840 vaagad seg til aa opponera, vera norske, og i det heile skriva, som vi no alle faa Lov til. Og so nær som Wergeland var det heller ikke flinke Folk, før Stabel og Daa kom med til Hjelp. Dei maatte løyna seg i Byens Utkantar og krabba in til Bondestorthingsmenn fraa dei Dagar. Alt stort og fint var Modpart, og Schweigaard var den gode kjende Herstyraren. Det var ei Fælske for at koma fram med sine Meiningar paa den Sida, som no er oss ukjende; jamvæl Ueland gjorde paa dei fyrste Ting, han var, mangein god Undskyldning, for han som ein „læg“ Mann talad. Det var paa gamal Vis at staa med Hatten i Hand og buga og bøyga seg, og vardt ikke dette gjort, so var det Raaskap. Det var ikke Under, at Finpartiet (Intelligens) hadde Magt under dei Storthing framigjenom, daa Politiken vaar bar til at koma i Samheng. I 1845 veit eg Thormod Knutsen sagde, at det var mest umogelegt for ein Bondestorthingsmann at taka sin Middag paa ein Restauration saman med Kandidatar og andre, og i 1848 minnes eg vel, at her var ikke stort betre. Og den Forfylgsel, som det var mot Bokfolk, naar dei hadde hjelpt Bondepartiet, den er for os no ukjend i Tanken, endaa eg sjølv har kjent, at eg personleg er kastad paa Riksporten for den Skuld. Det er Folk fraa den gamle Tid med Schweigaard til politisk Mønster, som enno sitja med Styret, maa vita. Det er Folk med sit „Krut og Bly, Krut og Bly!“

Det er ei Ulykke for slike praktiske Folk som Schweigaard, at deires Livsgjerning og Lære medfører, at dei ikke stræva etter eit Mønster eller Ideal, men gjeva seg tilfreds med det praktisk brukføre, det, som er, naar ikke dette er reint for ille. Deires heile Aand og Gruntanke verdt paa denne Maate heilt igjenom prosaisk.

Dette slær fullstændig in med Schweigaard. Det er vel ingen so urimeleg at krevja, at han skulde vera idealistisk i sine juridiske Tolkningar og Tydningar, men det er Tonen, Temperaturen i Mannens heile Stil og Tale, som eg her meiner. Og den er, — ja den er nokot so leidt, at det rette Ordet ikke er fint nok um Schweigaard — den er spitsborgerlig og philistrøs. Det ligger ei Slags jordisk Mare over Bringa, naar du rett kjem in i Selskap med honom. Sjaa f. Ex. med hans Statistik; det er Summar og Størrelser utan det rette Syn for det statistiske Gruntankar, som igjenom Tal koma fram. Det er vel so, at desse største statistiske Grunsetningar ikke vaaro utfunne i Schweigaards Ungdomstid, men likevel so er hans Tal trøyttande og tunge. Det var og ein Miskjennelse af. Statistiken at leggja den til det juridiske, so som Schweigaard gjorde. Det er ein philosophisk Vitenskap for seg sjølv det.

Ved dette, at Schweigaard hadde so litet at gjera med ideale Krav, so var han i Forretningen og daglegt Liv ein lykkeleg Mann. Han gjekk der so fin og velfornøgd, og Verda var vist ikke for honom nokon „Jammerdal“. Han let seg dyrka af almindelege Navrar eller Bor, og det er aldri spurt, at han vardt keid af slikt Selskap. Han mottok sine Røykoffer og med sin gode Natur, so vardt han ikke so utskjemt af al Rosen sin, som du skulde venta. Det er i det heile eit stort Exempel paa Schweigaards fine Natur, at han ikke vardt reint utskjemd af al den Offerrøyken. Vi sjaa, hossen det gjeng Folk, som ikke faa halv Ros og Uplyfting mot Schweigaard. Han var ein velstuderad Mann, og hans gode Natur gjorde Resten. Det forstend seg, han var hofmodig. Det braut fram rett, som det var, men det underlege er, at han ikke var meir. Var du kjære Lesar agtad og ærad so som Schweigaard, so vilde du nok snart koma paa Gaustad.

Og her spring Motsetningen best fram millom Wergeland og jamvel Welhaven og Schweigaard. Desse tvo Herrar drøymde om eit Mønsterliv og Mønsterformer for alt, som til var. Schweigaard fann godt det, som var, og det var ikke hans Sak at føra Livet frametter. Han var konservativ, eller dreiv paa og stod, og det var nettup hans Livsgjerning at halda Livet paa sama Flekken. Welhaven derimot f. Ex., som og skulde vera med og halda det gamle Samfund uppe mot det nye, han pustar og klagar over det aandlause i dette sit fine Samfund, og gjør Narr af det rett som det er. Han vil fram og under dette sit Framstræv kom han, som vi vita, i Strid med Schweigaard, som syntes at „Philisterlivet“ var nok so agtværdigt og ikke fortente dei kaate Utfall fraa Welhaven.

Det er borgerligt, det er godt og agtværdigt at taka dette som Schweigaard med Livets „Philistre“, og det er ubilligt i sit idealistiske Overmod at føre Strid imot deim, so som mange Poeter og Kunstfolk ellers hava for Vane at gjera; men dette er eit, og ikke at lyfta sin Tanke up over dette Standpunkt, det er nokot annat og det var dette, som eg etter alt maa tru, at Schweigaard sjeldan gjorde.

Det var ein forunderlig Nyttens Mann, Schweigaard. Han saag sine fleste Ting fraa den nyttige praktiske Side. Karakteristisk er soleids, daa han afgjorde Storthingsbygningens Lagnad. Det var ikke for Bygningen var god og fin, men det var, for det maatte vera ein Ende paa den Sak. Just liksom Hevd i det juridiske Spraak verd uttrykt som eit Endemaal for alt uvist. Der er ’ke for det er rett, men det er for at hava ein Regel. Hans Patriotisme var likeins nyttig. Det var Komercelæster og statistiske Størrelser ellers som gledad Tanken hans. Han vardt stundom poetisk, naar han kom in paa Skipsfarten, men han kom altid under dette in paa Læstedrægtigheden. Det er greidt, den poetiske Sjæl maa og hava sin Likam, men den schweigaardske Patriotpoesie vardt likevel altfor statistisk. Dette heng ellers ihop med hans heile Grunsyn. Han var ein Engelsmann og du kan høyra dei mest patriotiske Utrop af Engelsmenn um Landsens Næringsvegen men Verselinerne er Kjøtpund og Banklistor og Alnemaal af Calico og alt slikt Manufakturvæsen. Times skriver sanne „Høisange“ over England, naar det raakar so til, at Tollen er større i det Kvartal en i det andre. Det er denne Nytten, som f. Ex. ein Doktor i London utviklad. Han vilde faa Byen til at byggja sunnare Fattighus og for at faa den til det, so utreiknad han det nationale Tap af alle dei, som døydde fyre Tida og vardt helselause i denne ufriske Heim. Det vardt som Dampmaskiner sett til Hestekræfter, ein Mann var so og somange og ei Kone so so mange; Framvokstringsungane hadde og sine „Hestar“. Paa denne Maate saag dei gode Riksmenn i London at det var eit nationalt Tap at hava usunne Boliger.

Det kan naturligvis ikke vera Tanken min, at Schweigaard skulde hava argumenterat slik, men det var ein accord cerebral elder Hjernesamklang millom honom og den engelske statsøkonomiske Upfatning. Eg minnes soleids, at hans Tankar var fullstendig Benthamske ein Gong eg høyrde honom i Statistiken tala om Irlendarne og deires tidlege Giftarmaal; og vi minnes alle fraa Storthinget, at han spaadde seg store Nytter af alt dette Agronom-, Forst-, Fæ- og annat Uphjelpningsstell. Eg svarmad sjølv og for dette og skreiv jamvel Songer for Fesjaa; men det laag altid ein Skalk bak Øyrat.

Det er Maal og Maate med alt slikt og til Slut kann du ikke halda deg til annat en ein Manns Gruntanke for Livet. Den eine segjer, skaf meg fyrst Velstand, so kjem Uplysning baketter av seg sjølv. Paa dette Standpunkt stod Schweigaard. Og den andre svarar: skaf meg Uplysning, so kjem Velstand baketter af seg sjølv. Denne Tvist er vel liksom den hin gamle om Egget eller Høna var den fyrste. Her er gode Grunnar for baade desse tvo Synsmaatar, men det er ein faafengd Strid, og her maa vi vera so praktiske, at dei ero like gamle, og at den eine ikke kan vera den andre forutan.

Det verste ved denne schweigaardske Lægning af Tumestokken for Livet var som vi alt hava seet, at han overførde dette Syn paa Ombods- og Rikslivet. Lat ein Mann finna sit aandelege Krav uppfylt ved at halda seg til ein god velfødd „Jydeskipper“, som eig si Skute og ellers siter varmt innan „Vægge“. Dette kan vera ei Smakssak, men naar det ikke verdt gjort større Krav til Embætslivet, so verdt det riksfarligt. Og det var dette, som Schweigaard ikke syntes at gjera. Det er praktisk og godt nok, meinte han, og Livet likad godt dette Skjøn af Meistaren. Du vinn aldri ein Manns Hjarta so lett som ved at lata honom vita, at han er klok nok, og at Livet ikke har Bruk for betre Hovud en hans. Og vist er det, at med alle Schweigaards Dygder og Kunskapar, so vilde han aldri hava havt den Magt, som han hadde, dersom han ikke hadde gjort Folk ikring seg so kloke, som han gjorde. Idealistiske Folk støyta fraa seg mange ved det, at dei upstilla slike Livsmønster, som Livet har vondt for at skaffa. Den velfødde, trivlige, runde Herre, som smiler til alle og liksom segjer deim, at dei er flinke Folk; han maa vinna deim, fordi han er ein af deires eigne.

Ja, ja vi krevja vaare Mønster og gløyma det tunge for Livet i at skapa desse. Den kloke Mann gjeng med sine Mønstertankar, men han er rimeleg og gjør ikke utidige Kravsmaal paa slike. Det er trulegt, at Schweigaard med alt dette lemfeldige mot det middelmaadige i Livet, gjekk med sine Idealer til Stats-, Embætsmenn og Borgarar. Du skulde tru, han maatte gjera det, for han stod so langt framme i Aand og Tankeutvikling, at dette maatte vera nokot sjølvsagt; men vi sjaa litet til det i al hans store Skrivning og Taling; nokot maa der vel vera, endaa det overalt er eit trykkande Laagmaal paa Livet, som er trøysteslaust, sosom daa han meinte, at det vilde vera betre at gjeva Arbeidsmannen ei Tunne Potetes en Stemmeret og ei Skjeppe Korn helder en Jury.

Alle store Menn tru paa det gode i Menneskenaturen, og dei sigla etter sine Idealer liksom Sjømannen etter Himmelens Stjerner. Han naar deim ikke, men finn ved dette fram paa si jordiske Vandring. Schweigaard gjorde forlitet af dette, og det vil vera den strengaste Domen over Minnet hans.


  1. stor rund Stav, Stokk, Nagle osv. „Slagvol og Handvol“ paa Flygilen (Slyul, Pleiel).
  2. I Storthings-Efterretningerne for 1851, Side 1102 stend feilagtigt „Staal og Bly“.
  3. Jamvel den ringe Sak, at Voteringerne i Hægsteretten skulde vera offentlege, stemplad han som „nye Rustkamre for Demagogiet“. St.-Eft. for 1851 S. 955.
  4. Sjaa blandt alle dei vidtløftige Forhandlinger f. Ex. St. Eft. for 1857 S. 182 og St. Tid. for 1860 S. 193.
  5. Sjaa blandt annat St. Eft. for 1857 S. 838 og St. Tid. for s. A. S. 98.
  6. Samhald med alt dette Professor juris Auberts Minnetala i Studentersamfundet, der Schweigaard verdt gjort til „Humanitetens Repræsentant.“
  7. Heidingen Cicero talad og altid om majores nostri.
  8. I eit af desse mine fyrre Stykke, der eg talad om dette mismintes eg Tidsskriftets Navn. Eg ser no, at det stend i Juridisk Tidsskrift. Kjøbenhavn 1834 XXIII 292—340.
  9. Eit arabisk Uttryk for Løva.
  10. Vidar No. 2 pag. 11 —: „Under Menneskeaandens Udvikling i alle Retninger under vort stigende Herredømme over Naturen og Indtrængen i Lovene for dens Virksomhed, under den aldrig hvilende Bestræbelse efter at udforske Formerne for det Guddommeliges Aabenbarelse i det Mangfoldige ved en flersidig Opfattelse af Livets Hovedmomenter og deres Fremstilling i Videnskab og Kunst, ved den historiske Gransknings Udvidelse, faavel i Dybde som Omfang, ved de politiske Interessers Forvikling i Conflicter, har den almindelige Stræben efter Erkjendelse faaet en Alsidighed, en Tendents til at opfatte de vigtigste Momenter af den hele Masse af Viden, der ikke tillader, at man fordyber sig i et enkelt Punct af Slægtens Udviklingshistorie. Saaledes bliver Indflydelsen af den classiske Oldtid blot middelbar, eller med andre Ord, den ytrer sig kun gjennem Resultaterne af den lærde, men den middelbare Indvirkning taber sig mere og mere, hvormeget man end ved Organisationen af den videnskabelige Undervisning søger at opretholde den. Den Sætning, at al ægte Dannelse hviler paa den clasfiske Grundvold, har derfor længesiden tabt sin Sandhed og Betydning, og den hele Institution staar som et Skyggebillede fra en forsvunden Tid.
  11. Etter inleidingsvis at have sagt:
     „For den, der har Retsvidenskaben kjær, er det glædeligt at erfare, at den har vundet en Dyrker, som, udrustet med sjeldne Aandsgaver, med ungdommelig Ild forfægter sine Anskuelser af hvad han finder forkert i Videnskabens tidligere Behandling, og ledsaget denne sin Fremstilling med rigtige og træssende Bemærkninger,“ so legg han sidan i sin rett kvasse Kritik over Arbeidet blandt annat til: „Forfatteren har ei givet, og kunde ei give Publicum Andet end sin egen subjective Overbevisning om de Gjenstande, han omhandler ledsaget af enkelte Bemærkninger eller Exempler. Et Bevis for sine Resultater har han ei ført.“ — — — „Iøvrigt.indser jeg ei, at der ligger mere i Forfatterens nye saakaldte analytisk-descriptive Methode, end at man, ved at afgjøre hvad der er Ret, skal tage det Individuelle ved de enkelte Artsforhold i tilbørlig Betragtning.“ — — „Jeg har dog ei opgivet Overbevisningen om, at Retstilstanden har en høiere moralsk Nødvendighed, ligesaalidt som jeg med ham (Schweigaard) antagaer, at al Lov er menneskeligt Værk.“ —


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.